Heim Blogg Side 239

Stabile tal for målform

0

12,82 prosent av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som opplæringsmålform ved starten på skuleåret 2011/2012.

I fleire format

0

Forfattaren Mette Karlsvik har gitt ut to bøker i år. Og så har ho debutert som dramatikar.

Klimaansvar i kommunane?

0

Klimautfordringa er ikkje over. Men ho er i ferd med å gå i gløymeboka. No er det tid for handling nedanfrå. Her kan kommunane spele ei viktig rolle. Det er tid for det jordnære klimaarbeidet.

Nye tradisjonar

0

LEIAR: Det stundar mot jul, den tida på året då familie, tradisjon, varme og høgtid, men også forbruk, får stå i høgsetet. Tradisjonelt varar jula frå julaftan til 13. dag jul, altså til den 6. januar. Men til stor glede for somme, og til djup irritasjon for andre, byrjar jula no i god tid før advent og blir som regel hiven ut med restane av mat og kaker første nyttårsdag.

Det er ikkje noko nytt, og treng heller ikkje vere så kontroversielt, at ting endrar seg. Også tradisjonar må merkjast av at tida går, noko anna ville vore svært underleg. Mykje av den julefeiringa vi omgir oss med i dag, minner lite om den jula vi feira her til lands for hundre år sidan. Vi gjev fleire og dyrare gåver, julematen blir førebudd med andre råvarer og er også påverka av trendar utanfor oss sjølve. Julebukk er ikkje lenger ein leik for vaksne, juletrea finst i mange slag – også plast – og kyrkjegangen er tilpassa tv-programmet.

Likevel er nok jula den tida som i størst grad inspirerer oss til å børste støvet av tradisjonane våre og trykke dei til brystet vårt med stor varme og glede. Ribba, pinnekjøtet og juletorsken skal førebuast og fortærast nett på same vis som i fjor og året før. Balsamico-eddik og wasabi får stå i fred på julaftan. På bordet står englespelet, som kostar 20 kroner hjå Jernia og truleg har kosta det sidan den tradisjonen vart innført på syttitalet. Cola-nissar og norske fjøsnissar sit arm i arm i sofakrokane og ser på Tre nøtter for Askepott og Lady og Landstrykaren som deler spagettien mellom seg.

Julesongane våre er vi også glade i. Kvart år får vi stadige nyutgjevingar av gamle klassikarar som Det lyser i stille grender, Glade jul og Bjelleklang. Ikkje alle desse songane er norske, vi har lånt dei frå fjern og nær og har gjort dei til ein del av det vi kallar juletradisjonane våre.

I år har Stavanger-artisten Kjell Inge Torgersen gjeve ut ei juleplate med songar på nynorsk. Somme er tradisjonelle nynorske julesongar, medan andre er nyskrivne for dette albumet, og somme er omsette frå engelsk. Eit bra tiltak!

Også artisten Odd Nordstoga har tilført nye skattar til juletradisjonane våre. Gjennom NRK-serien Jul i svingen gav han oss ein ny julesong som vi kan ta med oss inn i høgtida og gjere til vår eigen.

Og med nokre linjer frå Jolevise ønskjer vi alle lesarane våre ei gledeleg jul!

 

Eg vil heim til jol, eg

stå i snøen utpå tunet

og vera klar

når klokkene dei kimar

fyller dalen med den songen

som var før.


Dei helsar med eit mildt drag

fyller husa med godt hjartelag,

og då veit eg at eg høyrer til.

 

Jolevise, tekst og musikk: Odd Nordstoga 2008

Deler ut klarspråkpris

0

14. februar ønskjer prosjektet «Klart språk i staten» velkomen til klarspråkkonferanse i Oslo. Statsråd Rigmor Aasrud skal dele ut Statens klarspråkspris for 2011 under konferansen.

Folk flest

0

KOMMENTAR: Du må ikkje la deg skremma av korleis folk blir framstilte i media. Dei fleste ungdommane går ikkje rundt og planlegg valdtekt eller mobbar studiekameratar, dei fleste politikarane er ikkje korrupte, og dei fleste utlendingane er ikkje terroristar.

Folk flest

er bra folk.

De smiler og hilser og oppfører seg

stort sett fint mot hverandre.

Dette

er et godt utgangspunkt.

Dette diktet av Stig Holmås burde eg ha ein stad der eg kan sjå det ofte og bli mint på det. For sjølv om eg veit så godt at det er sant det han skriv, så er det så lett å bli lurt av media, av folkesnakk og anna negativitet rundt seg.

Eg er innom Dagbladet sine nettsider stort sett ein gong for dagen og får med meg eit par andre avisframsider frå kioskane eg går forbi på vegen min. Der kan eg lesa om sexpress blant ungdommar, vennevaldtekter på fest og overfallsvaldtekter på gata, korrupte og kriminelle politikarar, mobbing på skulen, reaksjonære gamlingar, framandarta og kanskje terrorinnstilte utlendingar, rasistiske nettdebattantar og andre forferdelege ting.

Heldigvis er ein av og til ute i verda, slik at ein kan få retta opp slike inntrykk. Bussen min går forbi både ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule, og det hender ikkje sjeldan at eg tjuvlyttar litt til kva elevane snakkar om. Veldig ofte kan eg gleda meg over at gutar og jenter snakkar heilt alminneleg saman, som om dei rett og slett skulle vera kameratar og ikkje ute etter å a) mobba kvarandre eller andre, b) utnytta kvarandre seksuelt eller c) driva hærverk på bussen eller skulen sin.

No blir det mørkare kveldar veldig fort her i Nord-Noreg, og det hender at eg går aleine i tomme gater og vegar. Her ein dag leita eg etter ei adresse, og ein framand mann eg trefte der ute i mørket, gjekk rundt med meg i 15-20 minutt for å hjelpa meg å finna rette staden. Ikkje verka han som om han gjekk og planla ein overfallsvaldtekt heller, korkje på meg eller andre.

Dei få gongene eg har hatt direkte kontakt med lokalpolitikarane i byen min, har eg alltid blitt imponert over kor engasjerte og arbeidsame dei er. Sist eg var på ei langflyging, baud det arabiske paret ved sidan av meg på heimelaga arabiske kaker, og eg skjemdest fordi eg ikkje hadde noko å by på tilbake. Og det er alltid kjekt å treffa kjenningen min frå Mali ute på byen, fordi han er flink å dansa og aldri full! Realitetsorientering, heiter dette på fint. Verda er ikkje heilt slik som media vil ha det til, men det må me finna ut av sjølve.

Då eg studerte medievitskap, såg me nokre filma intervju med fleire bergensungdommar om medievanane deira. Eg hugsar spesielt ei 15-16 år gammal jente som såg mykje amerikanske actionfilmar, særleg fengselsfilmar, kunne ho fortelja. På spørsmålet om kor realistiske ho syntest filmane var, svarte ho at dei var ganske realistiske, «for går du ute på byen ein kveld, må du rekna med å få deg ein på trynet», som ho så kjekt sa.

Eg kunne ikkje heilt tru at det var same byen me budde i; eg gjekk jo ut fleire gonger i veka og hadde aldri sett nokon få seg ein på trynet. Men viss fengselsfilmar er hovudreferansen din, så er det kanskje det same du ventar å sjå ute i gatene? Og er du gammal og bur aleine, er det ikkje merkeleg at du blir redd for å gå ut eller opna døra viss verdsbildet ditt blir forma av medieoppslag om vald og ran. Og om du ikkje kjenner nokon utlendingar eller folk med røter i andre land, er det fort gjort å tru at dei er så totalt forskjellige frå deg at det aldri vil gå å dela samfunn med dei, langt mindre ha dei som naboar.

Me må rett og slett bli kjende med og ha kontakt med fleire av dei som me har fordommar mot, det er den beste vaksinen. Når ein kjem frå ei lita bygd, som eg gjer, veit ein jo at det er bra folk dei aller fleste, sjølv om dei stemmer på «feil» parti eller er litt for glade i ein fest, eller kjem frå ein annan kant av verda. Kanskje er det den gode naboskapen ein vil tilbake til med kampanjen «Tea time», der muslimar inviterer ikkje-muslimar på te? Ein god idé er det uansett. Folk flest er bra folk, dét finn me ut når me vågar å møta dei!

Borghild Gramstad er medievitar ved Universitetet i Tromsø

Bygdeprofilen

0

Nynorsken har hindra borgarkrigsliknande kulturtilstandar i Noreg, seier bygdeforskar Reidar Almås.

Mot til å meina-suksess i Sauda

0

I Sauda meir enn dobla dei valdeltakinga blant ungdommar under 26 år i lokalvalet denne hausten. Heile 81,7 prosent under 26 år valde å nytte røysteretten sin. Det er det prosjektet Mot til å meina som har skulda for.

Ikkje nøgd med skulekutt

0

Over halvparten av norske kommunar kuttar i skulebudsjettet neste år, ifølgje Utdanningsforbundet. Dette vil råka både elevar og tilsette.

Jublar for nynorsk mobilbank

0

Norsk Målungdom jublar etter at Sparebank 1 har lansert mobilbanken sin på nynorsk.

Nynorsk lågkarbo

0

Det har vore ein god haust. Fleire yndlingsforfattarar har kome med nye romanar, og det har vore eit framifrå lesevêr på Vestlandet. Forlaga fôrar oss med nye bøker kvar veke, og Bergens Tidende gler seg over at tre av dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris nesten er frå Bergen.

Varsam i horisontalkurvane!

0

Eg arbeidde med eit oppdrag for Statens vegvesen her om dagen. Dei lanserer eit større program for å gjera språket sitt enklare og klårare, og eg skulle hjelpa til med nokre velvalde ord.