Heim Innspel Kommentar: Språkåret 2013 -Vi vil gjere tilskodarane til deltakarar

Kommentar: Språkåret 2013 -Vi vil gjere tilskodarane til deltakarar

Kulturdepartementet har bestemt at 2013 skal vere eit nasjonalt språkår som gir ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret, heiter det på Ivar Aasen Tunet sine heimesider.

 

Eg har gått igjennom dei fem måla i prosjektplanen til Nynorsk kultursentrum (prosjektplan 1.2. 2012, språkåret 2013) der eg fann tre av dei så viktige at eg må skrive om dei i denne kommentaren.

Mål 1.
Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen. Her er så mykje å henge fingrane i! Skal vi greie å skape glede over språket vårt, må vi kunne engasjere alle. Dette prøver eg sjølv heime hos mine eigne born. Men det er ikkje like enkelt! Ikkje får dei kjekke blada dei les i anna enn bokmål, ikkje får dei spela dei har lyst å spele på anna enn bokmål, ikkje får dei lese bøkene dei vil på i deira eige målform. Eg synes sjølv det er frustrerande å måtte vere ein målbrukar som må sloss til dagleg mot eit mål som dominerer så kraftig som bokmål.

Mål 2
Gjere også bokmålsbrukarar stolte av den nynorske skriftkulturen. Eg er sjølv ein bokmålsbrukar som eigentleg har dette som hovudmål, men eg elskar nynorsken fordi den gjev meg høve til å leike meg meir med ord og setningar. Bokmål nyttar eg mest når eg skal vere alvorsam og å gi ut statisk informasjon. Eg likar og veldig godt at eg meistrar meir enn ein målform. Eg vil tru det er fleire enn berre meg? Korleis å engasjere bokmålsbrukarar til og vere stolte av den nynorske skriftkulturen må vel vere å få fram at kunnskap er styrke. Nynorsk – det leikande språket er eit lettselt argument for min del.

Mål 3
Få fram meir kunnskap om, og å skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandararspråk og teiknspråk. Her har både kommune og stat mykje igjen. Målgruppa her er vid og spreidd. Mange kommunale heimesider har informasjon om viktige tema berre på norsk, og personar frå utlandet får ikkje høve til å lese det på engelsk. Det er ikkje tilrettelagd for å skape forståing for dei som kjem til kommunen og det kan bli sett på som om kommunen aksepterer at dei skapar ei stor kommunikasjonskløft. Skal ein skape eit godt omdømme og gode relasjonar, så startar ein ikkje med å vere avvisande. Eg vonar at kommunane og staten opnar augene sine og ser at språk og verda rundt dei endrar seg.

Eg har ikkje tal på alle dei gangane eg og ein frammand person har flira over gramatiske feil og rare omsetjingar når vi i eit desperat forsøk nyttar google translate. Men vi forstod kvarandre – tilslutt!

Eg gler meg til Språkåret 2013, og håpar eg skal få vitja alle arrangement som er i nærleiken! Spesielt ser eg fram til og vere med å gå i Ivar Aasen sine fotspor! Tek på meg joggesko og drar med meg borna, vi skal ut å utforske i språkåret sitt namn! Vi skal ikkje vere tilskodarar, så det så!

Heilt på tampen: Eit obs berre til dei som arrangerer språkåret 2013 – denne informasjonen, snubla eg berre over, hugs å nytte tida fram til året begynner med å få fram kva dette gjeld og nytte verkemidla og kanalar godt! Her er det ikkje berre ei lita målgruppe som skal nåst – men ein større masse. Eg ynskjer gruppa lykke til med arbeidet sitt.

 

Du finn heile planen på denne sida: http://www.aasentunet.no/default.asp?id=13125&menu=16

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...