Heim Blogg Side 2

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag!

Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!
Tid: Måndag 20. oktober klokka 12.00-12.30 og klokka 19.30-20.00
Påmelding: https://nettskjema.no/a/nynorskfolkevald

Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Korleis bli ein god nynorskkommune? Vi inviterer alle kommunestyrepresentantar som ynskjer å setje seg meir inn i saksfeltet til digital seminar.

Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Gjeremålsliste for nynorsk folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år)
– be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag!

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?
Tid: Måndag 20. oktober klokka 14.15-15
Målgruppe: Skulebyråkratar og rektorar i kommunar med nynorskskular eller nynorskklassar.
Påmelding: https://nettskjema.no/a/nynorskskule

Rammer rundt opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda
– Born og unge sine språkrettar. Om læremiddel, skriveprogram mm
– Kva er god opplæring i skulen?
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen
– Språkbruksplan
– Tilbod om Norsk barneblad, Framtida Junior og Pirion til elevane, skrivekurs til elevane
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Kor viktig opplæringa i kommunane er for språkleg fridom
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar igjen.


– At fleire av programpostane nærmar seg utselde, viser at Litteraturdagane verkeleg har funne si form. Eg gler meg til å sjå publikum møte alt frå nye stemmer i norsk litteratur til dei godt etablerte, seier Yngve Knausgård, som er festivalsjef og museumsleiar ved Vinjesenteret i ei pressemelding.

Festivalen opnar torsdag kveld med Mímir Kristjánsson i samtale om boka Pabbi. Seinare same kveld møter publikum globetrotter Gunnar Garfors, som deler erfaringane sine frå reiser langs ekvator og polarsirklane. Fredagen byr på nye litterære stemmer, aktuelle samfunnssamtalar og ein pulserande konsert med Symre.

Laurdag får publikum møte vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris Anna With, og Karl Ove Knausgård skal halde det tradisjonsrike Vesaas-føredraget. Under festkvelden på Edland får Eldrid Lunden tildelt Storegutprisen, og Ine og Edvard Hoem vil saman med pianisten Andreas Ulvo gi publikum ei sterk konsertoppleving.

– Det er noko heilt spesielt når vi får huset fullt av folk som kjem for litteraturen. Vi har sett saman eit program som vi håpar både rører og inspirerer, seier Ea Kristine Bakken, som er vertskapsansvarleg ved Vinjesenteret.

– Vi ønskjer at Litteraturdagane skal vere både tankevekkande og nære, med rom for dei store spørsmåla – men òg for latter, musikk og fellesskap, avsluttar Knausgård.

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. 

I 127 dagar har målfolk frå nord til sør og frå aust til vest jobba saman for kampanjen Nynorsk i skulen for alle. Målet har vore å vise kor viktig sidemålsordninga er for nynorsken som nasjonalt språk.

– Eg er stolt over det vi har fått til inn mot dette valet, seier mållagsleiaren i ei pressemelding.

Krev raudgrønt nynorskløft

Arbeidarpartiet må få med seg Senterpartiet, SV, Raudt og MDG for å danne fleirtal i Stortinget.

– Nynorsken har mange vener i desse partia. Difor ligg alt til rette for ein meir offensiv nynorskpolitikk denne perioden, seier Peder Lofnes Hauge, som har ei liste med fem krav:

1: Sats på sidemål

2: Grunnlovfest nynorsk

3: Styrk digital nynorsk

4: Sikre nynorsk i lærarutdanninga

5: Gje eit økonomisk løft for nynorsk kultur

– Regjeringa må styrkje sidemålsordninga. Den systematiske opplæringa bør ta til langt tidlegare enn i dag, og vi må ha lærarar som fremjar gode haldningar til nynorsk og kan drive god opplæring i og på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Han er også oppteken av at det må bli meir nynorsk over alt – særleg på internett. Noregs Mållag krev ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering.

– Dei store teknologiselskapa sit med altfor stor makt over språkutviklinga i Noreg, både i klasseromma og samfunnet elles. Vi må ta tilbake makta over utviklinga, seier Peder Lofnes Hauge.

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp veke etter står ho med heftet på nynorsk.

Tenk er skuleavdelinga til Faktisk.no og jobbar med kjeldemedvit og kritisk mediebruk på fleire ulike måtar og arenaer. Mesteparten av innhaldet deira er på bokmål.

Mariann Øygard Sjøvold fekk sjå det gode valheftet deira på bokmål, tok ho kontakt med Tenk.

– Faktisk.no, har laga eit supert valhefte til ungdomsskuleelevar. Men, det var berre på bokmål. Etter at Mariann kontakta dei, så har dei jobba på spreng for å omsetja heftet til nynorsk, skriv rektor Anne Hufthammer på Sund ungdomsskule til LNK.no.

Stor etterspurnad

Sølve Kuraas Karlsen er leiar i Tenk. Han er glad for spørsmålet frå Sund ungdomsskule. På kort tid er heftet lasta ned 450 gonger. Det er mykje for dei, og viss ein gangar med 25 elevar i ein klasse, så blir det fleire tusen elevar som har fått bruka valheftet.

Mesteparten av innhaldet til Tenk er digitalt, men berre ein liten brøkdel er på nynorsk. Tenk vil gjerne at flest mogleg skal bruka opplegga deira. Om det er eit behov for stoff på nynorsk, så seier Sølve Kuraas Karlsen at det er enklare for dei å bruka det som pressmiddel for å få bruka pengar på omsetjing.

– Me er berre fire stykk, og det er avgrensa for kor mykje me klarer å omsetja. Me pressar på for meir på nynorsk, men er avhengig av meir finansiering viss me skal klara det, seier han til LNK.no.

Tenk har fått innvilga grunnstøtte frå Utdanningsdirektoratet på over 22,8 millionar kroner frå juli 2024 og ut juni 2027.

Ingen krav til nynorsk

Utdanningsdirektoratet har ikkje stilt krav til at innhaldet på Tenk skal vera på nynorsk.

LNK og resten av nynorskrørsla har i fleire år tatt til orde for at Utdanningsdirektoratet må stilla språkkrav til læringsressursane dei gjev pengar til.

Då Stortinget vedtok ny opplæringslov i juni 2023, valde dei å ikkje lovfesta krav om nynorskversjon av læringsressursar utvikla til bruk i skulen, slik mellom anna Noregs Mållag, LNK, Språkrådet, Utdanningsforbundet og ei lang rekkje norske ordførarar kravde. Derimot bad dei departementet undersøkja korleis situasjonen er i skulen.

Rett før sommaren la Utdanningsdirektoratet fram ein rapport som viser at det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og det er ofte vanskeleg å finna fram til innhald på nynorsk.

Riksrevisjonen: Nynorskelevar får læremiddel seinare enn bokmålselevar

I den ferske rapporten «Læremidler i grunnskoler og videregående skoler» slår Riksrevisjonen fast at nynorskversjonen av læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen.

– Dette er ein situasjon som vi er veldig godt kjent med, men det er likevel viktig at vi får rapportar frå Riksrevisjonen som stadfestar det vi i Mållaget har sagt så lenge, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Opplæringslova krev at læremiddel skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Undersøkinga Riksrevisjonen har gjort viser at berre kvart fjerde trykte læremiddel kjem på nynorsk til same tid som læremiddelet på bokmål.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto Thomas Brun, NTB Kommunikasjon

Må vente i fleire månadar

26 prosent av lærebøkene kjem først etter 3–4 månadar, skriv Riksrevisjonen.

– 3–4 månadar inn i skuleåret er november og desember. Nynorskelevar kan ikkje gå utan læremiddel fram til jul. Her må departementet gjere tiltak slik at lovene dei lagar blir følgde, seier Peder Lofnes Hauge.

«Ikkje tilfredsstillande» læremiddelsituasjon

Riksrevisjonen har konkludert med vurderinga «ikkje tilfredsstillande» for læremiddelsituasjonen i norsk skule, og skriv at:

«Skuleeigarane kjøper ikkje inn læremiddel og utstyr som dekkjer behova til skulane. Det gjer at elevane får ulike føresetnader for læring og fører til at lærarane brukar unødvendig mykje tid på å kompensere for manglande læremiddel.

Kunnskapsdepartementet sørgjer ikkje for at det blir produsert læremiddel som dekkjer behova til alle elevar i alle fag. Det gjeld særleg tilrettelagde læremiddel og læremiddel til elevar i fleire yrkesfag og fag med få elevar på landsbasis.»

– Eg krev at kunnskapsministeren tek tak i dette straks og viser at nynorskelevane er like mykje verde for ho som bokmålselevane, seier Peder Lofnes Hauge.

Språkpolitisk verkstad under Arendalsveka: Kvar står det norske språket i 2050?

Kva må vi gjere for å sikre eit sterkt og levande norsk språk i framtida? Under Arendalsveka inviterer Nynorsk forum til ein språkpolitisk verkstad som ser 25 år fram i tid.

Her møtest politikarar, forskarar og språkfolk for å løfte blikket og diskutere kva som faktisk skal til for å sikre framtida til både nynorsk, bokmål og norsk språk
generelt.

– Språkpolitikken i Noreg er ofte prega av kortsiktig debatt og enkeltsaker. Derfor inviterer vi ein samtale med eit større perspektiv der vi skal løfte blikket og diskutere nokre av dei mest grunnleggjande utfordringane norsk språk står overfor i åra som kjem. To tema står sentralt i diskusjonane: stoda for norsk fagspråk og dei språklege konsekvensane av makta teknologigigantane har over den digitale infrastrukturen vår, seier ordstyrar for dagen Olav Øyehaug Opsvik. Han er direktør for Nynorsk kultursentrum og sekretær for Nynorsk forum.

Både politiske og faglege røyster som er sentrale i språklandskapet deltek i debatten. Blant deltakarane er stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap), statssekretær Marianne Wilhelmsen (Ap), språkforskarane Unn Røyneland (UiO) og Marita Kristiansen (UiB) og direktør i Språkrådet Åse Wetås. Svein Olav Langåker frå Nynorskkommunane og Peder Lofnes Hauge frå Noregs Mållag deltek også med viktige perspektiv.

Arrangementet er ope for alle, og passar for deg som er oppteken av demokrati, kultur og framtida til norsk språk. Arrangementet blir også strøymt.

Tid og stad: Måndag 11. august kl. 11.30–13.30, Kulturkammeret, Kraftverket Scene
Arrangør: Nynorsk forum

Kvifor er nynorsk usynleg på kino og på Netflix?

Nye krav kan føra til at store strøymetenester får fleire filmar og seriar på norsk. Samstundes er nynorsk så godt som usynleg både hos Netflix, Max og Disney og på det store lerretet. Dette bør det gjerast noko med.

I februar vedtok Stortinget ei endring i kringkastingslova. Innstillinga frå kultur- og familiekomiteen slår fast at lovendringa «stimulere[r] til filmpolitisk måloppnåelse, kulturelt og kunstnerisk mangfold og språklig utvikling i Norge».

Endringa forpliktar tilbydarar av såkalla audiovisuelle bestillingstenester å bidra økonomisk til produksjon av norske audiovisuelle verk. Med andre ord må strøymetenester som Disney, Max og Netflix legga pengar i norskspråkleg film- og serieproduksjon. Frå 2026 er det snakk om 150 til 200 millionar kroner årleg.

Endringa kan bidra til å styrka norsk språk og kultur. Reguleringa av strøymetenestene kjem fordi dei blir stadig viktigare i mediekvardagen i Noreg. Strøymetenestene tar til dels over for allmennkringkastarane NRK og TV 2, som må retta seg etter ei lang rekke kulturpolitiske krav.

Langt mellom filmar og seriar med nynorskteksting

Folk flest les færre bøker enn tidlegare, og teksting av tv, film og seriar blir difor ei svært viktig kjelde til skriftleg norsk. Allmennkringkastaren NRK bruker mykje nynorsk i tekstinga si, men dei private strøymetenestene bruker så å seie aldri nynorsk.

Språkrådet tok kontakt med kundeservice hos Netflix for å høyra om tenesta har innhald teksta på nynorsk. «Nei» var det stutte svaret me fekk. Det er ikkje noko som tyder på at stoda er annleis hos dei andre strøymetenestene. På kino er situasjonen marginalt betre, og nokre få filmar har vore teksta på nynorsk dei siste åra. På 1980-talet var Ronja Røvardotter teksta på nynorsk nokre stader. Nesten tretti år seinare kom gangsterfilmen Tropa de elite med undertekstar på nynorsk på kino. Det skjedde like etter at Norsk Målungdom hadde jobba med ein kampanje for å stilla krav om minst éin nynorskteksta film på norske kinoar i 2008.

På 2010-talet vart berre nokre få kinofilmar distribuerte med tekst på begge skriftspråk. Etter 2020 har det ikkje kome ein einaste kinofilm med nynorske undertekstar, så vidt me veit.

På Blu-ray har det derimot kome fleire filmar med nynorsk teksting dei siste åra. Bortimot heile Norske filmklassikarar-serien til Platekompaniet og Christer Falck har nynorsk teksting. Det viser at det er mogleg med undertekstar på nynorsk. Kanskje kunne strøymetenestene nytta seg av same teksting når dei tilbyr filmar som Uno og Reprise til abonnentane sine?

Undertekstar speglar ikkje det språklege mangfaldet

Nær halvparten av befolkninga i Noreg ser på strøymt innhald ein gjennomsnittleg dag, viser Statistisk sentralbyrås Mediebarometer for 2024. Strøyming er mest populært blant unge vaksne i alderen 16 til 34 år. Om lag 80 prosent av befolkninga har eit fast kinotilbod i kommunen sin, og kino er ein av dei mest brukte kulturaktivitetane blant nordmenn, ifølgje regjeringa sin kino- og filmformidlingsstrategi Mer film sammen. I strategien er det formulert som eit kulturpolitisk mål at det skal leggast til rette for breidde og mangfald i kinotilbodet i heile landet.

I 2012 vart det vedteke ei endring i forskrifta om tilskot til audiovisuelle produksjonar som stiller krav om at alle norske filmar skal ha norskspråklege undertekstar. Sidan 2017 har det vore krav om at alle filmar skal synstolkast. Men språkleg breidde og mangfald visest i dag ikkje i undertekstar, korkje på kino eller på strøymetenestene. Det kjem heller ingen krav om dette i paragrafen om plikt til å investera i norskspråklege audiovisuelle verk, som tok til å gjelda 1. mai i år.

Nynorsk har vore og er framleis nærmast usynleg på det store lerretet og på små og store skjermar i heimen. Over ein tredjedel av alle kommunale kinoar i Noreg ligg i nynorskkommunar og i språknøytrale kommunar med ein stor del nynorsk. Kvifor skal ikkje kinogjengarane her få møta språket sitt?

Bokmål treng ikkje vera norma

Språklova slår fast at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk, og at ein må setja inn særlege tiltak for å styrka nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Men det finst inga lov som slår fast at all underteksting skal vera på bokmål.
Andre land fører ein offensiv språkpolitikk for å verna om mindre brukte språk. Spanske styresmakter sette til dømes krav om innhald på baskisk, galisisk og katalansk i strøymetenestene i 2022. Det er ingen grunn til at vi i Noreg skal vera mindre offensive enn i Spania.

Språkrådet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar meiner at manglande nynorsk i undertekstar heng saman med gammal vane og mangel på treffsikker politikk. Me håpar og trur at 2020-talet skal bli tiåret då det losnar for teksting på nynorsk.

Me vil difor føreslå følgjande tiltak for å snu trenden:

• sørga for at filmane som ligg an til å bli dei største kassasuksessane i eit kinoår, får teksting på både nynorsk og bokmål – då kan kinoane sjølve velja, og tenåringar på Voss, i Volda og i Vinje kan få sjå at språket deira funkar også på film
• setja krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene skal vera på nynorsk, slik at alle skal kunne lesa både bokmål og nynorsk i undertekstar på desse plattformene
• setja krav om at filmane som vert synt til fleire tusen barn og unge gjennom Den kulturelle skulesekken, er teksta på både nynorsk og bokmål

Oppsummering etter landstinget – og aktuelle kurstilbod

Takk til alle som deltok på landstinget vårt i juni. Frammøtet var det beste på 14 år!
Landstinget til LNK vedtok ein ny strategi, reviderte vedtektene og godkjende årsmeldinga og rekneskapen. Vedtektsendringa gjer det tydeleg at landstinget kan vedta dagsaktuelle språkpolitiske fråsegner.
Landstinget vedtok desse fråsegnene:
Språkrådet har undersøkt stavekontrollane til Microsoft, Apple og Google, og finn alvorlege feil som bryt med kravet i opplæringslova om at alle stavekontrollar skal støtta offisiell rettskriving. Statssekretær Trude Storheim kalla det ein skandale på landstinget. LNK følgjer opp saka med både leverandørane og fleire departement.
Kurstilbod:
I vår arrangerte LNK rekordmange På saklista-kurs – kurs i nynorsk klarspråk. Det er enno høve til å bestilla kurs no i haust. Les meir og bestill her!
Håpar de får ein fin start etter sommarferien!

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av
nynorskkommunar – LNK.

Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK:

• LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera aktive og stolte nynorskbrukarar og medvetne i språkspørsmål.
• LNK skal arbeida for å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innanfor alle delar av det offentlege. LNK skal ta eit ansvar for språkutviklinga i medlemskommunane, og ta på seg informasjons- og kulturfaglege oppgåver som set nynorsk inn i nye samanhengar.
• LNK skal vera ein pådrivar i høve til sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar kommunane har, for å få dei til å ta språkjamsillinga på alvor. LNK skal vera ein konstruktiv, positiv og framoverretta samarbeidspart.
• LNK skal ta opp saker på vegner av medlemene.
• LNK skal vera ein medlemsorganisasjon, men samstundes leggja vekt på fellesskapet gjennom å tilnærma seg medlemene på ein måte som stimulerer til dialog og tovegskommunikasjon.

I strategiperioden skal følgjande punkt ha særleg prioritet:

1. Styrka nynorsk blant barn og unge.
2. Styrkja språkarbeidet i nynorskkommunane.
3. Gjera organisasjonen og tilboda våre kjent blant tilsette, folkevalde og innbyggarar i medlemskommunane våre.
4. Styrka den språkpolitiske slagkrafta til nynorskkommunane.

Utfordringar for LNK og nynorsk i kommunane

• Språkskifte blant barn og unge.
• Over halvparten av nynorskkommunar tilbyr berre norskopplæring på bokmål for vaksne innvandrarar.
• Staten er ikkje god nok på å følgja språklova.
• Digitale løysingar manglar på nynorsk. Utviklinga av kunstig intelligens (KI) gjev nye mogleikar og utfordringar.
• Manglande kjennskap og medvit i kommunane om gode nynorske tilbod.

MÅL FOR LNK:

1. Styrka nynorsk blant barn og unge:

• Utvikla og driva Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett og Pirion og arbeida for at dei får ein meir føreseieleg økonomi.
• Utvikla og driva vidare kurstilboda for elevar som Framtida.no, Framtidajunior.no og Magasinett driv.
• Arbeida for meir medvitne haldningar til språk og kultur i barnehagane og skulane og styrka nynorsk i alle fag.
• Arbeida for å få på plass ei ordning med språkleg godkjenning av læremiddel og skriveprogram.

2. Styrkja språkarbeidet i nynorskkommunane:

• Arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell samanheng, mellom anna ved å syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur, samfunnsutvikling og omdømebygging.
• Styrkja språkkompetansen blant tilsette i kommunar og fylkeskommunar. LNK skal tilby kursa «På saklista», «På brett og tavle» og fagsamlingar så langt økonomien tillet dette.
• Arbeida særskilt inn mot kommunar der nynorsk står svakt og er utsett for språkpress frå områda dei grenser til.
• Arbeida for at kommunane vedtek språkplanar og integrerer desse i kommunale planverk og at desse tydeleggjer kven som har ansvar for språk i kommunane.
• Arbeida for at medlemmane til LNK skal få medlemstilbod og medlemsfordelar.
• Arbeida for at programvare, læremiddel og språkteknologiske verktøy blir utvikla på nynorsk.
• Bidra til at det blir lettare for kommunane å stilla krav til innkjøp av tenester og varer på nynorsk.
• Arbeida for at framandspråklege får fullgode læremiddel på nynorsk og bidra til samarbeid mellom vaksenopplæringane, gjerne saman med statsforvaltarane og lærarorganisasjonane, for å gjera det lettare for fleire kommunar å tilby undervising i nynorsk og dialekt. Det skal vera eit statleg ansvar å syta for at det finst tilgjengeleg læringsmateriell av god kvalitet på nynorsk for framandspråklege.

3. Gjera organisasjonen kjent blant tilsette, folkevalde og innbyggarar i
medlemskommunane våre:

• Presentera kursprogramma under rekrutteringsferder, medlemsbesøk og i direkte kontakt med medlemmane.
• Invitera til eigne digitale nynorskseminar for kommunestyrerepresentantar, og for kommunalsjefar, oppvekstsjefar, skulefagleg rådgjevarar eller tilsvarande.
• Presentera tilboda for barn- og ungdom under rekrutteringsferder/ medlemsbesøk og i direkte kontakt med skular og barnehagar.
• Laga og følgja opp merkevare- og kommunikasjonsstrategi.
• Ha aktiv kontakt med media og relevante styremakter for å få fram aktuelle saker.
• Markera organisasjonen gjennom tilboda våre til barn og unge.

4. Styrka den språkpolitiske slagkrafta til nynorskkommunane:

• Samarbeida med Språkrådet og Nynorsk kultursentrum om kartlegging av haldningar til språk og andre tiltak for nynorsk i kommunane.
• Samarbeida med KS og andre nettverk og organisasjonar om tiltak som styrkar nynorsken i kommunane.
• Fremja medlemene sine språkpolitiske interesser gjennom fråsegner og politisk arbeid.
• Arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk.

Styret følgjer opp vedtatt strategi for mangfald, inkludering og rekruttering og skal vedta ein strategi for berekraft i løpet av 2025.

Vedteke på landstinget til LNK, 3.-4. juni 2025

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det berre å seie: Tusen takk!

Festspela opna offisielt med ei feiring av 25-årsjubileet for det nye Aasentunet, som då det opna i 2000 markerte ein ny start for museumsdrifta i Nynorsk kultursentrum. Eit fullsett uteamfi fekk ta del i feiringa saman med Åse Kleveland, festspeldiktar Marit O Kaldhol, musikar Steinar Raknes og dansaren Bao Andre Nguyen. Kvelden vart avslutta med ein storslått konsert med Stein Torleif Bjella med band.

Tidlegare kulturminister Åse Kleveland heldt opningstalen under opninga torsdag kveld. Foto: Tone Solhaug

Konstituert arenaleiar i Aasentunet og festspelsjef, Ida Karin Aarflot Kornberg, er godt nøgd med gjennomføringa av festivalen.

– Over 3000 gjestar har besøkt Festspela denne helga. Vi er svært takksame for alle som har teke turen, og ikkje minst for innsatsen frå frivillige, tilsette og samarbeidspartnarar. Dei har verkeleg vist kva godt samspel betyr i praksis, seier ho i ei pressemelding.

Festspela har hatt eit innhaldsrikt program med sterke stemmer og nye perspektiv som har vist korleis litteratur, musikk, kunst og samfunn heng saman på tvers av sjangrar og tema.

– Vi ser at gjestane våre har sett pris på breidda i programmet, og det er kjekt sjå at mange barn har hatt gleda av det utvida Festsprell-programmet i år også, seier Kornberg.
I løpet av fire dagar med høgtlesingar, føredrag og samtalar har publikum fått kjenne på heile kjensleregisteret. Vêret skapte fantastiske rammer gjennom heile festivalen. Laurdag kveld fekk fleire hundre gjestar oppleve Ingebjørg Bratland syngje og spele i varmt og nydeleg sommarvêr i uteamfiet.

– Det har vore inspirerande å ha så mange talentfulle utøvarar som har bidrege gjennom heile festivalen, seier produsent for Festspela Kim Åge Furuhaug.

Festspeldiktar Marit O Kaldhol var svært delaktig i programmet gjennom heile Festspela. Foto: Nynorsk kultursentrum, Maria Fet

Festspeldiktar

– Vi er svært stolte av samarbeidet med festspeldiktar Marit O Kaldhol, som foreslo det spennande temaet «Samspel» til årets festival, skyt Kornberg inn.

Mange gjestar har blitt betre kjende med Kaldhol som har framført fleire nyskrivne tekstar, sett tilbake på ein lang og rikhaldig forfattarskap og delt av sin kunnskap og sterke engasjement. Under Ivar Aasen-stemnet søndag ettermiddag vart programmet i Aasentunet runda av med heilt ny musikk frå Beate Slettevoll Lech til to nyskrivne salmetekstar av festspeldiktaren.

Festspeldiktaren uttrykkjer også at ho har hatt fine dagar på Festspela.
 – Det har vore ei glede å få samarbeide – samspele – med så mange dyktige menneske, og få oppleve at kjente og ukjente gir uttrykk for at litteratur og lesing betyr mykje for dei. Det både varmar og oppmuntrar, seier ho.

Markerte tre jubileum

Heile tre jubileum vart markerte under Festspela. Det er i år 25 år sidan Aasentunet nyopna som moderne og profesjonelt museum i museumsbygningen teikna av arkitekt Sverre Fehn. Nynorsk salmebok feirar 100-årsjubileum, og det er 150 år sidan den endelege utgåva av Ivar Aasens Symra vart gjeven ut.

– Opninga av det nye Aasentunet for 25 år sidan la grunnlaget for den kulturinstitusjonen Nynorsk kultursentrum er i dag. Jubileet gjer det naturleg å heidre forgjengarane og rette takksemd til dei som gjorde det mogleg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Emil André Erstad sende i talen sin under Ivar Assen-stemnet også honnør til nokre av dei som har gått føre og jobba for at vi fritt kan bruke språket.

– Dei stod for ein ny, banebrytande og inkluderande nasjonalisme. Ein nasjonalisme som bygde bruer, ikkje murar. Slik nynorsken opna opp språket for fleire, og ikkje lukka seg for dei få, sa Erstad.

Festspela 2026

Arbeidet med Festspela 11.–14. juni i 2026 er alt i gong. Då vil festspeldiktaren vere Brynjulf Jung Tjønn. Han er journalist, redaktør og prislønt forfattar og har skrive ei rekke bøker for barn, unge og vaksne.

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg.

– Festspela er ei unik moglegheit til å oppleve det beste Aasentunet har å by på, med gratis inngang til museet, eit rikt kulturprogram og ei stemningsfull ramme rundt heile opplevinga.

Festspela feirar det nynorske – språket, kulturen og folka som ber det vidare. Årets program samlar sterke stemmer og nye perspektiv, og viser korleis litteratur, musikk, kunst og samfunn heng saman på tvers av sjangrar og tema.

Tradisjonar, nye perspektiv og ein god dose humor

På Festspela i år får vi mellom anna samtalar om økologi, natur, litteratur og kva rolle klima spelar for menneske si psykiske helse.

– Vi får høyre om verdien litteraturen kan ha som reiskap for å forstå, utforske og arbeide med vanskelege tema, og innsikt i kva som inspirerer til skriving og kreativitet, seier produsent for Festspela og Nynorsk kultursentrum Kim Åge Furuhaug.

Det tradisjonsrike Ivar Aasen-minneføredraget formidlar relevant forsking og aktuelle tema innan nynorsk skriftkultur, språk og litteratur. I år kan du høyre Margun Rauset fortelje om korleis Nynorskordboka har utvikla seg dei siste åra – og korleis definisjonar blir justerte i takt med eit språk i endring.

Lurivar er endeleg tilbake i Aasentunet og inviterer til ei fantasirik eventyrstund. Det blir også familiekonsert og barnebokbad, der publikum får møte forfattar, illustratør og musikar Vegard Markhus.

På Kunsthuset blir det festspelutstilling med biletkunst av festspelkunstnaren Gunilla Holm Platou. Utstillinga opnar torsdag, og er open alle dagar under Festspela.

På Møre folkehøgskule blir det Møre-Nytt på nytt med programleiar Eirik Risholm Velle og gjestar. Konseptet hentar mykje frå «storebroren» på NRK med oppgåver som «Kva skjuler seg bak sladden?», «Kven skal ut?» og «Kva nytt ord skal vi fram til her?». I tillegg byr dei på eigne og heimesnikra innslag.

– Festspela har eit rikt og variert program for både store og små, og takka vere godt samarbeid med andre organisasjonar, kommunane og bibliotek er fleire av tilboda gratis, seier Kim Åge Furuhaug.

Musikk under open himmel

– Alle kan finne noko spennande i årets Festspel-program, og ein treng ikkje vere språknerd eller aktiv i nynorskrørsla for å ha det kjekt på Festspela, seier Ida Karin Aarflot Kornberg.

Konsertane på utescena har i mange år vore eit høgdepunkt under Festspela. Torsdag kveld skapar Stein Torleif Bjella ei stemningsfull og minneverdig oppleving frå scena med jubileumskonserten for Aasentunet.

Laurdag kan både store og små glede seg over familiekonserten Med lasso og hatt, med Inger Bakke, Jorun Marie Kvernberg og Kristina Bjørdal Farstad. Seinare same kveld tek Ingebjørg Bratland publikum med på ei musikalsk reise prega av både ro og kraft. Søndag rundar Beate Slettevoll Lech av konsertserien med ei inderleg og uttrykksfull framføring under Ivar Aasen-stemnet.

– Aasentunet blir ein levande og stemningsfylt samlingsstad desse dagane anten du ønskjer eit djupdykk i ny nynorsk litteratur, musikalske opplevingar, høgtlesingar eller vil samlast med vener rundt eit bord i kafeen og nyte god mat frå festspelmenyen, avsluttar Kornberg.