Heim Blogg Side 322

Laussalet sviktar – nettavisene aukar

0

Opplagstala for 2009 viser ein relativt kraftig nedgang i laussalet til avisene, medan nettavisene aukar lesaroppslutninga.

Pressemelding: Staten må ta ansvar

0

Pressemelding: – Staten må ta ansvar.

Ein kommentar frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til oppslaget om nynorsk for innvandrarar på morgonsendinga til NRK fredag 12.02.10.

Flyktningar styrkjer fagmiljøet

0

Volda kommune seier ja til oppmodinga frå staten om å busetje endå fleire flyktningar. Dette gjer både lokalmiljøet rikare og det kommunale fagmiljøet sterkare, meiner ordførar Ragnhild Aarflot Kalland.

Vil samarbeide

0

 

 Diktarvegen skal styrke samhandlinga mellom regionane langs rv. 13. No vert det konferanse i Balestrand.

Finn saman i musikken

0

Barn frå 20 ulike nasjonar skapar ei ny verd gjennom prosjektet Fargespill. Det er på kulturarenaen integreringa bør starte, meiner musikar og komponist Ole Hamre.

Nettsider på bokmål

0

NSB slår fast i sine vedtekter at dei skal oppfylle mållova så godt det lèt seg gjere. Likevel har dei berre nettsider på bokmål.

Statlege arbeidsplassar i kommunane

0

PÅ KOMMUNEVIS: Kommunane i Distrikts-Noreg er gjerne vertskap for fleire statlege arbeidsplassar, men staten må være open og varsle oss når dei planlegg arbeidsplassar utafor dei større byane. Dette er bodskapen frå varaordførar Anne Grete Normann i Lenvik kommune i Troms. Ho kontakta meg nyleg med spørsmål om korleis kommunar i Distrikts-Noreg kan få vite kva planar staten har. Ho vil òg vite korleis Lenvik og andre kommunar kan leggje til rette for etablering av nye statlege arbeidsplassar i eigen kommune eller region.

Normann er ikkje aleine om å stille desse spørsmåla. Under Nordlandskonferansen i Bodø 20.–21.januar møtte eg fleire ordførarar og rådmenn som tok opp det same. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete varsla i sitt innlegg under konferansen at eit statleg utval no har fått i oppdrag å komme med konkrete forslag som skal sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar vert spreidde over heile landet . Regjeringa varsla i Soria Moria II at det ikkje er aktuell politikk å flytte eksisterande statleg verksemd ut av Oslo, men at vekst i ny statleg verksemd skal skje utanfor.

Ei satsing som kan vere naturleg å nemne i denne samanhengen, er Breibandsfylket Troms. Ei storstilt utbygging av breiband i heile fylket har mellom anna ført til at alle Tromskommunane no kan tilby seg å vere vertskap for statleg verksemd fordi den nødvendige tekniske infrastrukturen er på plass. Dyrøy kommune har i tillegg starta opp eit pilotprosjekt om staduavhengige arbeidsplassar, der slagordet er at det går an å ta jobben med seg på flyttelasset. Med gode rutinar for informasjonsdeling og solid teknisk infrastruktur, kan ei verksemd ha tilsette i fleire kommunar eller fylke. Dette gjeld òg for staten, og her har det statlege utvalet allereie eit tiltak dei kan ta med seg til nærmare vurdering. I tillegg må dei sjå på innspelet frå Lenvik og gi varaordføraren svar på korleis interesserte kommunar får informasjon om etableringar som skal skje.

Distriktssenteret er eit nasjonalt, statleg drive kompetansesenter for distriktsutvikling. Vi skal byggje og dele kunnskap til beste for utviklinga av attraktive lokalsamfunn. Vår hovudoppgåve er å vere støttespelar for kommunar i deira utviklingsarbeid og sørgje for kunnskap om kommunalt utviklingsarbeid i brei forstand. Kva gjer ein kommune attraktiv å bu eller etablere arbeidsplassar i, er er eitt av spørsmåla vi skal bidra med svar til.

Ingvill Dahl er avdelingsleiar på Distriktssenteret

 

Nynorsk i marknadsføring

0

KOMMENTAR: Det er ikkje lenge sidan det vart rekna som uaktuelt å bruka nynorsk i tradisjonell marknadsføring. Eg trur den tida er forbi.

Sjølv er eg så heldig å høyra til den generasjonen som ikkje har opplevd noko særskild ulempe med å bruka nynorsk. Dei seinaste åra har eg både ute i verda og her heime klara meg godt med nynorsk og engelsk og fått gode attendemeldingar på det.

Det vil sjølvsagt vera variasjonar.

Men i vanleg kommunikasjon til og frå medarbeidarar eller verksemder ser eg ingen problem i å skriva brev (viss nokon framleis gjer det) og e-postar på nynorsk.

Poenget må vel vera at det er naturleg for avsendaren.

Når det gjeld marknadsføring, som er det faget eg kjenner best, så er det utan tvil ein fordel å bruka nynorsk, og dialekt, til å forsterka soga om produkta og tenestene ein sel, og for å skilja seg ut.

For det er nettopp det god marknadsføring kan gjera; skilja tilbodet ditt frå det andre har. Og synast i den jungelen som er der ute.

Verksemder som held til i nynorsktrakter, viser seg som truverdige og spanande når dei bruker nynorsk for å selja varene sine.

Det finns mange gode døme på dette.

Ei av dei flinkaste er Lerum i Sogn, som brukar nynorsk skrift og tale, og som sjølve seier at dei har hatt stor suksess med det.

Likeins det utmerka produktet Vossafår, som brukar nynorsk og vossadialekt i reklamefilmane sine på fjernsynet.

Transportselskapet Fjord1 nyttar nynorsk i sin kommunikasjon, og eg er viss på at det styrker tilhøvet deira til regionen sin.

I mat og reiseliv vert dette stadig meir vanleg.

Medan ein for berre få år sidan var redde for å støyta vekk norske turistar med å bruka nynorsk, er det i dag med på å framheva eigenarten deira.

Gode merkevareverksemder har me ikkje for mange av i Noreg, men nokre av dei som har profilert seg sterkast, er Skigutane på Voss, med merkenamn som Bula og kari Traa.

Dei har til og med nynorske heimelaga titlar på menneska i verksemda.

Sjølv eit av dei aller største selskapa i Noreg, Aker, satsa på Ivar Aasens Nordmannen då dei skulle visa seg fram for heile landet.

Eg er difor optimist. Nynorsk gjer jobben, det eignar seg utmerka til kjøp og sal og skapar gode resultat for dei som ynskjer å bygga på eit tydeleg opphav og visa seg fram.

 

Arne Hjeltnes er konsernsjef i Creuna

 

Sårbare studentar

0

LEIAR: På Universitetet i Oslo er det berre 2,5 prosent av studentane som ynskjer nynorsk som studiespråk. Berre 2 prosent av masterstudentane leverer oppgåva si på nynorsk. Til samanlikning er det 7 prosent som leverer masteroppgåva si på nynorsk i Bergen.

Marianne Granheim Trøyfløyt, som er journalist i studentavisa ved Universitetet i Oslo, Universitas, stilte tidlegare i år spørsmålet om ikkje Oslo burde vere ein like tilgjengeleg studiestad anten du kom frå Røa eller Røros. Det er eit godt spørsmål. Framleis kjem historiene om at nynorskbrukande studentar vert rådde frå å levere eksamens- og masteroppgåver på nynorsk. Ofte er forklaringa at det medfører så mykje meir arbeid for dei som skal lage eksamensoppgåvene. I andre situasjonar vert det nytta ein så dårleg nynorsk på eksamensoppgåvene at dei er vanskelege å forstå, eller at eksamensvaktene får for dårleg opplæring i dei språklege rettane til studentane.

Det kan godt hende studiedirektør ved Universitetet i Oslo, Monica Bakken, har rett når ho seier det er blitt færre av desse historiene dei siste åra. Men det skjer framleis. Og i følgje Studentmållaget i Oslo er det lite som endrar seg. Framleis tek fleire studentar kontakt med dei for å vite kva rettar dei har når det gjeld nynorsk, og for å klage på at dei ikkje har fått eksamensoppgåvene sine på nynorsk.

Mange studentar er sårbare når dei kjem frå vidaregåande skule og skal byrje på eit universitet. Dersom ein får ei kjensle av at nynorsk berre er til bry, kan det vere lett å skifte over til bokmål. Universiteta må leggje ned eit strategisk arbeid for at nynorskstudentane skal bli stolte og halde på språket sitt. Då vil også prosentdelen av dei som ynskjer nynorsk som studiespråk, auke, og ein vil truleg få meir nynorsk på pensumlistene.

– Det er ingen motstand mot nynorsk ved Universitetet i Oslo, seier Monica Bakken til LNK-avisa. Me håpar det er korrekt og at ein derimot ynskjer å styrke nynorsken sin ståstad ved studiestaden.

Bør nynorsknormalen endrast?

0

Ja, seier me i styret i Språkrådet, og me har fått klarsignal frå Kulturdepartementet til å setja i gang. Ikkje for at me meiner nynorsknormalen er håplaus i dag, eller fordi me trur det kjem ei skrede av nye nynorsktilhengjarar berre me endrar normalen. For all del, eg er stolt av nynorsken slik han blir uttrykt av folk flest og av forfattarane våre. Men det er eit faktum at særleg frå skulehald har det vore klaga over at den store valfridomen ikkje blir til hjelp, men heller til forvirring. Kanskje er det særleg svake elevar og elevar som skriv nynorsk som sidemål, som slit mest med at det er mykje å velja i.

I alle fall, onsdag 20. januar var det samla 40-50 menneske i Oslo, til avspark for nemnda som skal sjå på nynorskrettskrivinga. Det har tradisjonelt vore våre fremste språkvitskapsmenn (i hovudsak menn, ja) som har fylt slike nemnder. Styret har gått ein litt annan veg denne gongen: Brukarane får òg mykje å seia. I tillegg til to vitskapleg valde, er det ein forfattar og lektor i vidaregåande, ein grunnskulelærar, ein lokalavisredaktør, ei NRK-tilsett og leiaren, Grete Rise. Ho er nettredaktør hjå fylkesmannen i Hordaland. Og så er det fem kvinner av dei sju i nemnda. Det er ein liten sensasjon dersom ein ser på historia til rettskrivingsreformene. Eg har registrert at ein professor har gått ut mot tenkinga i styret: Det er fagfolka som må laga normalen, skriv han.

Kor ber så vegen vidare? Styret har bedt nemnda laga utkast til ”ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.” Det er ei stor oppgåve, og i tillegg krev styret at norma skal vera lett å bruka, uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Norma må framleis også, sjølvsagt, vera attraktiv for folk i alle delar av landet.

Det nesten sensasjonelle på avsparkmøtet var at me ikkje krangla. Her sat nynorskfolk frå alle leirar, til og med ein riksmålsmann, og var rørande einige om retninga. ”Er det dødskrampen som tek til, eller er nynorskfolk råka av røynda?” utbraut ein erfaren målmann etter møtet.

Ikkje veit eg, men i april 2011 skal nemnda ha sagt sitt, og vel eit år etter kan normalen takast i bruk i skulen. Viss harmonien framleis rår, då. Til vidare er eg optimist.

Kulturkompetanse – kjekt å ha?

0

Midt på syttitalet kom den første norske kulturmeldinga. Meldinga var viktig og starta opp prosessar som me ser ettervekst av heilt fram til i dag. Mellom anna hadde meldinga i seg signal til norske kommunar om at det kunne lønna seg å ha ein kulturadministrasjon.

Kommunane tok poenget. Mest alle bygde opp kulturkompetanse i staben, sjølv om kvaliteten nok ymsa mykje. Etter kvart vart den kommunale kultursektoren meir straumlinjeforma – på godt og vondt. Opp gjennom åra har det kome mange krav til omstillingar i kommunane. Det har blitt mindre pengar att til arbeidsfelt som ikkje er lovpålagde, og dei kommunale kulturstillingane forsvann, ein etter ein – særleg i dei små kommunane.

For nokre dagar sidan høyrde eg statsråd Liv Signe Navarsete innleia til debatt om lokalt kulturliv på Skei i Jølster. Mange kommunar oppfattar nok Kommunal- og regionaldepartementet som eit slags reservekulturdepartement, og kanskje med god grunn. Statsråden snakka godt for seg. Ho var faktisk så engasjert i det ho sa, at ho to gonger kom til å kalla seg sjølv kultur- og regionalminister.

Eitt av hovudpunkta i talen var at ein må ta vare på dei lokale eldsjelene, hjelpa dei fram, tilføra dei kompetanse og støtta dei, slik at dei ikkje brenn seg ut. Dette er viktige – og naturlege – oppgåver for dei fleste kommunale kulturadministrasjonar. Det er berre det at i svært mange kommunar er det ikkje lenger kulturfagleg kompetanse. I alle høve ikkje i mange av dei små kommunane.

I 2007 kom kulturlova. Lova er generell, men likevel viktig. Ho har mellom anna fått konsekvensar for andre lover. Den nye plan- og bygningslova føreset at kommunane har tilgjengeleg kulturfagleg kompetanse, og at alle plansaker skal vurderast kulturfagleg: ”Det skal settes mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklingen i kommunen og regionen,” står det å lesa i føremålsparagrafen til lova.

Det er ikkje så lenge til Kommuneproposisjonen skal leggjast fram. Kanskje kommunal- og regionalministeren bør gjera som det vart gjort i kulturmeldinga på syttitalet: leggja inn føringar som gjer at også mindre kommunar ser seg tente med å knyta til seg kulturfagleg kompetanse.

Vil endre haldningane

0

NHO og Språkrådet håpar ein eigen språkplakat skal føre til auka bruk av norsk språk i næringslivet.