Heim Blogg Side 285

I kampen for sjukehuset

0

Han har gått i demonstrasjonstog for å hindre at lokalsjukehusa blir lagde ned. Helge Evensen Bjørkum (16) meiner ungdom bør vere med på å forme si eiga framtid.

Språkpolitikk og læring

0

Ærendet mitt er læring, særleg morsmålslæring. Med morsmålet forstår eg det første språket barn lærer å snakke, i heimen og i dei nære omgjevnadene. Det er dette språket som gjev grunnlag for all anna læring, òg for å lære andre språk. Som lesarane sikkert er klar over, er spørsmålet om morsmål ikkje så enkelt som det kan sjå ut til. I mange land i verda finst det eit nasjonalspråk som er eit heilt anna språk enn det mange av innbyggjarane bruker til dagleg. Når eit slikt nasjonalspråk blir gjort til morsmål, gjerne på politisk grunnlag, kan det lett gå ut over læringsvilkåra for barn og unge. Ein innvandrar eg nyleg snakka med, fortalde at han aldri hadde fått undervisning på sitt eige morsmål i det tidlegare heimlandet, derfor var han svært oppteken av at hans barn skulle ha betre vilkår for å lære, både norsk og andre fag.

Noreg er i ein særeigen situasjon ved at vi har to skriftlege former av det same språket. Eg kjenner ikkje til noko anna land med dei same språktilhøva. Med det dialektmangfaldet vi har, vil eg seie at vi er heldige som har to skriftspråk, fordi det inneber at dei fleste barn og unge kan lære å skrive morsmålet sitt i ei målform som ikkje ligg altfor langt unna talemålet deira.

Vår spesielle språksituasjon gjev samtidig uvanleg godt høve til å hjelpe barn og unge til å utvikle språkleg medvit og språklege kunnskapar. Barn har stor glede av å oppdage nye ord og lære om skilnader og likskapar. – Far seier «spegel», mor seier «spile», i barnetimen for dei minste seier dei «speil», men det betyr det same, observerte ein vaken fireåring. Ho har seinare halde fram med svært vellykka og variert språklæring.

Desse sidene ved den norske språksituasjonen blir lett skovne til sides i språkdebatten. Det er nesten alltid problem knytte til dei to målformene som blir trekte fram. Ja, visst finst det problem og vanskar, men lærings- og utviklingsvilkåra som blir skapte, er da mykje større, om vi veit å utnytte dei.

Eitt problem ved dei norske språktilhøva er at nynorsk blir brukt berre av eit mindretal. Dermed kjem ein lett i ein situasjon der fleirtalet gjerne vil avgjere alt, slik det ofte blir når majoritet og minoritet møtest. Etter mitt syn har vi som samfunn eit felles ansvar for at mindretalet ikkje blir overkøyrt, heller ikkje når det gjeld språkspørsmål. Begge dei to norske målformene må bli brukte og få utvikle seg. Derfor er det viktig å halde fast ved nynorsk som administrasjons- og bruksspråk i dei kommunane som har ein nynorsk-nær dialekt. Og det er svært viktig at barn og unge, så langt det er råd, får høve til å utvikle språkdugleik og språkkunnskapar på grunnlag av det førstespråket dei har. Det er ikkje stor avstand mellom dei to norske målformene. Likevel er det mykje som tyder på at elevar får betre læringsutbytte når dei får opplæring på den målforma som ligg nærast talemålet, anten det er nynorsk eller bokmål, enn om dei får opplæring på den andre målforma. Denne erfaringa kan vere ei nyttig rettesnor i språkpolitikken, både sentralt og lokalt.

Mimi Bjerkestrand er leiar i Utdanningsforbundet

Staten og språket

0

Språkrådet kartlegg for tida språkstoda i dei om lag 125 kommunane som har nynorsk som fleirtalsform. 114 av desse har gjort politiske vedtak om at dei skal vera nynorskkommunar. Eitt av spørsmåla til kommunane er kor mange skriv frå statsorgan som kjem på nynorsk. I nynorskkommunen Fjell kjem meir enn 80 % av tilfanget frå staten på bokmål. Ikkje eitt av skriva frå nokon av departementa var på nynorsk i kontrollperioden. Ut frå Mållova skal alt som kjem frå statsetatar til nynorskkommunar, vera på nynorsk. Kulturdepartementet, som Språkrådet sorterer under, har eit overordna ansvar for at staten følgjer opp mållova. Ironisk nok kom også skriva frå dette departementet på bokmål.

– Resultatet er sjokkerande. Me har no skrive brev til Kulturdepartementet og ber dei sørgja for at alle statsorgan følgjer lova. Undersøkinga stadfestar det inntrykket me lenge har hatt. Staten gjev blaffen i mållova, og verst av alle er departementa, seier rådmann Steinar Nesse i Fjell til Vestnytt.

Rådmannen fortel til avisa at Fjell kommune systematisk tilbyr kurs til dei som treng å friska opp språket sitt, men han er lite imponert over staten sine rutinar på dette området:

– I staten manglar dei vilje til å følgja opp lova med dei tiltaka som trengst, seier Steinar Nesse.

Fjell kommune dokumenterer gjennom denne undersøkinga at departementa ser ut til å mangla respekt for nynorsk og nynorskbrukarar. Annleis kan me vel ikkje tolka dette? Men kvifor er det slik? Skuldast det fordommar, likesæle eller mangel på kunnskap? Saboterer departementstilsette mållova med vilje? Er det noko gale med rekrutteringa til departementa?

For dette er slett ikkje nye problemstillingar. Alt i 1921 kravde Voss, som den første kommunen i landet, nynorsk frå staten. Den første mållova kom i 1930 – etter påtrykk og krav frå nynorskkommunane.

Då LNK vart skipa i 1993, skjedde det indirekte som ei følgje av eit utspel frå ein statsetat, Statskonsult. Kulturdepartementet sende i mars 1990 eit brev til alle departement og statsetatar og bad om at det vart utarbeidd planar for måljamstillingsarbeidet. Bakgrunnen for brevet var ei undersøking frå 1989 som viste at ingen av etatane oppfylte mållova sine krav til nynorskbruk. Har nokon høyrt dette før? I St.meld. 53 (1991–92) om målbruk i offentleg teneste vart det sitert frå tilsvaret frå Statskonsult:

«deler av regelverket i mållova er formelle rariteter», «er det prinsipielt uheldig å ha regler som ikke blir fulgt i praksis»,«Å skrive på nynorsk tar ekstra tid, noe som medfører ekstra utgifter.» Og så vidare i same duren. Elles sindige ordførarar og rådmenn vart rasande og tok straks initiativet til eit nettverk av nynorskkommunar. Nokre år seinare var Statskonsult nedlagt og LNK etablert – men me insisterer ikkje på at det er ein samanheng her.

I målbruksmeldinga frå 2006 heiter det: «Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke.»

No har me vel snart venta lenge nok?

Vil fjerne sidemålet

0

Elise Loftheim (18) i Buskerud Unge Høyre meiner sidemålsundervisning er unødvendig.

I kampen

0

Erik Ulfsby (40) vil ha fleire til å gå i teateret. Difor tek han samtida med seg inn på Det Norske Teatret.

Hever barnelitteraturen

0

I tre dagar  samlar barnelitteraturkonferansen Maktens pluttifikasjon 400 tilhøyarar og deltakarar frå heile Norden. – Vi ønskjer synleggjere breidda i barnelitteraturen og engasjere fleire grupper, seier kunstnarisk ansvarleg Ine Marit Torsvik Bertelsen.  

Språk og litteratur i sentrum

0

No er det snart klart for Landstinget 2011, og temaet for konferansen i år blir språk, barne-og ungdomslitteratur og Diktarvegen.

LANDSTINGET 2011

0

Kontaktpersonar:

Praktisk informasjon: Bente Kjos-Wenjum, 472 31 735

Presse: Elin Moen Karlsen, 930 87 882

Dagleg leiar LNK: Vidar Høviskeland, 22 33 14 00

Vêret på Sand

Avinor Haugesund lufthavn, Karmøy

Avinor Stavanger lufthavn, Sola

Kolumbus – ferje, båt og buss i Rogaland

Ryfylke fjordhotel

Tema: Språk i Europa • Barne- og ungdomslitteratur • Diktarvegen

Deltakarar: mellom andre Hilde Sandvik • Ottar Grepstad • Svein Arne Tinnesand • Herborg Kråkevik • Inger Bråtveit • Tindra • Valkyrien Allstars • Magnhild Meltveit Kleppa • Knut Vareide • Jostein Soland • Claus Mogensen

Påmelding: landstinget@LNK.no •  Telefon 52 79 04 80   •   Telefaks 52 79 04 81

Vedtekter: Her kan du sjå vedtektene til LNK

 

Vis større kart

 

 

Konferansen er eit samarbeid mellom LNK, IS Fjordvegen og Rasmus Løland – markeringa

Ny dagleg leiar ved Hauge-senteret

0

Mari Olafson Lundemo (27) frå Follebu er tilsett som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Ny optimisme i Høyanger

0

Ny teknologi skal vere med og få Høyanger på fote etter fabrikk-konkursen som førte 350 menneske ut i arbeidsløyse i 2009.

Framleis utan jobb

0

Kent Johnny Jansson (42) hadde jobba i støyperiet på Fundo Wheels i 17 år då han mista jobben for to år sidan. Enno har han ikkje noko fast i sikte, men han håper på betre tider.

Ekstra innsats for jobb

0

Eitt år etter konkursen i 2009 var 93 tidlegare Fundo-tilsette framleis utan jobb. Det kalla på ekstratiltak.