Heim Blogg Side 236

Chat med legen

0

Eit gründerpar frå Gulen har oppretta ei ny helseteneste på nett. På lege.no kan du ha videokonsultasjon med ein lege.

Turnerer med Fosse-stykke

0

Barneforestillinga Dyrehagen Hardanger, basert på Jon Fosse-boka med same namn, blir kanskje Hordaland teaters største satsing nokon sinne.

Startar ungdomsmållag på Sunnmøre

0

I går, onsdag, samla 18 ungdommar i alderen 16 til 19 seg for å stifte Søre Sunnmøre Målungdom.

Nynorsksuksess på nett

0

Nettavisa til Sogn og Fjordane si største avis, Firda, har dagleg 20 000 lesarar. Det gjer dei til den største nynorske aktøren på nett. Suksessen er ikkje tilfeldig.

 

Språkkamp i Arna

0

Alle dei åtte grunnskulane i Bergen-bydelen Arna har nynorsk som administrasjonsspråk. Samstundes vel stadig færre elevar i bydelen nynorsk som hovudmål. Kor lenge vil det vere vilje til å halde på nynorsken i Arna, spør lokalavisa på leiarplass.

Slik er Diktarvegen

0

Våren 2009 hadde Diktarvegen avsparkkonferanse i Ulvik i Hardanger. Tre år seinare er vegen lagt med nye støttespelarar og ny organisering.

Bekymra for nynorskens stilling

0

«For dei som nyttar nynorsk som hovudmål i dag, vil presset til å nytte bokmål auke dersom folk frå bokmålsområde får dårlegare nynorskkunnskapar.» Det er eitt av punkta i ei fråsegn om sidemålsundervisning som Norsk Lærarmållag nyleg vedtok.

NTNU sviktar nynorsken

0

Nettsidene til universitetet i Trondheim (NTNU) har dei seinare åra hatt berre tre prosent nynorsk. Det synest Språkrådet er så elendig at dei har bedt Kunnskapsdepartementet om å gripe inn.

Ros og rose til elektrofirma

0

At næringslivet i ein nynorskkommune bruker nynorsk er ikkje alltid sjølvsagt. Radøy mållag har vald å vise at dei set pris på dei som gjer det, og gav før helga si årlege målrose til eit lokalt elektrofirma.

Vil melde seg ut av LNK

0

Formannskapet i Meland kommune i Hordaland gjekk med eit knapt fleirtal inn for at øykommunen skal melde seg ut av LNK denne veka. Saka skal vidare til kommunestyret i april.

Nynorsksiger i Bykle

0

Mange har jobba aktivt for at Bykle kommune i Setesdal skulle behalde nynorsk som administrasjonsspråk dei siste vekene. I går fekk dei full utteljing for jobben, då eit klart fleirtal i kommunestyret gjekk inn for at tilsette i kommunen framleis skal skrive nynorsk.

Hovden Resort går tilbake til bokmål

0

Hovden Resort i Bykle kommune valde for to år sidan å begynne med nynorsk i marknadsføringa av sitt tilbod, men bestemte tidleg i januar i år at dei skulle gå tilbake til bokmål.