Heim Innspel Kunsten å lytta til ungdomen

Kunsten å lytta til ungdomen

KOMMENTAR: Når statsminister Jens Stoltenberg held tale, får han ikkje lov til å bruka verken framadord eller forkortningar. Språket skal vera enkelt og lett tilgjengeleg. Alle skal skjøna kva Jens snakkar om.
Men når ein kommune som til dømes Tysnes skal informere på eigne nettsider om at arealdelen av kommuneplanen skal fornyast (eller rullerast som det heiter på politikarspråket), vert det gjort med følgjande innleiande ord: «Med heimel i plan- og bygningslova §§ 11-12 og 11-13 vedtok Tysnes formannskap i møte den 16. mars d.å. å starta opp arbeid med rullering av arealdelen i kommuneplanen, og å senda framlegg til planprogram på høyring og å leggja det ut til offentleg ettersyn». Til slutt vert det ramsa opp kva tid dei ulike bygdemøtene skal haldast, men det står ingenting om at folk er velkomne til å koma med innspel og ynskje på desse møta.

Fornying av arealplanen i ein kommune handlar om framtida til den komande generasjonen. Kvar kan ein som i dag er 14 år i framtida byggja seg hus, kvar kan han eller ho byggja naust og få seg båtplass, og kvar kan dagens 14-åringar etablera nye arbeidsplassar? Dette er noko som dei unge utan tvil hadde hatt sterke meiningar om, dersom dei berre hadde blitt spurde.

Det handlar om kommunikasjon. Det handlar om å snakka dei unge sitt språk. Det handlar om å nå ut til dei unge der dei er. På Tysnes kommune sine nettsider burde det stått:

Kvar vil du byggja deg hus og naust på Tysnes når du vert vaksen? Kom til bygdemøtet og fortel oss dette. Vi spanderer pizza og brus.

Dersom kommunen hadde vore på Facebook, skulle det sjølvsagt stått det same der, men ei undersøking gjort av KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) viser at berre 56 av 430 kommunar brukar Facebook for å koma i kontakt med innbyggjarane. Som Øyvind Solstad i NRKbeta sa under Mot til å meina-konferansen i Stavanger den 6. og 7. mai: «Det er på Facebook folk er, og viss politikarane ikkje vil vera der, veit eg ikkje kva dei vil driva politikk for». På same konferansen fortalde student og medlem i sentralstyret til Norsk Målungdom,  Jostein Avdem Fretland om si undersøking av det politiske språket i kommunale sakspapir. Konklusjonen var soleklar: språket er alt for vanskeleg, og kommunane bør koma seg på Facebook og tenkja meir som ei avis for å nå ut til ungdomen.

Når kommunale papir er eit stammespråk for dei spesielt interesserte, er det lokalavisene sin jobb å formidla politikken på ein så enkel måte som mogleg.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er ein interesseorganisasjon for 110 lokalaviser. LLA sitt Ung & engasjert-arbeid har som mål å auka valdeltakinga og samfunnsengasjementet til ungdom mellom 15 og 25 år. Eit godt døme på lokalavisene sitt samfunnsengasjement, er historien om avisa OPP som skulle dekkja eit folkemøte om framtida til Oppdal. På møtet oppdaga journalisten at det ikkje hadde møtt fram ein einaste person under 40 år. Avisa oppsøkte då tre lokale skular for å høyre dei unge sine ynskje og meiningar om bygda si framtid. Overskrifta «Slik er de unges drømme-Oppdal» over heile framsida dagen etter, kom med klar tale til politikarane: dei unge stemmene i lokalsamfunnet må bli høyrde. Dersom kommunen ikkje gjer jobben sin, vil lokalavisa gjera det.

Kommunalpolitikk treng ikkje vera eit langt gjesp. Lokalavisene kan som avisa OPP med enkle grep bidra til å gjera lokalpolitikk til gøy lesnad, både for ungdomen og pensjonisten. I Tysnes kommune er bygdemøta avslutta. Utan at ungdomen har blitt lytta til. Men det er framleis ikkje for seint. Hansken er kasta.

Helen Frøyseth er prosjektmedarbeidar i Ung & engasjert, Landslaget for Lokalaviser

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...