Mot til å meina
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot folk under 26 år. Målet var å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Prosjektet er no ferdig.
Sluttrapportane kan du lese her:
Sluttrapport – Einar Schibevaag
LAST NED: Pedagogisk opplegg for vidaregåande skule (PDF)
Det treårige prosjektet har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auka talet på unge listekandidatar i kommune- og fylkestingsval, og at fleire får plass i kommunestyra. Prosjektet arbeider også for at det totalt blir større oppslutning i vallokalet frå denne gruppa ved neste kommuneval.
Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.
Meir om Mot til å meina:
54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16-åringar
Les VG og Dagbladet på nynorsk
Apertium er eit program som kan omsetje nettsider og dokument frå bokmål til nynorsk. Dermed kan du lese VG og Dagbladet på nynorsk, om du ønsker det.
Fekk marknadsføringspris
Saft- og syltetøyprodusenten Lerum har fått gullmedalje i reklamebransjens eiga «Oscar-utdeling».
Vil diskutere fiberutbygging
Medan somme område i landet får dobbelt sett med fiberlinjer, får andre ingenting. No vil It-forum Sogn og Fjordane diskutere fiberutbygging i distrikts-noreg med politikarane.
Språklege skilnader
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han nyleg lanserte «Språkfakta 2010».
Må slite i åtte år til med Terrasaka
Fire av dei åtte kommunane som tapte stort på amerikanske risikofond, reknar med at opptil åtte år til må gå før rekninga er betalt.
Forslag om fritak
Kunnskapsdepartement sitt utkast til rammeplan for grunnskulelærarutdanninga opnar for fritak frå prøve i nynorsk.
Vekst i kommunane – men trongare tider er venta
Pleie og omsorg og barnevern er høgt prioritert i kommunebudsjetta for 2010. Samtidig blir utgiftsveksten til skule redusert, noko som blir sett i samanheng med færre elevar.
Beste nynorskbok
Den nynorske songskatten er kåra til fjorårets nynorskbok av Dag og Tid sine lesarar. Les kva LNK sin bokmeldar tykte om boka:

