Heim Blogg Side 289

Vil du bli politikar?

0

LEIAR: Korleis skal ein engasjere ungdom politisk? Spørsmålet er i vinden og fleire aktørar er på banen for å finne svaret. Medan LLA har sitt valprosjekt Ung og Engasjert, står mellom andre Garborgsenteret bak prosjektet Mot til å meina. Felles for prosjekta er ideen om å skape politisk engasjement blant unge, målet er fleire unge på listene ved neste lokalaval, og fleire unge som ynskjer å bruke røysteretten sin.

– Me må vera villige til å gi ungdommen makt for å skapa og vedlikehalda politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å læra ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, kommenterer Frank H. Aarebrot ABC Nyheter tidlegare i år.

Men kva er eigentleg politikk? Er det berre vanskelege ord og tunge bunker med dokument? Handlar ikkje politikk også om ungdommane sin kvardag?

Ei klok stemme sa ein gong at alt er politikk. – Politikk er kjedeleg, seier mange ungdommar, men det er før dei oppdagar at både skulekvardagen, fritidsaktivitetane og opningstidene i idrettshallen er politikk. Då blir tonen fort ein annan.

Ja, ungdommane må truleg få makt for å bli engasjerte. Men det er slett ikkje så sikkert at ein løyser problemet ved å senke røysterettet til 16 år. Nokre 16-åringar er ganske sikkert klare for å røyste ved eit lokalval, andre er det garantert ikkje. Positivt er det uansett at fleire kommunar no får prøve dette ut for å sjå om det fungerer.

Kanskje det beste tipset for å stimulere til engasjement blant unge er at politikarane tek seg tid til å snakke med ungdommane, og ikkje berre til dei. Møt dei på deira eigen heimebane og slå av ein prat om kva som skjer i livet deira. Då kan det hende resultatet blir eit nytt navn på lista, ei ekstra stemme i valet, eller rett og slett berre ein god diskusjon. For alt er jo politikk.

Joakim Kyrre Myklebust frå Eid kommune er ei av eldsjelene bak den lokale rockescenen som opna no i vår. Ikkje ver passiv, men ring, er hans råd til ungdommane som ynskjer å få til noko. Kanskje det rådet også kan gis til politikarane?

Ikkje vinter lenger

0

Gol som vintersportsstad satsar ikkje på adrenalinkick og svarte alpinløyper, men meir på familievenlege aktivitetar i fjellet.

Går for eigedomsskatt

0

Frå nyttår innfører Gol kommune, som første kommune i Hallingdal, eigedomsskatt over heile kommunen.

Julegåve til Løland-markeringa

0

Lølandmarkeringa får 180 000 kroner frå departementet til innspurten i 2011.

Etterlyser fagområde

0

 

Håvard B. Øvregård skulle gjerne ha sett at språkmeldinga hadde påverka regjeringa sitt arbeid på fleire område enn rein språkpolitikk.

Dialektpris til Lars Vaular

0

Rappar og låtskrivar Lars Vaular har fått Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom. Leiar i Målungdomen, Janne Nygård, roste prisvinnaren for sjølvsikker og kreativ bruk av bergensdialekt.

Nynorskbloggar best på interiør

0

Bloggen til Linda Sæbø (37), alias Den Gode feen, er kåra til Noregs beste interiørblogg. At ho skriv på nynorsk gir bloggen ein personleg eigenart, seier juryen.

Vil gjera bokbåten meir framtidsretta

0

– Bokbåten Epos er framleis viktig, men drifta bør gjerast meir framtidsretta, meiner fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Byggesøknadar berre på bokmål

0

Fleire kommunar reagerer no på at det ikkje er mogleg å få tak i byggeskjema på nynorsk. Standard Norge har ingen planar om å endre på dette.

Ny kaptein

0

KrF-prinsen Knut Arild Hareide (38) trur sjølv han er sterk nok til å bli ny partileiar.

Får pris for satsing på kulturskulen

0

 

Julesong, trommespel, babylydar og stille konsentrasjon set sitt preg på tysdagskvelden til kulturskulen i Fjell vest for Bergen. Ein stolt rektor viser rundt i lokala til Årets kulturskulekommune.

– Nynorsk er sløsing av tid

0

Thale Julsrud og Fredrik Bakke meiner nynorsk berre er nyttig for dei som vil bli journalistar i Hallingdølen.