Heim Blogg Side 329

Godt språk er god omdømmebygging

0

LEIAR: Tidlegare fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) lanserte nyleg eit språkleg krafttak for å få eit betre språk i det offentlege. Prosjektet Klart språk i staten skal gi oss innbyggjarane enklare og meir forståeleg informasjon i møtet med det offentlege. Blant anna viste Grande Røys til at ein av tre hadde problem med å fylle ut offentlege skjema. Det må kunne kallast ei stor samfunnsutfordring.

Og Grande Røys har heilt rett. Språk er viktig i all kommunikasjon, og det offentlege har eit særleg ansvar for å kommunisere med sine brukarar. Eit vanskeleg språk kan skape problem for mange med å orientere seg i samfunnet. Eit dårleg språk skaper også unødvendig stor avstand mellom det offentlege og folk flest.

Dette gjeld også kommunane.

Jan Olav Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner rådmenn og økonomisjefar burde spørje seg sjølv om dei ville sagt det dei skriv, over hagegjerdet til naboen.
– Kan dei ikkje det, bør dei byrje på nytt, slår han fast.

Språk handlar om truverd, kommunikasjon og identitet. Kommunale administrasjonar bør streve etter å skrive eit så godt, korrekt og klårt språk dei kan. Det gir tillit hjå innbyggjarane, og det gir kommunen eit godt ansikt overfor omverda. Eit godt språk er også god omdømmebygging.

Trass i at mange kommunar er opptekne av eigen språkbruk, trengs det truleg også her eit krafttak for å auke den språklege kompetansen. Kanskje spesielt i nynorskkommunar, der mange av dei tilsette ikkje nyttar nynorsk i utgangspunktet?  

LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane står bak eitt av fleire tilbod om nynorskkurs for tilsette i kommunane. Eit krafttak kan vere dersom kommunen tilbyr sine tilsette eit kurs for å betre språket i organisasjonen. Det er truleg ein kostnad ein til slutt vil tene på, også økonomisk.

 

Hordaland og det velsigna vatnet

0

PÅ KOMMUNEVIS: Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.
Etter kvart forstår vi at vatn er drivkrafta og eksistensgrunnlaget for alle oss som er busette her vest. Ja, ikkje berre her, for vatnet gjev også store inntekter til staten.

Vassdirektivet til EU stiller krav til kvalitet. Mange kommunar har god kvalitet på vatnet, medan andre arbeider med saka. Kommunane har ei viktig rolle i å sikra ferskvasskjelder for hushald og næringsliv. Nedbørsfelt må bandleggjast og sikrast i arealplanar, og ny utbygging må koplast til tenlege leidningsnett. Giardia-saka i Bergen viser kor ille det kan gå når noko sviktar. Rundt 4000 menneske vart sjuke, og så mange som 400 vart langtidssjuke. Tilsvarande hendingar kan også skje i andre kommunar. Vi må læra av Giardia-saka, og difor vert det så viktig å ha fokus på vasskvalitet ikkje berre på plansida, men også politisk.

Hordaland fylkeskommune blir forvaltingsorgan for vassregion Vestlandet frå nyttår, og kommunane vil få sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det gode samarbeidet mellom kommunar og mellom kommunar og fylke vert umåteleg viktig for å få gode resultat. Vassdirektivet til EU gjeld for Noreg og skal setjast i verk gjennom regionale planar. Det vert eit krevjande arbeid å laga planar for dei mange vassområda i fylket. Men målet er å oppnå god vasskvalitet, og då er samarbeid løysinga.

Her i Hordaland har vi mykje å tapa dersom vårt gode rykte for reint vatn, reint hav og reine næringsmiddel vert truga. Difor er vi veldig glade for at fylkeskommunen no får ansvaret for forvaltinga av vassressursane.

Hordaland og det velsigna vatnet

 

Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.

Etter kvart forstår vi at vatn er drivkrafta og eksistensgrunnlaget for alle oss som er busette her vest. Ja, ikkje berre her, for vatnet gjev også store inntekter til staten.

 

Vassdirektivet til EU stiller krav til kvalitet. Mange kommunar har god kvalitet på vatnet, medan andre arbeider med saka. Kommunane har ei viktig rolle i å sikra ferskvasskjelder for hushald og næringsliv. Nedbørsfelt må bandleggjast og sikrast i arealplanar, og ny utbygging må koplast til tenlege leidningsnett. Giardia-saka i Bergen viser kor ille det kan gå når noko sviktar. Rundt 4000 menneske vart sjuke, og så mange som 400 vart langtidssjuke. Tilsvarande hendingar kan også skje i andre kommunar. Vi må læra av Giardia-saka, og difor vert det så viktig å ha fokus på vasskvalitet ikkje berre på plansida, men også politisk.

 

Hordaland fylkeskommune blir forvaltingsorgan for vassregion Vestlandet frå nyttår, og kommunane vil få sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det gode samarbeidet mellom kommunar og mellom kommunar og fylke vert umåteleg viktig for å få gode resultat. Vassdirektivet til EU gjeld for Noreg og skal setjast i verk gjennom regionale planar. Det vert eit krevjande arbeid å laga planar for dei mange vassområda i fylket. Men målet er å oppnå god vasskvalitet, og då er samarbeid løysinga.

 

Her i Hordaland har vi mykje å tapa dersom vårt gode rykte for reint vatn, reint hav og reine næringsmiddel vert truga. Difor er vi veldig glade for at fylkeskommunen no får ansvaret for forvaltinga av vassressursane.

Høviske ord november 2009

0

Her om dagen var eg inne på Norli bokhandel i Oslo. Ærendet var å sikra meg Veslebror ser deg av Cory Doctorow.

Dama bak disken fann tittelen på dataskjermen og ba meg kikka under D på ungdomsbøker. Eg så gjorde og såg mange spennande titlar, men ikkje nokon Veslebror. Ekspeditøren hjelpte til med å leita, men heller ikkje ho kunne finna boka. Me leita både høgt og lågt, men Doctorow var søkk borte. Heilt til den vennlege dama sjekka dataskjermen sin ein gong til og fann ut at boka var komen ut på Det norske Samlaget.

Det gjekk eit lys gjennom rommet. Gåta var løyst. Det var altså ei nynorskbok me leita etter.

Resolutt la dama seg ned på golvet framfor reolen med ungdomslitteratur. Der fann ho skatten. Stolt og smilande drog ho Doctorow etter ryggen ut av Norli bokhandel si underavdeling for nynorske ungdomsbøker.

Og her er det rett å snakka om underavdeling: Nede ved golvet i hylla med ungdomsbøker står det tretti centimeter med framandvorne titlar og eit lite skilt med åtvaringa NYNORSK. Ein slags variant av RØYKING DREPER for litteratur.

Sidan eg er ei søkjande sjel, spurde eg ekspeditøren om det ikkje ville ha vore meir naturleg å ha alle norske ungdomsbøker sortert alfabetisk – saman?

Det var det ikkje.

– Då får me så mange reaksjonar frå kundane, seier dama. Underforstått: Ei sart sjel kunne uforvarande koma i skade for å kjøpa ei slik bok.

I nokre av ARK sine salslokale har dei innført ein annan eksotisk vri: Dei har hyllemarkørar som viser slikt som Krim, Lyrikk, Skjønnlitteratur, Poesi, Non Fiction, Hobby – og Nynorsk …

Eg veit ikkje kor det har svikta, men noko må ha skjedd. Men det er aldri for seint å snu. Etter kvart har forlaga kjøpt opp dei store bokhandlarkjedene og har derfor høve til å påverka drifta. Det er vanskeleg å sjå at ein praksis slik Norli og ARK har lagt seg på, er med på å styrkja forlaga sine interesser og omdømme. Mange kan lett koma til å tru at det er fordommar og vankunne som får lov til å styra bransjen. Og det er det vel ikkje?

PS
Det høyrer forresten med til soga at eg kjøpte Veslebror ser deg på Tronsmo. Boka er viktig, god og glitrande godt omsett til norsk av Øystein Vidnes.

Språket er viktig

0

LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeidar om kurset På saklista. Målet er at lokalforvaltninga skal få eit betre og klårare språk.

– Kurs på budsjettet

0

Ein runde blant nokre av nynorskkommunane viser at mange er opptekne av å bruke eit godt språk. Hemsedal kommune er ein av dei som no vurderer kurset På saklista.

– Behov for ei overordna språklov

0

Trine Skei Grande (40) trur nynorsken vil klare seg godt i ei tid der språk og identitet heng tett saman. Ho er ikkje like sikker på om ho blir ny leiar i Venstre etter Lars Sponheim.

Jondal-ordførar ny rådgjevar for Kleppa

0

Ordførar i Jondal Sigrid Brattabø Handegard (45) tek frå 23. november til som politisk rådgjevar for samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vil styrke nynorskarbeidet

0

Tidlegare i haust vart Stord kommune kåra til Årets nynorskkommune 2009. No vil ordføraren bruke prisen til å styrke nynorskarbeidet i kommunen.

Språkprisen 2009 til Stephen Walton

0

Stephen Walton får Språkprisen 2009 for framifrå bruk av nynorsk språk i sakprosa.

Facebook fremjar dialektbruk

0

I ei undersøking gjort under Forskingsdagene i 2008 fortalde 60 prosent av dei spurte at dei bruker dialekten si på Facebook.

– Haldningsendring må til

0

Folk flyttar frå byen til nabokommunar med god økonomisk utvikling. Det pressar nynorsken, meiner Oddvar Skre.

Les, syng og skriv på nynorsk

0

Biblioteket er blitt sjølve hjartet på Os skule. Der går språkdiskusjonane høgt, og elevane får fråsse i nynorske bøker.