Heim Innspel Den nynorske grunnmuren

Den nynorske grunnmuren

I år er det 5 år sidan Nynorske Litteraturdagar (NL) i Aurland vart arrangert for første gongen, og då kan det høve godt både å sjå litt attende og å tenkje framtid for dette unike tiltaket i kommunal samanheng.

For det mest særmerkte ved denne festivalen er truleg at han både starta og framleis blir driven som eit kommunalt prosjekt. Utgangspunktet i 2006 var eit resultat av ei medviten satsing på å utvikle ulike kulturtilbod i Aurland kommune med rot i den nynorske identiteten. Det heile byrja med at ordføraren, Olav J. Ellingsen, tok til å dele ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Dette er no innført som ei fast ordning.

Seinare kom “Song for livet”, ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeider barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei fekk lese og analysere nynorsk samtidslitteratur.

Nynorske Litteraturdagar er ei naturleg vidareutvikling av desse tiltaka. Målet har vore å etablere eit større årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Slagorda folkeleg, raus, levande er valde med omhug. NL skal vere eit arrangement som appellerer til ulike målgrupper både i høve alder og interesseområde, og som slagorda gjev eit vink om; dette er ikkje arenaen for målsak. Likevel fell det stundom naturleg å problematisere rundt nynorsken sitt utfordrande tilvere i eit samfunn som blir stadig meir urbanisert, og der påverknaden frå andre språk – i første rekkje engelsk – er jamt aukande. Døme på dette kan vere eit tema me løfta fram for to år sidan, med utgangspunkt i at mange verksemder i det nynorske kjerneområdet framleis meiner at det er nødvendig å marknadsføre seg på bokmål for å lukkast. Som eit sanningsvitne for det motsette kunne då storkonsernet Lerum fortelje si suksesshistorie, og dei var slett ikkje aleine. Reint lokalt har hovudsponsoren vår, Aurland Sparebank, vore bevisst og konsekvent på bruk av nynorsk i marknadsføringa si. Me trur at ei balansert blanding av variert litteratur, folkeleg humor, lokal kunst og god mat er ein meny der alle finn noko for sin smak, og eit tiltak som såleis gagnar nynorsken på lang sikt. Det er tøft å snakke dialekt!

Det er den nynorske litteraturen som er grunnmuren i festivalen, og forlaga Samlaget, Selja og Skald er dei viktigaste støttespelarane våre når me skal komponere årets meny. Og sjølvsagt treng me “bestseljarane” som trekkplaster, men samstundes ynskjer me òg å synleggjere både debutantar og dei “smalare” titlane. Erfaringane våre er at litteratur som i utgangspunktet appellerer til dei få, blir opplevd som spennande og interessant når forfattaren/omsetjaren får høve til å presentere han i ein intim atmosfære. Og intimt er det under Nynorske litteraturdagar i Aurland! Her kjem publikum og aktørar tett inn på kvarandre, noko som blir opplevd som positivt for begge partane.

Grunnlaget for den gode nynorskbruken må leggjast tidleg, og her spelar barnehage og skule ei viktig rolle. Dei fire første åra har skulane i kommunen kvart år fått tilbod om opplegg tilpassa sine årsplanar. Nytt det 5. året er at også barnehagane får ein forfattar på besøk.

Mange vil nok hevde at det nynorske språket ikkje er det enklaste utgangspunktet for å skape eit kulturtilbod med brei publikumsoppslutnad. Trass i det syner utviklinga at Nynorske Litteraturdagar er i ferd med å få på plass det publikumsgrunnlaget som skal til for å etablere seg som ein fast årleg kulturfest.

Når me no feirar fem år med Nynorske Litteraturdagar, så er det først og fremst med eit sterkt ønskje om at stadig fleire får augo opp for dei mange fascinerande kulturskattane som har ankerfeste i nynorsken, dialektane og det nære.

Haakon Skjerdal er prosjektansvarleg i Aurland kommune for Nynorske Litteraturdagar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...