Heim Blogg Side 359

Vil ha senter for Jon Fosse

0

Sterke krefter jobbar for å opprette ein institusjon i namnet til Jon Fosse – ein dokumentasjonsbase for den store produksjonen hans.

Etter romandebuten i 1983 har Jon Fosse skrive 70 skodespel, romanar, dikt- og essaysamlingar. Ingen norsk dramatikar etter Henrik Ibsen har nådd lengre ut enn han. Verka hans er omsett til meir enn 40 språk, og nær 500 teaterproduksjonar har vorte oppførde verda rundt. 13 av urpremierane har vore i andre land enn Noreg.

– Jon Fosse representerer ein unik sjanse til innsikt i korleis samtidskunst blir skapt, spreidd, motteke og tolka, seier forfattar og journalist Kirsti Mathilde Thorheim til Aftenposten. Thorheim har skrive forprosjektrapporten for eit Fosse-senter.

– Eg likar ikkje å bruke nemninga Fosse-arkiv, som kan gje inntrykk av noko støvete og grått. Eit Fosse-rom er meir dekkjande. Det trengst eit levande, fysisk arkiv. Jon Fosse-rommet må også vera ein nettstad med dokumentasjon og informasjon på fleire språk, seier Thorheim, som meiner at senteret bør liggja i Oslo.

– Etter mi meining bør det knytast tett til det nynorske forlags- og teaterfaglege miljøet og lokaliserast i Oslo. Prosjektet kan organiserast som ei stifting bygd opp omkring dei tre institusjonane som står bak forprosjektet; Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum. Det kan også organiserast som ei underavdeling av Nynorsk kultursentrum, foreslår Thorheim, som meiner at arbeidet med å byggja Fosse-rommet bør starte neste år, og vera i drift frå 2012.

Det blir foreslått at etableringa på cirka 4,7 millionar kroner blir betalt av eit spleiselag mellom statlege og private interesser, og at drifta blir finansiert over budsjettet til Kulturdepartementet. Forprosjektrapporten skal no på høyring, til blant anna aktuelle departement og kunstinstitusjonar. (©NPK)

Ørsta held på nynorsken

0

Ein hovdebygding har vendt seg til Ørsta kommune på bokmål og bed om at kommunen svarer han på bokmål. – Vi vil halde fram med å svare innbyggjarane våre på nynorsk, seier rådmannen.

Til Vikebladet seier Ørsta-rådmann Asbjørn Moltudal at det berre er staten som er pålagt å svare innbyggjarane med det målet førespurnaden kjem på.

Kommunane står fritt til å velje den praksisen dei ønskjer. Ørsta kommune har vedteke å vere ein nynorsk-kommune, noko som inneber at kommunens tilsette skal nytte nynorsk når dei vender seg skriftleg til innbyggjarane, forklarar rådmannen.

Heile saka i Vikebladet.

200 000 til nynorskskrivande ungdom

0

Eit nyleg oppretta minnefond vil stimulere ungdom til å prøve seg som nynorskskrivande journalistar, melder Agderposten.

Det er avdøde journalist Paal Vollen som har testamentert 200 000 til eit fond for unge journalistspirar, og det blir no jobba med å få på plass statuttane for minnefondet. Paal Vollen døydde for nokre veker sidan, 87 år gammal. Han var i si tid journalist i Agder Tidend og frilansa for Fædrelandsvennen og Setesdølen.

Blir språkkonsulent i LNK

0

Med auka løyvingar over statsbudsjettet kan LNK no auke stillingsressursane sine. Styreleiar Jan Magne Dahle blir såleis engasjert som språkkonsulent i LNK i inntil 40% stilling.

Jan Magne Dahle
Styreleiar Jan Magne Dahle er engasjert som språkkonsulent i LNK frå årsskiftet. Dahle har bakgrunn frå undervisningssektoren og har som folkevald i snart 30 år brei kjennskap til offentleg sektor på kommunalt og regionalt nivå.
(Bilde: Astrid E. Hjelmeland)
Landssamanslutninga ønskjer å auke kontakten med medlemskommunane og å jobbe enno tettare opp mot skuleverket. Derfor vil organisasjonen no nytte høvet til å styrke den språkfaglege og pedagogiske kompetansen, samstundes som dei knyter til seg ein ressurs med god kunnskap om kommune-Noreg.

Meir skulefagleg
– Den skulefaglege kontakten blir ei stadig viktigare oppgåve for LNK, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland. – Til no har vi løyst desse utfordringane ved å leige konsulenthjelp. Med ein halv million ekstra i potten kan LNK no få denne kompetansen inn i organisasjonen, og det ser vi svært positivt på.

Jan Magne Dahle kjem frå Ørsta, har lærarutdanning og er adjunkt med opprykk med fagkrinsen historie, matematikk, engelsk og rettleiings- og leiingspedagogikk. Han har jobba som fulltidspolitikar sidan 2004 og er gruppeleiar for SV i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Engasjert eitt år
Dahle seier hans oppgåver i LNK vil bli å styrkje kontakten med medlemene til organisasjonen og samstundes ta seg av språklege oppgåver som rettar seg mot barnehage, skule og kultur.

– Arbeidet retta mot statlege styresmakter i spørsmål om nynorsk opplæring for innvandrarar er til dømes ei oppgåve som på langt nær er fullført, seier Dahle, som og vil sjå det som si oppgåve å få fleire kommunar til å nytte seg av språkkurset På saklista.

Jan Magne Dahle har vore styreleiar i LNK sidan 2003. Engasjementet som språkkonsulent gjeld frå 1. januar til 31. desember 2009.

Viktig med læremiddel på nynorsk

0

Ei kartlegging utført av LNK-avisa viser at elevar ved vidaregåande skular meiner det er viktig å få skulebøkene på den målforma dei ynskjer.

Kartlegginga som LNK-avisa har gjennomført blant 100 elevar i førsteklassar ved vidaregåande skular i Telemark, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland viser blant anna at 69 prosent meiner det er viktig å få læremiddel på eige målform.

– Det var ein del bøker eg ikkje fekk tak i på nynorsk, det er særs irriterande. Det burde vore like lett å få tak i bøker på nynorsk som det er på bokmål, seier ein av elevane i kartlegginga.

66 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål på vidaregåande. Men fleire opplyser at dei har skifta målform, 75 prosent svarer at dei hadde nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen.

– I 1 – 5 klasse hadde eg nynorsk. I 6. klasse skifta eg til bokmål fordi eg flytta til Bergen og fekk opplyst at eg berre kunne få bokmålsbøker, uttaler ein av elevane.

Andre svarer at dei har skifta til bokmål fordi det er meir naturleg, enklare å skrive og at dei føler seg tryggare på bokmål enn på nynorsk.

78 prosent av elevane svarer at dei har fått skulebøkene på den målforma dei ynskjer. Men framleis ventar mange på nynorskbøkene.

– Dei fleste kom til skulen eit par veker etter skulestart. Men eg manglar framleis ei bok og no har det gått over sju veker, skriv ein av dei.

Vil stimulere til toleranse og integrering

0

Garborgsenteret og LNK søkjer no Rogaland fylkeskommune om RUP- midlar til eit toleranseprosjekt for ungdom.

I søknaden til Rogaland fylkeskommune går det fram at ein ynskjer å utfordre elevar i ungdomsskulen – og vidaregåande skule på haldningar til framande kulturar.

– Me ynskjer å skape grunnlag for å endre haldningar gjennom påfyll av kunnskap og praktisk samarbeid melom dei unge og dei arbeidssøkjande, skriv Garborgsenterert og LNK i søknaden.

Dei ser for seg to ulike RUP – prosjekt. “Det gode føredømet er sterkare enn ord (Arne Garborg)” er eit pedagogisk prosjekt som etter planen skal gjennomførast på nokre pilotskular i Rogaland. Prosjektet set fokus på språk og medievanar og stiller spørsmål som “kor skil me lag” og “kva knyter oss sman?”. Målgruppa for prosjektet er elevar ved ungdomsskule og /eller vidaregåande skular.

I det andre prosjektet det vert søkt midlar til, “…ingen håplause spørsmål (Arne Garborg)” vert det lagt opp til at ungdom skal blogge på nettidskriftet Magasinett (http://www.magasinettt.no/). Blant anna vert det skissert at ikkje – norske ungdommar som bur i Noreg kan bruke denne kanalen. Magasinett har gjennom ti år vore ein viktig kanal for debatt mellom engasjerte ungdommar.

Ny nettbutikk med nynorske bøker

0

Fornyingsminister Heidi Grande Røys var snorklyppar då nettbutikken Bokdykk.no offisielt opna i går.

Bokdykk.no er ein rein nettbokhandel med særleg fokus på nynorske og regionale utgjveingar. Bokdykk.no er blitt til gjennom eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og tidlegare bokhandlar i Libriskjeda, Trond Økland. Butikken har kontorplass i Førde.

Etablerer nasjonalt senter for skriving

0

Eit nytt nasjonalt senter for skriving skal leggjast til Høgskolen i Sør-Trøndelag, melder Kunnskapsdepartementet. Senteret skal vere eit ressurssenter for skriveopplæring frå barnehage til vaksen opplæring og utdanning.

Det var i samband med stortingsmeldinga om språkopplæring, som vart lagt fram i vår, at forslaget om eit slik ressurssenter kom opp.

– God skrivekunnskap er ein viktig føresetnad for å lukkast i utdanning og arbeid, men vi veit mindre om dette området enn om lesing. Derfor er eg glad for å kunne seie at eit nytt nasjonalt senter for skriving skal liggje ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, seier Tora Aasland, statsråd for høyere utdanning og forskning i ei pressemelding.

Det er per i dag ikkje klart kva mandat dette senteret vil få.

Ber fylkestinget boikotte forlag som bryt lova

0

Jan Magne Dahle (SV) har i ein interpellasjon til Møre og Romsdal fylkesting bede fylkestinget fatte vedtak om at dei ikkje lenger vil handle med forlag som bryt opplærinsglova.

Dahle peiker på at det sidan 1974 har vore eit lovfesta krav for vidaregåande opplæring at alle lærebøker i andre fag enn norsk skulle ligge føre på begge målformer til same tid og til same pris. Å følgje opp denne lova er eit ansvar som ligg til både Stortinget, forlaga og statlege mynde, men spesielt kviler dette ansvaret på skuleeigarane. Dahle føreslår at fylkestinget vedtar at dei ikkje lenger vil handle med forlag som bryt lova på dette området.

Fylkesorfdføraren seier i sitt svar at Møre og Romsdal fylkeskommune berre skal bruke lærebøker som ligg føre på båe målformer til same tid og pris, og at dei vil handle med forlag som kan tilby dette.

Jan Magne Dahle (SV) sit i fylkestinget i Møre og Romsdal og er styreleiar i LNK.

Vil gi stipend til nynorsk-journalist

0

Mållaget i Kristiansand vil dele ut 60 000 i året i tre år i stipend til journalistar som vil skrive nynorsk.

I første rekkje er det studentar frå Agder som vil nyte godt av stipendet. Skulle det ikkje vere nok lokale søkarar, kan det opnast også for studentar frå andre kantar av landet. Ein student kan få inntil 10 000 i semesteret i tre år. Dette er ein av dei største studentatipenda i Noreg, melder Kristiansand mållag.

Bakgrunnen for stipendet er ifølgje mållaget at nynorsken har fått ei for svak stilling i media på Agder, og då spesielt i byavisene.

Søkjer nynorsk pilotkommune

0

Bergen kommune har gode erfaringar med å innføre papirlaust byråd. No etterlyser Microsoft ein nynorsk pilotkommune.

I september var det slutt på endelause papirhaugar for politikarane i Bergen kommune. Kommunen er nemleg den første som innfører papirlaus behandling av politiske saker. Politikarane har sin eigen datamaskin med program som er utvikla av Microsoft og Software Innovation, med maskinen er det også ein elektronisk penn og ein aktiv skjerm som fører til at politikarane kan skrive i margen og streke under i dokument.

– Nøkkelen er at dette er nært opp til korleis me arbeidde i papir. Me får dei same saksdokumenta og med vedlegg som me er vande til, seier finansbyråd i Bergen kommune, Christine Meyer.

I følgje nettstaden digi.no sparer Bergen kommune på dette 515.000 papirark og 350.000 kroner i året.

No startar arbeidet med å finne ein nynorsk pilotkommune til prosjektet.

– Me møter gjerne interesserte kommunar for å diskutere dette, seier Jon Slorer i Microsoft.

Nynorske songar til fireårsbok

0

Kvart år deler Den norske kyrkja ut ei såkalla fireårsbok til alle fireåringar. Boka kjem med ein cd kor alle songane frå boka er innspelte, og denne cd-en har til no berre vore på bokmål. No kjem den snart på nynorsk.

Neste veke går Stamnes barnekor frå Vaksdal kommune i studio for å syngje inn songane på nynorsk, fortel Avisa Hordaland i dag. Denne cd-en skal følgje nynorskversjonen av fireårsboka.

IKO-forlaget, som gir ut fireårsbøkene, seier til LNK.no at dei reknar med at cd-ane skal vere klare utpå vinteren.