Heim Blogg Side 3

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen.

Etter den nye opplæringslova, har elevar rett til å gå i eigne nynorsk- og bokmålsklassar på ungdomstrinnet, dersom minst ti elevar ønskjer dette. I 2025 får kommunane til saman 102,4 millionar kroner ekstra til dette. Men departementet stiller ikkje noko krav til at kommunane faktisk opprettar eigne språkdelte klassar. Slik fordelinga mellom kommunane er sett opp får Oslo kommune 11 millionar kroner til språkdelte klassar i 2025. Dette trass i at dei berre har to nynorskelevar, som ikkje er nok til ein eigen klasse.

Enorm belastning

I sin søknad om ordinære skjønnsmidlar for 2025 melde Klepp inn 13 ekstraklassar som følgjer av språkdeling. Kommunen viser til ekstra kostnader på opp mot 20 millionar kroner grunna ekstraklassane, og har ved fleire høve tatt dette opp med Statsforvaltaren i Rogaland som ein enorm belastning. Statsforvaltaren har tatt dette opp med regjeringa.

Det er fleire andre av medlemskommunane til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som får store ekstra kostnader som følgje av kravet om språkdeling i ungdomsskulen. Slik tildelinga av midlar til språkdeling på ungdomstrinnet er no, så fører det til at pengane ikkje følgjer reelle kostnader.

– Staten må ta ansvar

– Landstinget til LNK meiner at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Staten må ta ansvar for å retta opp i dette, heiter det i fråsegna frå landstinget til LNK.

Denne veka har over 100 deltakarar frå dei 85 medlemskommunane til LNK vore samla til landsting i Øygarden. Oppmøtet er det største på 14 år.

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

0

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den demokratiske kontrollen over språket vårt. No må statsrådane våre for kunnskap og kultur gripa inn

Ei fersk undersøking frå Språkrådet viser at stavekontrollane i dei mest brukte skriveprogramma i Noreg ikkje held mål. I 2023 vedtok Stortinget ei ny opplæringslov som slår fast at skulane skal bruka skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, og som følgjer offisiell rettskriving.

LNK var svært nøgde med at regjeringa og stortingsfleirtalet lovfesta krav til at skriveprogram i skulen skal støtta nynorsk i den nye opplæringslova. Ingen av dei tre store leverandørane av skriveprogram kan no seiast å levera etter krava i opplæringslova, heiter det i ei fråsegn frå landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK.

Saboterer innlæringa av skriftspråket

Spesielt ille er det for alle elevar som skal læra seg nynorsk.

– Stavekontrollane fungerer så dårleg at dei er direkte skadelege for innlæringa av skriftspråket vårt. Elevar over heile Noreg opplever å få raude strekar under korrekt nynorsk, og ingen korrektur under det som er feil i skriveprogrammet til Google, seier dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Svein Olav B. Langåker og styreleiar Sara Hamre Sekkingstad.

85 kommunar og tre fylkeskommunar er medlemmar i organisasjonen.

Den svært mangelfulle nynorskstøtta i skriveprogramma er eit så stort problem at landstinget ber om at Kunnskapsdepartement tar ansvar for å gjera noko med situasjonen.

– Når stavekontrollen fungerer dårlegast på nynorsk, saboterer det læringa av skriftspråket – og vegen til språkskifte blir kortare, heiter det i fråsegna.

Skular er makteslause åleine

Staten, fylkeskommunane og kommunane betaler årleg milliardar av kroner i lisensar til dei store leverandørane av skriveprogram.

– Det kan vera lett for staten å gi alt ansvar til skulane og skuleeigarane. Men når ingen av dei store selskapa no har stavekontrollar som følgjer offisiell rettskriving, så står skulane og kommunane ganske makteslause. Kvar enkeltkommune og skule er små mot dei store internasjonale gigantane. Staten som innkjøpar og bestillar har mykje større makt enn éin enkelt skule. Det er på tide at staten bruker denne innkjøpsmakta. Og viss ikkje det nyttar mot dei amerikanske selskapa, så er det kanskje på tide å vurdera norske eller europeiske løysingar, seier landstinget.

Krev kontrollen tilbake!

I Noreg er det Kultur- og likestillingsdepartementet som fastset den offisielle rettskrivinga. Men i praksis er det no ingen som har kontroll på rettskrivinga. I staden er det store amerikanske selskap som dikterer fasiten.

– Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar meiner det er på tide at ansvarlege statsrådar tar ansvar og får tilbake den demokratiske kontrollen over språket vårt!

På landstinget i Øygarden denne veka deltok over 100 representantar frå dei 85 kommunane og tre fylkeskommunane som er medlemmar i LNK. Det er fjorten år sidan sist så mange deltok.

Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Under her kan du lesa talen som statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet heldt på landstinget til LNK i Øygarden 3. juni.

Det er stas å vera blant så mange kommunefolk. Eg har i mange år vore knytt til Voss kommune. Eg er no statens representant, utan at eg hadde sett det for meg for eit halvt år sidan. Så pass på! Plutseleg er det ein av dykk som må vera statens sendebod til nynorskkommunane.

Som nynorskbrukar er du van med å vera underdog. Dette gjeld også som statssekretær. Bokmålsveldet skyller over ein. Me som brukar nynorsk, tek det ikkje som sjølvsagt å bruke eller møte språket vårt. Sjølv om nynorsk og bokmål er formelt likestilte språk, er vilkåra for å bruke språka heilt ulike. Det er ikkje nokon som har bestemt at det skal vera slik, men det gjeld å forstå at det er slik det er.

Eit språk som er lite, gjer at det blir det markant og «avvikande frå normalen» — berre fordi det er lite, ikkje fordi det er rart i seg sjølv.

Små språk er også vanskelegare å læra. Ikkje fordi små språk automatisk har rar rettskriving og vanskelege ord, men fordi me sjeldan ser det i Donald-blad, i avisene og på TikTok.

Brukarar av små språk er i tillegg automatisk tospråklege, så det kostar oss lite å gå over til det større språket. Djevelen ligg altså ikkje i detaljane, men i kjøtvekta.

Temaet i dag er korleis kan staten fremja nynorsk dei neste fire åra?

Eg skal svara og bli med i samtalen etterpå. Men fyrst vil eg gjerne at me hevar blikket.

Sjølv om me er i ein nynorsk samanheng på dette landstinget, vil eg gjerne seia at det overordna viktige med språklova er at norsk for fyrste gong får formell status som «nasjonalt hovudspråk», som det står i § 4. Samisk har lenge hatt ein formell status i norsk lov, men det fekk altså norsk språk fyrst i 2022 – med språklova. At det no er lovfesta, er ei erkjenning av at norsk er under press. og at det ikkje er sjølvsagt at det er det som mest brukt i alle sektorar. Dette er nytt for bokmålet, men ikkje for nynorsk.

Språklova slår fast at norsk må sikrast i bruk.

Korfor er dette viktig? Jau, for at demokratiet skal vera det me vil, er det veldig aktuelt å tenka på at dei styrande og dei styrte snakkar same språk, og at ekspertar og vanleg folk også gjer det.

Truleg har eit lite, men sterkt språk noko for seg i møte med truslar mot ytringsfridom og desinformasjon. Truleg blir våre velferdstjenester betre når dei skjer på norsk. Truleg forstår me betre kva som skjer med samfunnet når det står i norskspråklege høyringsnotat i staden for i engelskspråklege forordningar. Truleg har me lyst til å ikkje vera eit historielaust folk utan band til våre gamle institusjonar, vår gamle skrifter og tradisjonar. Me er dei einaste på kloden som tek vare på akkurat norsk.

Språkova seier at offentlege organ skal bruka norsk, og at alle samfunnssektorar har ansvar for dette. Under dette formålet skal offentlege organ også særleg fremja nynorsk. Her peikar lova definitivt på staten. Men det er samtidig slik at lova, utan å seia det, peikar meir på Voss enn på Moss i denne samanhengen. LNK og dei enkelte kommunane har og tek derfor eit stort ansvar når dei forvaltar den nynorske språkarven i politikk, som skuleeigar og som administrasjon. Eg er sikker på at de av og til må kompromissa. Slik er kvardagen. Nynorskkommunar lever ikkje i ei språkleg boble.

Men det er viktig for meg å understreka at legitimiteten til krava i språklova om å fremja nynorsk ikkje kan oppretthaldast utan at nynorskkommunane vil at nynorsk skal fremjast. Det var kommunane som fyrst tok i bruk nynorsk, og det er kommunale vedtak som styrer delar av språklova. De må derfor både stilla krav til dykk sjølve og definitivt til staten.

I 2021 stilte 108 nynorskordførarar skikkelege krav. Dei skreiv i 2021 eit brev til Google der dei bad om at mykje brukte program i skulen kom på nynorsk. Gjennom fleire år har LNK og nynorskrørsla i kjempa for at skriveprogram som er brukte i skulen, kjem på nynorsk.

Dette svarte regjeringa på i 2024 ved å endre opplæringlova § 15-4 om at «Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.» Altså stilte staten opp med lovverket for at dette kunne skje.

Me ser no at mange kommunar har kjøpt inn stavekontrollar i den tru at at dei som leverer stavekontrollar forheld seg til at kunden vil ha stavekontrollar som kan stava. Stava rett, må eg presisera. Det kan dei ikkje, har Språkrådet dokumentert – og det er ikkje noko mindre enn ein skandale.

I ei tid der lese- og skriveferdigheitene blant unge går ned, er det ille å tenka på at uskuldige elevar i nynorske klasserom får feil på ting dei skriv rett og rett på ting dei skriv feil. Ein kan berre tenka seg kor håplaust det er å vera dyslektikar i denne samanhengen. Her er det ingen tvil om at teknologigigantane har levert slurvete produkt, til skade for brukarane. Det er eit klokkeklart eksempel på at teknologigigantane bidreg direkte negativt til samfunnsutviklinga.

Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å stå der å kopa og argumentera for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentera for den?

Dette er ikkje mine ord, men Jon Fosse sine. Det er lett å kjenna seg att i det han seier. Det er ikkje alle som kler å stå med lua i handa. Eg trur at me likevel må jobba etter ein annan strategi enn å ikkje argumentera. Nynorsken er her. Han er alle nordmenns historiske språkarv, også noko dei som ikkje likar han, har fått. Han representerer kollektive interesser for folket og landet, som nokre meiner står i mot individuelle omsyn. Slik er det omtrent med alle interesser. Interesser må vegast mot kvarandre, og ein må lage ordningar med verkemiddel som fungerer.

Eg er derfor glad for at LNK samordnar og legg opp til samtale om nynorsk på tvers av politiske skiljelinjer. Det er uansett inspirerande å ha litt ulike utgangspunkt om noko som alle vil oppnå.

Takk for meg!

Stort oppmøte på landstinget i verdas mest folkerike nynorskkommune

Det er 14 år sidan det har vore så god oppslutnad om landstinget som dette året. Totalt har 114 deltatt på landstinget i Øygarden.

Tysdag ønskte ordførar Tom Georg Indrevik landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) velkomen til Panorama Hotell & Resort.

– Eg ser fram til desse to dagane der vi kan ha fokus på kva vi kan gjera saman for å styrkja nynorsken som eit aktivt språk i Noreg og ikkje minst læra av kvarandre, sa han.

Tom Georg Indrevik og Sara Hamre Sekkingstad - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik og Sara Hamre Sekkingstad gler seg over stor oppslutnad om landstinget i LNK.
Ved utgangen av 2024 var LNK samansett av 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 17 regionråd/andre interkommunale selskap. LNK skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.Ordførar Tom Georg Indrevik understreka at språket er viktig for identiteten vår.- I Øygarden er det stor semje om at Øygarden skal vera ein nynorskkommune. Øygarden kommune vedtok språkbruksplanen allereie i november 2019, altså en god månads tid før den nye kommunen vart etablert i januar 2000. Dette var den første planen den nye kommunen vedtok. Det er vi stolte av, sa ordføraren.

Øygarden kommune ønskjer at flest mogleg elevar held fast på nynorsk som hovudmål i heile grunnskulen.

– Diverre er det mange som skiftar frå nynorsk til bokmål ved overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen, sa ordføraren.

Dårlege skriveprogram

Alverordførar Sara Hamre Sekkingstad er styreleiar i LNK. I leiartalen til landstinget viste ho til at organisasjonen har vore aktiv i å tilby kurs og at dei ulike nettstadene til LNK har hatt over eín million visningar. LNK arbeider for at medlemene skal vera stolte nynorskbrukarar.

Ho er glad for vedtak om at skriveprogram skal støtta nynorsk og bokmål.

– Likevel, stavekontrollen er så dårleg at han er direkte skadeleg, sa ho.

Det ligg føre fråsegn frå LNK-tinget der det vert vist til at stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den demokratiske kontrollen over språket vårt.

Sara Hamre Sekkingstad kommenterte ekstraløyvinga til språkdeling på ungdomssteget.

– Pengane er ujamt fordelte. Oslo får 11 millionar kroner, men har berre to nynorskelevar. Staten må visa ansvar for å retta opp dette, sa styreleiaren.

Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Trude Storheim, var sjølvkritisk då det vart avdekt at hennar departement kom svært dårleg ut når det gjeld omfanget av nynorskbruken.

– Språklova seier at offentlege organ skal bruka norsk og særleg fremja nynorsk, sa ho. Også ho var oppteken av at stavekontrollane må stava rett.

Frå konferansesamlinga på tysdag - Klikk for stort bileteFrå konferansesamlinga på tysdag.

Auka målbyte

Høgskulelektor på Nynorsksenteret og lektor på Fjell ungdomsskule, Jorid Saure, snakka om korleis vi kan hindra språkbyte. Øygarden er ein randsone og utviklinga med fleire bokmålsbrukarar i skulen har særleg auka etter at det kom bru mellom Bergen og Sotra på 1970-talet.

Særleg det siste skuleåret har bokmålsdelen auka på ungdomssteget. På Fjell ungdomsskule er det seks prosent av elevane (30 elevar) som har nynorsk som hovudmål. Nynorskdelen på Tranevågen ungdomsskule er 26 prosent, Øygarden ungdomsskule 37 prosent, og om lag 50 prosent av elevane på Sund ungdomsskule har nynorsk som hovudmål.

– Tiltak kan vera å ha god og motiverande sidemålsundervisning som motverkar negative haldningar blant bokmålselevane. Vi kan styrkja nynorskelevane si haldning og kompetanse i eige språk. Vi må også vera medvitne om nynorskdidaktikk og språklege rettar for nynorskelevane, sa Saure.

Jorid Saure - Klikk for stort bileteJorid SaureSenterleiar på Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen Volda, Synnøve Marie Sætre, var også oppteken av skriveprogramma.

– Google lova å få skriveprogram på plass i fjor, men leverandøren kjem elendig ut. Vi kan eigentleg ikkje kalla det skrivekontroll, sa ho. Også ho var oppteken at ein må finna ei finansiering som fungerer når det gjeld ekstramidlane til språkdeling i ungdomssteget.

Øygarden kommune er medlem i LNK og leiinga i kommunen deltok på landstinget med ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik i spissen. Fleire lærarar frå Øygarden deltok på den delen av konferansen som handla om nynorskopplæring.

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav Langåker, gler seg stort over den store oppslutnaden om konferansen.
– Det er 14 år sidan vi har hatt så stor oppslutnad om landstinget. Dette er skikkeleg bra. Det er også flott at opp mot 20 lærarar frå Øygarden har delteke på den siste delen av konferansen på tysdag, seier Langåker som gjerne kjem tilbake til Øygarden.

Landstinget held fram på onsdag med tema om språkteknologi og kunstig intelligens, oppfølging av språkbruksplanar i kommunane, nynorsk inspirasjon og korleis ungdom kan engasjera seg i lokaldemokratiet.

Det var kultur- og musikkinnslag ved Vivian Steinsland og Yvonne Algrøy.

 

 

Høyr podkast frå landstinget!

Den 3. og 4. juni gjennomførte LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) landstinget på Panorama Hotell & Resort i Øygarden. Vel hundre politikarar, byråkratar og andre språkinteresserte var samla.

Kommunedirektør i Øygarden Johnny Breivik og kommunikasjonssjef Vigleik Brekke har samla gjester frå landstinget i podkasten Rådhuset.

Sjå podkasten på nettsidene til Øygarden kommune!

 

Vedtekter for LNK

0

§ 1  FØREMÅL
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak.
Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

§ 2  MEDLEMER
Alle kommunar og fylkeskommunar som gjer bruk av nynorsk i skulen og/eller administrasjonen, kan vera medlemer av landssamanslutninga. På same vilkår kan interkommunale tiltak som brukar nynorsk, vera medlemer.

§ 3  LANDSTINGET
3.1  Landstinget sin status:
Landstinget er organisasjonen sitt høgaste styringsorgan. Tinget held møte annakvart år.
Kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har vore medlemer i minst to månader før landstinget vert opna, kan møta på tinget med fulle rettar.
3.2 Innkalling til landsting:
Landstinget skal ha møte innan utgangen av juni månad. Innkalling med sakliste skal
sendast til medlemene seinast to månader før tinget skal haldast. Endelege sakspapir skal
sendast tre veker før tinget finn stad. Framlegg til saker som medlemene ynskjer skal
handsamast på tinget, må sendast skriftleg til styret innan 1. mars. Landstinget set sjølv frist for dagsaktuelle språkpolitiske fråsegner.
Styret skal kalla inn til omframt landsting når minst halvparten av medlemene krev det.
3.3 Representasjon på landstinget:
Kommunane har rett til slik representasjon på landstinget:
Inntil 3.000 innbyggjarar 1 utsending
Inntil 6.000 innbyggjarar 2 utsendingar
Inntil 9.000 innbyggjarar 3 utsendingar
Meir enn 9.000 innbyggjarar 4 utsendingar
Folketalet i kommunen pr. 1. januar i det året landstinget vert halde, er grunnlag for talet på utsendingar.
Fylkeskommunane har rett til å møta med fem utsendingar, interkommunale tiltak med ein
utsending.
Kvar utsending har ei røyst på landstinget. Medlemer med rett til meir enn ein utsending kan gje ein utsending skriftleg fullmakt til å røysta for så mange utsendingar ein har rett til å senda.
Styremedlemene møter på landstinget med tale- og framleggsrett, men har ikkje røysterett
med mindre dei er valde som utsendingar.
3.4 Vedtak på landstinget:
Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Endringar i vedtektene og vedtak om oppløysing av
organisasjonen krev to tredels fleirtal av dei registrerte røystene (inkl. fullmaktsrøyster) på
landstinget.
3.5 Landstinget sine oppgåver:
Landstinget vedtar sjølv endeleg dagsorden, og vel møteleiar, referent og to utsendingar til å skriva under protokollen saman med møteleiaren.
Fram til tinget er konstituert, har styreleiaren ansvaret for møtestyringa.
Ordinære landsting skal alltid
a) Godkjenna årsmeldinga.
b) Godkjenna revidert årsrekneskap og balanse.
c) Vedta kontingent og rammebudsjett for neste to år.
d) Vedta strategi for komande fire år.
e) Velja styre, valnemnd og revisor.
f) Ta stilling til innkomne framlegg.
Landstinget kan vedta dagsaktuelle språkpolitiske fråsegner.

§ 4  STYRET
4.1  Val av styre:
Styret skal ha fem medlemer og tre varamedlemer. “Begge kjønn skal til eikvar tid vera representerte både blant dei faste medlemene og varamedlemene i styret.
Styremedlemene vert valde for fire år, likevel slik at vekselvis to og tre står på val på kvart landsting. Varamedlemene vert valde for to år.
Ved suppleringsval vert nye medlemer valde for resten av funksjonstida til den som går ut.
Landstinget vel mellom styremedlemene leiar og nestleiar for to år om gongen.
4.2  Styremøte:
Leiaren kallar inn til styremøte når han/ho synest det trengst, når dagleg leiar ber om det, eller når minst to av dei faste styremedlemene krev det.
Styret er vedtaksført når minst tre av medlemene er til stades. Ved likt røystetal gjer møtestyraren si røyst utslaget.
4.3  Styret sine oppgåver:
Styret leier landssamanslutninga i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjorde av landstinget.
Styret har i tillegg desse oppgåvene:
a) Arbeida ut framlegg til rammebudsjett for komande år, og for toårsperioden fram til komande landsting.
b) Vedta årsbudsjett innafor dei rammer landstinget har vedteke. Styret kan her også gjera nødvendige endringar i desse rammene.
c) Sjå til at rekneskapen vert ført i samsvar med lov, forskrifter og god rekneskapsskikk, og syta for at han vert revidert.
d) Kalla inn til landsting, og førebu dei sakene som skal førehavast på tinget.
e) Alle andre oppgåver som naturleg høyrer inn under styret.

§ 5  VALNEMND
Etter framlegg frå styret vel landstinget ei valnemnd på tre medlemer.

§ 6  ADMINISTRASJON
Styret tilset dagleg leiar, fastset kontorstad og vedtar løn og andre arbeidsvilkår. Innafor vedteke budsjett og dei rammer landstinget har sett for drifta, kan styret også oppretta andre stillingar i administrasjonen.

§ 7  MEDLEMENE SINE PLIKTER
7.1  Kontingent:
Medlenskommunane skal betala kontingent i høve til innbyggjartalet, med ein grunnkontingent.  Fylkeskommunar og interkommunale føretak skal betala ein fast årskontingent, utan omsyn til folketalet.
Den del av kontingenten som byggjer på innbyggjartalet, skal ta utgangspunkt i folketalet per 1. januar.
Landstinget fastset kontingenten etter framlegg frå styret. Styret kan justera kontingentsatsane for det andre året.
7.2  Kontaktperson:
Kvar medlem pliktar å peika ut ein av sine tilsette til å vera kontaktperson for LNK.

§ 8  INNMELDING OG UTMELDING
Innmelding i LNK skal skje skriftleg til styret.
Utmelding av LNK må skje skriftleg og får først verknad to fulle kalenderår etter at slik melding er komen til styret.

§ 9  ENDRING AV VEDTEKTENE
Endringar i desse vedtektene krev to tredels fleirtal. Framlegg til endring av vedtektene frå andre enn styret må vera innkomne til styret innan 31. desember i året før landstinget skal haldast.

Vedtekne 18. juni 1993, med endring vedteken 9. juni 1995 og endringar vedtekne 7. juni 2001 og 3. juni 2025.

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for nynorsken, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær for Nynorsk forum og direktør for Nynorsk kultursentrum.

I revidert nasjonalbudsjett blei det klart at regjeringa løyver ein ekstra million til Teater Vestland, som har stått i ein krevjande situasjon mellom anna på grunn av anna auka leigekostnadar i det nye Nynorskhuset i Førde.

– Det er veldig bra at regjeringa kjem med denne auken til Teater Vestland, som spelar ei svært viktig rolle for språket. Det er også viktig at Nynorskhuset får blomstre og fungere som det kulturelle samlingspunktet det skal vere, seier Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding. Han er sekretær for Nynorsk forum i kraft av si rolle som direktør for Nynorsk kultursentrum.

– Eg registrerer at det er eit stramt budsjett utan store endringar og set difor pris på at eit viktig nynorsktiltak har blitt prioritert, seier Opsvik.

– Ei tapt moglegheit

Etter snart fire år med Støre-regjeringa konstaterer Opsvik at der ikkje har vore store løft for nynorsken.

– Nynorsk forum har levert mange gode innspel til eit nynorsk kulturløft i tillegg til andre enkle tiltak knytt til vaksenopplæring, digitale læremiddel og meir. Nokre av postane vi har gitt innspel til har jamvel fått redusert si ramme i dette reviderte statsbudsjettet. Det har altså vore mogleg å omprioritere midlar til nokre av dei effektive og smarte tiltaka vi har tipsa regjeringa om, seier Opsvik.

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for nynorsken. Éin nynorskmillion er ikkje nok. Det er ei tapt moglegheit for Arbeidarpartiet. No er det opp til budsjettpartnarane Senterpartiet og SV å vise om dei kan levere for fleire hundre tusen nynorskbrukarar, konkluderer sekretæren.

Om Nynorsk forum

Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet, og kjem med felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år. Forumet har i dag 21 medlemsorganisasjonar. Les meir på nynorsk.no.

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling av organisasjonen.

– Dette er ei stor anerkjenning og ei viktig støtte for oss, seier Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum i ei pressemelding.

Tilskotet skal nyttast til å bygge organisasjonen vidare, styrke nynorsk som næringslivsspråk, auke kunnskapen om språk i næringslivet og støtte bedrifter som brukar nynorsk i kommunikasjon og marknadsføring.

– Vi er svært glade for at departementet ser verdien av innsatsen vår og har tillit til at arbeidet vi gjer, bidreg til å fremje nynorsk i næringslivet. Med denne støtta i ryggen kan vi auke aktivitetsnivået og trappe opp arbeidet for språkleg likestilling mellom nynorsk- og bokmålsbedrifter, seier Waagan.

Nynorsk bedriftsforum er eit landsdekkande nettverk for bedrifter som brukar nynorsk. Målet er å styrke nynorsk i næringslivet og sikre like rammevilkår for nynorsk- og bokmålsbedrifter. Forumet vart stifta i 2022 og har i dag 45 medlemsbedrifter frå ulike bransjar og i alle storleikar. LNK er blant stiftarane av Nynorsk bedriftsforum.

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren».

– Det er makelaust gildt! seier Trond Salte (39) om jobben som prosjektmedarbeidar. Han har jobba som lærar i vidaregåande skule i ti år, og skrive masteroppgåve om utviklinga av jærdialekten blant unge.

– Som lærar i norsk, engelsk og samfunnskunnskap har eg har vore så heldig å få jobba med noko eg brenn for og er genuint interessert i i over ti år, og denne jobben tikkar av mange av dei same boksane, kanskje i enno større grad. Det vert mindre elevarbeid, som eg nok kjem til å sakna, men meir fagleg arbeid. Sånn sett er det annleis frå det eg gjer i dag, men det skal verta spennande å prøva noko nytt!

– Me ser svært glade for å få med oss Trond Salte på laget, og ser fram til å få fart på prosjektet, seier dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Svein Olav B. Langåker.

Strategisk viktig

Prosjektet Meir mål på Jæren har som mål å styrka nynorsken på Jæren og i Rogaland, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Rogaland Mållag, Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Den nye medarbeidaren får kontor på Garborgsenteret på Bryne.

Nær 7.000 elevar på Jæren har nynorsk som hovudmål i grunnskulen. Det er eit av dei viktigaste kjerneområda til nynorsken, og ein region i vekst. Likevel er det òg eit av områda der flest elevar skiftar skriftspråk i løpet av vidaregåande.

– Jæren er ein region i vekst med sterk nynorsktradisjon, og det er her veksten i talet på nynorskelevar har vore sterkast dei siste tiåra. For nynorsken er Jæren er eit strategisk svært viktig område. Derfor er det så viktig å skapa engasjement for hjartespråket vårt, og bygga gode, positive og trygge haldningar til språk blant unge, foreldre og lærarar, seier Svein Olav B. Langåker.

Positive språkkjensler

– Eg trur nøkkelen til motivasjon og begeistring for nynorsk ligg i kva assosiasjonar skuleelevar har til nynorsk. Språk handlar jo om kjensler og identitet, så det å skapa positive kjensler til eit skriftspråk som ligg ganske nært jærdialekten, trur eg òg vert viktig, seier Trond Salte.

Han synest det er viktig å snakka positivt om nynorsk, og få skuleelevar til å forstå kor fantastisk det er at me har eit skriftspråk som er basert på dei norske dialektane, i motsetnad til bokmål, som er ei fornorsking av dansk skriftspråk.

Språkleg identitet og relevans

Trond Salte meiner det er viktig å visa verdien og relevansen til nynorsken.

– Eg trur det viktigaste er relevans, altså at nynorsk som skriftspråk er relevant for den språklege identiteten på Jæren, og ikkje minst at nynorsk har ein verdi utanfor skulen òg. Det som er mi største frykt, er at nynorsk primært skal vera eit «skulespråk», det vil seia noko som primært vert nytta i skulen og ikkje så mykje elles i samfunnet. Derfor skulle eg gjerne ha sett at til dømes næringslivet på Jæren òg brukte nynorsk i større grad. Og ikkje minst at dialekten på Jæren ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål!

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra. Styret vurderer det slik at denne rapporten, saman med revidert rekneskap for meldingsåret, gjev eit godt bilete av drifta i organisasjonen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein kultur- og interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak. Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Alle kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som gjer bruk av nynorsk språk i skulen og/eller i administrasjonen, kan verta medlemer i LNK.

Oppsummering

Det har vore stor aktivitet i LNK dei siste to åra. Nettstadene våre har nådd over éin million brukarar i løpet av dei to åra. Framtidajunior.no blei kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum på Festspela i 2023, og har opplevd rekordmange deltakarar i skrivekonkurransane sine. Framtida.no har lansert ein ny debattportal og ny nettside. I 2023 lanserte LNK eit flunkande nytt digitalt nynorskkurs for lærarar. LNK har arrangert 24 På saklista-kurs.

Talet på medlemsbesøk har tatt seg opp, og for første gong deltok LNK på Nynorskstafetten saman med Noregs Mållag i 2023. Dette var i Nord-Gudbrandsdalen. I 2024 deltok LNK på Nynorskstafetten rundt Bergen og på Haugalandet.

I det følgjande kan du lesa meir om aktivitetane til LNK i løpet av 2023 og 2024.

Trine Lerum Hjellhaug, adm. dir. i Lerum, heldt føredrag på landstinget i Sogndal i 2023 med tittelen «Saftbygda Sogndal – korleis bruker me identiteten vår i marknadsføringa». Foto: Svein Olav B. Langåker

30-årsjubileum og landsting

Dåverande kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) heldt helsingstale til landstinget til LNK i Sogndal 2023. Foto: Svein Olav B. Langåker

LNK arrangerte landsting på Quality Sogndal Hotell 1.–2. juni 2023, og markerte samstundes 30-årsjubileum. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik heldt helsingstale, og det same gjorde fylkesordføraren under middagen.

Tinget samla om lag 64 deltakarar. I tillegg deltok ein klasse ved Sogndal vidaregåande skule torsdagen.

Landstinget hadde seks hovudtema:

  • Robotane kjem! Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane?
  • Innkjøpsmakt og språkmakt i kommunane
  • Identitetsskapande merkevarebygging
  • Korleis kan kommunane nå dei unge?
  • Nynorskpolitikk og språkbruksplanar i kommunane

Stig Ulv sytte for ein artig og fin konsert i Sogndal kulturhus. Landstinget vart arrangert av LNK i samarbeid med Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune og organisasjonen Nynorskfylket Vestland.

LNK deltok på nynorskstafett både i 2023 og 2024. Her frå besøket med Sveio kommune.

Kursverksemd

I meldingsåret 2024 gjennomførte me 11 nynorske klarspråkkurs og i 2023 arrangerte me 14 i medlemskommunane våre. Me har halde kurs i alle kommunar som har bede om det, og har marknadsført kursa på nettsidene våre, i nyhendebrev, på e-post til kommunane og på medlemsbesøka me har gjennomført.

I 2023 fekk Austevoll og Bjørnafjorden eit kurs tilpassa plan- og reguleringsavdelingane deira.

Me ser at det kjem stadig nye kommunar som er interesserte i kurs, samstundes som fleire kommunar har kurs kvart år. Med den så pass store interessa for kursa i 2023, vurderte styret at interessa kunne bli større enn me har budsjett for i 2024. På styremøtet i desember vedtok styret å utvida budsjettet med 50.000 kroner, samstundes som me innfører ein eigendel på 25 prosent av kurskostnaden. I 2022 auka ramma med 100.000 kroner. Det kan vera vanskeleg å auka budsjettposten noko særleg meir utan at det går ut over drifta elles.

Jostein Avdem Fretland er dagleg leiar for Fretland & Fretland og held dei fleste av På saklista-kursa.

Fretland & Fretland AS i Lærdal har sidan 2020 hatt ansvaret for utvikling, innsal og gjennomføring av kursa til LNK. Dei melder om at enkelte av kurs av og til har ein del avmeldingar, som gjer at det kunne vera plass til fleire på kursa. Ein eigendel kan bidra til at fleire vil prioritera å ta kurs dei har meldt seg på.

Kursboka for På saklista-kurset er framleis På saklista. Språk og saksbehandling på papir og nett av Jan Olav Fretland. Boka er no under revidering.

Deltakarar oppfattar «På saklista» som både eit språkkurs, eit saksbehandlingskurs og eit klarspråk-kurs. Tilbakemeldingane deira er svært gode, og dei legg vekt på nytten av kurset i den kommunale kvardagen. Kursa går over to dagar.

Kurset for lærarar «På tavle og på skjerm» bruker boka Rett & Godt (Søyland/Fretland) som kurshefte.

På oppdrag frå Bergen kommune lanserte LNK i september 2023 eit ope og gratis digitalt nynorskkurs for lærarar. Kurset er utvikla av Jan Olav Fretland, tidlegare dosent ved Høgskulen på Vestland, og ein nestor innanfor nynorskdidaktikken. Kurset er sett saman av fleire videoar og oppgåver som deltakarane får løysa digitalt.

Hausten 2023 bidrog LNK i planlegginga av språkkonferansen i samband med opninga av Nynorskhuset i Førde.

LNK har òg bidratt på fleire seminar og inspirasjonssamlingar for lærarar i løpet av dei siste to åra.

Kursverksemda for barn og unge blir nemnt under kapitla om Framtida.no og Framtida junior.

Nynorsk og digitale læremiddel

Våren 2023 jobba LNK tett saman med resten av nynorskrørsla for å gjera opplæringslova best mogleg for nynorskelevane. LNK og Noregs Mållag fekk 121 ordførarar frå både nynorsk-, bokmåls- og språknøytrale kommunar til å stilla seg bak oppropet for like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar, og for å leggja «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.

Tidlegare var det relativt lett å kontrollera at staten følgde opp pliktene sine på dette området, men læremiddel er ikkje lenger berre bøker. Digitaliseringa har kome for fullt, også i skulen. Samstundes tar ikkje utviklarar og leverandørar av appar og programvare ansvar for språk i produkta sine. Nokre kommunar har gjort vedtak om at dei ikkje vil kjøpa inn programvare som ikkje finst på nynorsk, men i praksis er dette vanskeleg når det ikkje finst tilsvarande relevant programvare på nynorsk, av og til heller ikkje på bokmål. Sidan krav frå kommunane til enkeltleverandørar i praksis gjer lite inntrykk på store internasjonale konsern, bør kommunane halda fram med å stilla krav til Kunnskapsdepartementet om at digitale læringsressursar kjem inn under Opplæringslova, gjennom ei forskrift eller ei lovendring.

Stadig meir av skulekvardagen blir digital. Då er det viktig å setja språkkrav til verktøya som blir brukte i skulen. Illustrasjonsfoto: Svein Olav B. Langåker

Den nye opplæringslova blei vedtatt før sommarferien 2023. Lova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane. Språkdeling i ungdomsskulen og krav om nynorske skriveprogram er veldig bra. Men fleirtalet på Stortinget vedtok lova utan eit viktig krav: å ta med læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon

Ei samla målrørsle, Forleggerforeningen, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Språkrådet står bak dette kravet. Stortingsfleirtalet gjekk ikkje inn for dette, men Utdanningskomiteen har gitt regjeringa beskjed om å henta inn meir kunnskap om situasjonen.

LNK har allereie gjennomført fleire undersøkingar om den digitale situasjonen for skulane og elevane i nynorskområde, og har delt desse med Utdanningsdirektoratet. Me vil halda fram med å jobba for at det vert utvikla fleire digitale læremiddel, læringsressursar, appar og meir relevant programvare på nynorsk og for at det blir stilt krav i lov eller forskrift om dette.

Nynorskstafetten var innom Vågå bibliotek og biblioteksjef Kai Robin Flesvik Nilsen hausten 2023.

Språkplanar 

Å støtta medlemskommunane med å laga språkbruksplanar er eit viktig arbeid for LNK. LNK har det siste året vore i kontakt med fleire kommunar med råd til arbeidet med språkplanar. LNK har vore i fleire med møte Vestland fylkeskommune og kome med skriftlege innspel til arbeidet deira med retningslinjer for språkbruk i Vestland fylkeskommune.

Vinteren 2023 avslutta LNK og Nynorsk kultursentrum ei undersøking mellom kommunane i nynorskområde. Av dei 75 kommunane som svara, var det 38 kommunar som svara at dei ikkje har vedtatt nokon språkbruksplan, språkprofil eller handlingsplan for språk. 28 har vedtatt ein slik språkplan, medan ni kommunar ikkje veit dette. 18 kommunar svara at det var aktuelt å oppdatera språkplanen deira i den nærmaste framtida.

Når det gjeld tema for innhald i språkbruksplanane i bruk, er krav om rettskriving, administrasjonsspråk og klarspråk det som er mest vanleg. Språkbruk og språkfremming i ekstern kommunikasjon er òg ein del av språkplanane til eit fleirtal av dei som svara. Mindre vanleg er det å nemna språkbruk og språkfremjing innan andre delar av kommunal drift, som til dømes innan skule, barnehage, vaksenopplæring og bibliotek. Berre fira kommunar set krav til nynorskkompetanse ved tilsetjing. I stillingsutlysingar opplyser nær 63 prosent av kommunane om administrasjonsspråket i kommunen.

Hausten 2024 har LNK utvikla ein ny og oppdatert mal for språkbruksplanar, der òg språkteknologi og kunstig intelligens er tematisert. I malen kjem LNK med fleire konkrete tiltak til korleis kommunane kan driva god, lokal språkpolitikk basert på beste praksis i kommunane og faglege råd.

Frå venstre framme: Vikar i Magasinett Marie Knutsen Bruntveit, redaktør Andrea Rygg Nøttveit, journalist Åshild Slåen. Bak frå venstre: Språksjef Birgitte Vågnes Bakken og deltidstilsett Eirik Dyrøy Lotsberg.

Framtida.no

Framtida.no er ei nynorsk nyhende- og debattavis på nett for unge i alderen 14–25 år.

Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, men er redaksjonelt uavhengig.

Framtida.no dekkjer heile landet, men fokuserer på saker som er viktige for unge, som ungdomsengasjement og politikk, samfunn, klima, miljø og identitet. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge, samstundes som me er eit nynorsk lokomotiv på nett.

For Framtida.no er det viktig å vera ein lærande arbeidsplass, som bidreg til å gje nynorskjournalistar både opplæring og arbeidsmoglegheiter. Framtida.no har i 2023 og 2024 tre fast tilsette, inkludert redaktør. Stiftinga Magasinett har ein fast tilsett i 2024 og ein vikar i 40 prosent stilling i 2023 og 2024.

Framtida.no er ein liten redaksjon som har vakse sakte sidan oppstarten i 2010. Framtida.no prioriterer å ha fast tilsette som kan løysa prosjekt internt i organisasjonen. Framtida.no har òg fleire dyktige vikarar og frilansarar, som ofte er nærare målgruppa i alder og bidreg med både nye perspektiv og mangfald i ein liten redaksjon.

Praktikant frå Nynorsk Avissenter intervjuar ei ung kjelde. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Framtida.no har i 2023 og 2024 hatt to praktikantar frå Nynorsk Avissenter, ein frå Oslomet og ein frå Universitetet i Stavanger. Me har òg teke imot elevar som jobbar for Operasjon Dagsverk, og ein vidaregåandeelev i VG2 medieproduksjon i skuggepraksis.

Eit høgdepunkt i 2024 var då Framtida-redaksjonen og Framtida Junior-redaksjonen hadde felles strategisamling på Stord i samband med demokrati- og lovjubileet Moster 2024.

Ved høve har Framtida.no redaksjonsmøte med målgruppa, der me held føredrag og workshop om ytringsfridom, medieetikk og debatt. Under Mostratinget for ungdom fekk ungdomsrådsrepresentantar frå heile landet opplæring i korleis media tenkjer og jobbar.

Framtida.no har i 2024 publisert 979 artiklar for målgruppa 14–25 år.

Framtida.no følgjer saker som handlar om nynorsk, opplæring og rettigheiter til utsette grupper ekstra tett. Dette er saker som me har vorte sitert på i andre nyheitsmedium.

I 2023 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar og ei NTB-sak. NPK-NTB-saka «Aker Solutions forbyr TikTok» vart publisert i minst ni nettaviser, inkludert TV 2 og Dagbladet. Dette bidreg til at Framtida.no når breiare ut.

Andre saker som vart sitert i 2023 er:

I 2024 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar:

Som eit ledd i det å visa fram og styrka engasjementet til unge har Framtida.no eit aktivt fokus på å finna kjelder under 26 år.

I 2023 vart ei sak som Framtida.no løfta gjenstand for debatt på Stortinget. SV-representant Marian Hussein sende skriftleg spørsmål til dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) etter å ha lese artikkelen «Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner».

Redaktør i Framtida.no, Andrea Rygg Nøttveit, held føredrag for ungdomsrådsrepresentantar frå heile landet.

Framtida.no har òg eit innhaldssamarbeid med ABC Nyheter, som får nytta artiklane våre som er relevante for ei noko eldre målgruppe enn Framtida.no sine lesarar. Dette samarbeidet bidreg til at også nyheitslesarar som ikkje aktivt oppsøkjer nynorsk får tilgang på det. Redaktør i ABC Nyheter har uttala at han er overraska over at lesarane deira ikkje har reagert negativt på målforma.

Sommaren 2023 gjekk Framtida.no over til Google Analytics 4, som erstatta Universal Analytics. Overgangen var naudsynt på grunn av nye personvernreglar, men har ført til at trafikken før overgangen ikkje vert med på oversikta.

Dette betyr at tala for 2023 berre er frå 20. juni og ut året.

Visningar: 

Hausten 2023: 704 265

2024: 1 086 715

Økter: 

Hausten 2023: 541 526 økter

2024: 805 262 økter

Aktive brukarar: 

Hausten 2023: 395 460

2024: 586 250

Som ein del av Framtida.no sitt arbeid med å løfta og styrka engasjementet til unge, satsar me på å henta inn og presentera debattstoffet vårt på ein god måte. Redaksjonen rettleiar debattantane både når det kjem til språk og kjeldearbeid, som er vårt bidrag til ein god og sakleg samfunnsdebatt.

Me jobbar kontinuerleg med å betra representasjonen blant meiningsytrarane våre. Framtida.no hentar inn meiningsinnlegg frå aktuelle debattantar ved å kontakta dei direkte, eller spørja om republisering eller utviding av innlegg frå sosiale medium. I tillegg får me inn debattinnlegg via tips@framtida.no og debattportalen vår.

Framtida.no lanserte ein ny debattportal, utvikla av Blåis AS i april 2023. I løpet av året fekk me inn 102 debattinnlegg og skrivekonkurransebidrag via portalen.

Framtida.no har publisert 120 meiningsinnlegg frå unge skribentar i 2024. Brorparten av desse er sendt inn via Framtida.no sin debattportal. Framtida.no har gjennom Magasinett arrangert seks skrivekonkurransar i 2023 og 2024.

Les meir i årsrapporten til Framtida.no!

6. trinn ved Bø skule i Hå kommune vann førsteplassen i skrivekonkurransen til Framtida junior i januar 2024. Foto: Svein Olav B. Langåker

Framtidajunior.no

Framtidajunior.no blir drifta av LNK, og er ei nynorsk nettavisa for barn mellom 7–13 år. Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men nettstaden blir også mykje brukt i fritida.

I 2024 har 103.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no. I 2023 har over 112.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har over 700.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

Framtidajunior.no har gjennomført fem skrivekonkurransar i 2024 og fem i 2023. Totalt kom det inn 900 bidrag i 2024 og over 1050 bidrag frå barn over heile landet i 2023. Det er ny rekord. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

I 2023 har me publisert 620 artiklar på Framtidajunior.no og 15 kvissar, og i 2024 har me publisert 531 artiklar og 8 kvissar. Sidan starten 17. oktober 2017 er det publisert over 5200 artiklar og 217 kvissar.

Framtidajunior.no blei i 2023 tildelt prisen Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum under Festspela. Prisen er på 100.000 kroner.

Framtida Junior fekk for første gong støtte av Fritt Ord i 2023. Støtta på 100.000 kroner gjekk til prosjektet «Unge stemmer i lokalvalet». Me laga ein artikkelserie og ei temaavis om forskjellar i Kommune-Noreg og korleis det påverkar skule-, kultur- og fritidstilbod. Me skreiv om barnefattigdom og forskjellar – og om korleis barn og unge kan vera med på å påverka og om unge som engasjerer seg. I tillegg arrangerte me ein skrivekonkurranse der over 150 barn skreiv om saker som engasjerer dei.

trinn ved Fjelltun skule i Strand kommune fekk besøk av Framtida junior etter at dei vann skrivekonkurransen til Framtida junior i mars. Foto: Svein Olav B. Langåker

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem ut kring éin gong i månaden til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og innhald til papiravisa.

Talet på abonnentar har vore aukande, med eit opplag i 2024 på nesten 1000. Mykje skuldast abonnement av klassesett av avisa.

Konsentrerte ungar i Lesedigg-klubben på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Lesedigg og Lesedigg-klubben

I 2023 har Framtida Junior samarbeidd med Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune om å vidareutvikla den digitale teneste som skal hjelpa barn å finna kjekke bøker å lesa.

Hausten 2023 starta me eit samarbeid med Høgskulen på Vestland og Stord folkebibliotek om ein leseklubb for barn frå 4.–6. trinn; Lesediggklubben. Klubben arrangerer fleire opne samlingar i biblioteket der me les høgt, snakkar om bøkene med barna og gjer ulike aktivitetar til bøkene. Prosjektet har mål av seg til å skapa ein modell for korleis ein kan skapa leselyst og få meir aktivitet i biblioteka.

LESEGLEDE: Salomon (9) frå Stord vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg slik at fleire barn skal få oppdaga den store lesegleda. Foto: Svein Olav B. Langåker

Les lesarbrevet til Lesediggklubb-medlem Salomon (9): Vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg

Svein Olav B. Langåker heldt journalistkurs for elevar ved Kinsarvik skule i januar 2023.

Kurs for barn og unge

I 2023 og 2024 har Framtida junior arrangert 10 miljøjournalistkurs for mellomtrinnet. Dette har gjeve Framtida junior god kontakt med målgruppa og også fleire saker frå barn som har blitt publisert i avisa.

Dagleg leiar i LNK har kursa Ungdommens fylkesting i Vestland i debatt kvart av dei siste åra. Ungdomsråda i Hardanger fekk debatt- og medverknadskurs i 2023. Ungdomsråd i seks kommunar fekk debattkurs i 2023. Frå 2022 og til og med 2024 har dagleg leiar i LNK vore prosjektleiar for Mostratinget for ungdom, på oppdrag for Moster 2024. I jubileumshelga for innføringa av kristenrett, kom ungdommar frå heile landet til Moster for å diskutera seg fram til kva som er dei viktigaste verdiane å ta med seg inn i framtida, og kva som er dei viktigaste sakene for ungdom.

Representantar frå regjeringa, Stortinget, Sametinget og fylkesordføraren i Vestland blei utfordra av ungdommane i Moster Amfi 2. juni – og 1. juni møtte ungdommane kronprinsparet. Foto: Svein Olav B. Langåker

Sponsorar og prosjektstøtte

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade for at støtta frå Kulturdepartementet på vel 1,5 millionar kroner til Framtida.no og Framtidajunior.no held fram.

Samarbeidsavtalen med KLP har gjeve LNK ei inntekt på 300.000 kroner, og samarbeidsavtalen med Fagforbundet har gjeve LNK ei inntekt på 400.000 kroner. Støtta har blitt brukt til å gi gratis språkkurs for tilsette i medlemskommunane, og støtta nettsatsingane våre.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 250.000 kroner i 2023 og 50.000 kroner i 2024.

Me er svært glade og takknemlege for alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

Framtidajunior.no og Framtida.no har òg blitt støtta av Utdanningsdirektoratet gjennom Magasinett.

Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

LNK har òg hatt nokre inntekter frå debattkurs og leiing av debattar, samtalar og bokbad. LNK har fått betalt arbeidet med prosjektleiing og kursing av ungdommar i samband med Moster 2024-jubileet.

SKL har sponsa kurset grøne miljøjournalistar med 40.000 kroner.

Styreleiar Sara Hamre Sekkingstad og dagleg leiar Svein Olav Langåker i møte med stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad (SV) om støtte til læremiddel på nynorsk for framandspråklege.

Nynorske læremiddel for framandspråklege

Mangelfull opplæring for framandspråklege er eit tema LNK har hatt på dagsordenen dei siste åra. Mange nynorskkommunar nyttar framleis bokmål som opplæringsmål for framandspråklege. Ifølgje ei undersøking LNK gjennomførte hausten 2023, hadde litt under halvparten av nynorskkommunane opplæring på nynorsk for vaksne framandspråklege. Det talet er LNK ikkje nøgd med.

Eit av argumenta for å velja bokmål som opplæringsmål, er at det finst altfor få læremiddel på nynorsk for denne gruppa, og at det som finst, er for dårleg. Fram til 2019 har tilfanget auka, ikkje minst takka vera det arbeidet Kompetanse Noreg gjer og støtta dei har gjeve. Men sidan 2016 har ikkje Kompetanse Noreg gjeve ny støtte til nynorske læremiddel.

LNK har deltatt saman med Nynorsk forum på budsjetthøyring i kommunalkomiteen på Stortinget både i 2023 og 2024. LNK har òg vore i møte med fleire representantar og parti om saka.

54 av 55 kommunar som svara på spørjeundersøkinga til LNK ønskjer betre tilgang på nynorske læremiddel. LNK vil arbeida for at det kjem fleire midlar til fleire læremiddel på nynorsk.

Slik det er i dag, vert avgjerd om målform for framandspråklege i mange kommunar overlate til rektorane og dei som underviser. Dette meiner LNK er uheldig. Slike saker bør opp på den politiske dagsordenen. Derfor oppmodar LNK kommunepolitikarane om å ta tilbake den politiske styringsretten på dette området.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Opsvik og dagleg leiar i Nynorskkommunane LNK, Svein Olav B. Langåker, deltok i budsjetthøyring på Stortinget 22. oktober 2024.

Høyringsfråsegner og påverknadsarbeid

LNK har kome med fleire høyringsfråsegner i 2024 og 2023. Dei viktigaste er opplæringslova, statsbudsjettet, rapporten etter Ytringsfridomskommisjonen og forslag til omgjering og forskriftsfesting av tilskotsordninga om grunntilskot til organisasjonar. LNK har òg kome med innspel til leselyststrategien til regjeringa.

LNK har deltatt i møte med politisk leiing i Kulturdepartementet om statsbudsjettet for fleire nynorsktiltak i 2023.

I møte med politisk leiing i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2023 har LNK tatt opp støtta til fleire nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar. Dette er òg tatt opp i budsjetthøyringane i kommunalkomiteen i 2023 og 2024, og i møte med SV-representanten i kommunalkomiteen og i møte med fraksjonane til Ap og Sp. Det er òg skrive lesarbrev og LNK uttala seg til NRK om saka hausten 2023.

LNK, Landslaget for lokalaviser og Framtida.no møtte hausten 2024 kommunalministeren for å koma med innspel til støtteordninga for valinformasjonsarbeid.

LNK har kome med innspel til Utdanningsdirektoratet om kunnskapsinnhentinga dei gjer for å sjå bruken av læringsressursar utvikla til bruk i skulen og i kva grad dei er i bruk og finst på nynorsk. Hausten 2024 har LNK skrive brev til Kunnskapsdepartementet, Digitaliseringsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet om manglande nynorskstøtte i skriveprogrammet til Google, noko som er eit brot på den nye opplæringslova. LNK har òg deltatt på møte med Løvebakken mållag og tatt opp saka.

LNK deltok for første gong i Arendalsveka i 2023 saman med fleire andre nynorskorganisasjonar.

Rådmann Anita Hesthamar, ordførar Torgeir Næss, administrativ rådgjevar Kari Weltzien Vik og Kjell Arne Gjøn, rektor ved vaksenopplæringa i Kvam var med og heldt faginnlegget frå Kvam herad. Foto: Svein Olav B. Langåker

Andre samarbeid og verv

LNK er medstiftar i Nynorsk kultursentrum som har hovudkontor i Ørsta, og avdelingar i Ulvik og Vinje. Tidlegare nestleiar i styret til LNK. Gunnar Strøm var rådsmedlem til desember 2023, medan Hallvor Lilleslett er vararepresentant. Då blei dagleg leiar rådsmedlem og Gunnar Strøm varamedlem.

LNK er medstiftar i Nynorsk Avissenter i Førde, saman med Firda Media as og Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Dagleg leiar er styremedlem.

LNK er medstiftar i Nynorsk bedriftsforum, og dagleg leiar er styremedlem.

LNK driv Magasinett og Piron med utgangspunkt i langsiktige avtalar med dei to stiftingane. Begge avtalane vart reviderte i 2019. Dagleg leiar i LNK har vore styreleiar i begge stiftingane.

LNK har vore medlem i organisasjonen Nynorskfylket sidan tiltaket vart skipa i Førde i 2015. Etter regionreforma vart organisasjonen ført vidare som Nynorskfylket Vestland, no med fylkeskommunen Vestland som politisk og administrativ pådrivar. LNK er framleis med i nettverket, og dagleg leiar har vore med i arbeidsgruppa i forumet.

Dagleg leiar er òg medlem av Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning hjå Språkrådet. Han er òg personleg valt inn som møtande vara i styret til Det Norske Samlaget, og er i tillegg rådsordførar for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

LNK er samarbeidspartnar til den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu og dagleg leiar er medlem programkomiteen til Falturiltuseminaret på Høgskulen på Vestlandet.

Dagleg leiar i LNK er med i juryen for Årets nynorskkommune. Frå 2022 blei det bestemt at prisen blir delt ut annakvart år. Hausten 2024 fekk Kvam herad utdelt prisen Årets nynorskkommune av kulturministeren.

LNK er fast medlem om Forum nynorsk i opplæringa. Dagleg leiar møter fast i dette. I 2023 hadde Utdanningsdirektoratet ansvar for dette. Frå 2024 fekk òg Språkrådet eit delansvar for dette forumet.

Ungdomsråda i Sunnhordland fekk debattkurs i både 2023 og 2024. Her saman med ordførarane i Sauda, Austevoll, Bømlo, Etne, Tysnes og Sveio i januar i 2024.

Medlemer

Per 31. desember 2024 var 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 17 regionråd/andre IKS medlemmar, men tre kommunar er i utmeldingsprosess. Økonomi blir oppgjeve som årsak til utmeldingane.

Frå 2023 har BKK meldt seg ut, og det er dermed 17 regionråd og IKS som er medlem. Våren 2023 vedtok Vang kommune å melda seg ut, og i desember vedtok det nye fleirtalet i nye Ålesund kommune å gjera kommunen språknøytral og melda kommunen ut av LNK. Utmeldinga skjer etter vedtektene til LNK normalt etter to kalenderår, men styret vedtok i desembermøtet sitt å gå i dialog med nye Ålesund kommune om utmeldinga. Nye Haram kommune blei medlem i 2024.

Medlemstal var per 31. desember 2019 126, det høgaste medlemstalet i LNK si historie. Av desse medlemene var 104 kommunar, fira fylkeskommunar og 18 regionråd/andre kommunale selskap. Medlemstalet har vore stabilt veksande gjennom fleire år.

Grunna samanslåingar som følgje av kommune- og regionreformene vart talet på medlemer per 1. januar 2020 redusert til 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 18 regionråd/andre IKS.

Frå venstre Hallvor Lilleslet, Reidun Sandvik, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Sara Hamre Sekkingstad, Øyvind Strømmen og Nils Johan Svalastog Garnes.

Styre

På Landstinget 2023 gjekk Gunnar Strøm, Magnus Mjør, Kari Våge Gjuvsland og varamedlemmene Jarand Felland og Marit Nerås Krogsæter ut av styret, medan Nils Johan Svalastog Garnes, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Øyvind Strømmen og varamedlemene Reidun Sandvik og Iselin Haugo Stavn kom inn. Etter dette har styret i LNK vore sett saman slik:

Styreleiar: Sara Hamre Sekkingstad
Nestleiar: Nils Johan Svalastog Garnes
Styremedlem: Hallvor Lilleslet
Styremedlem: Marie-Helene Hollevik Brandsdal
Styremedlem: Øyvind Strømmen

Varamedlemer
1. Reidun Sandvik (fast møtande)
2. Iselin Haugo Stavn
3. Kåre Martin Kleppe

Styret har hatt fire styremøte i løpet av året.

Økonomi

Samla rekneskap for 2024 syner eit overskot på 485.754 kroner. Overskotet skuldast i hovudsak reduserte pensjonskostnader samanlikna med 2023, refusjon av sjukepengar og tre færre På sakslista-kurs. LNK har ei ytingsbasert pensjonsordning frå KLP, og derfor vil pensjonskostnadene variera frå år til år. Av ein omsetnad på kring 7 mill. i 2024 var 3 mill. statstilskot frå Kulturdepartementet, 2 mill. medlemskontingent, medan resten var eigne inntekter; først og fremst prosjekttilskot og annonsesal, i tillegg til tilskot frå samarbeidspartnarane Fagforbundet og KLP.

Samla rekneskap for 2023 syner eit underskot på 324 597. Dette blir dekt frå eigenkapitalen. Av ein omsetnad på vel 7,6 mill. i 2023 var 3 mill. statstilskot frå Kulturdepartementet, 2 mill. medlemskontingent, medan resten var eigne inntekter; først og fremst prosjekttilskot og annonsesal, i tillegg til tilskot frå samarbeidspartnarane Fagforbundet og KLP. Begge desse avtalane vart fornya i 2021 og gjeld fram til 2025.

Cathrine Hellandsvik, konserndirektør for liv og pensjon i KLP, underteikna samarbeidsavtale for 2025-2027 med dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker hausten 2024. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Hausten 2024 blei begge desse avtalane fornya. Avtalen med Fagforbundet er redusert frå 400.000 til 250.000 kroner i året. Ein samarbeidsavtale med Hotell Bondeheimen har ein verdi på om lag 100 000 (gjeld gratis overnatting for tilsette/styre), men denne summen er ikkje synleggjort i rekneskapen. Administrasjonen og Framtida Junior-redaksjonen har gratis lokale hos Mediehuset Sunnhordland i Leirvik på Stord.

Revisjon

Vekst revisjon i Oslo er vald som revisor for LNK.

Framtida Junior-journalistane Synne Ulltang og Janne Nerheim deler kontakt med redaktør og dagleg leiar Svein Olav B. Langåker i lokala til Sunnhordland på Leirvik på Stord.

Administrasjon og redaksjon

Dagleg leiar har vore Svein Olav B. Langåker. Rekneskapsførar har vore ECIT Stord.

I 2023 har Framtida.no hatt ein redaksjon på kring fire årsverk. Framtida Junior har hatt vel to journalistiske årsverk.

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord. Frå mai 2023 og ut februar 2024 jobba Framtida Junior-journalist Synne Ulltang frå Sør-Korea.

Arbeidsmiljøet i LNK er godt. Sjukefråveret var lågt i 2023 fram til 4. kvartal. Dei siste fira kvartala var sjukefråveret i snitt 12,2 %, der 11,7 prosent er knytt til langstidsfråvere. Me har lagt til rette etter beste evne for dei sjukemelde og 94,7 % er gradert sjukemelding. Sjukemeldingane er ikkje knytt til arbeidsmiljøet og det har heller ikkje vore skadar eller ulukker på arbeidsplassen.

Mangfald og berekraft

Kjønnsbalansen i leiinga og i styret er god. Styret vedtok i 2022 ein strategi for mangfald, inkludering og rekruttering i LNK, og denne blir følgt ved utlysingar av stillingar.

LNK driv ikkje med aktivitetar som fører med seg ureining av det ytre miljøet. Reiser og digitale tenester fører til klimautslepp. Framtida.no sine journalistar reiser kollektivt på oppdrag, og me prioriterer miljøvenlege reiser der det let seg gjera. Dersom me må bruka bil, så køyrer me elbil. Me satsar på gjenbruk av teknisk utstyr og jobbar med å minska vårt digitale fotavtrykk med å lagra bilete og videoar i minst mogleg format på internett.

Framtida.no leiger lokale i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Kjøpesenteret vart Miljøfyrtårnsertifisert i 2023.

Om rekneskapen

I samsvar med § 3–3 i rekneskapslova er det med dette stadfesta at ein føresetnad om framleis drift er lagd til grunn ved utarbeiding av rekneskapen.

Oslo, 21.02.2025

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar

Nils Johan Svalastog Garnes, nestleiar

Hallvor Lilleslett, styremedlem

Marie-Helene Hollevik Brandsdal, styremedlem

Øyvind Strømmen, styremedlem

Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde opp i lovteksten, seier ein nøgd Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. I føremålsparagrafen til lova blir det slått fast at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Då lova vart handsama i Stortinget i 2021, ynskte Noregs Mållag ei lov som var endå meir offensiv for nynorsken.

– Det er kjempebra at SV tar ansvar for å gjere lova så god for nynorsken som ho burde blitt i 2021. Det geniale her er at SV no fremjar dei same framlegga som Ap, SV og Sp stod saman om i førre periode. Desse bør opplagt bli vedtekne no som dei tre partia har fleirtal i Stortinget, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Krav til nynorskkompetanse

Eitt av forslaga frå SV er at staten skal krevje at tilsette skal skrive nynorsk i arbeidet, og at fylkeskommunar kan krevje det same. SV vil også at Språkrådet skal føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i lova.

– Mållaget venta i over femten år på ei ny språklov. Til slutt vart ho vedteken eitt år for tidleg. Med det raudgrøne fleirtalet vi har hatt sidan stortingsvalet i 2021, ligg alt til rette for ei styrkt språklov no, seier Lofnes Hauge.

I tillegg vil SV også bøte på det som verkar som to arbeidsuhell frå departementet si side i lovteksten. Dette handlar om at sentrale statsorgan må skrive til regionale statsorgan på fleirtalsspråket i regionen, og om ei presisering av at kommunestyre og fylkesting sjølve har ansvar for gjere språkvedtak for kommunen eller fylkeskommunen.

Mållagsleiaren forventar støtte frå Arbeidarpartiet

– Etter at språklova vart vedteken i 2021, sa Anette Trettebergstuen til Norsk Tidend at Arbeidarpartiet kjem til å jobbe for ei betre lov om dei skulle kome i posisjon etter valet. No er dei i posisjon aleine og står fritt til å støtte dei framlegga dei sjølve meiner er best, seier Lofnes Hauge.

Han ventar at dei røystar for framlegga dei sjølve fremja i førre periode.

– Fleirtalet i Stortinget skal vere for desse endringane, så det einaste som kan hindre ei betre lov for nynorsken, er om Ap meiner annleis om dette i posisjon enn i opposisjon. Det vil forundre meg, seier mållagsleiaren.

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni 2025 i Øygarden. Kjem du?

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås og senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Synnøve Marie Sætre er mellom dei som innleier. Meir av programmet til landstinget kjem etter kvart.

Programmet startar med lunsj tysdag 3. juni kl 1130 på Panorama Hotell & Resort i Øygarden og blir avslutta med lunsj 4. juni.

Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!

Meld deg på landstinget her!

PROGRAM:

TYSDAG 3. JUNI

11.00   Registrering
11.30   Lunsj
12.30   Opning: Velkomen til Øygarden v/ordførar Tom Georg Indrevik
12.40   Leiartale ved Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar i LNK
12.50   Kulturell opning med Vivian Steinsland

Tema: Korleis skal staten ta «særleg ansvar for å fremje nynorsk» dei neste fire åra?
13.00 Innleiing ved statssekretær Trude Storheim (Ap)

13.10 Debatt med statssekretær Trude Storheim (Ap), Hege Lothe (1. stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane) Lise-May Sæle (5. kandidat for Høgre i Hordaland), Alexander Fosse Andersen (Sp), Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Ordstyrar: Andrea Rygg Nøttveit, redaktør i Framtida.no

13.50 Pause

Tema: Inspirerande nynorskundervising

14.00 Opplæringslova, språklova og ny giv for nynorsk i skulen ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda

14.15 Korleis hindrar me språkbyte? ved høgskulelektor og lektor i ungdomsskulen, Jorid Saure.

14.30 Slik blir skuletimane aktuelle med nynorsk ved Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK og redaktør i Framtida Junior og Andrea Nøttveit, redaktør i Framtida.no

14.45 Nynorsk i overgangane: Korleis kan me jobba mot språkskifte – og for språkleg sjølvtillit frå barnehage til vidaregåande? samtale med Synnøve Marie Sætre, Jorid Saure, Einar Schibevaag, tidlegare lektor ved Strand vidaregåande. Ordstyrar: Svein Olav Langåker

15.40 Pause med kake og frukt

16.00 Årsmøte LNK
16.45 Møteslutt
18.30 Aperitiff
19.00 Festmiddag m/underhaldning

ONSDAG 4. JUNI
07.00-08.45: Frukost og utsjekk

08.45 Framhald av årsmøte i LNK.

09.30 Pause og utsjekk

Tema: Språkteknologi og KI – kva må kommunane passa på?

09.45 Korleis påverkar praterobotane det nynorske skriftspråket? Om språk og norm i KI-generert tekst ved direktør i Språkrådet, Åse Wetås

10.15 Kva må kommunane passa på når dei bruker språkteknologi og KI ved Jostein Avdem Fretland, dagleg leiar i Fretland & Fretland

10.25 Språkverktøy i kommunekvardagen ved Kjetil Haug, Tansa Systems

10.30 Samtale om språkteknologi med Jostein Avdem Fretland og Åse Wetås. Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker

Tema: Frå fine ord til handling – korleis følgja opp språkbruksplanar og språkpolitikk i kommunane

10.50 Slik gjer me det i Kvam – Årets nynorskkommune 2024 ved Kari Weltzien Vik, rådgjevar i Kvam herad.

11.05 Korleis laga me språkbruksplanen – og korleis følgjer me opp planen? Innlegg ved kommunikasjonssjef Vigleik Brekke, Øygarden kommune og Silje Andvik Hoaas, kommunikasjonssjef, Alver kommune

Tema: Nynorsk inspirasjon – korte føredrag om spennande nynorsktiltak i nynorskkommunane.

11.30 Verdas største nynorske barnebokfestival på nynorsk – ved festivalsjef for Falturiltu, Trond Leirvik Onarheim.

11.45  Nynorsk byråkrat i forstaden, Petter Steen, skulefagleg rådgjevar i Sveio kommune

12.00 Beinstrekk

Tema: Korleis engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet?

12.10  Framtida.no fyller 15 år – ved redaktør Andrea Rygg Nøttveit

12.20 Slik engasjerer me ungdom i Årets ungdomskommune. Ved leiar i Kvam ungdomsråd, Hallvard Valland Nordheim, nestleiar Alexander Nitter og Kari Weltzien Vik, rådgjevar i Kvam herad.

12.35 Korte innlegg og samtale om å engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet ved Eowyn Tomine Saus – leiar i Bergen ungdomsråd, Jonas Aleksander Foldnes – representant for SV i kommunestyret i Øygarden, sit i sentralstyret for SU og fjerdekandidat til SV i Hordaland og Hallvard Valland Nordheim – leiar i Kvam ungdomsråd.

13.00 Møteslutt og lunsj

Det kan bli mindre justeringar i programmet!

Sjå heile landstingsheftet her!

Transport:

Panorama Hotell & Resort ligg heilt sør i Øygarden kommune, cirka 45 frå Bergen sentrum. Me set opp buss frå Bergen Lufthamn Flesland tysdag 3. juni kl 1015.

Meld deg på landstinget her!