I dag er det ope høyringsmøte om ny nynorsk rettskrivingsnorm. Du kan følgje møtet på nett-tv.
Tolv har søkt språkdirektørstillinga
Nordisk språkkoordinator Bodil Aurstad (40), språkforskar Pia Lane (42) og professor i spesialpedagogikk Arnfinn Muruvik Vonen (50) er blant søkjarane til direktørstolen i Norsk språkråd. I alt er det tolv søkjarar som vil ha jobben etter Sylfest Lomheim.
– SmiO er for alle
Me er stolte av mangfaldet i laget, og ynskjer framheva at både i det noverande og førre styret har me medlem som studerer på BI og røystar Høgre, skriv leiar i SmiO, Tina N. Fauskanger, i eit lesarbrev til Universitas.
Skulle flytte 6.000 arbeidsplassar – har greidd 85
Senterpartiet er eit stykke unna å oppfylle valløftet om å flytte 6.000 statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Etter fem år i regjering er resultatet 85, skriv Bergens Tidende.
Lys i alle gamle hus
Laurdag 19. februar blir det ei markering av at det no er liv i alle husa på Tusenårsstaden i Fjaler. Blant anna i Klokkargarden, som er Jakob Sande sin fødestad.
Fylkesmannen byter ut bokmålsskilt
Herdla naturreservat har fått skilt på bokmål, sjølv om fylkesmannen i Hordaland har nynorsk som administrasjonsspråk. No har dei fått klage, og den vil dei ta til følgje.
Store skilnader
Det kan vere store skilnader innanfor ein kommune når det gjeld tilgangen på kvalifisert personell. Der Bjoa slit med å finne høgt kvalifisert personell til skule og barnehage, har Skjold tjukke søknadsbunkar til sine stillingar innan same sektor.
– Me bør auke startløna
Avtroppande personalsjef i Vindafjord Kommune, Kristin Helle, hevdar at startløna hjå kommunetilsette kan vere ei hindring for å rekruttere høgt utdanna personell til kommunar i utkantstrok.
Nytt Norsk Ordbok-band klart til ski-VM
No er ordet ski og samansetningar som skiløype, skiutstyr og skiklede grundig registrert og ført i det nyaste bandet av Norsk Ordbok. Ski-ordsamlinga kjem for ordens skyld ut veka før ski-VM.
Norsk grammatikk på spansk
Mariano González Campo har skrive ei bok om norsk grammatikk for spanskspråklege som ønskjer å lære seg norsk, og boka tar for seg både nynorsk og bokmål.
Styrk fagmiljøa
LEIAR: Leiar i Akademikerne, Knut Aarbakke, meiner kommunane må byggje opp større fagmiljø for å sikre rekrutteringa av kompetent arbeidskraft i kommunane. Han har eit godt poeng.
Mange kommunar slit med å rekruttere alt frå sjukepleiarar, legar og førskulelærarar til juristar. Når kommunen ikkje klarer å halde oppe kompetansenivået, går det i neste omgang ut over tenestetilbodet og dermed innbyggjarane i kommunen. Dette kan fort bli ein vond sirkel; blir tenestetilbodet dårleg, kan det bli endå verre å få tak i dei rette fagpersonane. Då er gode råd dyre.
Me har sett det før. Kommunane set i gang rekrutteringstiltak som høgare startløn, tilbod om barnehageplass og bustad. Ein vil så gjerne at den nyutdanna legen skal søkje jobb i kommunen og ikkje minst bli der.
Ingen er i tvil om at det vil hjelpe å leggje til rette for at begge partar i eit forhold får seg jobb, at ein har ein plass å bu, og at minstemann får plass i barnehagen. I tillegg skal ein ha ei god fritid; får ein ikkje det, blir ein ikkje lenge. Men kan hende er det vel så viktig å styrkje fagmiljøa?
Kan hende er det minst like avgjerande at miljøet på jobb er stimulerande og utviklande? Kanskje bør kommunen i første omgang satse endå meir enn ein gjer i dag, på å byggje opp eit fagmiljø der kollegaene får midlar og tid til å utvikle seg saman. Truleg er dette lettare å gjennomføre dersom ein samarbeider med andre kommunar.
Og kanskje er det ikkje så langt frå fokuset på barnehageplass og bustad til stimulerande fagmiljø. Det handlar om trivsel.

