Heim Innspel Kunst is king

Kunst is king

 Cash is king, heiter det. Eg har alltid fått høyre at kapitalisme, børs og næringsliv står for dei harde verdiane, det som betyr noko. Kunst og kultur, som sjeldan skaper overskot, må versågod finne seg i å representere dei mjuke verdiane, det svake og blaute, lite einsarta og mindreverdige. Det harde derimot, er sterkt og urokkeleg, logisk og dominerande. Kva om det berre er ein myte at det er slik?

«Om hundrede aar er alting glemt», sa Knut Hamsun for godt over hundre år sidan. I år er det 154 år sidan den store forfattaren vart fødd. Han er ikkje gløymd, men han hadde stort sett rett. Eg tek neppe feil om eg hevdar at svært få av LNK-avisa sine lesarar har høyrt om Erik Grant Lea, bergensaren som ein gong var den rikaste skipsreiaren i verda.

Erik Grant Lea var fødd i 1892. I sine velmaktsdagar eigde han ti reiarlag, ein bank og tre forsikringsselskap. Skipa hans sigla på alle verdshav og han hadde over 500 forsikringsagentar i tre verdsdelar. I 1917 teikna agentane hans heile 60 000 brannpolisar, dei trygda heile fiskeflåten i Ålesund og etter kvart størsteparten av den norske fiskeflåten. Lea gifta seg attpåtil med ei kvinne som ifølge myten var ei indisk prinsesse, noko som var langt frå sanninga. Ho kom frå ein velståande familie i Bangalore. Ekteparet budde i Lea Hall utanfor Bergen, i bygningar og parkområde som både den gongen og i dag minner mest om ein kongeleg residens.

I 1921 gjekk Erik Grant Lea konkurs. Mann og kone flytta til Gjølanger i Fjaler, til ein liten eigedom som kreditorane let han ha i fred. Der dreiv Lea sagbruk, mølle, butikk, dampskipskai, kalkbrenneri og eige kraftverk. Han bygde kapell og laksetrapp og dreiv med omfattande skogplanting. Ved sidan av arbeidet var Lea interessert i litteratur, og han pleidde omgang med diktaren Jakob Sande.

Jakob Sande var fødd i 1906, men i motsetnad til Erik Grant Lea er han ikkje gløymd, over hundre år etter at han vart fødd. Ein mann består, ein annan forgår. Dei harde verdiane forsvinn, dei mjuke vinn. Så er dei kanskje ikkje så harde likevel då, pengane.

Finanskrisa er i ferd med å nå oss òg, til slutt. Det skal godt gjerast å gløyme henne sånn heilt med det same, særleg sidan ho har vart ei stund no. Men tenk etter, det er verre å hugse det som hende for berre nokre få år sidan. Hugsar du t.d. det amerikanske firmaet Enron? Selskapet som gjekk konkurs i 2001 etter at det vart avdekt ein gigantisk institusjonalisert, systematisk og kreativt planlagt rekneskapssvindel. Etter konkursen vart Enron symbolet på svindel og korrupsjon i næringslivet, eit symbol som truleg vil ta same vegen som bankkrisa i Noreg mellom 1987 og 1992; direkte inn i gløymeboka.

I september i 2008 gjekk to av dei største investeringsbankane i USA, Lehman Brothers og Merrill Lynch, konkurs. Samstundes fekk det største forsikringsselskapet i verda, American Investment Group (AIG), kunstig andedrett frå amerikanske styresmakter verdt 40 milliardar dollar. Lehman Brothers vart etablert i 1850 av Henry, Emanuel og Mayer Lehman. Merill Lynch vart etablert i 1914 av Charles Merill. AIG vart etablert i 1919 av Cornelius Vander Starr. Kven har høyrt om desse mannfolka i dag? Kven hugsar desse selskapa om ti år? Kven i all verda vil sakne dei neste år?

Kanskje er det kunst og kultur som representerer dei harde verdiane, dei som står til Dovre fell. Kulturen, som er boren oppe av språk, litteratur, biletkunst, musikk og teater, toler dei verste angrepa frå alle slags regime til alle tider. Kunsten går ikkje konkurs. William Shakespeare vart fødd i 1564, Henrik Ibsen i 1828. Dei lever framleis, i beste velgåande, på scener over heile verda.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...