Nasjonalbiblioteket har fordelt 15,5 millionar kroner til over 100 formidlingstiltak i norske folkebibliotek. Nær tre firedelar av dei innkomne søknadane har fått støtte, og over halvparten av landets kommunar er omfatta av tildelingane.
Tiltaksmidla er ein del av Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, som regjeringa la fram i fjor.
– Gjennom fem år med nasjonale bibliotekstrategiar har biblioteka utvikla seg til å bli sentrale møteplassar for debatt og kulturformidling i lokalsamfunna. No styrker vi biblioteka si rolle som folkeopplysarar ved å gi støtte til formidling, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Nye tenester og utprøving
Svein Arne Tinnesand er avdelingsdirektør for bibliotekutvikling. Foto: Nasjonalbiblioteket
Prosjekt- og utviklingsmidla skal i hovudsak stimulere og bidra til utvikling av nye bibliotektenester, formidling av innhaldet i biblioteka og utprøving av nye samarbeidsformer.
– Mange har fått støtte til å styrke samarbeidet med skolar og barnehagar, fortel avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand. – Det er også mange som vil samarbeide med institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen, vere til stades på eksterne arrangement og etablere lesegrupper for unge eller vaksne.
Digital formidling
Fleire bibliotek får også middel til å utvikle den digitale litteraturformidlinga si.
– Vi ser at mange ønskjer å nytte utviklingsmidla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser. Til dømes vil folkebiblioteket i Rana koordinere eit samarbeid om formidlingstiltak mellom 16 kommunar i Nordland, fortel Tinnesand.
Fylka Agder, Vestland, Rogaland, Trøndelag og Nordland har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Viken får 3 millionar kroner til eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Åtte storbytiltak der folkebibliotek i større kommunar samarbeider med mindre kommunar om tiltak for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, får også støtte.
Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir opprettheldt på same nivå som i fjor.
Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god julestemning!
Dagen startar og det er mørkt ute. Men inni i klasserommet eller barnehagen er det mange skular som tenner lys, syng julesongar og les juleforteljingar høgt. Her får du tips til fleire nynorske bøker som skaper god stemning.
«God dag, herr Jul» – Laura Djupvik
Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det?
Onkel Thor seier at det er slett ikkje sikkert at det blir jul. Det kjem heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre rare ting som skjer.
God dag, herr Jul er ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring. Boka passar barn i alderen 8-12 år.
«Harry og Ivar tryllar jula inn» – Lars Mæhle
Harry og Ivar-bøkene er morosame, og denne gongen har Harry fått ein grandiosa idé: han vil trylla fram ein julekveld i april. I forsøket blir det ikkje spart på ess eller kaninar – og særleg ikkje på vaflar.
Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydda opp i sakene.
Boka er illustrert av Per Dybvig, og passar barn i alderen 8 til 11 år.
«Jul på Bukken Hotell» – Christian Wiik Gjerde
Boka er gjennomillustrert med fine, artige teikningar av Ingrid Dos Santos. Gjennom boka møter me mange typar karakterar; den jålete, den alvorlege og strenge, den godhjarta, den koselege og mange fleire. Fredrik er hovudpersonen, og saman med mora og faren sjekkar dei inn på Bukken hotell, sjølv om det eigentlig er julestengt. Fredrik merkar snart at hotellet ikkje er heilt av den vanlege sorten.
Saman har Christian Wiik Gjerde og Ingrid Dos Santos skapt ei tradisjonell julehistorie, men med ein spesiell tvist, som gjer boka ganske spennande utan å øydeleggja julestemninga ein får av å lesa kalenderbøker. Boka passar for 7-11-åringar, men er også ei bok ein kan lesa høgt i familien. Les heile bokmeldinga på Framtidajunior.no!
«Jon og den lange julenatta» – Hilde Myklebust
Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta!
Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passa på Tyra, som snart skal bli mor.
Hilde Myklebust har skrive ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Den jordnære og varme teksten, og dei vakre illustrasjonane til Inger Lise Belsvik, går rett heim hos både born i barnehage og litt større ungar.
«Jakob og Neikob og det tomme rommet» – Kari Stai
Kari Stai tek oss med inn i universet til Jakob og Neikob ein gong til. I denne tredje boka ynskjer Jakob og Neikob seg ein sambuar som kan bu i det skumle og tomme rommet på loftet. Men kva er ein sambuar? Som alltid kan kommunikasjonen by på utfordringar sidan Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei til alt.
Bestevennene bur i eit høgt hus, Jakob bur i første etasje, og Neikob i andre, men kven skal bu på loftet?
Vennene møter mange på sin veg som kanskje kan bu på loftet deira. Kva med ein snømann, kan han bli ein god sambuar? Eller kva med ein engel, eller ein nisse?
«Gubben som ville fanga jula i ein håv» – Sylvelin Vatle
Ein vinterkveld sitt Gubben i kjøkkenet og funderer. Korleis skal han skaffa pengar til å kjøpe ein flott julepresang til Georg? Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Er det eit sjeldant insekt? På nært hald liknar insektet ein liten, lysande gut. Gubben er rask og fangar tassen i sommerfuglhåven sin. Kanskje han kan selja insektet i dyrebutikken og verta rik? Då byrjar mystiske ting og skje.
Historiene som høyrer jula til vert fortalde med nye ord. Som eit moderne juleevangelium
Dette er ei flott høgtlesingsbok, men ho er lenger enn ei biletbok vanlegvis er, 60 sider. Sjølv om ho ikkje er inndelt i kapittel, gjev fokuset på dei ulike personane i juleevangeliet ei naturleg inndeling. Difor eignar boka seg godt til daglege leseøkter i tida før jul i aldersgruppa 5-10 år, ifølgje bokmeldinga på Nynorskbok.no!
Denne siste boka skal vera utseld, men er å få tak i på fleire bibliotek.
Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best i Kommuneanalysen, utført av UNICEF.
Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter kor høgt dei prioriterer barn og unge i budsjettet, og årets analyse tyder på at det er best å veksa opp i ein liten kommune med stort budsjett.
Generalsekretær i UNICEF Norge, Camilla Viken. Foto: Carl J Asquini /UNICEF Norge
– Kommunane skal fungera som eit sikkerheitsnett når noko eller nokon rundt barnet sviktar. Dei skal legga grunnlaget for utdanning og deltaking i arbeidslivet og dei skal fremja helsa og ivareta sjukdom. Geografiske ulikskapar kan få varige konsekvensar for kvart enkelt barn, seier Camilla Viken, generalsekretær i UNICEF Norge, i ei pressemelding.
I kommunanalysen tek UNICEF føre seg fem ulike sektorar, og ser kor mykje pengar kvar sektor vert via. Kommunane vert tildelte poeng i dei ulike sektorane, basert på tilboda og tenestene dei leverer.
UNICEF påpeiker at analysen ikkje ser på årsak og verknad, men har som mål å skape debatt om korleis barn og unge vert prioriterte på kommunenivå. Korleis er det å vekse opp i ulike delar av landet?
Nøkkeltala for kommunane sine budsjettprioriteringar syner at kvar kommune i snitt brukar 32 prosent av det totale kommunebudsjettet, noko som tilsvarar eit gjennomsnittsbeløp på 133 500 kr per barn.
Kommunen som brukar størst andel av budsjettet på barn og unge, er Bykle kommune, med heile 47 prosent. På botn er Sandnes kommune, som set av 18 prosent av det totale budsjettet.
Når det gjeld analysen av kulturtilboda, kan ein sjå at Røyken kommune til dømes bruker 8 kr på aktivitetstilbod per barn, medan Tromsø kommune brukar 2694 kr per barn.
I Skedsmo kommune brukast det 177 kr på idrett per barn, medan det i Kongsberg kommune brukast heile 8460 kr.
Tromsø og Kongsberg ligg midt på treet totalt i rangeringa, medan Skedsmo og Røyken ligg nær botn.
Dette er dei fem sektorane som vert granska:
Skjermbilete: Kommuneanalysen 2020/UNICEF.
Datagrunnlaget er tal frå 2019 som kommunane sjølv har rapportert inn til SSB, skriv UNICEF Norge om undersøkinga.
Det er ingen store kommunar i årets toppsjikt: Heile åtte av dei ti kommunane på topp, har under 5 000 innbyggarar.
Topp 10 (gamle fylkesnamn):
Fyresdal (Telemark)
Nore og Uvdal (Buskerud)
Vinje (Telemark)
Tinn (Telemark)
Hemnes (Nordland)
Ål (Buskerud)
Hammerfest (Finnmark)
Hitra (Trøndelag)
Karlsøy (Troms)
Nissedal (Telemark)
Dei ti kommunane på topp har ein gjennomsnittspoengsum over dei fem sektorane på 3,71, mot eit landsgjennomsnitt på 2,59. Sektorane der dei gjer det aller best, er barnevern og kulturtilbod.
Topp 10-kommunane brukar i snitt 160 622 kr per barn, 27 077 kr meir enn landsgjennomsnittet.
Den gjennomsnittlege delen for budsjetterte middel per barn er likevel lågare enn landsgjennomsnittet, noko som analysen påpeikar kan indikere at topp 10-kommunane også har eit større driftsbudsjett enn landsgjennomsnittet.
Ti på botn – ingen kommunar nord for Møre og Romsdal
Dei ti kommunane som kjem dårlegast ut av analysen, gjer det gjennomgåande dårlegare på alle dei fem sektorane som har vorte granska.
Dei har alle budsjettert med å bruka mindre enn landsgjennomsnittet per barn.
Ti på botn (gamle fylkesnamn):
Giske (Møre og Romsdal)
Sokndal (Rogaland)
Osterøy (Hordaland)
Røyken (Buskerud)
Hobøl (Østfold)
Vaksdal (Hordaland)
Selje (Sogn og Fjordane)
Os (Hordaland)
Ullensaker (Akershus)
Spydeberg (Østfold)
Gjennomsnittspoengsummen til dei ti kommunane på botn er 1,65, mot landsgjennomsnittet på 2,59.
Som det vert påpeika i analysen – kommunar som sankar få poeng, leverer ikkje nødvendigvis utilstrekkelege tilbod og tenester. Det tyder berre at nivået på tilboda og tenestene er lågare samanlikna med nivået i andre kommunar.
Sjølv om kommunane på botn-lista brukar mindre pengar per barn enn landsgjennomsnittet, er andelen av det totale budsjettet brukt på barn høgare enn landsgjennomsnittet.
«Dette kan indikera at kommunane manglar middel sett opp mot kva kommunane ynskjer å prioritera på barn og unge», heiter det i analysen.
UNICEF fryktar at barn i familiar med låg inntekt vert taparane når tenester for barn og unge vert nedprioriterte i ein del kommunar.
Generalsekretær Camilla Viken påpeiker at desse barna er meir sårbare når tilgangen til fellesarenaer som barnehage, skule og fritidstilbod er dårleg eller avgrensa. Ho nemner også at dette har blitt forverra av pandemien.
– Dei store forskjellane i både type tenester for barn og unge og kvaliteten på dei, bryt med barnerettane. Ingen barn og foreldre skal måtte godta at det er stå store forskjellar, seier Viken i pressemeldinga.
Årets kommuneanalyse er den sjette i rekka, levert av UNICEF.
Langeland skule er blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet, med sine 410 elevar. Skulen har lite plass, men har prioritert skulebiblioteket dei siste åra.
– Me har rydda opp i og fornya boksamlinga vår i løpet av nokre år. Det er var noko av det første me gjorde, fortel Synnøve Koløen. Ho er bibliotekansvarleg på Langeland skule saman med Torbjørn Røssland
Støtte frå Udir og Kulturrådet
Langeland skule i Stord kommune er blant dei nær 200 heldige skulane som får alle dei kring 120 bøkene for barn og unge som kjem på innkjøpsordninga til Kulturrådet kvart år – i tre år.
Kommunen har i tillegg fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til ekstra personalressurs på skulebiblioteka på Langeland skule og Tjødnalio skule.
– Skulen har fått fleire timar til å bemanna biblioteket, dette gjev oss ein mykje større mogelegheit til å møta den einskilde eleven og samtale uformelt om bøker og å hjelpa dei til å finna rett bok, fortel Synnøve Koløen.
Det har også gitt både skulebiblioteket og folkebiblioteket høve til å driva med formidling av litteratur.
Biblioteket på Langeland skule er mykje i bruk, og er på mange måtar hjartet i skulen.
– Det er viktig å ha eit rom på skulen som er annleis enn klasserommet. Elevane søker veldig til biblioteket, og kjem her både for å lesa og låna bøker. Eg opplever det som veldig positivt for skulen, seier Synnøve Koløen.
Med eit levande bibliotek på skulen gir det høve til lesing i andre situasjonar enn i skuletimane.
– Skulebiblioteket skal vera ei utviding av klasserommet, ein læringsarena både sosialt og fagleg. Me ynskjer at det skal vera ein kultur for lesing på Langeland – og at me er ein lesande skule, understrekar Synnøve Koløen, og viser til forsking som syner at dei elevane som driv med frivillig lesing på fritida er dei som blir dei beste lesarane.
Matheo Luca Klingsheim (9), Herman Elias Carlsen (10), Marte Sandvik Turøy (10) og Emilie Brandvik (10) er ivrige lesarar og går ofte på skulebiblioteket. Foto: Svein Olav B. Langåker
– Lesing er viktig i alle fag
Rektor Anita Eriksen fortel at satsinga på skulebiblioteket er viktig for skulen.
– Lesing er ein dugleik som elevane må ha i alle fag, påpeikar ho, og seier det er viktig å prioritera tid til lesing.
Leseplan for leselyst
Skulen har laga sin eigen leseplan der biblioteket blir brukt for å fremja leselyst, og elevane blir involvert mellom anna som bibliotekhjelpar for at dei skal føla eigarskap til biblioteket.
– Me har fokus på å finna rett bok til rett elev, og har gjort det lett å finna fram til rett bok når det gjeld nivå. Mange av bøkene står med framsida ut for å lokka elevane til å ta fram bøkene, fortel Synnøve Koløen.
Biblioteket er organisert etter tema.
– Humorhylla og teikneseriebøkene er svært populære, fortel Synnøve Koløen.
Kjøper mest mogleg nynorsk
Med sine 410 elevar er Langeland skule blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet.
– Me prøver å kjøpa inn flest mogleg nynorske bøker. Nyleg utvida me med fleire Leseland-bøker, fortel Synnøve Koløen, og seier biblioteket kunne tenkt seg å velja mellom endå fleire nynorske bøker.
William Andre Hatlevik Helland (9) likar seg på skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dei er òg blant biblioteka som har fått støtte frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Foto: Svein Olav B. Langåker
Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny ordning for å få fleire produksjonar.
– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer me å endra på! seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken i ei pressemelding.
– Norske elevar fortener at me legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at me har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, held han fram.
Etterlyser fleire utøvarar
Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkja om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt.
Fire til seks prosjekt blir valde ut til å vera med. Desse får støtte og hjelp til å jobba vidare med prosjektet sitt gjennom samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon, som ligg i Volda.
Samarbeidet skjer gjennom eit kunstnaropphald der prosjekta får rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytta nynorsk som arbeidsspråk. Tapt inntekt som følgje av kunstnaropphaldet vil bli dekt av ordninga med ein fast takst, i tillegg til reise og andre utgifter.
Utfordra frå vest
Seksjonssjef for kulturformidling i Vestland fylkeskommune, Siri Ingvaldsen, er svært glad for at Kulturtanken har starta dette prosjektet.
– Det er eit veldig flott og verdifullt prosjekt, seier ho.
Prosjektet har blitt til i samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Vestfold og Telemark og Møre og Romsdal, i tillegg til Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda.
Øyvind Sunde Høstaker ved seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune. Foto: Solfrid Bygstad
Øyvind Sunde Høstaker frå seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune er leiar for arbeidsgruppa for det nye prosjektet til Kulturtanken.
– Me utfordra Kulturtanken på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar for halvtanna år sidan, og spurte dei om dei kunne gjera noko for å få fleire nynorske produksjonar, fortel han.
Øyvind Sunde Høstaker trekk fram «Les for livet» med manusforfattar Lars Mæhle som ein slik kvalitetsproduksjon han vil ha fleire av.
Den har vore på turné i Agder, Buskereud, Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Her har Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret vore med på å utvikla læremateriell og oppgåver til framsyninga.
Vil sikra god kvalitet
Øyvind Sunde Høstaker seier det er eit mål å utvikla fleire nynorske DKS-produksjonar av veldig god kvalitet og pedagogisk godt utvikla.
– Målet er at produksjonane skal bli så gode at skular over heile landet skal ønskja seg dei uavhengig om at dei er på nynorsk, seier han til Pirion.
Øyvind Sunde Høstaker er også leiar for juryen som skal velja ut kva produksjonar som skal få nynorsk utviklingsstøtte.
Han fortel at dei ser etter dei som har potensiale for å laga gode nynorske produksjonar. Det kan òg gå til utvikling av eksisterande produksjonar som kan lagast på nynorsk.
Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.
Nynorsk i bruk i alle kunstformer
Anne Marta V. Vadstein er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret, og har positive forventningar til prosjektet:
– Nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken er viktig, både for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål, og gjev elevane erfaringar med nynorsk i bruk i alle kunstformer. Den kulturelle skulesekken når ut til elevar i heile landet, og utøvarane kan bidra til å auke den språklege sjølvtilliten og bevisstheita til elevane, skriv ho i ein epost til Pirion.
Stord kommune har valt å dela ut Målprisen for 2020 til nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no.
Framtida.no blir driven frå Stord og Oslo. No har Stord kommune heidra 10-årsjubilanten med målpris.
Følgjande kjem fram i grunngjevinga frå Susan Abdallah:
«Mange barn og ungdomar måtte plutseleg leve under koronatida, heimeskule og sosial avstand. Framtida.no lanserte ein skrive konkurranse og mange ungdomar fekk ein ekstra aktivitet som er enkelt og passar til alle, og den er målretta mot nynorsk».
Målprisnemnda vil leggja til følgjande:
«I vår tid, med sterkt press mot bruk av nynorsk, er det viktig med nettsider som har barn og unge som målgruppe, og som nyttar nynorsk. Målprisnemnda håpar slike nettsider kan vera eit viktig bidrag til at barn og unge lettare vil nytta nynorsk som hovudspråk også når dei vert eldre. Kandidaten til målprisen i år gjer m.a. lokale, nasjonale og internasjonale nyhende tilpassa unge lesargrupper tilgjengeleg på god nynorsk. I tillegg produserer den artiklar innanfor tema som t.d. skule og jobb, samfunn, kultur og miljø på unge sine premissar. Nettsida er også tilgjengeleg på sosiale media som Facebook, Instagram og Twitter».
Utval for oppvekst og kultur vedtok prisane samrøystes i tysdagens møte, melder Sunnhordland.no.
Ei rekkje ressurspersonar står bak ei ny nasjonal tankesmie med fotfeste på Vestlandet. Initiativ Vest skal leiast av tidlegare direktør i Arctic Frontiers, Ole Rasmus Øvretveit.
– Vi må tenke nytt om organiseringa av Noreg for å møte ei akselerande og kompleks samfunnsutvikling, seier styreleiar Pål W. Lorentzen. Han er tidligare høgsterettsadvokat og grunnleggar av Norsk Klimastiftelse.
Pål W. Lorentzen er styreleiar for tenketanken.
Store endringar og ei erkjenning av at det norske samfunnet ikkje er organisert på ein måte som gjer oss i stand til å møte desse er bakgrunnen for etableringa av den nye tankesmia. Dette handlar med anna om at Noreg er for sektorinndelt og sentralstyrt, og forholdet mellom sentrum og periferi.
– Vi meiner det må tenkast nytt om ei rekkje av desse spørsmåla i tida som kjem og vi meiner ei tankesmie vil vera bra både for Noreg og Vestlandet. Vi har følgt samfunnsutviklinga tett og meiner det trengs ei tydeleg stemme som både kan samle og utvikle heile regionen, og som tek ansvar for langsiktig tenking på viktige områder for Norge, seier Pål W. Lorentzen.
Dagleg leiar med bakgrunn frå internasjonalt vitskapsdiplomati
Tankesmia skal leiast av Ole Rasmus Øvretveit som tidlegare har vore direktør for Arctic Frontiers (AF) i Tromsø. Som direktør har han utvikla AF til å verta ein sentral agendasetjar i det globale ordskiftet om Arktis, eit nasjonalt og i aukande grad eit internasjonalt partnarskap og ein av dei største møteplassane for diskusjon og dialog om arktiske spørsmål i verda.
– Vi må møte stadig meir komplekse og akselerande omstillingar med kunnskap, samarbeid og langsiktig tenking. Initiativ Vest skal leggje til rette for dette, seier daglig leder, Ole Rasmus Øvretveit
Initiativ Vest har i tillegg tilsett Tommy Aarethun som administrasjons- og kommunikasjonssjef. Aarethun har tidlegare vore rådgjevar for rektor ved Universitetet i Bergen og politisk rådgjevar og stabssjef for byrådsleiaren i Bergen.
Initiativ Vest sin overordna visjon er å bidra til å etablere Vestlandet som ein leiande havregion. Gjennom faktabasert kunnskap vil vi foreslå og setja i verk tiltak som styrkar denne visjonen.
Det er peika ut fire fokusområder som skal bidra til å nå visjonen: – Makt og demokrati – Infrastruktur og samfunn – Vekst og velferd – Ei samling av unge vestlendingar
– Vestlandet har dei beste føresetnader for å ta ei leiande rolle på hav og havspørsmål, dersom vi i større grad klarar å kople saman alle dei gode fagmiljø på tvers av regionar, fagmiljø og sektorar. Om vi samlar oss kan vi saman utvikle og fronte Vestlandet som ein leiande havregion, seier dagleg leiar Ole Rasmus Øvretveit
Falturiltu arrangerte heile 91 arrangement, og fekk eit publikumstal på omlag 4600, trass smitteverntiltaka i samband med smittebølgja.
– Aldri før har det vel vore meir spanande å arrangera Falturiltufestival, og aldri har me kjent oss så letta over at (nesten) alt gjekk etter planen, skriv Falturiltu i ei melding etter festivalen avslutta i helga.Eitt arrangement blei flytta og to forfattarar måtte trekka seg på grunn av sjukdom.
Atle Hansen har vore ein svært travel festivalforfattar frå sundag 1. september då han i samarbeid med kulturskuleelevar tok med publikum på ei spanande vandring inn i haustskogen på Stord. Hansen blei også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her hadde han følge av debutanten Sigrid Agnethe Hansen.
Strøyma fagleg seminar
I samarbeid med HVL, Barnebokkritikk og Foreningen!les var det også i år fagleg seminar, og dette blei strøyma på nettet. Stord kulturskule som skulleheidra festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, valde å utsetta dette arrangementet, men det er berre å gle seg.
Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år var det festivalforfattaren som samtala med Einar Økland om tilrettelagde bøker, med utgangspunkt i Økland si bok Sikk-sakk, frå 1978.
Populært i stallen
Blant dei mest populære innslaga for dei minste under årets festival, var Stallturiltu med bokaktuelle Malin Hellebø, og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk.
Bok og fiskebolle hadde førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021.
Ruth Lillegraven presenterte sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben på Stord folkebibliotek.
Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande turnerte i stordskulane og Tor Arve Røssland fortalte om jubilanten Pode.
Dei unge fekk forfattarmøte med Ane Barmen (digitalt) og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stilte til flott musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.
Forfattar og journalist Randi Fuglehaug kunne ein treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den høgt akta omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøkte dei vidaregåande skulane Stord og Skeisvang, og stilte på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.
Odd Nordstoga hadde med seg musikarane Torstein Lofthus på synth og trommer, og Tor Egil Kreken på bass og mandolin. Foto: Svein Olav B. Langåker
Mykje kjekt for vaksne
For dei vaksne var nok vaksenbokkvelden med Tore Renberg, i samarbeid med Stord mållag, eit høgdepunkt, og både vaksne og unge storkosa seg på to utselde konsertar med Odd Nordstoga Supertrio.
Det var festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vgs, i foajeen i kulturhuset, og denne blir hengande også i tida framover.
Svein Tindberg trollbatt publikum i Stord kyrkje, der også Atle Hansen, Ian Kolstad og Frode Hammersland framførte utvalde nynorske salmar på særeige vis. Heile festivalen vart avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og sette sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her hadde Hansen med seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest Ragnar Hovland.
– Takk til våre trufaste frivillige, alle samarbeidspartnarar og sponsorar. No gler me oss til å gå laus på planlegginga av Falturiltu 2021, avsluttar festivalsjef Roald Kaldestad, festivalkoordinator Trond Leirvik Onarheim og sentralkomitemedlemmene Anna R. Folkestad, Jane C. Jünger og Hege Myklebust i ei melding.
Trass i fråvær av sanksjonar dersom etatar ikkje følger den nye Språklova som er til behandling i Stortinget, trur Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) at det vil sitje langt inne for etatane å ikkje følge ho.
– Det vil ikkje vere særleg positivt for nokon offentleg etat, fylkeskommunar inkludert, å få Språkrådet på døra for at dei ikkje følgjer den nye Språklova. Staten og fylka skal og må ta større ansvar for at denne lova blir følgd, sa Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) under opninga av Språkdagen 2020.
Spørsmålet om det ikkje er fare for at ei språklov utan sanksjonar, kan bli ei symbollov, kom frå debattleiar og NRK-journalist Fredrik Solvang.
Raja peika i samtalen òg på at Noreg eit tillitsfullt samfunn, og at han trur folk vil følge lova ganske lojalt, sjølv om det ikkje følger nokon sanksjonar dersom nokon bryt lova.
Mange etterlyste sanksjonar
Da regjeringa presenterte forslaget til ny språklov i mai, var det fleire i høyringsrunden som hadde etterlyst sanksjonar dersom lova blir broten. Regjeringa har likevel lagt opp til å «arbeide systematisk og på fleire måtar for å sikre etterleving av lova», mellom anna gjennom rettleiing og tilsyn frå Språkrådet, som vil få utvida mandat som forvaltningsorgan for staten i språkspørsmål. Dei skal føre tilsyn med korleis statsorgana etterlever reglane, og også rettleie.
Med Språklova får Noreg for første gong ei samla lov som styrer den offentlege språkpolitikken. I forslaget heiter det at offentlege organ får eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. I tillegg får fylkeskommunane eit krav om å svare på brev og meldingar på skriftspråket til avsendaren. Dei samiske språka skal vere anerkjende som likeverdige med norsk, og i tillegg skal offentlege organ verne kvensk, romani og romanes. Norsk teiknspråk skal òg anerkjennast som nasjonalt teiknspråk.
Demokrati og deltaking
Språkdirektør Åse Wetås innleia saman med Raja og Solvang Språkdagen 2020.
– Språk handlar om demokrati og deltaking for alle. Det er kultur og identitet. Og i tillegg grunnleggande for infrastrukturen i samfunnet. Alt dette viser den nye Språklova, sa Wetås.
Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa.
– OL-og VM-medaljer har me i bøtter og spann, denne gongen var det heradet som vann.
Det skriv Voss herad på Facebook, etter at det vart klart at heradet trekte det lengste strået blant finalistane og vart «Årets nynorskkommune».
Samstundes proklamerer heradet at dei no er noregsmeistrar i nynorsk, og legg til:
– Noregsmeister i nynorsk er det same som verdsmeister i nynorsk.
Stolt ordførar
– Det er eit nydeleg, veldig gøy og me er sjølvsagt veldig stolte. Denne prisen heng høgt, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) på telefon til Framtida.no.
Han seier prisen går til alle vossingar og deler prisen med alle som bur i heile heradet.
– Dette med målsak og nynorsk er viktig og noko me er stolte av i heile heradet, seier ordføraren.
Kva kommunen vil bruka prispengene på 100.000 kroner på, veit han enno ikkje. Men han er lydhøyr for gode forslag til gode for nynorsken.
Kulturminister Abid Q. Raja fekk hjelp av klimaminister og nynorsking Sveinung Rotevatn til å lesa opp grunngjevinga for tlldelinga av prisen på nynorsk. Hans-Erik Ringkjøb, Arild M. Steine og stabsleiar Tor Halvorsen tok i mot prisen for Voss herad. Foto: Språkrådet
Ringverknader langt utover kommunegrensene
11 kommunar var nominerte som «Årets nynorskkommune», og i finalen tevla Voss herad mot Sunnfjord kommune, Kvinnherad kommune og Hareid kommune.
Margrethe Kvarenes har leia juryen som i år har lagt ekstra merke til kommunar med godt nynorskarbeid i møte med koronapandemien. Foto: Moment Studio
I Voss herad blir det arbeidd grundig og systematisk for å ta vare på nynorsken som bruksspråk og for å styrkje nynorsken som ein viktig del av den lokale identiteten. Heradet er ein trygg støttespelar for innbyggjarane.
– Heradet syner god praksis og utvikling, og nynorskarbeidet har ringverknader langt utover kommunegrensene, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.
Voss og Kvinnherad publikumsfavorittar
Ei uoffisiell kåring på Framtida.no har skapt eit enormt engasjement. Her kunne lesarane gå inn og stemma på dei fire finalistane til «Årets nynorskkommune». Kring 250.000 har delteke stemt, og både Kvinnherad og Voss fekk over 100.000 stemmer kvar.
– Det er heilt vilt og litt kult med så sterkt engasjementet. Det viser stoltheta folk har til nynorsken og lovar godt for framtida, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) på til Framtida.no.
– Det er utruleg inspirerande å sjå det folkelege engasjementet for prisen og for nynorsken. Det viser at arbeidet kommunane gjer, er viktig for folk. Alle dei fire finalistane er vinnarar på kvar sin måte, og alle fortener ros, seier juryleiar Kvarenes.
Voss herad får ros for å spreia nynorsk gjennom næringsliv, reiseliv og spreke kulturtilbod. Prisvinnaren er ikkje berre ei bygd for sterke opplevingar, det er ei bygd for sterke nynorskopplevingar.
Juryen trekkjer også fram arbeidet med og for gode digitale løysingar på nynorsk. Heradet har sagt tydeleg frå til produsentar av digitale plattformer og læremiddel at elevane skal ha nynorske versjonar. Heradet har gjort eit framifrå arbeid som skuleeigar.
– Me vil halda fram me å stilla krav i anbod. Alle nynorskkommunene har innkjøpsmakt. Det handlar om, å vera tydeleg i alle anbod. Di fleire som stiller krav, di lettare er det for leverandørene å få gode læremiddel og hjelpemiddel på nynorsk, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb.
Kulturminister Abid Q. Raja delte ut prisen til Voss herad på Nasjonalbiblioteket i Oslo, fredag 30. oktober klokka 12.30.
– Sjølv hadde eg påtvinga fritak frå sidemålsundervisning, fortalde Raja humørfylt då han skulle lesa opp grunngjevinga frå juryen, og bad om orsak for nynorskuttalen sin.
Difor hadde kulturministeren invitert statsrådkollega og nynorskbrukar Sveinung Rotevatn til å lese opp grunngjevinga.
– Det er to prisutdelingar alle statsrådar gjerne vil vera til stades på. Den eine er nobelprisen. Den andre er årets nynorskkommune, sa Sveinung Rotevatn då han kom opp på scenen – til applaus frå salen.
Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune».
Det vekte reaksjonar då det var klart at Microsoft vil droppe mellom anna nynorsk og samisk som menyspråk i e-postappen sin. Kulturminister Abid Raja har møtt teknologigiganten, som no opnar for å gjere ei ny vurdering.
– Eg er veldig glad for at Microsoft no seier dei vil gjere nye vurderingar av nynorsk og samisk. No vil eg ta initiativ til eit møte med andre teknologiselskap saman med språkminoritetar for å diskutere kva utfordringar vi ser og kva løysingar som trengst, seier kultur og likestillingsminister Abid Raja (V) til Nynorsk pressekontor.
Raja fryktar denne utviklinga er med på å svekkjer det norske språket.
– Norske språk er under press frå utlandet og nynorsken er under press igjen frå bokmål. Dersom minoritetsspråk forsvinn frå mobilen og dei teknologiske duppedittane vi brukar i kvardagen ikkje kjem på nynorsk, så vil det presse språket vekk frå folk sin kvardag, seier Raja.
Kultur og likestillingsminister Abid Raja vil no invitere til språkmøte med fleire teknologiselskap. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor
Når store delar av arbeidskvardagen går føre seg digitalt, vil dette også kunne påverke kommunar og fylke. Nynorskfylka Møre og Romsdal og Vestland har gjennom fylkestinget vedteke at dei vil kjempe for at Microsoft skal snu.
– Vi ber Microsoft om å ombestemme seg. Språket er ein viktig del av identiteten vår, spesielt når vi no blir heildigitaliserte i kvardagen vår, sa Trude Brosvik, gruppeleiar i Vestland KrF, til NRK i juni.
Microsoft: – er engasjert i å styrke det norske språket
Shazhad Rana er teknologidirektør i Microsoft Norge. Han er positiv til eit samarbeid med offentlege språkaktørar og andre teknologiselskap for å sikre språkmangfaldet.
– Vi er engasjerte i å styrke det norske språket og kulturarven i ein digital kontekst. Dersom vi ikkje gjer noko, er det fare for at det forsvinn. Men dette er eit løft vi må gjere i fellesskap med andre, Microsoft aleine kan ikkje gjere det, seier Rana til Nynorsk pressekontor.
Kristine Beitland, direktør for samfunnskontakt i Microsoft, kultur- og likestillingsminister Abid Raja og Shazhad Rana, teknologidirektør i Microsoft Norge deltok på møtet, i tillegg deltok distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland digitalt. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor
Forstår reaksjonane
Han trur også mykje handlar om bevisstgjering rundt språket.
– Outlook på Iphone har ikkje støtte for nynorsk. Vi testa ut om det ville få brukarar om vi gjorde det tilgjengeleg på nynorsk, noko som enda med 457 nynorskbrukarar. Det viser at det også krevst ei bevisstgjering om bruken av nynorsk.
– Kva tenkjer du om reaksjonane de har fått på endringa i menyspråk?
– Dei er forståelege om folk har trudd at vi fjernar nynorsk og hindrar moglegheita til å skrive nynorsk. Det er ikkje det vi gjer, det er menyane som vil vere på bokmål, seier Rana.
Kulturminister Abid Raja lovar å setje Microsoft i dialog med Nasjonalbiblioteket, Språkrådet og Språkbanken.
– Vi kan ikkje påleggje teknologiselskapa å gjere dette, men vi håper dei er sitt samfunnsansvar bevisst. Microsoft har sagt at dei vil gjere ei ny vurdering, men at det er teknologiske utfordringar dei ikkje klarer å løyse aleine.
Noregs Mållag krev at regjeringa sikrar nynorsken og sårbare nynorskelevar i den nye opplæringslova. Mellom anna meiner det digitale læremiddel på nynorsk må sikrast.
Det var eitt av dei viktigaste punkta på agendaen då Noregs Mållag i helga var samla til andre del av det digitale landsmøtet sitt i 2020. Første del av landsmøtet blei gjennomført i vår. Då blei det mellom anna gjennomført val av tillitsvalde og Peder Lofnes Hauge blei vald som ny leiar i organisasjonen.
– Møtet gjekk overraskande bra. Eg er både glad og letta no når vi er ferdige. Det er klart det var nokre digitale utfordringar ute i heimane til delegatane, men vi greidde å løyse dei aller fleste. Alt av voteringar og liknande fungerte så godt som det lèt seg gjere, fortel leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.
Regjering og Storting må på bana
Til våren kjem regjeringa med forslag til ny opplæringslov. Mållaget og Lofnes Hauge er klare på kva ønskjer dei har for den nye opplæringslova.
– Dei viktigaste sakene for oss i den nye opplæringslova er å lovfeste retten til å gå i eigen nynorskklasse på ungdomsskulen og sørgje for at den digitale læremiddelsituasjonen også blir bra for nynorskelevar, seier mållagsleiaren.
Han meiner situasjon ute i nynorske klasserom i dag er heilt uhaldbar.
– Dei aller fleste digitale læremidla finst berre på bokmål eller engelsk. Det går utover lese- og skriveopplæringa til nynorskelevane. Det håpar vi regjering og Storting vil ta ansvar for å gjere noko med. Dei bør både stille krav til dei som utviklar læremiddel, men òg lovfeste at digitale læremiddel skal omfattast av parallellitetskravet, som allereie eksisterer for trykte læremiddel, seier Lofnes Hauge.
I ei pressemelding trekker òg Mållaget fram at ein i ny opplæringslov må halde på retten til skulemålsrøystingar og få på plass ei reell tilsynsordning som passar på at språkrettane i skulen ikkje blir brotne.
Jobbar inn mot alle parti
Mållaget vil både jobbe inn mot regjeringa, men og mot dei ulike partigruppene for å få gjennomslag for krava sine.
– Regjeringa kjem med forslaget til ny opplæringslov i vår. Akkurat no har vi størst trykk inn mot Kunnskapsdepartementet og Guri Melby, og vi har store forventingar til at i alle fall dei to hovudsakene våre blir ein del av lovforslaget, seier Lofnes Hauge.
I tillegg vil målorganisasjonen drive ordinært arbeid opp mot partigruppene.
– Vi skal ha eit stortingsval før ny opplæringslov skal behandlast i Stortinget. Så vi jobbar for å få flest mogleg av partia til å ta dette inn i valprogramma sine.
Diskuterte språklova
Under landsmøtet blei òg språklova diskutert.
– Språklova skal behandlast i Stortinget i haust. Vi var litt skuffa i mai då regjeringa kom med framlegget sitt. Vi hadde håpa at den skulle vere enno meir offensiv på vegner av nynorsken, seier Lofnes Hauge.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt.
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.