Får sjeldan brev på nynorsk
Nesten halvparten av alle nynorskkommunar får sjeldan eller aldri brev frå staten på nynorsk, trass i at dei har krav på det. Det viser ei fersk undersøking som er gjennomført av Språkrådet, LNK og Nynorsk kultursentrum.
KS: – Unngå tvang i busetjinga av flyktningar
Noreg bør ikkje bruka tvang for å busetja flyktningar. Det kan føra til større konfliktar og dårlegare integrering, meiner KS.
Ei sky av bøker
1. april opnar Bokskya, ein distribusjonssentral for e-bøker som er tilgjengeleg for alle landets bokhandlarar.
Prisdryss over norsk barnefilm
Den norske barne- og ungdomsfilmen Keeper’n til Liverpool håvar inn priser. No har filmen fått publikumsprisen under filmfestivalen Cinequest i California.
Fleire bøker for barn
Talet på bøker for barn og unge aukar. I 2009 vart det gitt ut 1162 bøker i kategorien barne- og ungdomslittertaur. Av desse var 349 nye norske utgjevingar, viser tal frå Norsk barnebokinstitutt (NBI).
Kan bli først med nye toppdomene
Snart kan vi få toppdomene av typen .kristiansand eller .agder. Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ei vurdering av behovet for nye toppdomene med norsk tilknyting. Interessa frå styresmakter i andre land har vore stor.
Skal nå ungdommane via Facebook
Elise Heng Steen og Elise Løland i kjernegruppa Mot til å meina har saman med ideentreprenøren Melvær & Lien utarbeidd Førstevalet.no. Dette er ein Facebook-basert kampanje som skal få fleire ungdommar til å røyste.
Test den nye nynorsken
No kan du teste ut framlegget til ny nynorsknorm med den elektroniske ordboka «Ordrik».
– Ungdommane er engasjerte

