Heim Blogg Side 368

Må samordne skulebokkjøpet

0

Vestlandsrådet må ta tak i læreboksituasjonen og samordne innkjøpa av skulebøker, meiner fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Tor Bremer frå Ap.

Bremer seier små bestillingar frå kvar einskild skule monar for lite for forlaga, og han trur større tingingar vil gjere det interessant for forlaga å trykke nynorske skulebøker, melder NRK Sogn og Fjordane.

Frårår ein eksamensdag

0

Etter å ha evaluert eksamen i norsk for ungdomsskulen, tilrår Utdanningsdirektoratet at ein går vekk frå ordninga med eksamen i nynorsk og bokmål på same dag.

Ordninga med eksamen på to målformer på ein dag har vore svært omstridt og omtalt, peiker direktoratet på i si utgreiing.

– Må akseptere både små og store kommunar

0

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) meiner vi må akseptere å ha både små og store kommunar i Noreg.
Kleppa var onsdag på besøk i Rogaland, der innbyggjarane i stor grad uttrykkjer skepsis til å slå saman kommunar. Skepsisen er størst i landkommunane, går det fram av ei undersøking som Sentio har gjort på oppdrag frå departementet.

Kommunalministeren meiner minst halvparten av innbyggjarane i aktuelle kommunar må ønskje samanslåing og at interkommunalt samarbeid er eit godt alternativ.

– I dag besøkjer eg Time kommune, som saman med Klepp, Hå og Gjesdal er mønsterverdige når det gjeld vilje og evne til å samarbeide der det er tenleg. Vi må akseptere å ha både små og store kommunar, sa Kleppa. (NPK)

Kostar 142 milliardar å ordne kommunale bygg

0

Prislappen for å setje i stand alle kommunale bygningar her i landet er 142 milliardar kroner.
Det viser ein rapport som Multiconsult og PwC har gjort for interesseorganisasjonen til kommunane, KS.
Vedlikehaldsetterslepet er enormt, konstaterer rapporten.

– Det vil koste 142 milliardar kroner å få feilfrie bygg. Dersom ein godtek at bygga har mindre alvorlege feil, vil det koste 94 milliardar kroner over ein tiårsperiode, seier Olav Ulleren, administrerande direktør i KS, til Nationen.

Til saman 116 kommunar og elleve fylkeskommunar med til saman 10.000 bygningar har vore med i undersøkinga.
Ein tredel av bygningane i undersøkinga framstår i god eller tilfredsstillande stand. Like mange er delvis utilfredsstillande og må gjerast noko med. Den resterande tredelen er dårleg og har store tekniske manglar.

– Staten skal leggje rammevilkåra til rette, men det er kommunane sjølve som må gjere jobben med å vedlikehalde bygningane. Den jobben har dei ikkje gjort godt nok fram til no, seier Ulleren. (NPK)

Eldre vil på nett, men fryktar teknologien

0

Rundt 270.000 eldre over 65 år i Noreg har ikkje breiband heime, viser ny rapport. Mange eldre vil på nett, men fryktar at det er for vanskeleg.

Rapporten slår fast at dei eldre som ikkje har breiband heime ikkje veit nok om kva breiband og internett kan brukes til. Dei er dessutan redde for at dei ikkje kan nok om teknikk og utstyr, og dei synest det er for dyrt. Ein del ønskjer ikkje eller ser ikkje poenget med å bli breibandsbrukarar, skriv Aftenposten.

Men rapporten viser samtidig at dei eldre særleg ønskjer å bruke internett til å sende og motta e-post, bruke nettbank, finne offentlege skjema og sjå bilete av slekt og venner.

Mange vil dessutan lese lokalaviser på nett, spele bridge eller sjakk, drive slektsforsking og få seg nye venner. Men rapporten som Norsk Telecom har gjort for Fornyings- og administrasjonsdepartementet slår fast at dei eldre kvir seg for å kjøpe breiband fordi dei manglar kompetanse.

– Vi visste frå før at mange eldre ikkje er på nett. Det den nye undersøkinga viser, og som overraskar, er at så mange eldre opplever nettbruk som komplisert. Utfordringa blir å hjelpe eldre med å få installert PC, i tillegg til sørgje for å skaffe brukarrettleiingar som har eit enkelt språk, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV).

Ministeren vil følgje opp rapporten og jobbe for å gjere det enklare og billigare for eldre å skaffe seg breiband. (©NPK)

Slit framleis med å få nynorske lærebøker i tide

0

Mange elevar i vidaregåande skule fekk i år lærebøkene sine tidlegare enn i fjor, men nynorskbrukande elevar slit framleis med å få bøker og andre læremiddel i tide.

Dette kjem fram i ein rapport frå Utdanningsdirektoratet.

Rapporten er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet etter at mange elevar i fjor hadde store problem med å få lærebøkene sine til skulestart. For å unngå at elevane skulle koma i same situasjon i år, sette departementet i gang ei rekkje tiltak.

Rapporten viser at fleire fylkeskommunar har fått betre system med tidlegare tinging av bøkene. Men nynorskutgåvene let framleis let venta på seg.

Leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl, synest det er positivt at departementet har fått i gang ei ordning der fylkeskommunane må rapportera om innkjøp av læremiddel.

– På denne måten får ein dokumentert at problemet med parallellutgåver ikkje berre er noko målrørsla har funne på, men at det faktisk er eit reelt problem, seier Kihl, som fortvilar over situasjonen.

– Så lenge ikkje tilhøva endrar seg, fører det til at ein masse elevar kvar haust blir tvinga til å byta til bokmål, seier han.

For å sikra at nynorskbrukande elevar får læremiddel på nynorsk i rett tid, meiner han departementet må syta for endå betre oppfølging av fylkeskommunane.

– Dessutan må det fleire pengar på bordet til parallellutgåver. Det er likevel berre for lommerusk å rekna på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, seier Jens Kihl til Nynorsk Pressekontor.

Departementet seier dei fram til neste skuleår vil følgja skuleeigarane opp for å sikra at dei oppfyller ansvaret som ligg i opplæringslova. (©NPK)

Snakk med Språkrådet

0

I kveld har du høve til å seie meininga di om kva Språkrådet skal stelle med i framtida – viss du tar turen til Aasentunet.

– Vi inviterer alle språkinteresserte i regionen til ope møte. Alle som har spørsmål om språk eller ønskjer å utfordre Språkrådet, er velkomne. Dette er eit høve til å få Språkrådet i tale om alt som gjeld språk. Store og små spørsmål er like velkomne, seier språkdirektør Sylfest Lomheim i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Redusert krafteksport

0

Redusert kraftproduksjon, auka forbruk og dårlegare eksportkapasitet gav redusert nettoeksport av kraft førre veke.
Nettoeksporten av kraft var i veke 36 på 309 GWh mot 383 GWh i veke 35, går det fram av tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Spotprisen på kraft auka i alle delar av landet frå veke 35 til veke 36. Størst var prisauken i Nord-Noreg der vekeprisen landa på 56 øre per kWh. Midt-Noreg hadde den høgste prisen med 58 øre per kWh, medan vekeprisen i Sør-Noreg var på 51 øre.

Fyllingsgraden i vassmagasina auka til 86,1 prosent ved utgangen av førre veke og låg dermed 0,5 prosentpoeng over gjennomsnittet for åra 1990-2007. (NPK)

Terra-kommunane kan sleppe unna

0

Om Terra-kommunane lykkast med å plassere ansvaret hos DnB NOR og Depfa Bank, vil dei sjølve bli utan skade i Terra-saka.
Etter at finansspelet snart har halde på i eitt år, er det sjølve trumfkortet Terra-kommunane no spelar ut. Om dei lykkast med å få kjent låneopptaket ugyldig, kan dei håve inn ein milliardgevinst. For alle dei åtte kommunane til saman handlar det om ei restgjeld på 1,1 milliard kroner, det aller meste i DnB NOR.

– Det er faktisk slik at om vi når fram med dette, så vil alle Terra-kommunane kome skadeslause ut av dette, seier ordførar i Hemnes Kjell-Idar Juvik (Ap) til NTB.

Kommunane stansar innbetalingar på lån til bankane for å få bankane på banen. Ifølgje Juvik har Terra-kommunane utan hell prøvd å ha ein dialog med bankane for å kome ut av det økonomiske marerittet.

Kommunane seier dei har fått uttalar frå Justisdepartementets lovavdeling, Kommunal- og regionaldepartementet, Riksrevisjonen, fylkesmennene, eigne juridiske rådgivarar i kommunane og professor dr. juris Hans Petter Graver om at låna frå dei to bankane er ulovlege etter kommunelova.

– Kommunelova er ikkje ei lov berre for kommunane. Ifølgje lova har utlånar eit sjølvstendig ansvar for å sjekke ut kva låna skal brukast til. Vi har dokumentasjon på at dei visste kva det var snakk om, og at dei burde ha skjønt dette ikkje var lovleg, seier Juvik til NTB. (NPK)

Ber om kandidatar til språkpris

0

Språkrådet skal dela ut pris for god sakprosa og ønskjer seg forslag på verdige prisvinnarar.

Språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa skal delast ut i to versjonar; ein pris for nynorsk og ein for bokmål. Både einskildpersonar og organisasjonar og bedrifter kan få prisen, og kandidatane kan koma frå næringsliv, forsking, undervisning, forvalting, presse, radio og fjernsyn. (©NPK)

Oslobarn får ikkje nynorskbøker

0

Førskulelærarar i Oslobarnehagane låner nesten aldri nynorskbøker, og dei omset nynorskbøkene til bokmål når dei les for ungane.

Det er student Monica Eide ved Høgskulen i Oslo som presenterer desse funna i bacheloroppgåva si, melder Utdanningsnytt.no.

Eide har funne at berre 6 prosent av bøkene som Deichmanske bibliotek i Oslo låner ut til barnehagane er på nynorsk. Vidare fortel ho at ein av bibliotekarane ved Deichmanske, som sjølv er nynorskbrukar, har slutta å tilrå nynorskbøker til barnehagane fordi ho kjende seg såra av dei negative reaksjonane.

Førskulelærarar Eide har snakka med seier noko av grunnen til at dei omset nynorskbøker til bokmål medan dei les, er at dei synest det er unaturleg for dei å lese nynorsk. Dei trur og at ungane kan ha vanskar med å forstå nynorsken.

Les heile saka i Utdanningsnytt.

–1996-årgangen bør jobbe til dei er 71 år

0

Personar som er født i 1996, må jobbe til dei er 71 år for å oppnå same pensjon som dei som er født i 1943, viser ei fersk utrekning frå SSB.

Reknestykket kjem fram i ein artikkel i Statistisk sentralbyrås publikasjon Økonomiske analysar 4/2007. Den tek for seg det såkalla delingstalet, som blir avgjerande for pensjonsstorleiken. Talet tek utgangspunkt i venta levetid etter tidspunktet ein pensjonerer seg.

1943-årgangen er den første som får pensjonen delvis utrekna etter den nye pensjonsordninga. Dei som er født i 1996, må ifølgje SSB jobbe fire år lenger enn 1943-årgangen for å oppnå ei samanliknbar pensjonsutbetaling.

Pensjonsreforma er planlagt innført i 2010 og skal motverke ein kraftig auke i utgiftene i folketrygda. (NPK)