Språkrådet har runda den første bøya i arbeidet med å revidere nynorsknorma. Etter den første gjennomgangen er det foreslått å setje strek over både skole, kjøre, ljos og drøm, sendte og ringte, kløyvd infinitiv og i-former som soli, opi og skrivi.
Lyrisk arena
Nynorsk kultursentrum har fått ein million kroner over statsbudsjettet til å byggje opp Hauge-senteret i Ulvik. Noko Guro Ljone er glad for.
Vil styrkje barnehagespråket
Fleire nynorskaktørar rettar seg no særskilt mot barnehagane. – Det er viktig at både tilsette og foreldre meiner at det er avgjerande med nynorsk, også for dei minste, seier Ragnfrid Trohaug i Samlaget
Maria Parr blir omsett til kinesisk
Stadig fleire land får auga opp for barnebokforfattaren Maria Parr. No skal dei kritikarroste bøkene hennar også omsetjast til kinesisk.
Læremiddel på nynorsk
No er det kome ei nettbasert oversikt over nynorsk læremateriell for vaksne minoritetsspråklege.
5-åring håpar på langt liv
Fem år har gått sidan dei fyrste Nynorske litteraturdagar vart arrangert. Prosjektleiar Arve Tokvam håpar festivalen i alle fall rekk å verte ti.
Frå nederlandsk til nynorsk
For knappe fire år sidan kom det nederlandske ekteparet Roskam til Ytre Sogn. Det tok ikkje lang tid før dei vart lokka med på Nynorske litteraturdagar.
Den underfundige nynorsken
Nynorsk er ikkje berre eit skriftspråk. Det er ikkje noko fast, heller ikkje noko laust. På Nynorske litteraturdagar er mangfaldet det viktigaste bidraget til å avdekkje nynorsken sine mange andlet.

