Heim Innspel I Kommune-Noreg breier bokmålsveldet om seg, til stillteiande aksept frå lokalt folkevalde

I Kommune-Noreg breier bokmålsveldet om seg, til stillteiande aksept frå lokalt folkevalde

På tide med eit språkpolitisk taktskifte, skriv leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Det er mykje bra i regjeringa sitt framlegg til ny språklov. Det kanskje viktigaste er føremålet.

Lova skal sikre norsk som samfunnsberande språk, sørge for reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk, og ho slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å verne om og fremje nynorsk som det minst brukte språket i Noreg. Denne formuleringa må føre til eit taktskifte i norsk språkpolitikk. Noregs Mållag ser på den nye språklova som eit politisk ynske frå nasjonale styresmakter om å ta tilbake makta over språkpolitikken.

Det norske demokratiet er meir enn nasjonalforsamlinga. I Kommune-Noreg breier bokmålsveldet om seg, til stillteiande aksept frå lokalt folkevalde. Kommunane er mellom dei viktigaste språkpolitiske aktørane i Noreg vi snakkar minst om.

Mellom 356 nyansar av kommunegrått møter nynorsken både bøller og bestevener. Det går nok eit tydeleg skilje mellom kjerneområda og randsonene, men jamvel nynorskkommunar bryt lova og driv nynorsken ut av skulekrinsar og klasserom. Kommunedirektørar gjer seg til kjeltringar for å saldere budsjett, og rektorar motarbeider nynorsken. Alle velsigna av passive kommunestyrerepresentantar som med si likesæle set sitt godkjendstempel. Dette er også Noreg.

Nynorskelevane er ikkje andrerangselevar, men mange av dei får beint fram ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Ofte manglar nynorske lærebøker, og digitale læremiddel som berre finst på bokmål, dominerer i klasseromma. Elevar går i språkblanda klasser, stikk i strid med lova, og lærarane er ofte ikkje språkmektige nok til å kunne drive forsvarleg nynorskopplæring.

Når skuleeigar ikkje tar ansvaret sitt, må også nasjonale styresmakter på bana. Det må førast tilsyn med at nynorskelevane får rettane sine etter opplæringslova, inkludert retten til læremiddel på nynorsk. Når den nye språklova er på plass, bør det første som skjer vere at regjeringa greier ut korleis det offentlege Noreg – inkludert norske kommunar – følgjer opp dei språklege interessene og rettane til innbyggjarane. Dei må legge eit slikt nytt og oppdatert faktagrunnlag på bordet i ei melding til Stortinget. Berre slik kan dei folkevalde stake ut kursen for ein ny og offensiv språkpolitikk i tråd med ambisjonane i lova dei snart skal vedta.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...