Er me i beit for gode argument fornynorsk? Eller er me berre redde for å bruka dei? Eitt er sikkert: Skal andre tru på nynorsken, må me tru på han sjølv. Der har me ein jobb å gjera.
Når var sist du høyrde nokon argumentera for at det i seg sjølv er bra å velja nynorsk? Når var sist du høyrde målfolk, kommunepolitikarar eller nynorskprisvinnarar leggja ut om nynorskens nynorsken sitt egalitære fundament, folkelege forankring og demokratiske grunnhått?
Det skjer ikkje for ofte. I staden badar me i «personlege» argument, som i lengda kokar ned til at me som er så vrange at me skriv nynorsk, aller nådigast bør få lov til å halda fram med det. At nynorsk er identiteten min, er språket mitt, er naturleg for meg. Spissformulert: Nynorsken har fyrst og fremst verdi som mitt personlege instrument.
Stundom fyller såvorne argument også nynorsken med ei sjølvstendig meining. Til dømes at nynorsken gjer «det norske språket» rikare – som om nynorsken var ei bonuspakke til bokmålet. Eller at nynorsk er så vanskeleg at me må jobba meir med språket, og dimed vert flinkare språkbrukarar. Parafrasert: Nynorsk er fyrstevalet fordi det er tungvint. Skal tru kor mange fjortenåringar som lèt seg sjarmera av slikt.
For å yta litt rettferd til dei som kjenner seg råka: Poenget er ikkje at personlege argument er feil eller dårlege. Nynorsk er språket vårt, og det har alle andre berre å finna seg i.
Problemet er at desse argumenta åleineikkje er nok. Dei held til forsvar mot kritikk og måltyning, men stoppar også der. Ingen held på nynorsken fordi eg reknar nynorsk som min språklege identitet. Ingen byter (tilbake) til nynorsk, så lenge argumentet er at nynorsk er mitt språk.
Og sidan eg fyrst skriv for LNK: Talet på nynorskkommunar går inga ljosare framtid i møte, om ikkje nynorsken har fleire kvalitetar enn å vera naturleg. Språk er faktisk ikkje naturleg. Kva språk som ligg oss nærast, har med vane å gjera. For dei fleste dreier det seg om kva språk dei har vakse opp med. Månefasar og tidevatn er naturleg, språket er det ikkje.
Fråværet av prinsipielle og offensive argument for nynorsk er påfallande. Dei støvar ned på loftet. Kva motiv kvar og ein av oss har for denne unnlatingssynda, skal eg vera varsam med å spekulera i, men på generelt grunnlag har eg ein teori – det dreier seg om språkleg husmannsånd.
Misforstå meg rett, eg trur så gjerne på alle som seier seg stolte over å skriva nynorsk. Mange har god sjølvkjensle som nynorskbrukarar. Men det verkar som om mange ikkje er så krye på vegner av sjølve nynorsken.
Dette kjem ikkje berre til uttrykk i «ikkje utrydd språket mitt»-argumenta. Det vert også tydeleg gjennom kva haldningar me har til vårt eige språk. Til dømes: Det som skil seg klårt frå bokmål, er ikkje «moderne» eller «naturleg» nynorsk. Sjølvsagt skriv me ikkje byrgskap, for det er jo lov å skriva stoltheit. Nynorsk er ikkje eit grautmål, må vita.
Premissen for slike haldningar er at bokmål er det nøytrale og normale. At så lenge me kan skriva verken på nynorsk, vil berre fanatikarar og gamalstavarar finna på å skriva korkje. Det som ikkje er kjent frå eit bokmålsperspektiv, er per definisjon fjøslatin, som sume yndar å kalla det.
Konsekvensen vert at me godtek føresetnaden om at nynorsk er avleggs. Eit døme på dette såg me i vinter, då VG laga to nynorskquizar. I staden for å fornærma intelligensen vår ved å spørja om heilt basale ord, valde VG – prisverdig nok – å gje lesarane noko å tyggja på. Men responsen? Politikarar, leksikonredaktørar, NRK-journalistar og kultursentrumsdirektørar reiste felles bust, og fordømde både VG og quizane så det gjalla. Tenkja seg til å spørja folk om dei veit kva «å tinge» tyder!
Liknande bokmålsquizar har dukka opp jamt i årevis. Folk har brynt seg på riksmålskuriositetar som beskaffenhet, vederkvegelse og beveggrunn, utan at det har fått nokon til å slå på paukenepaukane. Bokmålsbrukarar har – medvite eller ei – ein grunnleggjande respekt for eige skriftspråk og eigen skrifttradisjon. Der har dei også noko å læra oss nynorskingar.
Vebjørn Sture er leiar av Norsk Målungdom