Heim Blogg Side 336

– Akers reklamefilm vil setje spor

0

Ivar Aasen sitt dikt ”Nordmannen” speler hovudrollen i Aker-selskapa sin nye reklamefilm. Målet er å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar.

 

Raudt svarar om språk

0

Torstein Dahle og Raudt vil ha sidemålspedagogikk som ein del av lærarutdanninga.

– Viktig å spegle mangfaldet

0

Kringkastingssjef Hans -Tore Bjerkaas i NRK vil tilsetje fleire nynorskjournalistar og setje språk på dagsorden.

Frp svarar om språk

0

Siv Jensen og Frp fortel kva dei vil gjere for nynorsken viss dei kjem til makta.

 

Stord er Årets nynorskkommune

0

Stord kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2009.

Venstre svarar om språk

0

Venstre har fått pes for ikkje å ha partiprogrammet på nynorsk. No lovar Lars Sponheim at det skal vere på plass denne veka.

 

Sp svarar om språk

0

Liv Signe Navarsete og Senterpartiet ønskjer sidemålet inn på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Høgre svarar om språk

0

Erna Solberg og Høgre svarar på kva dei vil med nynorsken i framtida.

SV svarar om språk

0

Fram mot valet spør LNK partia kva dei vil med det norske språket og nynorsken. Først ute er partileiar for SV, Kristin Halvorsen.

Barna får eigen dagsrevy

0

Neste år startar NRK med eigne nyheitssendingar for barn i alderen 8 til 12 år.

Første nynorskklasse på Minde skole

0

Klasse 2c ved Minde skole i Bergen er den første nynorskklassen som nokon gong har eksistert på Minde skole i Bergen.

 

Folketalet aukar i fleire utkantkommunar

0

Frå fyrste halvår 2006 til fyrste halvår 2009 hadde 76 fleire kommunar befolkningsvekst. Av desse var 40 utkantkommunar.

– Det er særleg gledeleg at trenden med vekst i folketalet i fleire utkantkommunar held fram, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

Medan det i 2006 var 202 kommunar med auke i folketalet, hadde 278 kommunar i 2009 fått fleire innbyggjarar. Blant dei 177 minst sentrale kommunane i landet, var det altså ein auke frå 43 til 83 kommunar som hadde vekst i folketalet i perioden.

Dette er òg fyrste gong i perioden 1998–2009 at dei spreiddbygde strøka av landet samla har hatt befolkningsauke. Mesteparten av endringa ser ut til å koma av ei auka tilflytting til småkommunane i form av innvandring, samtidig som det er mindre innanlandsk fråflytting enn det har vore dei seinare åra.

– Sjølv om trendane no er positive mange stader i landet, krevst det ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal få ein reell valfridom i val av bustad, påpeikar Kleppa.

Samla sett var det befolkningsauke i alle strøk av landet. Tal frå SSB syner at om lag 2/3 (278 av 430) av kommunane hadde vekst i folketalet i fyrste halvår 2009. (©NPK)