Fryktar Frp
Tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga, som no er språkprofessor ved Samisk høgskole i Kautokeino, er redd det samiske språket forsvinn viss Framstegspartiet får gjennomføre sin politikk.
Slutt på nynorskskular i Nord-Trøndelag
Etter røystinga om skulemål ved Vålen skulekrins i Nord-Trøndelag kan det sjå ut til at fylkets einaste nynorsskule går over til å bruke bokmål.
Støttar kommunale næringsfond
Dei kommunale næringsfonda vil få betydeleg meir kapital over statsbudsjettet for neste år, skriv Kommunal Rapport.
20 millionar til kollektivtransport i distrikta
Regjeringa løyver 20 millionar på statsbudsjettet til å vidareføre ordninga Kollektivtransport i distrikta (KID), ifølgje Nationen.
Fotballspel på nynorsk
I dag kom internettspelet Hattrick på nynorsk. – Fotball er best på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag til nm.no.
Diktarvegen med kalender
Diktarvegen kjem no med ein eigen kalender. Der kan du lese om litteraturen og det som skjer langs rv.13.
Nynorsk i Kamerun
Den norske skulen i Kamerun (DNS) har gått frå å vera ein bokmålskule til å bli ein nynorskskule. Alle dei ni norske elevane nyttar nynorsk som målform dette året, heiter det på nettsidene til Det Norske Misjonsselskap.
Statsministeren i Hardanger
I dag vitjar Jens Stoltenberg Hardanger for å diskutere kraftutbygginga.
Meiner kommunestyra tapar makt
Høgre-leiar Erna Solberg meiner aukande interkommunalt samarbeid kan tappe kommunestyra og ordførarane for makt, skriv Kommunal Rapport.
Digital kjelde

