Heim Blogg Side 351

Rasmus Løland-stipend til Jon Ewo

0

– Årets viktigaste stipend, seier prisvinnaren til nashornet.no

– Prisen inneber at eg kan ha fullt fokus på det som er viktig – å skriva gode bøker for det meste kresne, men samstundes mest takksame publikum – unge menneske, seier Ewo til nashornet.no.

– Eg har alltid eit bokprosjekt på gang. Akkurat no arbeidar eg med ein roman for tenåringar om meiningsløysa i livet, og kva strategi ein skal bruke for å kjempe imot.

Jon Ewo er ein av dei beste og mest produktive forfattarar som skriv for born og unge, heiter det i juryens grunngjeving.  Stipendet er på 100 000 kr, og skal stimulera til auka produksjon av barne- og ungdomslitteratur.

Les meir på Nashornet

Mjølk blir melk

0

Mållaget er svært skuffa over at Tine no har vedteke endringane på bruk av nynorsk på mjølkekartongane, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Ordet mjølk vert dermed borte som logo på all søtmjølk. Noregs Mållag er svært skuffa over vedtaket og seier dei ser vedtaket som eit målpolitisk vedtak og ikkje eit administrativ eller økonomisk grunngjeve tiltak.

– Argumentasjonen for vedtaket var at dei skulle spare pengar. Vi har vist fleire gongar korleis dei kan gjere same effektiviseringa av kartongar og spare like mykje pengar, utan å kutte ’mjølk’ i frå logoen. Det har jo ingenting med kvarandre å gjere, seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebus til NRK Sogn og Fjordane.

Arbeidsinnvandringa aukar

0

Arbeidsinnvandringa aukar, om enn ikkje like mykje som tidlegare år. Det syner nye tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Stamvegstatus bra for Diktarvegen

0

Når rv13 no får stamvegstatus, er det med og gir eit løft til Diktarvegen, seier leiar i styringsgruppa til Diktarvegen, Arne Kleppa.

I Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 som vart lagt fram 13. mars har riksveg 13 fått stamvegstatus.

– Eg har tru på at stamvegstatus for rv13 er ein sterkare garanti for at vegen får meir pengar, og meire pengar gir betre vegar, noko som igjen fører til at vegen vil bli meir brukt, seier Kleppa.

At ein veg blir klassifisert som stamveg tyder at den skal få same standard som ein riksveg, det vil seie at den mellom anna skal vere brei nok til å ha gul stripe i midten.

Ein samanhengande rv13-streng med lik standard heile vegen er eit godt utgangspunkt, meiner leiaren for styringsgruppa.

– Mykje står att, mellom anna på finansieringssida, før prosjektet Diktarvegen kan realiserast, men dette var eit puff i riktig retning.

Relaterte saker:
Riksveg 13 kan bli diktarveg
Rv 13 – ei litteraturrute
Diktarvegen får skrivarhytte

Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

Diktarvegen får skrivarhytte

0

I samband med Rasmus Løland sin fødselsdag opnar ei ny skrivarhytte på Lindum i Suldal. Norske forfattarar kan søke om å få bu gratis i hytta nokre månader i året.

– I periodar kor det er gjester i hovudhuset kan forfattaren også få ete gratis, fortel initiativtakarane Annfrid Halsne og Kristin Høyvik ved Lakseslottet Lindum. Skrivarhytta vil vere tilgjengeleg mellom Rasmus Lølands fødselsdag 24. mai og dødsdagen hans 12. oktober.

Hytta er sett opp på 60-talet og det gjenstår enno litt flikking før hytta er heilt klar. – Vi håper at denne hytta vil vere med og gjere både Diktarvegen og Lølandssatsinga enno meir synleg, seier Halsne og Høyvik.

Diktarvegen får skrivarhytte

0

I samband med Rasmus Løland sin fødselsdag opnar ei ny skrivarhytte på Lindum i Suldal. Norske forfattarar kan søke om å få bu gratis i hytta nokre månader i året.

– I periodar kor det er gjester i hovudhuset kan forfattaren også få ete gratis, fortel initiativtakarane Annfrid Halsne og Kristin Høyvik ved Lakseslottet Lindum. Skrivarhytta vil vere tilgjengeleg mellom Rasmus Lølands fødselsdag 24. mai og dødsdagen hans 12. oktober.

Hytta er sDiktarvegen får skrivarhytte

Av LNK NYTT 23.mar.2009

I samband med Rasmus Løland sin fødselsdag opnar ei ny skrivarhytte på Lindum i Suldal. Norske forfattarar kan søke om å få bu gratis i hytta nokre månader i året.

– I periodar kor det er gjester i hovudhuset kan forfattaren også få ete gratis, fortel initiativtakarane Annfrid Halsne og Kristin Høyvik ved Lakseslottet Lindum. Skrivarhytta vil vere tilgjengeleg mellom Rasmus Lølands fødselsdag 24. mai og dødsdagen hans 12. oktober.

Hytta er sett opp på 60-talet og det gjenstår enno litt flikking før hytta er heilt klar. – Vi håper at denne hytta vil vere med og gjere både Diktarvegen og Lølandssatsinga enno meir synleg, seier Halsne og Høyvik.ett opp på 60-talet og det gjenstår enno litt flikking før hytta er heilt klar. – Vi håper at denne hytta vil vere med og gjere både Diktarvegen og Lølandssatsinga enno meir synleg, seier Halsne og Høyvik.

Meiner 2008 var eit unntaksår

0

Over halvparten av kommunane hadde eit negativt netto driftsresultat i 2008, viser dei foreløpige kostra – tala. – 2008 var eit unntaksår, seier kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til Kommunal Rapport.

– Eit netto driftsresultat på 0,4 prosent for kommunesektoren er sjølvsagt mykje lågare enn ein kunne ynskje, slår Kleppa fast i avisa.

Ho er likevel optimist for det komande året og meiner kommunebudsjettet for 2009 vil gjere kommunane i stand til å konsolidere stillinga, og ikkje minst betre resultatet.
KS-leiar Halvdan Skard er på si side bekymra.

– Me tok opp situasjonen i eit konsultasjonsmøte med regjeringa nyleg. Kostnadsauken i 2008 var høgare enn ein såg på forhand og kommunane har ikkje slått på bremsene fordi dei ynskjer å oppretthalde tilbodet til innbyggarane. Me ser at aktiviteten har auka, både i skule, pleie- og omsorg og barnehagar, seier Skard til Kommunal Rapport og viser til at regjeringa delvis har teke grep om situasjonen.

– Utgiftene må kuttast dei neste åra viss ikkje inntektene aukar meir, slår Skard fast.

Kleppa meiner det er gledeleg at kostra-tala viser at kommunane har satsa på å styrke velferdstenester som omsorg, barnehagar og skule, og seier til Kommunal Rapport at den raudgrøne regjeringa har gitt kommunane 30 milliardar meir enn i førre periode.

Klepp vurderer medlemsskap i LNK

0

Klepp Mållag har oppfordra Klepp kommune til å melda seg inn i LNK. Formannskapet har no sendt saka vidare til kommunestyret.

Framlegget om å melde seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) vart fremja av varaordførarar Torbjørn Hovland (KrF).

– Eg foreslår at me melder oss inn. Nynorsken er under press, samtidig som ein ser meir bruk, blant anna i media. Foreldre skal sjølvsagt ha rett til å velja målform for sine barn, men eg tykkjer at det er urovekkjande at over halvparten av elevane på Orstad skule har bokmål som sitt hovudmål. Nynorsk har med identitet og røter å gjera, og burde stå sterkt her i Klepp, meinte Hovland i fylgje Jærbladet.

Men forslaget møtte motbør og vart til slutt sendt vidare til kommunestyret for ei endeleg avgjerd.

– Dette er ei ømtolig sak for mange, så eg tykkjer det blir rett at alle får sjansen til å seie sitt, sa ordførar Elfin Lea (H)

Skal få fleire lærarstudentar

0

I dag startar ein statleg kampanje for å få fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanninga.

Potensielle lærarstudentar kan mellom anna gå inn på nettstaden hardudetideg.no og ta ein test for å sjå om dei har det som trengst for å bli ein god lærar. Reklame på TV og Internett skal og vere med og gje merksemd til lærarutdanninga.

Kampanjen GNIST er ein del av regjeringa si satsing på auka kvalitet i den norske skulen og er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, utdanningsinstitusjonar, fagforeningar og studentorganisasjonar. Kampanjen skal pågå i tre år og har ei konstnadsramme på 20 millionar kroner.

Studentavisa i Bergen, Studvest.no, seier i ein kommentar i dag at ei slik satsing har lite for seg utan at ein følgjer opp med betre lønn til lærarane.

» Fleire nyhende

A, ikkje å i Sandnes

0

Kultur- og oppvekstutvalet i Sandes har bestemt at gatenamn i bestemt form skal heite “gata” og ikkje “gatå”, slik mellom andre mållaget i Sandnes ønskte.

Overordna reglar frå Kultur- og kyrkjedepartementet seier at stadsnamn i hokjønn som ein hovudregel skal ha a-ending, men at det er rom for eit visst lokalt skjønn. Før jul 2008 bad kultursjefen i Sandnes bydelsutvala uttale seg om kva praksis ein ønskte å leggje seg på i framtida, a-endingh eller å-ending, og 70 prosent av bydelsutvala gav uttrykk for at dei ønskte å-ending, melder Stavanger Aftenblad. Sandnes mållag har og gitt uttrykk for at dei ønskjer å-ending som hovudform.

I kultur- og oppvekstutvalet sitt møte måndag 16. mars landa likevel utvalet på eit vedtak om at a-ending framleis skal vere hovudregel, men at å-ending kan brukast viss det er særlege grunnar som talar for det.