Heim Blogg Side 270

NRK ikkje gode nok på nynorsk

0

Medietilsynet peikar i sin rapport for 2010 på at NRK ikkje innfrir krava til 25 prosent nynorsk på radio, tv og internett.

Familiebedrift i 104 år

0

Ein sommardag i 1907 sto det att nokre stampar med bær på kaien på Sørheim etter at båten hadde gått til Bergen. Dette blei starten på næringseventyret Lerum og saftbygda. Nå er det gjerde generasjon Lerum som eig og driv millionbedrifta med 130 tilsette i Sogndal.

– Kampen er over

0

– Kampen mellom nynorsk og bokmål er over. Bokmål vann. Nå har bokmålsbrukarane råd til å vere sjenerøse, seier Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, til Klassekampen. Språkråd-direktøren er ikkje heilt samd i dette.

Flyttar til Sogndal

0

Det starta for alvor for tre år sidan, då fire unge menn reiste frå ingeniørstudium i Trondheim, busette seg i Sogndal og starta si eiga bedrift. Sidan har stadig fleire utan tilknyting til kommunen flytta dit for å skape sine eigne arbeidsplassar.

– Ein tilbakeståande bavianskalle

0

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) fekk epost frå ein nynorskhatar som kalla han ein tilbakeståande bavianskalle, nynorskens far blei kalla Ivar anus-Aasen og vidare skreiv han at nynorsk er så stygt at satan sjølv avviser ein kvar nynorsktalande ved helvetes portar.

Meir til samanslåtte kommunar

0

Kommunar som slår seg saman, får no auka perioden for inndelingstilskot frå 10 til 15 år.

Nynorsk eller bokmål på skulen i Halsa?

0

I september skal innbyggjarane i Halsa kommune på Nordmøre avgjera kva som blir språklagnaden her.

Øyremerking

0

Eit departement har tildelt driftstilskot for 2011 til eit regionalt, offentleg tiltak, løyvd med 3 millionar kroner frå ein nærare spesifisert post som det er referert til i Proposisjon 1 S. Det er ingenting å setja fingeren på, alt ser ut til å vera regelrett og riktig gjort, vurdert og utført. Likevel, må det bli gjort så omstendeleg, og så høgt opp i hierarkiet?

Det blir føresett at søkjar følgjer føresetnadane, krav til rapportering, økonomiforvaltning og kontroll, som er spesifisert i godkjenningsbrevet, og som er vedlagt retningsliner for økonomiforvaltning og kontroll, med mål når det gjeld forvaltning, forsking, formidling, fornying. Her er m.a. rapportering ei gjentakande del-overskrift. Departementet presenterer dei politiske mål, utfordringar og satsingsområde.

Neste kapitla i brevet gjeld økonomiforvaltning og kontroll. Nettskjema skal inn til departementet med årsrapport for rekneskap. Rekneskapen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen må vera revidert.

Resultatrapporten skal gjera greie for måloppnåing med utgangspunkt i dei mål og rapporteringskrav som ligg føre. Denne rapporten vil vera grunnlag for rapportering frå departementet til Stortinget. Dei tre siste av dei 12 sidene med godkjenningsbrev er retningslinene for økonomiforvaltning og kontroll.

Takk og pris for pengane. Utan hadde ikkje det vore greitt. Men må vi vera så omstendelege? Politisk styring er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn. Nå har departementet rett nok i retningslinene lempa på kravet om spesifikk stadfesting frå revisor når tilskotet er under kr 400 000. Likevel; revisor har da kommunerekneskapen til behandling og godkjenning. Vi har kontrollutval, og vi har lokale styringsorgan med sine administrasjonar.

All detaljert opplisting av vilkår og krav, godkjenning og rapportering har også ein pris. Er det formålstenleg med slike prosedyrar sett i høve til konkret handling til nytte for den og dei som tiltaket er tiltenkt? Prosjektbasert forvaltning synest å avle ekstra med byråkrati og rapportering.

Dette er langt frå rammeoverføring. Kan det vera statleg forvaltning på lokalt nivå eller øyremerking?

Tor Bergum er avdelingsleiar i Gol kommune

Handlekraftig direktør

0

Fem månadar etter ho overtok stolen som Kulturråddirektør, har Anne Aasheim etablert ein heilt ny organisasjon.

Brenn for språket

0

Jens Kihl har leia målungdommen og vore sentral i Noregs Mållag. No skal han vere sjef for Språkåret 2013.

Vakne!

0

LEIAR: Folkerøystingar her til lands har tradisjonelt dreidd seg om territoriale spørsmål, alkohol og målform, med sistnemnde som det heitaste temaet. Mellom 1970 og 2010 handla 44 prosent av folkerøystingane her i landet om skulemålform.

I 2010 var det ni slike folkerøystingar, og fem av dei gjekk i favør av bokmål eller valfritt bokmål, ifølgje SSB. 8000 personar kunne stemme ved desse vala, men berre 3152 av desse møtte faktisk opp og stemde. Det er ei gjennomsnittleg valdeltaking på 39,4 prosent, og dårlegast oppslutning var det i Tinn i Telemark, der 22 prosent stemde ved valet.

Det kan vere mange grunnar til at målform i skulen engasjerer så få i ein skulekrins. Målsak kan rett nok vere ei svært heit potet til tider, men samstundes verkar ikkje sinnet og irritasjonen som ofte blir sidemålet til del, til å vere så sterk og tydleg i små kommunar der dei to målformene har levd side om side i mange år. Somme av folkerøystingane kjem dessutan til etter politisk initiativ, andre er drivne fram av foreldre som ønskjer ei endring for skulen der barna deira går. Nokre kommunar har slike folkerøystingar i samband med kommuneval eller stortingsval, når folk likevel er i valmodus. Andre tek det for seg når det måtte passe. Uansett kva det no kjem av, så ser det ut til å vere eit mishøve mellom talet på folkerøystingar om bokmål/nynorsk og engasjementet i kvar einskild sak.

Til hausten skal det haldast folkerøysting over skulemål i Halsa kommune, slik du kan lese om i LNK-avisa denne gongen. Tilsette i skulane i Halsa skildrar manglande engasjement i bygda. Mållaget på si side vedgår at dette er ei sak som først og fremst engasjerer besteforeldregenerasjonen, ikkje dei som skal ta eit val på vegner av eigne barn.

Ein kan ikkje oppsummera annleis enn at nynorsken i Halsa kommune står svakt berre månader før skulemålsvalet i september. I all kommunikasjon og debatt handlar det om kven som argumenterer best for si sak, og kven som greier å trykkje på dei rette knappane hjå tilhøyrarane. Det står no att å sjå om mållaget i Nordmøre klarar å mønstre til kamp, og om dei stadig fleire innflyttarane med bokmålsbakgrunn let seg overtyde om at nynorsk er best for borna. Uansett kor mange som strøymer til valurnene, så er det til slutt opp til kommunestyra å avgjera målforma. Slik tendensen er i dag, bør det nok strøyme ganske bra til skal dei late seg påverke til å gå inn for nynorsk.

 

 

Kunnskapsløyse som kampsak

0

Høgre var lenge kjend som «kunnskapspartiet». Partiet har i tiår etter tiår argumentert for kor viktig det er med kunnskap, danning og meir læring i skulen. Men det var altså før populistane i Unge Høyre vaks til. Du hugsar sikkert dei med «La dem raute nynorsk – bare vi slipper», og bokbål med brenning av nynorskordlister som festlege verkemiddel i valkampen. I dag sit fleire av desse bokbrennarane som byrådar …

På sist landsmøte vann denne grupperinga fram, og eit stort fleirtal gjekk inn for at sidemål skal vera valfritt i ungdomsskulen. Elevane skal altså ha rett til å velja vekk den delen av norskfaget dei ikkje likar. Spør du ein trettenåring om han kan tenkja seg å sleppa eit fag, eller ein del av eit fag, er det ikkje overraskande om svaret er ja. «Kunnskapspartiet» Høgre ønskjer altså å flytta ein del av ansvaret for kulturpolitikken her til lands frå Kulturdepartementet og over til tretten år gamle elevar. Samstundes argumenterer partiet med sterkare satsing på teoretiske fag, opplæring i framandspråk frå første klasse (!), betre lærarar og strengare krav til orden og disiplin. Berre ikkje når det gjeld nynorsk. For som Linda Hofstad Helleland sa det: Nokre elevar «slit med grammatikk og sidemålsstilar». Avisa Hallingdølen kommenterer lakonisk at «dersom graden av ’slit’ skal styre Høgres framtidige skulepolitikk, kan det bli snautt med fag i grunnskulen.» Dersom elevar slit i eit fag, er det ikkje då mest naturleg å styrkja lærarkompetansen og innsatsen i det faget?

Vedtaket rokkar ved eit 125 år gammalt prinsipp om at me har to likestilte skriftformer her til lands, og at språket norsk er det same som nynorsk og bokmål – til saman. Kanskje det er på tide å leita fram store ord som kulturarv og nasjonsbygging?

Sidemål er sjølvsagt eit håplaust omgrep når me snakkar om to likestilte språkformer. For Unge Høyre er sidemål det same som nynorsk. For Unge Høgre og for elevar i medlemskommunane i LNK er sidemålet bokmål. Dei mest ressurssterke elevane i begge leirar vil kanskje velja å halda på heile norskfaget, men storparten vil truleg velja vekk ei språkform – rett og slett av di dei kan. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at sjølv gode nynorskforeldre vil rå ungane til i alle fall å læra seg majoritetsspråket, slik at dei ikkje vert utestengd frå store delar av arbeidsmarknaden, når så langt kjem. Særleg når dei ser kva haldningar delar av det politiske miljøet har til nynorsk.

Høgreleiar Erna Solberg opna i dagane før landsmøtet for at forslaget kunne koma opp, men både ho og nestleiar Jan Tore Sanner røysta mot. Andre sentrale partimedlemer har gått aktivt ut mot vedtaket. Sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, fylkesordførarkandidat Norval Distad i Sogn og Fjordane, og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik seier alle at dei vil kjempa vidare mot vedtaket.

I svært mange aviser er resolusjonen blitt latterleggjort. Leiarskribenten i Hallingdølen seier det slik: «Vedtaket vitnar om kunnskapsløyse. […] Dette er utilsløra frieri til unge nynorskhatarar i urbane strok. Valfritt sidemål i ungdomsskulen skal bli vinnarsaka i kampen om førstegongsveljarane.»

Eg er redd for at Hallingdølen har rett, men eg håpar gode, verdikonservative krefter i Høgre klarar å bevisa at eg tek feil.