Heim Blogg Side 350

23 språkfeil i sjølvmeldinga

0

Jens Brekke frå Vik har funne 23 språkfeil i nynorskutgåva av sjølvmeldinga. Flaut, innrømmer Skatteetaten.

Brekke fortel til NRK Sogn og Fjordane at feila han fann mellom anna gjekk på samanblanding av nynorsk og bokmål. For å gi eit godt eksempel på kor gale det er, dreg han fram ei setning som lyder: “Sjå starthjelpen til sjølvmeldinga for hvordan endre poster”.

Hjå skatteetaten legg dei seg flate og beklagar alle feila. Samstundes oppmodar dei Brekke til å hjelpe til med å få kartlagt feila i sjølvmeldinga.

– Me kan gjera ein bytehandel. Viss dei gir meg litt mindre skatt, skal eg hjelpa dei med rettskrivinga, seier Brekke til NRK.

Må finne det unike

0

– Omdømmebygging er eit identitetsprosjekt. Det handlar om å finne kvalitetane i kommunen, seier Børre Berglund som i fjor underviste 16 kommunar i temaet på kommunaldepartementet sin omdømmeskule.

Kommunal – og regionaldepartementet gjennomførte i fjor eit prosjekt der 16 kommunar deltok på ein omdømmeskule. Departementet henta inn kompetanse til å undervise i korleis kommunane best kunne bygge opp sitt eige omdømme. Børre Berglund, som driv eit eige konsulentfirma med leiing og administrasjon som fagfelt, fekk ansvar for å gjennomføre undervisninga.

Han er overbevist om at kommunane må skilje seg ut og vere unike.

– Noko av det viktigaste er at ein får inn lokal kompetanse i kommunen som kan drive omdømmeutviklinga vidare. Tradisjonelt har ofte kommunane engasjert eit reklamebyrå som har laga eit slagord eller ein logo. Men det er ikkje nok, slår Berglund fast. Omdømmebygging krev derimot tid og ressursar. Prosessen må vere ekte og unik nok til å skilje seg ut frå mengden.

Hjelp til sjølvhjelp
Kommunen må finne fram sine unike kvalitetar og spele på dei.

– Ein må bygge kommunen innanfrå, det tek tid, meiner Berglund og viser til at innbyggarane må vere med for at prosjektet skal bli ekte nok.

– Hensikten med skulen var å gi kommunane eit verktøy, men størstejobben må dei gjere sjølv. Du kan vel kalle det hjelp til sjølvhjelp, smiler han.

I følgje Judith Kortgård i Kommunal – og regionaldepartementet er attendemeldingane frå dei 16 kommunane utelukkande positive. No ynskjer departementet å gjennomføre kurset også i 2009.

– Me er i dialog med kompetansesenteret for distriktutvikling om å få til ei vidareføring av skulen, men eg veit ikkje når det blir.

Målsetjinga med kurset er ifølgje departementet å fokusere på omdømmebygging i kommunane og å få den enkelte kommunen til å bli bevisst på kva kvalitetar det er på heimstaden deira. For mange betyr det at ein må heve kompetansen i kommunen for å gjennomføre ein prosess med å bygge eit omdømme.

Gjestfri og nyskapande
Lom kommune er ein ein av dei 16 som deltok på kurset i fjor. Administrasjonssjef Ola Helstad meiner erfaringane er gode.

– Omdømmebygging er ei målsetjing dei fleste kommunar har for tida. Dette er også definert som satsingsområde i vår kommuneplan, seier han, og viser til at kommunen no har henta inn informasjon i fleire rundar frå innbyggarar og tilsette i kommunen om kva dei meiner bør vere med i ein slik prosess.

– Kva er spesielt i Lom?

– Me har dei høgaste fjella og unike naturopplevingar. Sjølv om det er mange som er gode på natur har me eit spissa profil på det. Samstundes har me som mål å vere gjestfrie og nyskapande. Det er ein visjon som er utfordrande, seier Ola Helstad, og legg ikkje minst vekt på at omdømmebygging kan bli avgjerande for om kommunen klarer å snu den negative folketalsutviklinga.

Omdømmebygging er eit tema på landstinget i Stryn 27. – 29. mai 2009.

Nynorske festspel på 14 språk

0

Litteratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er festspeldiktar, og ho pregar programmet saman med nærmare 20 andre forfattarar og omsetjarar, av desse seks tidlegare festspeldiktarar.

Dei nynorske festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda 24.–28. juni. Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen, men over 20 scener blir tekne i bruk for å avvikle meir enn 50 arrangement med eit samla budsjett på 1,8 millionar kroner.

Reidar Sandal, leiar i finanskomiteen på Stortinget, opnar Dei nynorske festspela, som blir avslutta med stemnetale av Gunhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.
Årets tema er «Med andre ord», og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

Som festspeldiktar får omsetjaren Tove Bakke selskap av dei seks tidlegare festspeldiktarane Paal-Helge Haugen (1996), Jon Fosse (1997), Ragnar Hovland (1998), Brit Bildøen (2001), Einar Økland (2002) og Frode Grytten (2004).

Kunst på minst 14 språk
Frå omsetjarar, forfattarar og songarar får publikum høyre tekstar på minst 14 språk – bokmål, dansk, engelsk, fransk, islandsk, kiswahili, japansk, kreolsk, lingala, mandarin, nynorsk, patois, spansk og zulu.

Den franske forfattaren Marie Désplechin, den engelske forfattaren Ian Sansom og den kinesiske omsetjaren Shi Quine kjem alle til Dei nynorske festspela.

Samtale med Jon Fosse
– Det er ei storhending at Jon Fosse kjem til ein samtale med Cecilie S. Seiness, som i september gir ut bok om Fosse til femtiårsdagen hans, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Under Festspela får publikum for første gong høyre dei to samtale om kunst og litteratur. Jon Fosse var festspeldiktar i 1997, og først no er han tilbake på Dei nynorske festspela.
– Det meste er på plass, men fleire programinnslag blir avklara i vekene frametter, seier programansvarleg Åshild Widerøe, og minner om at billettsalet opnar torsdag 2. april.

Mangfaldig fagprogram
Dei nynorske festspela er den einaste norske festivalen som gjer språk til ei hovudsak i programmet sitt.

– Ivar Aasen-tunet skal bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land, seier direktør Ottar Grepstad.

I tillegg til 20 omsetjarar og forfattarar frå fleire verdsdelar blir det mange foredrag og samtalar om språk på Dei nynorske festspela i år. Mannen bak Nynorsk ordliste og den første redaktøren i Norsk Ordbok, Alf Hellevik, ville fylt 100 år søndag 28. juni. I vinter døydde ein annan språkhøvding, Magne Rommetveit. Om desse to blir det eit eige program i regi av Det Norske Samlaget.

Erotikk
Fredagskvelden inviterer Festspela til «Erotikk, med andre ord». Her blir det mykje snakk om dei orda som kan vere så vanskelege å seie og endå vanskelegare å omsetje.
Leiar Reidar Sandal i finanskomiteen på Stortinget deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2009 under opningshøgtida. Dette er blitt den fremste nynorskprisen i landet.

– Prisvinnaren fekk melding søndag og må finne seg i å teie stilt om dette i tre månader, seier Grepstad.

Også Kultur- og kyrkjedepartementets nynorske journalistpris blir delt ut under Festspela. Regien har Nynorsk mediesenter, som tek imot framlegg til kandidatar før 1. mai. Nynorsk mediesenter inviterer også i år til aktuell mediedebatt.

Ikkje berre språk
Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord er blant dei mange utøvarane som skal fylle festspeldøgna med rytmar frå så vel Afrika og Karibia som USA og Nordvestlandet.

Framsidebilde: Tove bakke er festspeldiktar. Foto: Judith S. Litlehamar

Startar politisk parti mot nynorsk

0

Einar Smørdal frå Akershus vil danne eit nytt politisk parti. Kampsaken er å kjempe mot nynorsk som tvungent skriftspråk i Noreg, skriv Romerikes Blad.

Smørdal har no samla inn 500 underskrifter og har 19 namn på lista til stortingsvalet til hausten. Partiet vil fyrst og fremst angripe den obligatoriske sidemålsstilen, og ynskjer eitt språk i offentleg forvaltning.

– Det første me må samlast om er at me får eitt namn på landet vårt i passet, seier lektoren til Romerikes Blad.

Ved sida av å vere norsklærar arbeidar Einar Smørdal med å omsetje tekster frå bokmål til nynorsk. Likevel har han starta eit eige parti mot nynorsk.

– Det må vere valfritt å lære eit språk du ikkje har bruk for. Difor vert valfritt sidemål i skulen den viktigaste saka for oss, meiner han.

Les meir i Romerikes Blad.

Forlenga hotellavtale

0

Samarbeidsavtalen mellom LNK og Best Western Hotell Bondeheimen er fornya fram til år 2013.

Det betyr at alle tilsette og politikarar i medlemskommunane til LNK kan nyte godt av gunstige hotellprisar i Oslo sentrum.

Les meir om Bondeheimen her.

Seier nei til freding av veg

0

Rv 606 i Solund i Sogn og Fjordane skal fredast i tråd med Riksantikvaren sin verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. No krev ordføraren at verneplanane blir skrinlagde.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Sollund meiner at kommunen er avhengige av å kunne få utbetre og gjere endringar på vegen for at den skal vere trygg og framkommeleg.

– Riksveg 606 er livsnerven til Solund sidan den er einaste veg inn til kommunesenteret vårt. Vi er avhengige av at vegstandarden aukar i takt med aktiviteten i kommunen, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Også næringslivet ser med bekymring på ei eventuell freding av rv 606. Dagleg leiar i Solund Verft, Svein Tore Eide, seier han ser denne vegen som einaste reelle vegalternativ mellom Solund og Sula, og opplever freding av einaste vegen som problematisk.

Riksveg 606 mellom Krakhella og Hardbakke i Sollund vart bygd i 1960.

Arbeidsinnvandring er eitt av tema på landstinget i Loen i mai.

(Framsidebilde: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad. Foto: Magne Hamre/Solund kommune)

Av LNK NYTT 01.apr.2009

Klepp sa nei

0

Kommunestyret i Klepp sa i går kveld nei til å melde seg inn i LNK. – Vi tapte dessverre med 14 mot 17 stemmer, seier forslagsstillar Torbjørn Hovland (Krf).

Det var Klepp mållag som oppmoda kommunen om å melde seg inn i LNK, og Hovland seier til LNK.no at han ser mange gode argument for å bli medlem i interesseorganisasjonen.

– Klepp er ein nynorskkommune med ein dialekt som ligg mykje nærare nynorsk enn bokmål. Skulane våre har nynorsk som hovudmål. Å vere med i LNK er ein naturleg følgje av det.

Hovland peiker dessutan på at Klepp er ein kommune som trekkjer folk frå dei kringliggjande bokmålskommunane Sandnes og Stavanger, og at det i ein slik samanheng blir viktig å ta vare på språket.

– Språk har med identitet og kultur å gjere, seier varaordførar Hovland. Han ser ikkje bort frå at saka om medlemsskap i LNk kan kome opp att ved eit seinare høve.

Austeuropearar på norsk trygd femdobla

0

Talet på austeuropearar som går på arbeidsløysetrygd i Norge er femdobla på eitt år, viser tal frå Nav.

1.300 austeuropearar mottar nå norske dagpengar. Dei fleste av desse er frå Polen, og resten er frå Litauen, Latvia, Romania og Bulgaria.
No har Senterpartiets finanspolitiske talsmann, Per Olaf Lundteigen, fått nok.

– Noreg må innføre strengare reglar for tildeling av velferdsgode til arbeidsledige frå desse landa. Eg meiner det er uakseptabelt at austeuropearar no vil kunne motta norsk trygd etter berre seks månader i landet, seier Lundteigen til Aftenposten.

Berre sidan desember har trygdeutbetalingane til austeuropearar auka med 50 prosent. Lundteigen meiner finanskrisa vil føre til stor naud og sosial uro i dei baltiske landa og Aust-Europa, og seier det vil vera naivt å tru at ein då ikkje vil velja norske velferdsordningar.

Leiaren av Fellesforbundet, Arve Bakke, skjønar ikkje utfallet til Lundteigen.

– Hald fingrane vekk frå trygda til polakkane. Polakkar som har jobba i Noreg har lik rett på dette som alle andre, seier Bakke.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet ser ingen grunn til å diskutere velferdsordningane.

– Vi har ingen planar om å svekkje nokon rettar, uavhengig om det gjeld norske, polske eller litauiske arbeidstakarar, seier statssekretær Jan-Erik Støstad. (©NPK)

Framleis nynorsk i Heddal

0

Årsmøtet i Heddal sokneråd har talt: Dei ønskjer å halde fram med nynorsk som kyrkjemål.

Saka var oppe til avstemming i årsmøtet, og 43 stemte for nynorsk kyrkjemål, 23 stemte for bokmål og tre stemte blankt.

Eitt av argumenta på bokmålssida var at ingen av skulane i Heddal har nynorsk som hovudmålform lengre. Likevel valde årsmøtet å halde på nynorsk som kyrkjemål, og leiar John Nymoen i soknerådet seier til avisa Varden at han ikkje reknar med at saka vil kome opp att med det første. Vidare understreker han at administrasjonsspråket på kyrkjekontoret nok kjem til å følgje det som gjeld i Heddal kommune, altså bokmål, og at prestane held preik på si eiga dialekt viss dei ønskjer det.

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

0

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

Av LNK NYTT 27.mar.2009

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er blitt informert om Stortingsmelding om ny lærerutdanning gjennom pressemelding publisert 06.02.09 og nettutgåve av meldinga på regjeringa sine heimesider.

LNK deler statsrådane sine mål om at ei meir spesialisert utdanning skal føre til auka interesse for og rekruttering til lærarutdanninga. Vi sluttar oss også til ønska om å utvikle ei lærarutdanning der studentane får betre individuell oppfølging, og der kunnskap, motivasjon, engasjement og kvalitet ikkje berre er honnørord, men harde realitetar og reelle mål. Det er såleis mange gode grunnar til å rose meldinga.

Vi sluttar oss altså til at allmennlærarutdanninga blir tatt bort og at ein i staden opprettar to hovudretningar som er retta mot undervisning på ulike årssteg (1-7 og 5-10). Vi er likevel svært skeptiske til å gjere opplæringa i norsk valfri for lærarstudentar som tek utdanning for å undervise dei eldste elevane i grunnskulen. Norskfaget ber i seg mange disiplinar, fagområde og sjangrar som kanskje ikkje er nødvendig kunnskap for lærarar i andre fag enn norsk, men som kommunikasjonsreiskap blir norsk skriftleg berre viktigare og viktigare, ikkje minst med stadig meir bruk av IKT i kommunikasjonen med elevar, foreldre, kollegaer og lokalsamfunn. Opplæring i klårt og enkelt språk i dei sjangrane som er mest brukte i skulekvardagen (meldingar, presentasjonar, prøver, repetisjonsoppgåver osb.) bør difor vere ein del av opplæringa for alle lærarar i tillegg til grunnleggjande rettskriving (ortografi og grammatikk) og fagterminologi. Og sjølvsagt skal denne opplæringa ha som mål at alle studentar som har stått til lærarprøva, kan skrive tilnærma like godt nynorsk og bokmål når dei går ut i arbeidslivet.

Korleis kan så dette gjerast reint praktisk? Styret i LNK har som førsteprioritet at lærarutdanninga blir forlenga og at norskopplæringa får eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom dette ikkje lar seg gjennomføre på kort sikt, kan departementet vurdere å ta ut 5 eller 10 studiepoeng frå kvar av dei tre fagstudia og opprette ei norskopplæring på 15 eller 30 studiepoeng som går over tre år. Alternativt kan norskopplæringa integrerast i fagstudiet som eit eige emne der hovudelementa er undervisningsspråk og fagterminologi på begge målformene.

Kvifor engasjerer så styret i LNK seg så sterkt i denne saka? Kort sagt fordi vi ønskjer dei beste lærarane, og fordi alle lærarar i ein viss forstand er norsklærarar. Det å vere sikker i skriftleg framstiling er grunnleggjande viktig for ein lærar. Det gjer læraren trygg på seg sjølv, og han/ho blir sett på med respekt av elevane. Sett på spissen kan ein lærar som er god i faget sitt, men usikker i fagterminologi og rettskriving rive ned mykje av det lærarane på dei første årsstega har bygt opp blant somme elevar, medan andre (dei flinkaste) ler av feil som blir gjort i skriftlege framstillingar. Vi meiner difor at alle som tek profesjonsutdanning for grunnskulen har krav på ei norskopplæring som gjer dei trygge og kompetente til å undervise kvar det skal vere i landet vårt. Utan ei slik opplæring kan mange lærarar få problem. Det kan også elevar og skular få, og sannsynet for at nynorskskulane får dei største problema, er absolutt til stades.

Til slutt vil vi peike på at framlegget om profesjonsutdanning for delar av grunnskulen utan norskopplæring etter vårt syn vil bryte mykje med dei gode tankane om språk, språkjamstelling, språkdyrking og språkutvikling som sitjande regjering har  felt ned i dei to framifrå stortingsmeldingane, St. meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St. meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Vi håpar difor at departementet merkar seg synspunkta våre, og vi står gjerne til rådvelde dersom statsrådane ønskjer ein dialog med oss.

SP med nynorskkrav?

0

I helga skal landsmøtet til Senterpartiet bestemme seg for om dei vil det skal vere krav om nynorskprosent for aviser som mottek pressestøtte.

Landsmøtet i Ålesund skal røyste over eit framlegg frå Olav Urbø, ordførar i Tokke Kommune i Telemark, skriv nm.no.

Framlegget omfattar alle aviser som nyt godt av produksjonsstøtte og momsfritak seier Urbø til Nettavisen.

– For meg er det prinsippet som er det viktigaste, at dei som har nynorsk som morsmål skal få lov til å bruke det. Nynorskbrukarar må få lov til å kunne skrive nynorsk. Det er ikkje prosentdelen som er viktig, seier Urbø til nettavisa.