Futt i Fusa
Trening i jobben er ikkje noko ukjent omgrep i kommunar rundt i landet. Likevel viser ei undersøking frå Synovate at verksemdsleiarar ikkje nødvendigvis har så mykje tru på at sjukefråveret går ned om ein set inn slike tiltak. I Fusa bryr dei seg lite om slike fordommar – les om kommunen som snakkar statistikkane midt i mot.
Færre på listene til valet
58 616 kandidatar stiller til val i kommunevalet til hausten. Det er 3 939 færre enn ved kommunevalet i 2007. Men fleire kvinner er toppkandidatar denne gongen.
– NRK får ikkje nok nynorskjournalistar
– Ei av årsakene til at NRK ikkje greier å oppfylla kravet om 25 prosent nynorsk, er at det ikkje blir utdanna nok nynorskjournalistar, seier kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas.
To kvinner blir fylkesmenn
Anne Karin Hamre blir ny fylkesmann i Sogn og Fjordane og blir dermed den første kvinnelege fylkesmannen i fylket. Valgjerd Svarstad Haugland blir ny fylkesmann i Oslo og Akershus.
Lærarar skriv under mot sidemål
33 norsklærarar ved fem skular i Telemark har skrive under på eit opprop mot sidemålsstil og karakter i sidemål både på ungdomsskulen og vidaregåande, skriv Telemarksavisa.
– Alle gode krefter må samla seg om nynorsken
– No er det viktig at alle gode krefter samlar seg om nynorsken, seier kommunal- og regionalminister og leiar i Senterpartiet Liv Signe Navarsete.
Alternativ til tradisjonell arbeidsturnus
Ein har sidan 2005 testa ut alternative turnusar i helsesektoren, og i den nyaste Fafo-rapporten kjem det fram positive tendensar.
Vellukka test av e-val
Ti kommunar skal til hausten prøva ut e-val i kommunevalet. Alle kommunane har gjennomført prøveval, og kommunaldepartementet er godt nøgd med erfaringane.
Søkjer om nynorsk-fritak
Byrådsleiar Stian Berger Røsland (H) i Oslo søkjer utdanningsdirektoratet om å få frita Oslo-elevar i vidaregåande skule frå nynorsk, som eit treårig prøveprosjekt.

