Heim Blogg Side 227

Målpris til Miljeteig

0

Målpris til Miljeteig
Oddny Miljeteig har fått Hordaland Mållag sin målpris for 2012
– Eg trur me står ovanfor ein ny giv for nynorsken. Det vert uttrykt ein kjærleik og eit politisk engasjement for språket me ikkje har sett på lenge. Nynorsken må me ha, og nynorsken må styrkjast, sa SV-politikar Oddny Miljeteig då ho fekk prisen på Hordaland Mållag sitt årsmøte på Lindås på laurdag.
Etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen i januar gjekk ut og opna for å svekkja sidemålsordninga har Noregs Mållag fått 1700 nye medlemmer. Miljeteig har så langt verva 360 av desse.
– Oddny Miljeteig har arbeidd for nynorsken i 40 år og har vist eit stort engasjement, ikkje minst i den siste tida. Det kan henda at Kristin Halvorsen også hadde fortent prisen for å vekkja så mykje engasjement, men det er Oddny som fortener han mest, sa Martin Årseth, leiar i Hordaland Mållag.

Oddny Miljeteig har fått Hordaland Mållag sin målpris for 2012. Sidan Kristin Halvorsen sitt utspel om sidemålet i januar har ho verva 360 nye medlemmer til mållaget.

Datatilsynet meiner EU lagrar for mykje informasjon

0

 

Datatilsynet meiner EU lagrar for mykje informasjon
Publisert: 20.03.2012 08:48
(NPK-NTB): Datatilsynet meiner det er skremmande å sjå kor mykje informasjon EU lagrar om innbyggjarane sine. –  Det blir lagra så mykje informasjon at ein ikkje klarer å utnytte han, meiner direktør Bjørn Erik Thon.
EUs overvakingsorgan kan finne ut kva du åt på flyturen til USA, kva for ei seksuell legning du har og kva politiske synspunkt du har. Og då har vi ikkje eingong nemnt datalagringsdirektivet.
–  Det har aldri vore meir overvaking frå EU enn no, og det er totaliteten som er det mest skremmande. Terroråtaka skjerpar overvakinga, og teknologien gjer det mogleg og billigare å overvake, seier direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon til Aftenposten.
I ein rapport utarbeidd av organisasjonen Digital Rights in Europe blir tryggleiks- og overvakingssystema som EU bruker pengar på skildra. Rapporten er kritisk til mange av prosjekta, men er samstundes støtta med pengar frå EU.
–  Vi nærmar oss eit kjend problem som styresmaktene i USA har. Det blir lagra så mykje informasjon at ein ikkje klarer å utnytte han, meiner Thon.
Han håpar at EU også vil bruke pengar på å forske på personvernkonsekvensane av overvakinga. (©NPK)
Karoline@npk.no

Datatilsynet meiner det er skremmande å sjå kor mykje informasjon EU lagrar om innbyggjarane sine. –  Det blir lagra så mykje informasjon at ein ikkje klarer å utnytte han, meiner direktør Bjørn Erik Thon.

– Viktig å vere stolt av nynorsken

0

 

Leiar i Nei til EU, Heming Olaussen er ein av omlag 1700 som har meldt seg inn i Noregs Mållag etter nyttår. Han meiner det er viktig å sjå at nynorsken blir pressa. 

– Treng ei felles satsing

0

I morgon startar Diktarvegkonferansen på Lofthus i Hardanger. – Målsetjinga med det nye selskapet Fjordvegen Diktarvegen AS må vere å få både betre veg og fleire opplevingar langs Rv 13, seier styreleiar i selskapet, Solfrid Borge. 

Norsk Ordbok på nettet

0

Norsk Ordbok lanserte torsdag ei eiga nettutgåve av det store ordbokverket. No kan du gratis slå opp i 140.000 norske ord, som prosjektet har samla inn sidan 1930.

Lite møte på nett

0

Berre 4 av 10 kommunar overfører kommunestyremøta sine på web-tv eller radio.

Innbyggjarane mest nøgd i små kommunar

0

Innbyggjarane mest nøgd i små kommunar
Publisert: 15.03.2012 09:45
(NPK-NTB): Ei ny undersøking viser at innbyggjarane i små kommunar er dei mest nøgde i landet. Ingen av dei største kommunane er i nærleiken av ti-på-topp-lista.
Rundt 100 kommunar har vore med i borgarundersøkinga, som er gjennomført av Sentio. Innbyggjarane har blitt spurt om å rangere tenestetilbodet, bustadforholda, tryggleik, demokrati og organisasjonsforhold, skriv Nationen.
På topp kjem Modalen kommune i Hordaland. Med berre 370 innbyggjarar er kraftkommunen Modalen den nest minste kommunen i landet målt i talet på innbyggjarar. På andreplass kjem Rindal kommune i Møre og Romsdal (2.088 innbyggjarar) og på tredjeplass Fedje kommune i Hordaland (576 innbyggjarar).
–  Små kommunar scorar høgt. Eg er absolutt ikkje dogmatisk motstandar av kommunesamanslåingar, men kvar er behovet for samanslåing? spør ordførar Ola T. Heggem (Sp) i Rindal kommune, som enda på andreplass i undersøkinga, men som tidlegare har vorte kåra til beste bustadkommune i Levekårsundersøkinga i 2005.
Største kommune blant dei ti øvste er Selbu, med 4.042 innbyggjarar.
Berre i spørsmålet om bustadforhold nådde ein av dei største kommunane i landet opp, Trondheim vart kåra til best i den eine kategorien, men nådde ikkje opp samanlagt. (©NPK)
Karoline@npk.no

Ei ny undersøking viser at innbyggjarane i små kommunar er dei mest nøgde i landet. Ingen av dei største kommunane er i nærleiken av ti-på-topp-lista.

For dårlege i sosiale medium

0

Byråkratane er for dårlege til å utnytte sosiale medium. 

For få elevar

0

 

Leiar i FAU ved Otta skole, Irene Viken, trur at kampen om å gjere skulen om til ein bokmålsskule botnar i at nynorskklassane blir for små.

Krev meir nynorsk på NTNU

0

Språkrådet meiner NTNU må auke nynorskprosenten ved universitetet. 

Folkerøysting om skulemål i Sel

0

Ei rådgjevande folkerøysting om skulemål på Otta skole i Sel kommune måndag resulterte i 103 stemmer for bokmål og 76 for nynorsk. Skulen har nynorsk som hovudmålform i dag.

Fylkeslag støttar sidemålsordninga

0

Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar sidemålsordninga i ei nyleg publisert fråsegn.