Vil ikkje dele ut lister
Camilla Ruhs fortviler over at dei ikkje får utdelt klasselister ved Bjølsen skole.
Nynorskbarnehagar får bokmålsbrev
Rett før barnehageåret tok til i haust dumpa det 7 kilo med statlege informasjonsbrev i posten til nynorskkommunen Ørsta. Samtlege brosjyrar var på bokmål.
Skal drive Hauge-senteret
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.
Drømmehagen på nynorsk
Barnerogrammet Drømmehagen på NRK kjem no også i bokform. Dei tre bøkene om Hoppsi Deisi, Hinkelpinkel, Makka Pakka og dei andre figurane blir gitt ut på nynorsk.
Leste ministeren leksa
Mange elevar kjenner seg stae og plagsomme når dei heile tida må mase for å få læremiddel på nynorsk, forklara ungdomsskule-elev til utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) under «Kristins time» sist fredag.
Mistar fotfestet
Det blir ikkje lenger argumentert nasjonalt for nynorsken, og nynorskrørsla har dermed gitt frå seg eit av sine beste argument. Det meiner historieprofessor Øystein Rian ved Universitetet i Oslo.

