Heim Blogg Side 232

Bakgrunn: Dette er Robek

0

50 kommunar er i dag underlagde statleg økonomisk kontroll via registeret Robek.

Kommunane som nynorskeigarar

0

Eg hadde tenkt å skrive om kommunane si rolle som skuleeigar. Så kom framlegget om endringar i norskfaget, som gjer at eg må omtale vår rolle som nynorskeigarar.

Noko med språk

0

KOMMENTAR: Ivar Aasen inviterer til 200-årsdag og har bede ein 25-åring frå Oslo vest om å vere partyfiksar. Velkomen til Språkåret 2013.

Det er februar 2011, og eg stryk skjorter. Midt inne i arbeidet med eit litt uregjerleg erme ringjer telefonen, og før eg får teke han, har den som ringte, lagt att ei melding om at eg må ringje opp att. Det var Ottar Grepstad, og han ringte ikkje berre for å skravle. Dersom vi spolar to månader fram i tid, har eg plutseleg fått jobb som prosjektleiar for Språkåret 2013 og skal vere sekretær for ei styringsgruppa med mange av dei fremste – og beste – språkpampane i landet.

Solskin og song

0

LEIAR: Vi kjem stadig tilbake til det, dette språklege mangfaldet vi har her i landet, som er «noen til ergrelse, andre til trøst», for å sitere Alf Prøysen. Rett nok snakka Prøysen om gatesongarar og ikkje om språket. Og det kan ofte kjennest som det er langt mellom «solskinn og sang og gittarklang for alle penga» for nynorskbrukarane rundt om i landet. Harselasen, spotten og latterleggjeringa heng laust og kjem like gjerne frå stortingspolitikarar som frå anonyme debattantar på nettet.

Dessverre er det slik at mykje av sidemålsdebatten, som i praksis er ein nynorskdebatt, til tider blir vel mykje prega av synsingar og tullprat. Argumenta som blir brukte, er gjerne tufta på myter, tru og rykte på båe sider av bordet. «Nynorsk passar så godt i dikt» er kroneksempelet på kva tøv som kan kome opp i det som burde vere nyanserte, balanserte og opplyste diskusjonar. Samstundes er dikt-argumentet eit relativt mildt og snilt argument samanlikna med det hatet og den grenselause irritasjonen nynorsken kan vekkje i mange ordskifte, spesielt på nettet, men òg i media og rundt kaféborda.

Ein av journalistane i herverande avis opplevde ein gong å bli teken hardt i armen og rista litt i av ein mann som la for dagen eit svært ektefølt sinne mot nynorskrørsla. Ho tok seg ikkje veldig nær av det, og verre ting har sjølvsagt skjedd mellom motstandarar. Men det er då verkeleg ikkje vanleg folkeskikk å drive slik.

Desto hyggelegare er det å kjenne på den vinden som ser ut til å blåse mildt over nynorsken om dagen. Etter at nynorskforslaget frå utdanningsministeren kom for ein dag for nokre veker sidan, har nynorsken opplevd å få god støtte frå fleire hald, og kanskje mest oppsiktsvekkande: frå VG.

«Det er et privilegium for et lite land å ha to sidestilte skriftspråk», seier VG på leiarplass. At dette kjem frå ei avis som i praksis ikkje let sine eigne journalistar skrive nynorsk, er overraskande, men likevel gledeleg. Det er lov å ha to tankar i hovudet på ein gong. Endå viktigare er det når debattredaktøren i VG seier ho har funne att språket sitt og ønskjer å bruke det meir. Dette er sjølvsagt vakre tonar i nynorske øyre og uansett eit langt betre grunnlag for viktige diskusjonar enn «spynorsk mordliste»-snakket, som berre er eigna til å spisse konfliktane.

Vi må ikkje vere redde diskusjonane. Alt er ikkje berre bra med språkpolitikken vår, men alt er ikkje berre elendig, heller. Det kan vere klokt av nynorskens våpendragarar å vere advokat for djevelen og skjele kritisk også til eigne argument. Nynorsken kan ikkje overleve på rein proteksjonisme.

 

 

 

Språkråd frå Språkrådet

0

Språkrådet har samla nokre typiske språklege snubletrådar. Heile samlinga finn du på Nynorsk sjølvhjelp på www.sprakrad.no. Her er nokre døme:

 

 

  1. Bruk ikkje st-passiv i presens
  2. Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
    Men: Saka blir no undersøkt i departementet.
    Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet.
    Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet.
    Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast – eg minnest. Slike verb står i ordlista.

  3. Tyda og tyding blir ofte misbrukte:
    Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?
    Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
    Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
    Men: Dette var eit stort framsteg.
    Slik kan vi bruka tyda/tyding:
    Signalet tyder at trafikken må stansa.
    Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.
  4. Preposisjonen ved:
    Tenk over om du kan bruka andre seiemåtar.
    Nokre døme:
    Ved utsetjing av gjennomføringa av prisstoppen:
    Blir prisstoppen utsett, …
    Ved lungebetennelse:
    Pasientar med lungebetennelse …
    Ved sjukdom:
    Når nokon er sjuk, …
  5. Verb:
    Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning
    høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut
    Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja).
    Men: dei framlagde sakene
  6. Bokmålsfarge i nynorsk:
    Gå inn i ein dialog med partane > snakk med partane
    Elevane får auka forståing av eit emne > elevane forstår emnet betre
    Arbeidet vil skapa tilknyting mellom deltakarane > arbeidet knyter band mellom …
    Det er viktig å tilstreva ei felles forståing … > det er viktig å bli samde om …
    Det gjekk føre seg ein innmarsj av arbeidarar på … > arbeidarane marsjerte inn på …

 

 

På heimebane igjen

0

Etter 11 år i Dagbladet har Lars Helle nå kome heim for å leie Stavanger Aftenblad mot framtida.

Medviten trespråkleg kommune

0

Storfjord kommune (nordsamisk: Omasvuona suohkan, kvensk: Omasvuonon/Isovuonon komuuni – frå Wikipedia) i Troms oppretta for nokre år sidan det første trespråklege språksenteret i landet. I fjor haust gjekk kommunestyret inn for at kommunen får namn på både norsk, finsk og kvensk.

Fleirtalet vil ha færre kommunar

0

Eit klart fleirtal ønskjer færre kommunar i Noreg, men ikkje der dei bur sjølv. Det kjem fram av ei undersøking som er gjennomført for KS.

Vil styrke nynorsk

0

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har sett ned ei ressursgruppe som skal arbeide for å styrke nynorsk som hovudmål.

Nynorskveke i Sandnes

0

Sandnes videregående skole har nynorskveke denne veka. Føremålet med denne veka er å syne elevane at nynorsk kan nyttast til alt.

Rektorar kritiske til nasjonale prøvar

0

Norske rektorar gir kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) klar beskjed om at dei nasjonale prøvane ikkje gjer skulane betre.

Gundersen ny leiar i KS?

0

På KS sitt landsting i Oslo 12. til 14. februar skal det avgjerast kven som overtar styreleiarvervet etter Halvdan Skard (Ap).