Heim Innspel Språkkurs i kommunane – kven bør ta rekninga?

Språkkurs i kommunane – kven bør ta rekninga?

Styret i LNK arbeider i desse dagar med ei spesiell og prinsipielt viktig sak: Skal organisasjonen tilby alle medlemene gratis kurs i saksbehandling på nynorsk? Bakgrunnen for saka er at fleire og fleire medlemskommunar opnar for at medarbeidarar med svake norskkunnskapar får høve til å skriva bokmål i intern saksbehandling.

I sist utgåve av LNK-avisa kom det fram at Nord-Fron kommune alt har innført ei slik ordning, og dei siste vekene har også Hjelmeland kommune signalisert at dei kan sjå føre seg noko liknande. Her er det òg store mørketal. I ei undersøking som LNK og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2006, kom det fram at svært mange kommunar har personar eller faggrupper (t.d. legar) som i praksis har fått fritak frå kommunen sin offisielle språkpolitikk – lenge. Det blir ofte vist til at dei personlege unnataka er gjort av di kandidatane rett og slett ikkje kan språket godt nok til å uttrykkja seg skriftleg, og for å få eit betre rekrutteringspotensiale. Dette vert eit irritasjonsmoment for rådmenn og andre som sit med ansvar for kva kommunen sender frå seg, og som ofte må bruka tid på å retta opp feila.

Dette er ei utvikling som over tid kan truga heile ordninga med målvedtak i kommunane. Slike individuelle eller kollektive dispensasjonar er sjølvsagt minste motstands veg for kommunane og såleis lette å gå inn for. I dei fleste kommunane som har særordningar, er dei oftast stillteiande aksepterte av rådmannen; berre sjeldan vert slike saker drøfta politisk.

LNK må sjølvsagt ha ei medviten haldning til utviklinga. Organisasjonen har i mange år hatt eit tilbod til medlemene om kjøp av nynorskkurset På saklista – som er spesielt lagt til rette for nynorskbrukande saksbehandlarar i kommunar og stat. LNK har gode kurshaldarar og får svært gode tilbakemeldingar på dei kursa som vert haldne. Men sjølv om kursa vert selde til kostpris, er det alt for få kommunar og fylkeskommunar som gjer seg nytte av dei. Dei er for dyre, er eit argument me møter. Ja, det er dyrt å halda kurs, men det er jammen dyrt å halda seg med dårlege sakspapir òg.

Ei meir offensiv line kan derfor vera å tilby medlemene våre gratis språkkurs. Litt avhengig av ambisjonsnivået styret vel å leggja seg på – og responsen frå medlemene –, vil dette verta ei dramatisk omlegging av arbeidsoppgåver og ressursbruk i LNK.

Eitt kurs per medlemskommune kvart år har ein prislapp på 3 millionar, og med dagens økonomi er dette ikkje realistisk for LNK. Men så kan ein spørja seg kven fakturaen eigentleg bør rettast til? Bakgrunnen for at det no ser ut til å vera nødvendig å setja i gang ei storstilt vaksenopplæring i det offentlege Noreg, er at fagansvarlege etatar og politiske styremakter stillteiande har akseptert ei norskopplæring som rett og slett har vore for dårleg – i tiår etter tiår. Det er trass alt eit statleg ansvar at nyutdanna frå universitet og høgskular ofte ikkje beherskar norskfaget godt nok til at dei kan bruka språket sitt i arbeidssamanheng.

Det skal nok meir til enn eit todagars kurs i nynorsk saksbehandling for å kompensera ein lang skulegang med utilfredsstillande norskopplæring. Men det skal kanskje ikkje meir til for å gjera kandidatane til meir medvitne og motiverte språkbrukarar. For to år sidan kom språkmeldinga Mål og meining, der det for første gong vart lagt opp til ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Kanskje denne saka kan vera med på å visa oss korleis dei gode orda kan gjerast om til handling?

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...