Heim Blogg Side 188

Kommentar: Språk som del av den kulturelle grunnmuren

0

Eg driv for tida og les Enger-utvalet si utgreiing NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014. Eg kjenner at eg vert glad når eg ser kor grundig arbeid utvalet har gjort.

 

Usikker framtid for Norsk Ordbok

0

Dei siste to binda i 12-bindserien Norsk Ordbok skal vere ferdige i 2014. Kva som skjer med ordboka etter det er det ingen som veit.

Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

0

Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007.

Pressemelding: Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

0

Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007. Ho har også vore leiar i Diktarvegen.

Sitjande styreleiar Astrid Myran Aarvik ynskjer ikkje å ta attval som leiar, men blir sitjande i styret til LNK. Laura Seltveit frå Sauda tek ikkje attval, og valnemda har innstilt Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune, som ny fast styremedlem.

Nye varamedlemmer er Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune og Kari Vaage Gjuvsland, varaordførar i Suldal kommune.

Årsmøtet til LNK blir gjennomført under Landstinget på Voss 23 – 25 april. Les programmet til landstinget her: https://lnk.no/images/stories/landstinget2013/LNK_Landsting_2013_program_og_invitasjon.pdf

For meir informasjon
ta kontakt med dagleg leiar i LNK

Vidar Høviskeland
90 50 66 17

Nynorsk – eit språk for framtida?

0

Statssekretær i Kulturdepartementet, Kjersti Stenseng, kjem til Landstinget 2013 for å snakke om framtida til nynorsken. 

Populære barnebøker

0

2012 ser ut til å bli eit rekordår i eksport av norske barnebøker.

Ordstyraren

0

Hanna Relling Berg (54) håpar fleire oppdagar rikdommen i det norske språket. Sjølv har ho språk som arbeidsverktøy.

Startskot for arbeid med å auke leselysta til barn

0

Mens kvar einaste grunnskule i Noreg har to skulekonsertar i året, er det meir tilfeldig kva elvane får av litteraturtilbod.

Venstre-leiar ikkje fornøgd med språkpolitikken til Høgre

0

Venstre-leiar Terje Breivik er ikkje fornøgd med sidemålspolitikken til Høgre. – Som å gjere algebra valfritt i matte, seier han.

Grønt lys for nynorsk nettbank

0

 

Banksjef i Valle Sparebank, Vidar Homme, er ein av dei som har ønskt seg nynorsk nettbank. No ser det ut til å bli ei løysing.

LNK – 20 år med språkkamp

0

– Eg trur kunnskap om språk vert endå viktigare enn i dag, ikkje minst det å uttrykkje seg skriftleg, altså nytte språket som kommunikasjonsverktøy. Men språk som identifikasjonsmerke kjem også til å bli viktig framover, seier leiar i LNK, Astrid Myran Aarvik.

Språkåret – Diplom i norsk

0

Denne teksten handlar faktisk ikkje om diplom i norsk, men om norske diplom. Eg tenkte berre at denne overskrifta var litt «finare». Og så får vi no sjå om vi kanskje likevel kjem tilbake til ho.