Heim Blogg Side 11

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget. 

– I ein skulekvardag som blir meir og meir digital, møter nynorskelevane mindre og mindre av språket sitt. Lærebøkene er erstatta med digitale læremiddel. Mange og små læringsressursar dominerer i klasserommet. Det er alvorleg at eit fleirtal på Stortinget ikkje vil vedta at elevane skal få desse på språket sitt, seier Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Mållagsleiaren er oppgitt over regjeringa som han meiner ikkje har lytta, og seier kravet om at læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa, har stor støtte.

– Ei samla målrørsle, Forleggerforeningen, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Språkrådet er mellom dei som støttar kravet. Grasrøtene i regjeringspartia med AUF i spissen stør kravet, og 121 ordførarar stør kravet. Difor er det påfallande at regjeringa har gått til Høgre og Frp for å få fleirtal for språkpolitikken sin, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner dette er eit stort tap for nynorsken. Utdanningskomiteen har gitt regjeringa beskjed om å hente inn meir kunnskap om situasjonen. Det er ikkje godt nok, meiner mållagsleiaren.

– Vi har visst meir enn nok lenge. Stoda i klasserommet er dramatisk. Det blir no avgjerande at regjeringa får henta inn den kunnskapen dei meiner dei treng, lynkjapt, slik at dei kan kome tilbake til Stortinget med forslag om korleis kravet kan lovfestast i god tid før lova trer i kraft.

Noregs Mållag tar med seg to viktige lyspunkt frå den nye lova:

– No er endeleg kravet om at skriveprogram må kunne nynorsk, på plass. Raude strekar under ord ein skriv heilt rett, er historie! Her har Noregs Mållag lukkast med å tvinge teknologigiganten Google til å måtte lære seg nynorsk.

I tillegg har vi fått på plass språkdelt ungdomsskule. Dette er eit utruleg viktig krav for dei elevane som bur i språkblanda område. No har dei endeleg rett på å få opplæringa si på nynorsk ut heile grunnskulen, avsluttar Peder Lofnes Hauge

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen. 

Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i naturen, og som verkeleg får deg til å oppleve både det du kan sjå og det du ikkje kan sjå. Det er ei teateroppleving på øyret – med naturen som scenografi. Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar.

— Skogsopplevingar passar som hand i hanske med det vi ønsker at dagsturhyttene skal vere. Heilt sidan vi fekk den litt ville ideen om dagsturhyttene i 2016, har vi hatt denne tanken om at dei skal vere mikrokulturhus ute i naturen, seier Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune og dagsturhyttenes far. 

Inne i desse mikrokulturhusa i det grøne er det allereie små bibliotek, og no kjem det også til å henge eit lite skilt med QR-kode, som du skannar med telefonen og som dirigerer deg vidare til nedlasting/strøyming av Skogsopplevingar. Så er det berre å ta på deg høyretelefonar og traske av garde i naturen. Du får beskjed om kva du skal gjere.  

— Skogsopplevingar er naturvern gjennom å auke merksemda og interessa for naturen. Naturvern utan moralisering, seier Atle Skrede.

Skogsopplevingar har premiere 9. juni og blir tilgjengeleg på alle dagsturhyttene i og utanfor fylket, i tillegg til på teaterets heimeside og der du høyrer podkast.

Marionn Aas Wie, marknadsrådgjevar på Teater Vestland, saman med dagsturhyttenes far, Atle Skrede i Vestland fylkeskommune. Foto: Heidi Hattestein, Teater Vestland

Ei gratis lydoppleving 

I teorien kan du høyre på Skogsopplevingar kvar som helst, men intensjonen er at du skal gjere det ute i skogen. Du kan søke deg til favorittplassen din i naturen, men du treng ikkje å gå lenger enn ut i hagen.

— Mange i Norge er glade i friluft. Å gå på tur i skogen og på fjellet er ifølge Statistisk sentralbyrå den mest populære friluftsaktiviteten. Skogsopplevingar gir folk høve til å ta med seg ei teateroppleving ut i naturen, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og held fram: 

— Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving som du kan ta med deg ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie – og så kan de snakke om opplevinga etterpå, seier teatersjefen. 

Teaterfulness 

I tillegg til naturlydar vil publikum høyre stemmene til tre skodespelarar: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Carina Furseth. Elisabet Topp har regi, og Eirik Havnes er lyddesignar og komponist. 

— På Vestlandet er vi jo opptatt av at turen skal ha eit mål, at vi skal nå toppen og nyte utsikta. Skogsopplevingar er nesten det motsette. Vi fokuserer på den store naturopplevinga, gjerne berre hundre meter frå vegen, og på å opne augneblinken. Kor stort kan vi gjere det som skjer akkurat her og no, spør regissør Elisabet Topp. 

Nynorskkurs for lærarar – økt 1: …men kva er nynorsk eigentleg?

Førebuing: Les side 8–29 av Rett og godt

Kva er nynorsk?

Nynorsk er éin av to måtar å skriftfeste det norske språket på. Ingen dialektar er «nynorske» eller «bokmålske», men somme ligg lingvistisk nærare den eine eller den andre normalen, noko dei ulike variantane av bergens-dialekten kan illustrere.

Nynorsk kan vera to ulike ting:
a) alt norsk språk etter den gammalnorske (fram til ca 1300) og mellomnorske (ca 1300–1537) perioden.
b) det eine av to moderne norske skriftspråk, til skilnad frå bokmål. Nynorsk har òg sin eigen skriftkultur, som er ei eiga grein av den norske skriftkulturen.

Nynorsk i Noreg
– Nynorsken byggjer på og samordnar dei norske dialektane
– Eit ungt og friskt skriftspråk, bygt på ein demokratisk grunntanke
– Eit svært godt utvikla litteraturspråk

Refleksjonsspørsmål:
1. Kva er ditt forhold til nynorsk?
2. Kor god er du i nynorsk?
3. Kva trur du skal til for at du blir god i nynorsk, og for at elevane dine skal få
lyst til å lære meir nynorsk?

Éin regel om nynorsk: Inkjekjønn fleirtal

Hannkjønn og hokjønn, ubestemt fleirtal,
endar på r, det er sikkert og visst.
Inkjekjønn omvendt; r-en er bannlyst,
hugsar du det, blir du meister til sist!

Oppgåve: Ta kartleggingsprøva på elevrom.sprakradet.no. Noter ned resultatet ditt, så
du kan sjekke framgangen din på slutten av kurset.

Sjå tekstheftet for heile kurset her!

Nynorskkurs for lærarar – økt 2: Nokre reglar for god nynorsk

Førebuing: Les side 49–65 av Rett og godt

Oppgåver – del 1:

Oppgåver – del 2:

1. Skriv ledig og talemålsnært!

«Skriv ein som mor talar, so treng ein ikkje vera redd for at det skal bli simpelt. Den som tykkjer det er simpelt, han er vel simplast sjølv.» –Halvor Floden

– Ikkje Velkommen til min fødselsdag, heller Velkommen til fødselsdagen min
– Ikkje Det henvisast til Dykkar søknad, heller Vi viser til søknaden din
– Ikkje Det var imidlertid ujamn kvalitet, heller men kvaliteten var ujamn
– Ikkje miljømessige skadar, heller miljøskadar eller skadar på miljøet

2. Finn rett substantivbøying

Hovudmønster for bøying av substantiv:

To viktige unntak:

  • Ord som er laga av verb og sluttar på -ing, er hokjønn, men skal bøyast som hankjønn i fleirtal: Éi endring, endringa, endringar, endringane.
  • Ord som sluttar på -el får samandraging i fleirtal: Eitt kapittel, kapittelet, kapittel, kapitla.

3. Finn rett kjønn på substantiv

-a i bestemt form eintal = hokjønn
-ing og laga av verb = hokjønn (med -ar og -ane i fleirtal)
-ning = ofte valfritt hankjønn eller hokjønn (bygninga eller bygningen)
-heit = hokjønn
-skap = oftast valfritt hankjønn eller inkjekjønn
verb + -skap = hankjønn (éin rekneskap)
Importord som sluttar på trykklett -e = hankjønn

Sjå tekstheftet for heile kurset her!

Programmet til landstinget til LNK i Sogndal 1.-2. juni 2023

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal.

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane. Landstinget opnar torsdag 1. juni klokka 10.

Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!

Sjå landstingsheftet med årsmøtesaker her!

TORSDAG 1. JUNI

09.00   Registrering
10.00   Opning: Velkomen til Sogndal v/ordførar Arnstein Menes
10.10   Leiartale ved Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar i LNK
10.25   Kulturell opning med Gunn Kvaale

Tema: Korleis kan kommunane nå dei unge?
10.45  Snakk med oss unge – så me vil flytta heim! Ved Anne Bratthammer, medlem i
ungdomsutvalet i Ryfylke

11.05  Kva kan kommunane gjera for å koma i dialog med dei unge? Med Anne Bratthammer, Gunn Kvaale m.fl. Samtaleleiar: Andrea Rygg Nøttveit

11.45  Korleis jobbar Framtida.no med å nå dei unge Innleiing ved Andrea Rygg Nøttveit, redaktør i Framtida.no

12.00  Lunsj

Tema: Robotane kjem! Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane?

13.00  Nynorskroboten og kva språkteknologi kan hjelpa kommunane ved Jo
Christian Oterhals, datautviklar ved NTB Arkitekst og tidlegare adm. dir. og redaktør VGTV

13.20  Klarspråk med hjelp av Chat GBT ved Jostein Avdem Fretland, språkkurshaldar for LNK

13.40  Språkleg tryggleiksnett ved Kjetil Haug, Tansa Systems

13.50  Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane? Med Jo Christian Oterhals, Unni Berland, prosjektleiar for språksatsinga i Stavanger, Jostein Avdem Fretland. Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker

14.20  Pause, kaffi, frukt, utstillarar

Tema: Innkjøpsmakt og språkmakt i kommunane

14.45 Presentasjon av undersøking ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar ved LNK

Tema: Nynorsk inspirasjon

15.00 Språkkursa til LNK ved Jan Olav Fretland.

15.15 Språkpolitisk ønskeliste for lokalvalet 2023 ved rådgjevar i Noregs Mållag, Hege Lothe

15.30 Pause før årsmøtet

16.00 Årsmøte LNK
16.30 Møteslutt
17.30 Aperitiff
18.00 Middag
20.00 Konsert med Stig Ulv på Sogndal kulturhus

FREDAG 2. juni
08.45 Framhald av årsmøte i LNK.
09.30 Pause og utsjekk

10.00 Helsingstale ved kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Tema: Identitetsskapande merkevarebygging

10.15 Saftbygda Sogndal – korleis bruker me identiteten vår i marknadsføringa ved adm. direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

10.30 Nynorsk som del av merkevaren Sparebanken Sogn og Fjordane ved Gunn
Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane

10.45 Verdien av språk ved dagleg leiar Monika Haanes Waagan i Nynorsk
bedriftsforum.

10.55 Samtale om identitetsskapande marknadsføring på nynorsk. Samtale med Trine Lerum Hjellhaug, Gunn Aase Moldestad, Monika Haanes Waagan.
Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker

Tema: Nynorskpolitikk og språkbruksplanar i kommunane

11.25 Innleiing ved Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum.

11.45 Kva gjer Årets nynorskkommune, Vestland, for å styrka nynorsken? ved Birthe Johanne Fredheim Finstad, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylkeskommune

12.00 Samtale om språkpolitikk i kommunane. I panelet: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Birthe Johanne Fredheim Finstad, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylkeskommune og Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum.

12.40 Møteslutt og lunsj

 

Sogndal har gode kommunikasjonar med fly til Oslo, Bergen og Ørsta/Hovden og ekspressbussar.

 

Nynorskkurs for lærarar – økt 3: Endå fleire skrivereglar!

Førebuing: Les side 66–87 av Rett og godt

Oppgåver til del 1:

 

Oppgåver til del 2:

4. -er eller -ar i presens av verb?

Preteritumsregelen:
Berre dersom eit verb sluttar på -a i preteritum (fortid), skal det slutte på -ar i presens (notid)

Fire typar svake verb:

• A-verb (kaste, kastar, kasta, kasta)
• E-verb (dømme, dømmer, dømde, dømt)
• Kortverb (nå, når, nådde, nått)
• J-verb (spørje, spør, spurde, spurt)

5. Passive setningar

Dei to modellane for passive setningar, på bokmål og nynorsk:

Bøying av refleksive verb (st-verb)

  1. Finn den parallelle varianten av st-verbet, utan -st. For «å finnast» er parallell- verbet «å finne».
  2. Kopier bøyinga av parallellverbet og legg til -st på slutten av kvar bøying.
  3. Fjern overflødige konsonantar, som oftast ein -r i presens.

For «å finnast» ser bøyinga dermed slik ut:

Sjå heile tekstheftet her!

 

Nynorskkurs for lærarar – økt 4: Dei siste skrivereglane

Førebuing: Les side 88–100 av Rett og godt

Oppgåver til økt 4, del 1:

Oppgåver til økt 4, del 2:

8. Nynorske vokallydar

• Vere, bere og skjere, vore, bore og skore
• Open, opne, opning
• Måndag, tysdag og laurdag; søndag eller sundag
• Gåve, song og frå; da eller då, no eller nå

9. J-lyden på nynorsk

• Aldri j mellom k/g og -ing
• Aldri j i substantiv som ønske, merke, tanke, sjølv om tilsvarande verb kan ha det.
• Alltid j i j-verba, som krevje, selje, spørje, telje og velje. Ver obs på bøyinga av
j-verba, med éi staving i presens, ofte vokalskifte i fortid og -t i perfektum:

10. Nynorsk er vanleg norsk

• Ta alltid utgangspunkt i deg og elevane dine sitt kvardagslege talemål
• Hugs at nynorsk ikkje alltid er poetisk eller høgtideleg; alle språk har ulike stillag,
også nynorsk!
• Dei fleste ord som er vanleg brukt i talemålet kan brukast på nynorsk. Dette
inkluderer til dømes mange an-, be-, -heit og -else-ord, som anbod, bety,
leilegheit og betennelse.
• Ofte kan du velje fritt mellom ulike ord, som naudsynt og nødvendig.
• Ikkje overdriv skilnaden mellom nynorsk og bokmål i stil og ordval.
Finn den gode språktonen
• Lytt til det du skriv; blir språket stivt? Korleis kan du løyse opp?
• Hugs at det heiter aldri på noverande tidspunkt, men heller no
• I forhold til tyder «samanlikna med», ikkje noko anna
• Pass på særskrivinga: Lytt etter om ordet du skal skrive har éin eller to toppar

Sjå heile tekstheftet her!

Nynorskkurs for lærarar – økt 5: Teiknsetjing og fornorsking

Førebuing: Les side 101–112 av Rett og godt

Oppgåver del 2:

Oppgåver del 2:

Punktum

Ikkje punktum i overskrifter og figurtekstar
Ikkje punktum i mynt, mål og vekt
Punktum berre på slutten av forkortingar, med mindre det forvirrar

Komma

Komma etter innleiande leddsetningar, som startar med når, då, viss, dersom, eller liknande.
Komma før og etter innskoten leddsetning
Komma før og etter forklarande tillegg

Bindestrek og tankestrek

Pass på skilnaden mellom kort bindestrek (-) og tankestrek / lang bindestrek (–). Danmark-Noreg er namnet på unionen med naboane våre; Danmark–Noreg er til dømes ein fotballkamp.
Lang bindestrek uttrykkjer forhold mellom to ulike partar (Danmark–Noreg), tid og rom (8–16, Gol–Lærdal)
Kort og lang bindestrek har aldri mellomrom, tankestrek har alltid mellomrom

Skråstrek

Skråstrek tyder stort sett alltid eller
Skråstrek skal ikkje brukast i datoar

Apostrof

Hugs at det ikkje er apostrof før s-genitiv på norsk; Hansens bakeri, Noregs mållag, Aasens ordbok

Fornorsking og påverknad frå bokmål

Skrivemåtar av utanlandske ord er i stadig utvikling. Ingen ville skrive chauffeur på norsk no, men ein gong var sjåfør like rart som sørvis er for somme no.

Ein del uttrykk som er vanlege i skriftleg bokmål eignar seg ikkje godt på nynorsk. Uttrykk som dei øvrige, einkvar, kun, imidlertid, midlertidig blir ikkje god nynorsk.

Sjå tekstheftet for heile kurset her!

Nynorskkurs for lærarar – økt 6: Å undervise i nynorsk

Førebuing: Les side 21–48 av Rett og godt

Å undervise i nynorsk

Di tryggare du er på nynorsken, di betre blir du i stand til å lære han bort
Ikkje overfokuser på grammatikk i starten, men la dei bli kjende med språket
Prøv å bruke språkbad-metoden, slik at elevane blir vane med nynorsken utan å måtte pugge grammatikk

Progresjon i undervisinga – metodikksirkelen:

Oppgåver:

1. Øving i komparativ metode, med utgangspunkt i talemålet:

Set opp eit komparativt skjema over aktuelle dialektformer for deg eller for elevane dine, samanlikna med nynorsk. Du kan òg ta med bokmål, viss du vil
Samanlikn med oppsettet til andre på gruppa viss de er fleire.

2. Øving i ulike måtar å laga oppgåver på:

Lag eit sett med øvingsoppgåver ut frå teksten i Rett og godt, side 41–45. Del dei gjerne inn i lette, middels og krevjande oppgåver.

Sjå tekstheftet for heile kurset her!

Nynorskkurs for lærarar – økt 7: Innspurt!

Førebuing: Repeter dei ti skrivereglane for deg sjølv

Nyttige lenkjer vidare:

Nynorskordboka

Nynorsk øvingsrom frå Språkrådet

Minigrammatikk frå Språkrådet

Administrativ ordliste (bokmål–nynorsk) frå Språkrådet

Nynorsksenteret (kvalitetssikra ressursar til bruk i undervisinga):

Apertium (bokmål–nynorsk maskinomsetjing):

Framtida.no (nynorsk nettavis for unge):

Framtida Junior (nynorsk nettavis for born frå 9 til 13):

Oppgåver:

1. Skisser to alternative undervisningsopplegg i nynorsk for ei bestemt klasse som du kjenner. Ta gjerne med metodikksirkelen i planlegginga. Diskuter opplegga med kvarandre.

2.
a) Repeter dei 10 reglane
b) Løys oppgåvene på side 118–119 i Rett og godt
c) Ta oppatt kartleggingstesten på Nynorsk øvingsrom hjå Språkrådet. Sjekk framgangen din frå starten av kurset

Lukke til!
Jan Olav og Jostein,
Fretland & Fretland AS

Sjå tekstheftet for heile kurset her!

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen, må finnast både på nynorsk og bokmål, gjer fleirtalet i komiteen så godt som ingenting for nynorske læringsressursar.  

– Dette er svært skuffande og beint fram eit svik mot nynorskelevane, seier Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret.

Ei samla språkrørsle, lærarar, Utdanningsforbundet, læremiddelprodusentar, Språkrådet og ikkje minst over 120 ordførarar har kravd at læringsressursar utvikla til bruk i skulen må finnast på både nynorsk og bokmål.

Krev kartlegging

Med den nye opplæringslova har Stortinget sjansen til å betre den alvorlege læremiddelsituasjonen for nynorskelevane, men fleirtalet i komiteen bed berre om vidare kartlegging, trass i at behovet for nynorske læringsressursar allereie er skrikande.

– Det er ikkje intensjonar me treng no, me treng ei opplæringslov som sikrar reell rett til opplæring på eige språk, seier Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret.

– Ikkje tråd med offisiell språkpolitikk

Om ei veke skal opplæringslova handsamast i Stortinget. Senterleiaren ved Nynorsksenteret peikar på at dersom Stortinget ikkje vedtek eit språkkrav til læringsressursar, aksepterer dei at nynorskelevane har dårlegare vilkår for ei god opplæring i språket sitt enn bokmålselevane har.

– Det er svært alvorleg og slettes ikkje i tråd med offisiell språkpolitikk som seier at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Me har bede om at nynorskelevar skal få den same retten til opplæring i eige språk som bokmålselevane har. Det er heilt utruleg at fleirtalet i utdanningskomiteen ikkje støttar det. No må Stortinget rydde opp, seier senterleiaren ved Nynorsksenteret.

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen.

– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisere opplæringslova slik at ho vert tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– For over 50 år sidan vedtok Stortinget at læremiddel skulle kome til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. I ein skulekvardag med fleire og fleire appar bryt Stortinget no i praksis dette prinsippet, seier Peder Lofnes Hauge.

I utdannings- og forskingskomiteen fekk Ap og Sp med seg Høgre og FrP for å halde nynorskkravet ute av lova. Medan Raudt, SV og Venstre ynskte å vedta lovendring.

Både Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 ordførarar i Noreg har bede om denne lovendringa.

– Det er ekstremt skuffande at Ap og Sp let private læremiddelprodusentar få sleppe å bry seg om dei to norske skriftspråka, framfor å stå side om side med nynorskelevane. Noregs Mållag har gjort sitt beste for å få regjeringspartia til å forstå alvoret, men har ikkje lukkast.