Heim Innspel Nynorsk pluss - litt til ...

Nynorsk pluss – litt til …

For eit par veker sidan tok NRK-programmet Språkteigen fortenestefullt opp ei viktig problemstilling: Innvandrarar som får norskopplæringa si på bokmål – i nynorskområde. For nokre år sidan var dette standard, det fanst knapt ei lærebok på nynorsk for denne målgruppa. Fleire stader i landet gjekk lærarar saman om å utvikla eigne «handlaga» kompendium for å kunna gi tilbod om nynorskopplæring.

Situasjonen har endra seg. Gloppen opplæringssenter var tidleg ute med sitt prosjekt, Nynorsk+. Dei siste åra har VOX, eit nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, utvikla mange gode læremiddel på nynorsk. Utvalet er nok ikkje like godt som for bokmålsbrukarar, men det er godt nok til å kunna forsvara nynorskopplæring for innvandrarar. Og meir materiell kjem etter kvart: Like før jul fekk alle skular i LNK sine medlemskommunar tilbod om gratis abonnement på nynorskversjonen av Klar tale. På nynorsk heiter avisa Kort og klart.

Likevel kunne altså Språkteigen dokumentera at sju av 26 nynorskkommunar i Sogn og Fjordane framleis berre brukar bokmål i opplæringa av innvandrarar. Dei er ikkje åleine: Dette er praksis også i fleire andre nynorskkommunar.

Oppvekstetatane i nokre av desse kommunane forsvarar seg mellom anna med at fleire innvandrarar likevel reiser vidare til bokmålskommunar etter ei stund. Dersom dei respektive kommunane er like lite offensive i arbeidet med å tiltrekkja seg nye innbyggjarar generelt, er det ikkje merkeleg at innbyggjartalet går ned i Distrikts-Noreg.

Det er innvandrarane som held oppe folketalet i til dømes Gudbrandsdalen, fleire område i Møre og Romsdal og storparten av Sør-Trøndelag. Store delar av næringslivet vårt kunne ikkje ha eksistert og ekspandert dersom me ikkje hadde hatt denne kjærkomne arbeidskrafta.

Forskar Mariann Villa i Bygdeforskning skriv i Kommunal Rapport at dei er i ferd med å starta opp eit forskingsprosjekt som har som mål å synleggjera kor godt innvandrarane vert integrerte i det lokale kultur- og arbeidslivet, og kva rolle dei spelar for den økonomiske vitaliteten i bygdene. Prosjektet skal òg få fram korleis innvandring utfordrar og gjer det bygdenorske velferdssamfunnet rikare.

Impulsar utanfrå er viktige ressursar for alle samfunn. Utfordringa for kommunane vert å leggja til rette for vellukka integrering. Ein god start kan vera å la innvandrarane få opplæring i det språket dei møter i sitt eige nærmiljø.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...