Heim Blogg Side 311

Ei naturskildring innanfrå

0

Denne gongen vil eg skriva om Garborg. Han held på å få seg eit flott senter i Bryne, aller mest tenkt for ungdommen, ser eg. Det er fint, men eg vil dela naturskildraren med dykk. Han som kanskje er mest kjend
for starten på Fred:

Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand. Det er sjølve havet, Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt.

Stemninga er sett når du kan ta til slik på ein roman.

Eg las opp att Kolbotnbrev nyleg og kom over ei uversskildring, uver i naturen – og uver i sinnet. Han er oppsagd i Statsrevisjonen, ho Hulda går i byen og græt, og han kokar graut og sturer i Kolbotnen. Det dregst til med
mørke makter:

Austhimilen svartnar og svartnar; alle skiftingar av svart er der: ljost gråsvart, tungt gråsvart, likkisteblåsvart, halvgrønt-blåsvart; eg såg aldri slikt. Men frå nordvest stend det liksom ein ljoske, ein uhugleg, unatturleg
ljoske; det er ikkje skin av sol og ikkje av måne, det er som himilen attum skylage stod i brand. Slike fargar var det i mine rædde barndomsdraumar um domedag.
… Den gule ljosken i nord aukar og legg eit underleg daudt skin yvi alt. Austhimilen svartnar; blåsvartnar.

og meir trugande rundt Garborg, den tyngjer han ned, heilt til smellen kjem:

Hjarta kvelver seg rundt uppe i halsen på meg; fyrr eg fær samla meg att bryt tora ut i ein fæl smell, ein skakande, ein grunnsmell, so jordkula liksom gjev seg på aksen sin. Brake breider seg burt gjennom alle himlar, med skrell og skòt, i lange, skakande rullingar, i tvere, bratte sprang; jagar skangrande og brultande frametter åsryggine med smelling og bròt mot bergsidur og berghamrar og ramlande atterslag frå hausar og høge fjell. So sturtar det ned, fossar, susar, sjoar med regn; himilen slepper seg ned i brå flaum, i vill, skræmeleg syndflod. Og laust gjeng det med skimt i skimt og smell i smell; det er ragnaròk; eg spring som for live.

Somme er redde for at nynorsken døyr viss me ikkje endrar norma, gjer språket moderne. Andre vil ha oss med attende til dei klassiske formene. Nei, nynorsken kjem aldri til å døy. Me har diktarar som har gjeve han
ævegaranti.

Er vi ved eit vendepunkt ?

0

– Krise på Latin betyr vendepunkt.

Vi er i disse dagar inne i lønnsforhandlingar for mange store grupper i privat og offentleg sektor. Felles for alle er at mange meiner (ofte med rette) at dei får for lite av den verdiskapinga som skjer i landet. Gjennom media er det òg skapt eit inntrykk av at verdas rikaste land har råd til det meste. Store grupper som gjer ein utruleg flott innsats på alle nivå, meiner likevel at innsatsen dei gjer, ikkje blir verdsett nok. Når media i mange tilfelle også framstiller tenestetilbodet i kommunane som dårleg og mangelfullt, gjer det kvardagen vanskeleg for mange. Det er stor kontrast mellom dei gode tenestetilboda som blir ytt, og dei auka krav og forventningar som kjem frå mange brukargrupper. Staten har pålagt kommunane stadig nye oppgåver utan at desse er fullfinansierte.

Nasjonal og europeisk økonomi

Nasjonalt har vi i dag eit svært godt ugangspunkt gjennom den gode økonomien vår. Dette står i sterk kontrast til den situasjonen mange av våre naboar og handelspartnarar er oppe i. Mange land har store budsjettunderskot og høg gjeld. Til tross for at EU-landa har forplikta seg gjennom Maastrichtavtala til å ikkje ha større budsjettunderskot enn 3 % og ei maksimal gjeld på 60 % av brutto nasjonalprodukt, har mange land meir enn 10 % underskot på budsjetta og meir enn dobbelt så høg gjeld som avtalt. Når situasjonen i desse landa er slik at ein i tillegg allereie har høg arbeidsløyse og må redusere aktivitet og kostnader, skjønar ein at det vil bli svært krevjande og vanskeleg. Dette vil òg råke oss .

Vi blir fleire eldre, og eldre lever lenger …

I dei fleste europeiske land er situasjonen den at det blir stadig fleire eldre, og dei eldre lever lenger. Dette skaper eit press på samfunna gjennom auka kostnadar til pleie og omsorgstenester. Når samtidig fødselstala er låge, blir det stadig færre yrkesaktive til å ta seg av tenestetilboda og skape dei verdiane som gjer at vi kan halde ved lag dei velferdstilboda vi har i dag. For mange vil det vere slik at tilbodet må reduserast, og at ein i større grad må betale for tenestene sjølv gjennom høgare skattar eller eigendelar. Dette vil også bli situasjonen i Norge. For Kommune-Norge vil dette bety press på å halde ved lag det noverande tenestetilbodet. Då folketrygda vart innført i 1967, var det 4 yrkesaktive bak kvar pensjonist. I 2007 var talet 2,6, og prognosane for 2050 er 1,8 yrkesaktive bak kvar pensjonist. Dette vil bli svært krevjande når stadig nye krav til tenester kjem.

Krise i finansnæringa – ny uro kan gje høgare renter

Finansnæringa er i dag i ein svært alvorleg situasjon. For to år sidan stoppa all finansiering mellom bankane opp, og mange gjekk konkurs. Det måtte ein stor redningsaksjon til for å halde bankvesenet i gang. Alle europeiske land, med unntak av Norge og Serbia, stilte garantiar for bankane sine innlån. Dette betyr at om bankane skulle få nye problem, vil dette kunne få direkte konsekvensar for mange land. Med redusert aktivitet, høgre arbeidsløyse og store banktap vil dette kunne bli svært krevjande for mange. Det er ingen grunn til å bagatellisere eller bortforklare desse problema. Nye problem for finansnæringa vil kunne bety høgre renter og auka kostnadar for både privat og offentleg sektor.

Kostnadsnivå

Det norske kostnadsnivået er høgt og mykje høgre enn det som mange av våre naboar og konkurrentar har. Dette vil kunne bli eit stort problem for både næringsliv og kommunar framover. Sjølv om vi har god økonomi, vil vi alle merke at aktiviteten går ned, og at kostnadane må reduserast. For å halde ved lag konkurransekrafta må vi tenkje nytt og kreativt i både offentleg og privat sektor. 50 % av dei verdiane vi skaper, sel vi til utlandet, og dei gjev grunnlaget for den velstanden vi har. Privat og offentleg sektor må gå kritisk inn i budsjetta sine og sjå korleis ein kan auke inntekter og redusere kostnader. Dette blir krevjande.

Ansvarleg norsk finanspolitikk – Behov for store investeringar

Det blir ofte frå ulike hald uttalt sterk kritikk mot Staten (les: Finansdepartementet) av di ein får for lite pengar til ulike formål. Eg har stor respekt for det arbeidet som vert gjort for å halde orden i bokføringa. Vi må likevel heilt klart gjere eit stort løft for å finansiere etterslep og manglande investeringar i infrastruktur. Investeringsbehovet i infrastruktur og vedlikehald av offentlege bygg utgjer truleg ufattelege 2000 mrd. norske kroner (meir enn to statsbudsjett).

Dette vil krevje nye tankar og måtar å finansiere slike investeringar på.

Vi må ha tru på framtida.

Til trass for all svartmåling av situasjonen må vi ikkje gløyme at vi er utruleg privilegerte som lever i eit velorganisert og godt samfunn som det norske. Dei siste åra har dei fleste hushald hatt betydeleg auke i nettoinntektene. Om vi skulle kome i ein situasjon der denne utviklinga skulle stoppe opp, er vi uansett privilegerte. Vi har dei beste føresetnadane for å lukkast.

Og vi må hugse:

«Det er fleire Folk enn vårt Folk” – Ivar Åsen

 

Jan Olav Tryggestad er ass. direktør – KLP Kommunekreditt

Få flyttar med jobben ut i distriktet

0

Då sju statlege tilsyn vart utflytta frå Oslo, var det uaktuelt for dei fleste tilsette å flytte til ein annan del av landet.

Vil fjerne sidemålsstilen

0

 

 

Det er på tide å fjerne sidemålsstilen, meiner adjunkt og norsklærar ved Ringerike videregående skole, Ane-Lin Strømholm.

Nominert til Heddaprisen

0

Sogn og Fjordane Teater er nominert til Heddaprisen. Prisen lønnar utmerka prestasjonar innan norsk scenekunst, og er teaterets svar på Amandaprisen, melder Firda.no.

Vil gi noko tilbake

0

Odda har gitt mykje til litteraturen. Forfattar Marit Eikemo vil gi noko tilbake.

Makt og motmakt

0

LEIAR: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har brukt våren til å reise rundt for å snakke om maktkonsentrasjon og motmakt. Då møteserien kom til operabygget i Bjørvika, fatta til og med rikspressa interesse for saka, og då var det gjort. Debatten segla opp som ein Oslo-mot-resten-debatt, og Navarsete fekk erkjenne at det ligg mykje kjensler i eit ordskifte om makt.

Men kva handlar eigentleg dette om? Kommentator og skribent Audhild Gregoriusdotter Rotevatn seier til LNK-avisa at det handlar om demokrati. Og det har ho truleg rett i. Diskusjonen om kor makta bør liggje, og kor den ligg i dag, handlar nemleg om kven som blir høyrt og sett i samfunnet vårt. Skal ein oppnå utvikling og mangfald i det demokratiske samfunnet, må ein også fordele makt. Ikkje berre til ulike grupper, men også geografisk. All makt kan ikkje liggje rundt Oslofjorden.

Det betyr at næringslivet, media og dei tunge samfunnsaktørane ikkje alle kan ha adresse Oslo. Klarer me å skape ei maktfordeling innan dei viktigaste samfunnsområda, vil ein òg truleg få til ein større vekst i dei andre byregionane i landet. Og det treng me. Men det betyr at nokon må ofre noko.

Fleire i hovudstaden har tatt debatten som kritikk og meiner Navarsete er i mot Oslo. Det blir for enkelt. Me er tente med eit senter og ein sterk hovudstad, men det skal ikkje stå i motsetnad til det å ta i bruk heile landet. Truleg kan ein få til begge deler. Og truleg er det nett det Liv Signe Navarsete prøver på.

Så kan ein spørje seg om debatten kanskje burde ha blitt lagt opp på ein annan måte for å unngå at det vart ein debatt mellom Oslo og resten av landet. Kommunalministeren skal likevel ha ros for å setje søkjelyset på utfordringa og for å våge å stille spørsmålet.

Kunsten å lytta til ungdomen

0

KOMMENTAR: Når statsminister Jens Stoltenberg held tale, får han ikkje lov til å bruka verken framadord eller forkortningar. Språket skal vera enkelt og lett tilgjengeleg. Alle skal skjøna kva Jens snakkar om.
Men når ein kommune som til dømes Tysnes skal informere på eigne nettsider om at arealdelen av kommuneplanen skal fornyast (eller rullerast som det heiter på politikarspråket), vert det gjort med følgjande innleiande ord: «Med heimel i plan- og bygningslova §§ 11-12 og 11-13 vedtok Tysnes formannskap i møte den 16. mars d.å. å starta opp arbeid med rullering av arealdelen i kommuneplanen, og å senda framlegg til planprogram på høyring og å leggja det ut til offentleg ettersyn». Til slutt vert det ramsa opp kva tid dei ulike bygdemøtene skal haldast, men det står ingenting om at folk er velkomne til å koma med innspel og ynskje på desse møta.

Fornying av arealplanen i ein kommune handlar om framtida til den komande generasjonen. Kvar kan ein som i dag er 14 år i framtida byggja seg hus, kvar kan han eller ho byggja naust og få seg båtplass, og kvar kan dagens 14-åringar etablera nye arbeidsplassar? Dette er noko som dei unge utan tvil hadde hatt sterke meiningar om, dersom dei berre hadde blitt spurde.

Det handlar om kommunikasjon. Det handlar om å snakka dei unge sitt språk. Det handlar om å nå ut til dei unge der dei er. På Tysnes kommune sine nettsider burde det stått:

Kvar vil du byggja deg hus og naust på Tysnes når du vert vaksen? Kom til bygdemøtet og fortel oss dette. Vi spanderer pizza og brus.

Dersom kommunen hadde vore på Facebook, skulle det sjølvsagt stått det same der, men ei undersøking gjort av KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) viser at berre 56 av 430 kommunar brukar Facebook for å koma i kontakt med innbyggjarane. Som Øyvind Solstad i NRKbeta sa under Mot til å meina-konferansen i Stavanger den 6. og 7. mai: «Det er på Facebook folk er, og viss politikarane ikkje vil vera der, veit eg ikkje kva dei vil driva politikk for». På same konferansen fortalde student og medlem i sentralstyret til Norsk Målungdom,  Jostein Avdem Fretland om si undersøking av det politiske språket i kommunale sakspapir. Konklusjonen var soleklar: språket er alt for vanskeleg, og kommunane bør koma seg på Facebook og tenkja meir som ei avis for å nå ut til ungdomen.

Når kommunale papir er eit stammespråk for dei spesielt interesserte, er det lokalavisene sin jobb å formidla politikken på ein så enkel måte som mogleg.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er ein interesseorganisasjon for 110 lokalaviser. LLA sitt Ung & engasjert-arbeid har som mål å auka valdeltakinga og samfunnsengasjementet til ungdom mellom 15 og 25 år. Eit godt døme på lokalavisene sitt samfunnsengasjement, er historien om avisa OPP som skulle dekkja eit folkemøte om framtida til Oppdal. På møtet oppdaga journalisten at det ikkje hadde møtt fram ein einaste person under 40 år. Avisa oppsøkte då tre lokale skular for å høyre dei unge sine ynskje og meiningar om bygda si framtid. Overskrifta «Slik er de unges drømme-Oppdal» over heile framsida dagen etter, kom med klar tale til politikarane: dei unge stemmene i lokalsamfunnet må bli høyrde. Dersom kommunen ikkje gjer jobben sin, vil lokalavisa gjera det.

Kommunalpolitikk treng ikkje vera eit langt gjesp. Lokalavisene kan som avisa OPP med enkle grep bidra til å gjera lokalpolitikk til gøy lesnad, både for ungdomen og pensjonisten. I Tysnes kommune er bygdemøta avslutta. Utan at ungdomen har blitt lytta til. Men det er framleis ikkje for seint. Hansken er kasta.

Helen Frøyseth er prosjektmedarbeidar i Ung & engasjert, Landslaget for Lokalaviser

Språkkurs i kommunane – kven bør ta rekninga?

0

Styret i LNK arbeider i desse dagar med ei spesiell og prinsipielt viktig sak: Skal organisasjonen tilby alle medlemene gratis kurs i saksbehandling på nynorsk? Bakgrunnen for saka er at fleire og fleire medlemskommunar opnar for at medarbeidarar med svake norskkunnskapar får høve til å skriva bokmål i intern saksbehandling.

I sist utgåve av LNK-avisa kom det fram at Nord-Fron kommune alt har innført ei slik ordning, og dei siste vekene har også Hjelmeland kommune signalisert at dei kan sjå føre seg noko liknande. Her er det òg store mørketal. I ei undersøking som LNK og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2006, kom det fram at svært mange kommunar har personar eller faggrupper (t.d. legar) som i praksis har fått fritak frå kommunen sin offisielle språkpolitikk – lenge. Det blir ofte vist til at dei personlege unnataka er gjort av di kandidatane rett og slett ikkje kan språket godt nok til å uttrykkja seg skriftleg, og for å få eit betre rekrutteringspotensiale. Dette vert eit irritasjonsmoment for rådmenn og andre som sit med ansvar for kva kommunen sender frå seg, og som ofte må bruka tid på å retta opp feila.

Dette er ei utvikling som over tid kan truga heile ordninga med målvedtak i kommunane. Slike individuelle eller kollektive dispensasjonar er sjølvsagt minste motstands veg for kommunane og såleis lette å gå inn for. I dei fleste kommunane som har særordningar, er dei oftast stillteiande aksepterte av rådmannen; berre sjeldan vert slike saker drøfta politisk.

LNK må sjølvsagt ha ei medviten haldning til utviklinga. Organisasjonen har i mange år hatt eit tilbod til medlemene om kjøp av nynorskkurset På saklista – som er spesielt lagt til rette for nynorskbrukande saksbehandlarar i kommunar og stat. LNK har gode kurshaldarar og får svært gode tilbakemeldingar på dei kursa som vert haldne. Men sjølv om kursa vert selde til kostpris, er det alt for få kommunar og fylkeskommunar som gjer seg nytte av dei. Dei er for dyre, er eit argument me møter. Ja, det er dyrt å halda kurs, men det er jammen dyrt å halda seg med dårlege sakspapir òg.

Ei meir offensiv line kan derfor vera å tilby medlemene våre gratis språkkurs. Litt avhengig av ambisjonsnivået styret vel å leggja seg på – og responsen frå medlemene –, vil dette verta ei dramatisk omlegging av arbeidsoppgåver og ressursbruk i LNK.

Eitt kurs per medlemskommune kvart år har ein prislapp på 3 millionar, og med dagens økonomi er dette ikkje realistisk for LNK. Men så kan ein spørja seg kven fakturaen eigentleg bør rettast til? Bakgrunnen for at det no ser ut til å vera nødvendig å setja i gang ei storstilt vaksenopplæring i det offentlege Noreg, er at fagansvarlege etatar og politiske styremakter stillteiande har akseptert ei norskopplæring som rett og slett har vore for dårleg – i tiår etter tiår. Det er trass alt eit statleg ansvar at nyutdanna frå universitet og høgskular ofte ikkje beherskar norskfaget godt nok til at dei kan bruka språket sitt i arbeidssamanheng.

Det skal nok meir til enn eit todagars kurs i nynorsk saksbehandling for å kompensera ein lang skulegang med utilfredsstillande norskopplæring. Men det skal kanskje ikkje meir til for å gjera kandidatane til meir medvitne og motiverte språkbrukarar. For to år sidan kom språkmeldinga Mål og meining, der det for første gong vart lagt opp til ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Kanskje denne saka kan vera med på å visa oss korleis dei gode orda kan gjerast om til handling?

Inger Undheim til Garborgsenteret

0

Inger Undheim er tilsett som ny dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter.

Nøkkel til integrering

0

– Det er viktig at innvandrarane får lære den målforma som ligg nærast opp til målføret der dei blir buande, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle.

Etterlyser tiltak

0

Forum for nynorsk i opplæringa reagerer no sterkt på at Kunnskapsdepartementet går inn for å gi studentar med dysleksi fritak frå vurdering i ei av målformene i lærarutdanninga.