Heim Blogg Side 347

KLP kjøper Kommunekreditt

0

KLP betaler Esportfinans 870 millionar kroner for Kommunekreditt, skriv Dagens Næringsliv.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er godt nøgd med at KLP no vert ein sterkare aktør på marknaden, skriv Dagens Næringsliv. Ho meiner vidare avtalen vil føre til at utlånsrammene til kommunane aukar og at konkurransen vert skjerpa.

Det nye KLP Kommunekreditt vil framleis ha sitt hovudkvarter i Trondheim. KLP Bank, som er under etablering, vil også få hovudkontor i Trondheim.

Les meir i Dagens Næringsliv

Vil ha nynorsk opplæring

0

Dei fleste innvandrarar får opplæring på bokmål, det vil Anne Margrete Eidhammer gjere noko med.

Dei fleste innvandrarar får opplæring på bokmål, også i dei nynorske kjerneområda på vestlandet der ungane deira lærer nynorsk på skulen. No tek Anne Margrete Eidhammer opp kampen for å få meir ressursar til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.

«Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Slik lyder oppropet frå leiar i Vindafjord Mållag, Anne Margrethe Eidhammer, som sjølv er lærar.

— Folk argumenterer for bokmål fordi dei meiner det er lettare dersom tilflyttarane har tenkt seg vidare til byen og næringslivet. Syster mi, som underviser innvandrarar, seier at dette berre er tull, det er berre fordel å kunna to skriftspråk om ein bur i byen også, seier leiaren i Vindafjord Mållag.

Les meir i Grannar

Rundskriv om språkmeldinga

0

“Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål.” Det heiter det i rundskrivet som no går ut til alle departementa om stortingsmeldinga Mål og meinig.

Stortingsmeldinga, som vart vedteken sist veke, har fleire punkt om jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Dei fem språkpolitiske hovudmåla i meldinga er:

1. Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg
2. Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk
3. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål
4. Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk
5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk.

Heile rundskrivet finn du ved å trykkje på denne lenka.

Victor D. Norman vil flytte fleire ut frå Oslo

0

Professor og tidlegare Høgre-statsråd Victor D. Norman meiner finanskrisa skaper eit akutt behov for å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo.

Som arbeids- og administrasjonsminister i Bondevik II-regjeringa flytte Norman åtte statlege tilsyn ut av hovudstaden. Nær 1.000 arbeidsplassar vart flagga ut under til dels store protestar.

Under ein politisk debatt på NHO Trøndelags årskonferanse i Trondheim tysdag tok professoren frå Handelshøyskolen i Bergen til orde for ein ny flyttesjau.

– Å flytte høgkompetansearbeidsplassar ut i distrikta er ikkje omsorg for distrikta, det er omsorg for Noreg. Det handlar om regional utvikling, ikkje distriktspolitikk. Og finanskrisa har aktualisert dette. Tradisjonell konkurranseutsett industri slit og vil truleg byggjast mykje ned. Derfor er det så viktig at staten tek ansvar og flytter arbeidsplassar i skjerma sektor. Oslo-området klarer seg alltids. Det er distrikta som no er råka hardast, sa Norman ifølgje Dagens Næringsliv.

Han ønskte ikkje å konkretisere kva for arbeidsplassar han ser for seg som mest aktuelle, eller kor stort omfang han ser for seg.
På spørsmål om det ikkje vart vel mykje bråk rundt flyttevedtaket, seier Norman:

– Det vart ein del spetakkel, og den verkelege hovudmotstandaren var embetsverket. (©NPK)

– Gledeleg vedtak om språk

0

Norsk Journalistlag har innført eit nytt punkt i arbeidsprogrammet sitt om likestilling og mangfald. Mediemållaget tolkar dette som at NJ vil jobbe for meir nynorsk i avisene.

“NJ vil arbeide for medlemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet”, heiter det i punktet som landsmøtet til Norsk Journalistlag vedtok å lemme inn i arbeidsprogrammet sitt.

Leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, er glad for dette:

– Det er svært gledeleg at dei har gjort eit slikt vedtak. Vi vonar dette betyr at Journalistlaget vil gi tydlegare støtte til nynorskskrivande journalistar, seier ho til Noregs Mållag.

I utgangspunktet ønskte forslagsstillar Dag Hellesund frå Bergensavisen at punktet skulle høyre til under “Ytringsfridom” i arbeidsporgrammet, men det enda opp som ein del av “Likestilling og mangfald”.

Undersøker haldningar til dialekt

0

NRK vil undersøke kva publikum meiner om dialektbruk i eteren.

Statskanalen skal i samarbeid med Høgskulen i Hedmark og Språkrådet gjennomføre ei undersøking der dei spør korleis publikum opplever auka bruk av dialekt og utanlandske aksentar på TV og i radio, melder Nationen.

– Vi undersøker kva folk faktisk forstår og kva dei synst om språkbruken, seier leiar av NRKs eige språkutval, Brynjulf Handgaard, til Dagbladet. Som ein hovudregel skal NRK sine nyhende framførast på nynorsk eller bokmål, men i seinare tid har også dialektar fått større rom i NRK.

Handgaard seier enkelte leiande språkfolk har reagert på dette. Samstundes understrekar han at NRK ser det som ein styrke å ha medarbeidarar med andre morsmål enn norsk.

Har fått svar
LNK si spalte Sommarsnakk stilte spørsmålet i 2007 og 2008: “Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg?”

Dette er kva dei ulike svarte:

Per Egil Hegge, Aftenposten: Dårleg, fordi så mange trur at dei ikkje treng arbeide med språket når dei brukar dialekt.

Magni Flyum, Nynorsk kultursentrum: Dialektane speglar mangfaldet i Noreg og bør absolutt vere ein del av språkbiletet i NRK. Likevel meiner eg at NRK bør nytte ein stor del normert språk, både nynorsk og bokmål. Det ein høyrer og les i media er ein av dei viktigaste referansene folk har når dei utviklar språket sitt.

Kjetil haanes, Norsk Presseforbund: Det er bra for alle, ikkje minst for dei mange språksløve med dårleg utvikla språkøyre.

Geir Gråbein Nordby, Rammsund: Bra. Vi treng å byggje opp ei forståing for dialektar frå barndommen. Det blir for dumt om ein ikkje forstår menneske frå sitt eige land. Eg har ikkje inntrykk av at dette har vore noko problem til no, men vi kan stadig bli betre. Eg vil og gjerne leggje til at sidemål i grunnskulen er viktig, fordi ein må tenkje meir over gramatikken, sunt for hjernen å få trimma seg på det logiske planet. Den som meistrar logisk tenking, har eit friare sinn.

Kari Traa, kulekøyrar: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

Oddvar grøthe, ordførar i Hemsedal: Eg synest dialektbruk i NRK og andre etermedia er positivt. Det er med på gje dei unge mot til å ta vare på dialekta si, og dermed ta vare på mangfaldet.

Arvid Fodnes, Målrock: Veldig bra.

Magnhild Meltveit Kleppa, kommunalminister (Sp): Bra, men med eit visst atterhald ! Nynorsk må høyrast, ikkje berre skrivast og lesast! NRK har eit ansvar for å gjera nynorsk munnleg kjent og normalisert!

Gunhild Berge Stang, Noregs Ungdomslag: I alle fall ikkje dårleg.

Bente Riise, redaktør i Syn og Segn: Dialektane er kanskje vårt viktigaste språklege arvegods, og det er viktig å sleppe dei til på eteren, men ikkje slik at nynorsken blir skadelidande.

Dersom dialektane tek for mykje over for nynorsk, vil det føre til at nynorsk står svakare om nokre år. Eg trur det er viktig at nynorsk får ein sterkare posisjon i både NRK, TV2 og nærradioane. Dialektane står sterkt nok, trur eg.

Vil ha utgreiing om momsfritak for aviser

0

Noregs Mållag meiner at momsfritaket for aviser fungerer som eit indirekte statstilskot til språkdiskriminering. No ber dei departementet om ei utgreiing.
Mållaget meiner at utgreiinga bør vurdere om forbod mot å bruke eit av dei to offisielle norske målformer på redaksjonell plass bør gje bortfall av momsfritak for riksdekkande aviser utan eksplisitt språkpolitisk definert føremål, som t.d. Aftenposten, VG og Dagbladet.

– Redaktørane er i sin fulle rett til å avgjerde kva språk avisa deira skal redigerast på. På same måten er staten i sin fulle rett til å sjå på korleis dei offentlege støtteordningane fungerer, seier nyvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

– Sjølv om momsfritaket i utgangspunktet skal stimulere til meiningsmangfald i norsk presse, så er den samstundes uløyseleg knytt opp til det norske språket. Den nye språkmeldinga Mål og meining slår fast at me har to offisielle språk og at regjeringa ventar at det blir opna opp for nynorsk i riksdekkjande aviser. Då må det vera naturleg å sjå nærare på korleis ein kan knyte språkbruk opp mot den offentlege støtta som desse avisene får, seier Øvregård vidare.

Nynorskstipend til spel og kaffi

0

Noregs Mållag har delt ut to stipend som skal hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på ulike samfunnsområde. Det eine går til utvikling av eit brettspel som skal styrkje nynorskopplæringa, det andre går til ein kaffiimportør.

Audun Blokkum arbeider som lærar i Bærum. Gjennom arbeidet sitt har han sett kor vanskeleg det er for mange elevar med bokmålsbakgrunn å lære nynorsk. Han har laga eit brettspel som kan brukast i klasserommet, og som lét elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk.

Spelet er førebels berre laga i ein prototype og testa ut på nokre få elevar. Men no vil Blokkum få hjelp til grafisk utforming og produksjon av spelet, og på sikt prøve å selja det til skular over heile landet.

Zapatistgruppa i Bergen får stipendet til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importere og selja kaffi frå zapatistar i Mexico, og dei ønskjer å bruka nynorsk på etikettane på den kaffien som blir selt her i landet.

Cafe YaBasta vil setja søkjelys på kulturelle og språklege rettar og på zapatistane sitt arbeid med å opprette og drive skular med undervising i eigne språk. Dei samanliknar den kampen zapatistane fører med den norske målrørsla.

Stipenda er på 50.000 kroner og vart delt ut på landsmøtet i Noregs Mållag. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er tredje året stipenda blir lyst ut. (©NPK)

Språkmeldinga utvider språkpolitikken

0

Kulturdepartementet skal ha eit overordna ansvar for språket, og Språkrådet får utvida sitt mandat. Denne samordninga av språkpolitikken er noko av det viktigaste som kjem ut av stortingsmeldinga Mål og meining, meiner LNK.

– I juli 2008 kom meldinga som heile det språkinteresserte Noreg venta på, stortingsmeldinga ”Mål og meining”. I går kalla statsråd Trond Giske dokumentet for den viktigaste kulturmeldinga i Noreg på mange, mange år. Det trur eg han har rett i, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

– Meldinga er spennande lesnad. Kulturministeren og Kulturdepartementet har våga å tenkja store tankar, og presenterer for første gong ein ny, overordna og heilskapleg norsk språkpolitikk.

– Meldinga drøftar korleis det norske språket står seg i ei verd der engelsk dominerer meir og meir – også i Noreg. Ho tek opp stoda for ulike språk i Noreg, og går djupt inn i  tilhøvet mellom dei to norske språkformene – nynorsk og bokmål. ”Mål og Meining” slår fast kor grunnleggjande viktig språk er for ein nasjon, og dokumenterer grundig språkstoda i dag. Meldinga inneheld fleire spennande og nye vinklingar på språkpolitikk: Eit heilt kapittel er til dømes sett av til å drøfta samanhengar mellom språk og makt. Meldinga har klare visjonar for kva språkpolitiske mål den raudgrøne regjeringa har – og ei rekkje konkrete framlegg til tiltak for å nå desse måla.

Høviskeland meiner at to av dei viktigaste tiltaka truleg er at språkpolitikken no skal samordnast: Kulturdepartementet vil få eit klart overordna ansvar, og Språkrådet får eit vidare mandat, nye  oppgåver og ressursar til å verta eit slags språkdirektorat. Meldinga er elles klar på at det norske språket vert rikare av at me har to ulike målformer som utfordrar kvarandre, påverkar kvarandre og syter for å halda engasjementet for det norske språket oppe, meiner LNK-leiaren.

– Den nye språkmeldinga er på 260 innhaldsrike sider. Men kapitlet om økonomiske og administrative konsekvensar er på berre ei side, og i den siste setninga står det å lesa: ”Det er i alle høve føresetnaden at alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal kunna dekkjast innafor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.” Her stussar eg litt: Ei rekkje av dei tiltaka som er konkretiserte i meldinga vil kosta pengar – mange pengar. Statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober i fjor hadde med friske pengar til fleire gode nynorsktiltak, mellom anna ein halv million ekstra til LNK. Men dersom regjeringa verkeleg skal følgja opp den gode viljen og dei store ambisjonane som ligg i ”Mål og meining”, er det nødvendig med store budsjettløft i åra som kjem.

Radøy best på gjeldsrådgjeving

0

Radøy kommune i Hordaland er best på gjeldsrådgjeving.

Berre 12 kommunar i heile landet har god sørvis på gjeldsrådgjeving, slår Forbrukarrådet fast. Best av alle er Radøy kommune.

Radøy får god utteljing i testen ved å gi rask tilbakemelding, tydeleg tidsfrist for tilbakemelding og personleg svar.

– God sørvis er et hovudsatsingsområde hjå oss. Målet vårt er at folk skal få hjelp same dag som dei vender seg til oss, seier rådmann Christian Fotland til Forbrukerportalen.no.

Les meir:
Radøy – ein seksstjerners kommune

Kommunane får strykkarakter for gjeldsinformasjon

0

Berre 12 kommunar i Noreg gir god nok informasjon til gjeldsoffer, ifølgje ei fersk undersøking frå Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har spekka informasjon som blir gitt på dei kommunale nettsidene, svar som blir gitt på e-post og telefon og kor lang tid det vil ta før folk får økonomisk rådgiving. Resultatet er nedslåande.

Terje Killi i Forbrukarrådet fortviler. Han meiner det er uheldig at kommunane ikkje kan gi eit betre tilbod i ein situasjon med økonomisk krise.

– Dersom ikkje økonomien betrar seg på kort tid vil fleire hamne i ein vanskeleg situasjon, seier Killi til NRK.

Blant anna er heile elleve av kommunane i Møre og Romsdal i botnsjiktet, ifølgje undersøkinga.

Georg Rønning i organisasjonen Fattignorge er ikkje overraska over at kommunen sviktar.

– Dette er rett og slett tragisk lesing. Dette handlar om lagnader til menneske som satsar på å få den hjelpa apparatet er betalt for å gi. Mange ender opp med større gjeld enn når dei begynte fordi ting tar så lang tid, seier Rønning. (©NPK)

Her kan du sjå resultata for ditt fylke.

Radøy best på gjeldsrådgjeving

0

Radøy kommune i Hordaland er best på gjeldsrådgjeving.

Berre 12 kommunar i heile landet har god sørvis på gjeldsrådgjeving, slår Forbrukarrådet fast. Best av alle er Radøy kommune.

Radøy får god utteljing i testen ved å gi rask tilbakemelding, tydeleg tidsfrist for tilbakemelding og personleg svar.

– God sørvis er et hovudsatsingsområde hjå oss. Målet vårt er at folk skal få hjelp same dag som dei vender seg til oss, seier rådmann Christian Fotland til Forbrukerportalen.no.

Les meir:
Radøy – ein seksstjerners kommune