Rett før barnehageåret tok til i haust dumpa det 7 kilo med statlege informasjonsbrev i posten til nynorskkommunen Ørsta. Samtlege brosjyrar var på bokmål.
Skal drive Hauge-senteret
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.
Drømmehagen på nynorsk
Barnerogrammet Drømmehagen på NRK kjem no også i bokform. Dei tre bøkene om Hoppsi Deisi, Hinkelpinkel, Makka Pakka og dei andre figurane blir gitt ut på nynorsk.
Leste ministeren leksa
Mange elevar kjenner seg stae og plagsomme når dei heile tida må mase for å få læremiddel på nynorsk, forklara ungdomsskule-elev til utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) under «Kristins time» sist fredag.
Mistar fotfestet
Det blir ikkje lenger argumentert nasjonalt for nynorsken, og nynorskrørsla har dermed gitt frå seg eit av sine beste argument. Det meiner historieprofessor Øystein Rian ved Universitetet i Oslo.
Bokhaust med ny profil
Samlaget la nyleg fram ei variert haustliste. Samstundes lanserte dei ny nettside og grafisk profil.
Tvitekkja fungerande direktør
Sigfrid Tvitekkja vil fungere som direktør i Språkrådet fram til ny direktør er på plass.
– Bryt nytt land
– Ottar Grepstad har skrive ei mangfaldig og rik pressesoge. Han bryt nytt land, skriv Harald Stanghelle i Aftenposten.
NHO vil tvinge kommunar saman
Stortinget må bruke tvang for å slå saman små kommunar, meiner NHO-sjef John G. Bernander.
Optimist på nynorskavisa sine vegner
Dei nynorske avisene står sterkt på eigen bein. Dei motttar inga særskild pengestøtte frå det offentlege, men overlever på ein grenselaus idealisme. Det seierdirektør ved Ivar Aasen-tunet, Ottar Grepstad, som i desse dagar gir ut boka « Avisene som utvida Noreg-Nynorskpressa 1850-2010».
Vil berre bli bøtelagt på nynorsk
Fjærlending Knut P. Bøyum godtok ikkje fartsbota som kom i posten. Han vedgår å ha køyrd for fort, men vil ikkje godta å få tilsendt bot på bokmål.

