Heim Blogg Side 356

Vil ha økologisk konkurranse mellom fylka

0

Matminister Lars Peder Brekk (Sp) vil ha fylka til å konkurrere om å bli best på økologisk matproduksjon.

Tysdag lanserte Brekk ein handlingsplan for å få økologisk produksjon og forbruk opp på 15 prosent her i landet. I dag blir 5 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Fleire fylke og kommunar har kome langt i å nå 15-prosentmålet medan andre har kome kortare. No skal det lysast ut ein konkurranse mellom fylka om å bli føregangsfylke for økologisk produksjon. Føregangsfylka skal prioriterast ved tildeling av pengar til økologisk produksjon.

– Fylke som ikkje kan dokumentere omlegging, skal nedprioriterast ved tildeling av utviklingsmidlar, heiter det i planen.

Lars Peder Brekk seier til NTB at konkurransen vil gjera det meir attraktivt for fylka å satse på økologisk produksjon. Han viser til at det er viktig å byggje ut nettverk for økologisk produksjon i kommunar og fylke.

– Når nokon startar økologisk produksjon kjem fleire etter, seier Brekk. (©NPK)

Lomheim støttar nynorskkravet

0

Leiar i Språkrådet, Sylfest Lomheim, støttar Tor Fuglevik i at aviser som praktiserer språkleg intoleranse heller ikkje bør få pressestøtte.

I Klassekampen laurdag seier Lomheim at når språkmeldinga frå Kulturdepartementet uttrykkjer eit ønskje om at avisredaksjonane skal praktisere språkleg fridom, så må journalistar som skriv norsk få bruke det språket dei praktiserar. Han peikar vidare på at det er meir vesentleg kva språkleg toelranse ei stor avis praktiserer enn ei mindre avis.

Tor Fuglevik er direktør for medieselskapet Modern Times Group og styremedlem i Språkrådet. Han tok førre veke til orde for at det bør bli eit krav til pressestøtte at redaksjonane lar journalistane bruke nynorsk.

Les heile saka her.

Nynorsk og pressestøtte

0

I eit debattinnlegg i Dagnes Næringsliv går Tor Fuglevik inn for at nynorskbruk skal vera eitt av kriteria for morgondagens pressestøtteordning.

– Vi har vore inne på dette verkemiddelet tidlegare, men ikkje konkludert. Dette er ei sak vi no tar med inn i diskusjonane om arbeidsprogrammet og politikken vår, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Tor Fuglevik meiner at det er feil at staten gjev 1300 millionar kroner i momsstøtte til norske mediehus som praktiserer bokmålsmonopol. Han meiner at Stortinget bør nytte høvet ved handsaminga av språkmeldinga “Mål og meining” til å endre på denne politikken.

– Stortinget kan gje departementet lovheimel til å setje som vilkår for framtidig pressestøtte at dei nasjonale mediehusa ikkje berre tillet papir- og nettjournalistane sine å skrive nynorsk, men aktivt arbeider for ein bestemt del nynorsk. Så får det sjølvsagt vere opp til mediehusa å takke nei til pressestøtte for å kunne halde fram å skrive berre på bokmål, påpeikar Tor Fuglevik i debattinnlegget.

Les innlegget her.

Haldningar til nynorsken betyr mest

0

Lærarar må ha ei positiv haldning til nynorsken for å sikre god læring, meiner lærarane Pål Wiik og Torill Tørjesen som har jobba med prosjektet “Sidemålsløftet” på Holmlia skole i Oslo sidan 2005.

– Negative haldningar til nynorsken kjem til uttrykk sjølv om ikkje lærarane seier det høgt. Er lærarane negativt innstilte får dei heller ikkje elvane med seg.

Det var noko av bodskapen frå Holmlia-lærarane til deltakarane på den nasjonale lesekonferansen Koz me txt som Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger arrangerer tysdag og onsdag denne veka.

Wiik og Tørjesen nemner eksempelvis det å utsetje all nynorsken til 10. klasse, eller å undervise i nynorsk i ein bolk haust og vår som døme på ein mindre positiv haldning til faget. Røynslene deira frå prosjektet Sidemålsløftet er at ein heilskapleg tankegang om norskfaget tener læringa best.

– Norsk er både bokmål og sidemål, og båe målformene er likestilte i Kunnskapsløftet, minner Torill Tørjesen om.

Ved Holmlia skole har dei no i fleire år praktisert å drive tavleundervisning på nynorsk i fleire fag enn norsk, og alle bøkene og oppgåvene knytte til RLE-faget er på nynorsk.

Det blir meir om erfaringane frå Holmlia skole i neste LNK-avis.

– Nytt mobilnett i byane sponsa av distrikta

0

Mobilkundar i distrikta betaler milliardar til utbygging av eit meir moderne mobilnett som berre kjem kundane i byane til gode, hevdar Telenor.

Mobilselskap som konsentrerer seg om storbyane, får gjennom dagens regelverk store overføringar, noko mobilkundane i distrikta tapar på, hevdar administrerande direktør i Telenor Mobil Ragnar Kårhus.

I ein kronikk i Nationen ber han samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) endre systemet.

– Staten tillèt at selskap som Tele2, Network Norway og Ventelo tar mykje høgare termineringspris (pris på samtaler mellom ulike teleaktørar) enn selskapa som byggjer ut og utviklar mobilnettet i distrikta. I praksis er dette ei storstilt overføring av pengar frå land til by, seier Kårhus til avisa.

Telenor og NetCom har, ifølgje Kårhus, investert rundt 8 milliardar kroner på mobilnettet i heile landet sidan 2004. Samtidig blir desse to pålagt indirekte å støtte dei mindre aktørane gjennom dagens regulering av marknaden, hevdar mobilsjefen.

– Intensjonen med reguleringa er å stimulere til bygging av eit tredje nett. Men det er ikkje noko krav om at dette nettet også skal byggjast i distrikta. Ergo er det dei store byane som nyt godt av utbygginga, seier Kårhus.

Samferdselsministeren ville måndag ikkje kommentere kritikken fordi departementet har saka til behandling som klagesak. (©NPK)

Vil jobbe for samisk i mobiltelefonar

0

Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil oppmode alle mobiltelefonselskap om å setja samiske bokstavar i mobiltelefonane sine.

Statssekretær Raimo Valle seier til NRK at det ikkje skal vera grunn til å la vera, for det finst ei standardløysing med samiske bokstavar. Men standarden er ikkje teken i bruk.
– Vi må sjå på om vi kan vende oss til dei aktuelle mobilselskapa for å få ein fortgang i bruk av standarden, seier Valle.

Nokia har nokre samiske bokstavar i telefonane sine. Men med enkelte av telefonane deira er det dyrare å skrive sms-meldingar på samisk enn på norsk, fordi samiske bokstavar tek større plass enn andre bokstavar.

Dette problemet er Nokia i ferd med å rette opp, og i dei nyaste mobiltelefonane tek samiske bokstavar mindre plass enn i eldre utgåver. Men dette har skapt eit nytt problem, nemleg at mottakaren ikkje kan sjå enkelte samiske bokstavar, som for eksempel á og d. (©NPK)

Tek vare på historia

0

Kulturminneåret 2009 skal gjere folk bevisste på kva det er viktig å ta vare på.

– Målet er å bevisstgjere folk på kva eit kulturminne kan vere. Mange tenkjer at det er ein bygning, eller til dømes eit kulturlandskap. Men det kan vere mykje ein ikkje kan ta eller føle på. Som til dømes ein song, eit eventyr eller eit handverk, seier prosjektleiar Sidsel Hindal.
Miljøverndepartementet gav i 2006 Norges kulturvernforbund hovudansvaret for å planlegge, gjennomføre og evaluere Kulturminneåret 2009. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Riksantikvaren, ABM – utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, Noregs museumsforbund og KS. Meininga med prosjektet er å synleggjere og aktualisere dei ulike kulturminna me har rundt oss i kvardagen.

Treng lokale tiltak
– Kulturminna er ein del av det me har rundt oss og som heile tida er i utvikling. Ein viktig bit av prosjektet er å vere med å bygge opp under andre type fagalliansar enn dei me ser til dagleg, meiner Hindal.
Kvar kommune og fylke har også utpeika ein eigen kontaktperson som skal ta initiativ til prosjektet og fungere som ein koordinator. Hindal legg vekt på at det ikkje minst er alle dei lokale og regionale tiltaka gjennom kulturminneåret som vert avgjerande om året vert ein suksess.
– Det er viktig å få fram at kulturminneåret er eit år mange er opptekne av. Det blir eit nasjonalt år fordi enkeltpersonar, lag og organisasjonar bidreg til å skape aktivitet, meiner ho.
Av aktivitetar gjennom året nemner ho kystlaget i Tromsø som ynskjer å lære folk å ro – ein kunst som er i ferd med å gå i gløymeboka. Andre ting er til dømes feiringa av at Bergensbanen vert 100 år, samstundes vil også bergensarane bruke kulturminneåret til å setje fokus på byens ruinar. Elles vert det sommararrangement i Kristiansand og fleire stadar kan du få sjansen til å gå ulike typar kulturminneløyper, ofte til og med gjennom fleire fylke, og fotoutstilling med bakgrunn i landets mangfaldige industrihistorie.

Frir til publikum
– Me vil også etablere nettstaden dagliglivet.no som skal fri til publikumet som vert oppfordra til å sende inn eit bilete av ein kjær gjenstand frå dagleglivet i etterkrigstida. Til slutt vert det ei kåring av den beste gjenstanden, seier Hindal.
– Me er ofte så opptekne av praktbygga våre, stavkyrkjene og dei fine gjenstandane. Men dagleglivet er vel så viktig, som til dømes strikketøyet eller den gamle grammofonen. Det er viktig å aktualisere det. Det er jo kvardagen som utgjer hovudtyngda av liva våre, meiner ho.
Hindal viser til at ein ynskjer å dokumentere erfaringane frå kulturminneåret og håpar dei fleste skal få sjansen til å bidra til prosjektet på eit eller anna nivå.
– Eg håpar dei fleste får ta del i dette, at dei til dømes får bevege seg i ei eller fleire kulturminneløyper gjennom året.

Trur ikkje dialekten døyr

0

Olav Aasmundtveit (29) frå Brunkeberg har granska talemålet til unge i Vest-Telemark, han trur ikkje det vil døy ut, skriv Vest – Telemark Blad.
Sjølv om talemålet endrar seg, trur ikkje masterstudenten det vil forsvinne.

– Samanlikna med andre stader på Austlandet, som i Numedal og Hallingdal, held vesttelemålet seg bra. Eg har problem med påstanden om at ein dialekt døyr ut. Talemålet er, og har vore, i naturleg utvikling. Dagens talemål som me sjølve kanskje meiner er klingande vesttele, er ikkje det same som det var for tri-fire generasjonar sidan, seier Olav Aasmundtveit, seier han.

Les meir i Vest – Telemark Blad

Nynorsk Wikipedia nærmar seg 45 000

0

Den nynorske utgåva av oppslagsverket Wikipedia nærmar seg no 45 000 artiklar.

Nynorskutgåva starta opp sommaren 2004, men hadde dei første åra ein heller beskjeden produksjon. I mars 2006 var det berre omlag 6 000 artiklar tilgjengelege på nynorsk Wikipedia. I dag, 7. januar 2009, er talet artiklar kome opp i 44 454.

Likevel er det langt att til ein når bokmåls- og riksmålsutgåva med sine 203 617 artiklar. Derimot har nynorsk Wikipedia forlengst passert Island, som berre kan skilte med 23 744 artiklar.

Det nettbaserte oppslagsverket Wikipedia har eksistert sidan 2001 og blir i sin heilskap skrive og redigert av “folk flest”.

Vil ha språkbank

0

Ein nasjonal språkbank må liggje i Sogn og Fjordane, seier fylkeskommunen i eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD).

I brevet kjem fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) med ei rekkje argument for kvifor ein eventuell språkbank må liggje i Sogn og Fjordane, nærare bestemt Sogndal-Leikanger. Sandal peiker mellom anna på at dei to kommunane allereie husar Noreg.no, Direktorat for forvaltning og IKT (DIFI) og andre relevante fagmiljø.

Ideen om eit nasjonal språkbank kom opp i samband med språkmeldinga Mål og meining som vart lagt fram av KKD i fjor sommar.

Kjelde: Sogn avis

Færre nynorskelevar krev sterkare innsats

0

Bergens Tidende kunne nyleg melde at andelen elevar i grunnskulen som har nynorsk som hovudmål er stadig synkande. Styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, meiner foreldre og elevar må få ei større forståing for kva føremoner nynorsken har.

– Målet må vere å snu denne trenden ved å synleggjere fordelane med å ha nynorsk som hovudmål, seier Dahle.

Han syner til at nynorskelevane til dømes er flinkare i sidemålet sitt enn bokmålselevane, då dei møter bokmål i nesten alle samanhengar også utanom skulen. Han peiker og på at dei fleste dialektane i Noreg ligg nærare nynorsken enn bokmålet.

– Og ikkje minst må vi ha klart for oss at ungdom som ei gang vil få seg jobb i offentleg sektor må beherske båe målformene. Frå mi tid som lærar har eg erfaring med at ungdom med nynorsk som hovudmål stiller sterkare.

På landsbasis er det i dag 13,36 prosent av grunnskuleelevane som har nynorsk som hovudmål, mot 15,21 prosent i 1999. Dahle meiner noko av denne nedgangen kan forklarast med kommunesamanslåingar og aukande tilflytting til sentrale strok kor bokmålet står strekare enn nynorsken.

– I framtida vil det defor bli ei svært viktig målsetjing for oss å leggje til rette for at dei kommunane som ønskjer å halde på nynorsken skal greie det, seier Jan Magne Dahle.

Sjå den fylkesvise tabellen for hjå bt.no.

Facebook på nynorsk

0

Norske ungdommar arbeider no med å omsetje Facebook til nynorsk.

Leiar for Førde målungdom, Frida Høstaker er glad for at ungdom får eit betre nynorsktilbod på nettet.

– I dag er dei fleste norske internettsidene på bokmål, då er det godt at nynorsk kan bli meir brukt gjennom Facebook, seier Høstaker til NRK Sogn og Fjordane.

Ho håpar at Facebook på nynorsk kan få fleire til å bruke språket i den vidaregåande skulen.

– Om nokon har brukt nynorsk på Facebook i tre år, vert det kanskje lettare for dei å velje nynorsk på skulen, seier Høstaker.

Les meir her.