Her får du tips om ordbruk i den nye rettskrvinga for nynorsken. Tipsa er henta frå Språkrådet.no
1 tyda og tyding blir ofte misbrukte
Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?
Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
Men: Dette var eit stort framsteg.
Slik kan vi bruka tyda/tyding:
Signalet tyder at trafikken må stansa.
Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.
2 denne, dette, desse
denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje eit stivt eller upresist språk. Bruk heller den, det, dei, han, ho, eller ta opp att substantivet.
Døme:
“Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men desse fall bort etter kvart.”
Betre: desse rettane
“Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda. Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk stil.”
Meir presist: Vinterpalasset
“Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga så låg som denne er no.”
Betre: ho
3 den
den skal normalt ikkje brukast med tilvising til substantiv i nynorsk. Det vanlege tilvisingspronomenet er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord – så sant pronomenet ikkje strir mot det naturlege kjønnet.
Døme: “Ytringsfridommen er til liten nytte om han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis.”
“Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho (bm.den) grundig.
Merk: Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som peikande pronomen:
Ikkje den har eg sagt, men den!”
4 st-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb
Binders kan brukast til så mangt.
Spørsmål kan sendast til Språkrådet.
Bruk ikkje st-passiv i presens
Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
Men: Saka blir no undersøkt i departementet.
Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet.
Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet.
Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast – eg minnest. Slike verb står i ordlista.
5 Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning
høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut
Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja).
Men: dei framlagde sakene
6 nokre
nokre blir brukt når vi veit at det er fleire av noko (engelsk some)
Vi vart verande der nokre dagar.
nokon – i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting (engelsk any)
Det spørst om det kjem nokon fleire.
somme – om lag som nokre, men mindre med tanke på talet.
Somme dagar er veret grått.
7 Bokmål hvilken
Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:
kva – Kva dag er det i dag?
kva for – Kva for bøker har du?
(Kva slag)
ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil konkretisera noko som kan teljast.
Kva for ei bok er det?
Kva for nokre bøker har du?
Ofte er det godt språk å skriva berre kva.