Heim Blogg Side 300

Statsbudsjettet: Løyving på same nivå

0

For Landssamanslutninga av nynorskkommunar er det lagt opp til løyvingar på same nivå som for 2010. Også for stiftingane Magasinett og Pirion, som er stifta av LNK og Noregs Mållag, blir tilskota vidareført frå året før.

Følg med på Lnk.no for meir nyhende om statsbudsjettet.

Pris for nynorskordliste

0

Lars Anders Kulbrandstad, Bjarne Øygarden og Olav Veka er tildelt ordbokprisen 2010 frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Dei får prisen for ei sidemålsordbok på nynorsk. Prisen er på 50.000 kroner.

Nynorsk Wikipedia snart 60 000

0

Nynorsk Wikipedia nærmar seg 60 000 publiserte artiklar. Leksikonet viser ei jamn utvikling på publiseringssida dei siste åra.

Millionløyving til Hauge-senteret

0

Regjeringa løyver 1 million kroner over statsbudsjettet for 2011 til driftsmidlar til det planlagde Olav H. Haugesenteret, melder Nynorsk kultursentrum.

Eit anna syn på språket

0

Studentane på førskulestudiet hjå Høgskulen i Oslo har laga fotohistorier på nynorsk og seier dei fekk ei anna tilnærming til språket på denne måten.

– Kommunane bør ha ungdomsråd

0

62 av dei 430 kommunane i landet har ikkje ungdomsråd i dag, skriv Framtida.no.

Offensiv for ferjefri kyststamveg

0

Fylkesordførarane i dei fire vestlandsfylka aksjonerer måndag for ferjefri E39.

Fryktar Frp

0

Tidlegare sametingspresident  Ole Henrik Magga, som no er språkprofessor ved Samisk høgskole i Kautokeino, er redd det samiske språket forsvinn viss Framstegspartiet får gjennomføre sin politikk.

Slutt på nynorskskular i Nord-Trøndelag

0

Etter røystinga om skulemål ved Vålen skulekrins i Nord-Trøndelag kan det sjå ut til at fylkets einaste nynorsskule går over til å bruke bokmål.

Støttar kommunale næringsfond

0

Dei kommunale næringsfonda vil få betydeleg meir kapital over statsbudsjettet for neste år, skriv Kommunal Rapport.

20 millionar til kollektivtransport i distrikta

0

Regjeringa løyver 20 millionar på statsbudsjettet til å vidareføre ordninga Kollektivtransport i distrikta (KID), ifølgje Nationen.

Fotballspel på nynorsk

0

I dag kom internettspelet Hattrick på nynorsk. – Fotball er best på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag til nm.no.