Heim Blogg Side 271

Det usynlege biblioteket

0

KOMMENTAR: Folkebiblioteka i Noreg har over 22 millionar besøkande, som kvart år låner over 25 millionar filmar, bøker, plater og anna materiale. Biblioteka tronar òg øvst på alle målingar av offentlege tenester når det gjeld kor nøgde folk er med dei kommunale tenestene. For nokre år sidan vart det slått fast at folkebiblioteket er verdt fire gonger meir enn det kostar. For kvar skattekrone til bibliotek får ein det firedobbelte igjen. Førsteamanuensis Svanhild Aabø ved Høgskulen i Oslo viste i doktorgradsavhandlinga si at biblioteket har verdi både for brukarane og for dei som ikkje sjølv brukar det.

Fleirtalet av dei ho spurde, viste både til eigeninteresse og samfunnsinteresse som motiv for å verdsetje biblioteket; folkebiblioteket blir sett på som eit fellesgode og ein institusjon for alle i kommunen. Folk meiner at biblioteket er viktig for dei sjølv og familien, men verdset òg at andre personar brukar det, at det spreier kultur og kunnskap, tek vare på litteraturarven, og fremjar demokrati og likskap. Korkje alder eller kjønn spelar noka rolle for synet på biblioteket.

Biblioteka er på bakgrunn av den faktiske nytta, populariteten og oppfatninga til folk ei veldig billeg teneste og utgjer rundt ein prosent av dei kommunale utgiftene. Dette talet har halde seg nokså konstant gjennom ei rekkje år. I følgje Kulturrådet si undersøking «Kommunal kultursektor i endring», som kom ut i 2010, har det vore ein sterk vekst i satsinga til kommunane på kultur dei siste åra. Kommunane satsar på kultur som eit ledd i det vi kan kalle den kommunale merkevarebygginga. Kultur er altså eit middel til å synleggjere kommunen, eller setje han på kartet, som einskilde utrykker det. Gjennomslag for denne instrumentelle nytta av kulturmidlane har nok òg medverka til auke i budsjetta dei siste åra.

Det er likevel ikkje alle delar av kulturen som har fått like stor auke dei siste åra. I den grad vi kan snakke om taparar på dei interne kommunale prioriteringslistene, er det folkebiblioteka. Delen deira av det kommunale kulturbudsjettet er redusert frå 20 til 16 prosent frå 2001 til 2008. Vinnaren er sekkeposten «andre kulturformål». Alt anna – med unntak av bibliotekdrifta – held seg stabilt. Støtte til – og arrangering av – festivalar og andre større kulturarrangement er ofte «andre kulturformål». Satsinga på festivalar, større kulturarrangement o.l. har altså gått på kostnad av biblioteka.

Når kommunane ynskjer å bli meir synlege, ser det ut til at dei heller vel å feste bort dei auka budsjettmidla enn å bruke dei på ei permanent styrking av det mest brukte og populære kulturtilbodet. Dette paradokset kan skuldast at biblioteka ofte berre er noko som er der og blir brukt, utan at dei inngår i strategiane til kommunen på andre område. Biblioteka blir rett og slett den «usynlege» verksemda, ikkje fordi dei er dårlege, men fordi dei er gode. Dette kan sjølvsagt ikkje rettast opp med å gjere biblioteka dårlegare, men ved å gjere dei synlege.

Det finst inga forsking som tyder på at festivalsatsing som omdømmebygging fører til auka tilflytting / minka avfolking eller nyetablering i lokalt næringsliv. Fest  gjev kortvarig lukke, og dei fleste dagane er kvardagar. Knut Vareide ved Telemarksforsking seier at ein av dei få tinga som kulturforskarane faktisk har klart å slå fast, er at når det gjeld tilflytting og attraktivitet, så er det er lågterskeltilbod som ser ut å fungere. Når forskinga ikkje klarar å påvise nokon samanheng mellom omdømme og attraktivitet, blir diskusjonen om kva kulturmidla skal brukast på, endå viktigare. Det er altså ikkje markeringane og festivalane som gjer ein stad attraktiv. Det er det tilbod om utdanning, møtestader og arbeidsplassar for folk som har utdanning, som gjer. Ein kommune kan verken byggje universitet eller kaffibarar, dei kan likevel rette innsatsen mot biblioteket sitt og på den måten oppnå ein kinderegg-effekt.

I første omgang handlar det likevel om å gjere folkebiblioteka synlege i det daglege. Mange bibliotek ser ut til å mangle dei mest elementære elementa for å bli synlege, til dømes skilting utandørs og presentasjon på dei kommunale nettsidene. I kommunar der alt er skilta og alt frå industriområde til lokale attraksjonar har eigne skilt, så finst det ofte ikkje eigne skilt som viser vegen til biblioteket. På einskilde kommunale nettsider må ein klikke seg forbi både «tenester» og «kultur og fritid» for å finne biblioteket. Kommunane kan ikkje vere tente med at den mest brukte og populære kommunale tenesta blir gjord usynleg. Synlege bibliotek både fysisk og på nett vil understreke kva rolle biblioteket faktisk spelar i lokalsamfunnet.

Folkebiblioteka blir brukte dagleg til små og store kulturopplevingar. Skuleelevar, studentar og pensjonistar er på biblioteket for å studere og finne kunnskap. Norske folkebibliotek blir brukte kvar dag av lokale næringsdrivande for at dei skal kunne halde seg oppdaterte. Kvar einaste dag genererer folkebiblioteka i Noreg verdiar for 14 millionar kroner i form av kompetanse, kunnskap og kultur. Biblioteka trengst for at kommunar og lokalsamfunn skal overleve.

Svein Arne Tinnesand er leiar i Norsk Bibliotekforening

Kunstgåve blei til kunstsenter

0

I helga skal Lærdal kommune feire det nye Sogn Kunstsenter i tre dagar til ende. Senteret har blitt til i eit spleiselag mellom Lærdal kommune, Norsk kulturråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private selskap og einskildpersonar.

Arbeidet med ferjefri E39 er i gang

0

Torsdag heldt det nye styret for ein ferjefri E 39 det første møtet sitt og la der dei første planane for korleis heile Vestlandet raskt skal få ein ferjefri kyststamveg.

Debatt om framtidas bibliotek

0

Under Norsk Litteraturfestival i førre veke stilte kulturministeren til debatt om biblioteket sine funksjonar. Under debatten blei det frå salen stilt spørsmål ved dei digitale kunnskapane til bibliotek-tilsette.

Fekk Huldaprisen 2011

0

Liv Hege Skagestad fekk Huldaprisen 2011 under Norsk Amatørteaterfestival i Oslo laurdag. Prisen fekk ho for sitt arbeid med og for norsk amatørteater gjennom fleire år.

Nynorske salmetekstar appellerer til popartist

0

Den norske artisten Espen Lind har fått i oppdrag å setje nye melodiar til gamle salmar. Han meiner salmetekstane på nynorsk er meir poetiske.

Sikrar seg sjukepleiarar med toppløn

0

 

Mange kommunar slit med å rekruttere nok sjukepleiarar og under ferieavvikling på sommaren blir situasjonen endå verre. I Moss har dei funne ei løysing på problemet som fungerer.

Med mobilen som billett

0

Samferdsledepartementet opnar no for at mobiltelefonen kan brukast som elektronisk billett i kollektivtrafikken.

Målungdom rosar Paradise

0

Norsk Målungdom synest språket i reality-serien Paradise Hotel på TV3 er forfriskande og rosar deltakarane i ei pressemelding.

Færre skuleelevar har nynorsk

0

Talet på elevar som har nynorsk som opplæringsmål går ned, viser tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

Universitetet når ikkje nynorskkrav

0

Universitetet i Oslo er langt unna krava i mållova om minst 25 prosent nynorsk. Berre 2 prosent av skjemaa ved UiO er på båe målformer og berre 4,3 prosent av innhaldet på uio.no er på nynorsk.

«Arbeidarpartiet» er lov

0

Sentralstyret i Arbeiderpartiet vedtok i går at partia i kommunane no kan velje om dei vil bruke Arbeidarpartiet eller Arbeiderpartiet. Men det offisielle namnet er framleis Arbeiderpartiet med e.