Heim Nyhende Lever ut ein draum

Lever ut ein draum

Ho er kostymemakar og har kledd opp både Miss Saigon og Maria Vittoria. – Eg lever i draumen min, seier Janne Robberstad (41), som driv einmannsføretaket Spøt og spindel.

Kunstnaren frå Bømlo byrja som formingslærar for tjue år sidan og oppretta etterkvart si eiga linje for kostyme og motedesign på Bømlo folkehøgskule. Parallelt med dette dreiv ho som biletkunstnar og treivst med det. Men for nokre år sidan innsåg ho at det var på tide å drive med éin ting skikkeleg, og valet fall på kunsten. – Eg ønskte verkeleg å drive med kostymemakeri. Det kjendest rett å ta det valet.

Samarbeid med lauget

Ho gjekk i tett dialog med teaterlauget på øya og har sidan då laga kostyme for store oppsetningar som Chess, Miss Saigon og Which Witch. Også Haugesund teater har vore ein god oppdragsgjevar for kunstnaren, no sist laga ho kostyma til Vamp-musikalen Hallo, adjø. Ikkje ein dag har ho angra på valet, sjølv om ho måtte områ seg i ei stund før ho gjorde alvor av det.

– Eg var skeptisk til to ting. For det første om eg ville ha sjølvdisiplin nok til å gjennomføre arbeidsdagane på eiga hand. For det andre om eg ville greie det økonomisk, fortel Robberstad.

Gradvis etablering

Så langt har ho ikkje hatt grunn til bekymring. På dei to og eit halvt åra som er gått, har ho hatt arbeid heile tida. Mykje takka vere reiarlaga på Bømlo, som har nytta kunstnaren til utsmykking av båtane sine, i tillegg til arbeidet ho har hatt med teaterkostyma.

Ho følte seg ikkje nett som ein nyetablerar som skulle ut i gründerverda på eiga hand. Snarare har ho vakse inn i dette livet gradvis, seier ho.
– Eg registrerte meg som sjølvstendig næringsdrivande på 90-talet. Den gongen fekk eg god hjelp av ein næringssjef, som hjelpte meg med søknader og fekk meg av garde på etablerarkurs.

Bloggar til inspirasjon

Opp gjennom åra har ho etablert eit nettverk som gir nye krefter og inspirasjon i arbeidet. Kontaktane har ho knytt via jobbar ulike plassar i verda, men òg via Internett. Ho bruker sjølv blogg som ein arena for marknadsføring og kommunikasjon og opplever dei andre bloggarane som eit slags kollegium.

Nettverka internt i kommunen held ho mellom anna ved like ved å vere med som ressursperson for andre etablerarar i Kvinnovasjon. Samstundes er Robberstad klår over at nærmiljøet hennar ikkje kjenner til ho og arbeidet hennar i like stor grad som kunstmiljøa gjer. Litt av grunnen er i følgje henne sjølv at bilete ho lagar til båtane, faktisk ikkje blir sett av andre enn passasjerane; dei blir frakta rett frå atelieret og inn på båten. Det har ho no tenkt å bøta på med å prøve å halde utstilling kvart år.

Den gode tilgangen på arbeid har gjort det leveleg økonomisk for kunstnaren, enn så lenge. No er ho spent på om finanskrisa vil føre til at ho får færre utsmykkingsjobbar.

– Eg har sjølvsagt høve til å gå tilbake til lærarjobben igjen. Det er trygt og godt, på alle måtar. Men aller helst vil eg ha det som no, kor eg får høve til å leve av mine eigne kreative krefter.

 

Førre artikkelFår ideane fram
Neste artikkelMusikalmiljø i vekst

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...