Heim Blogg Side 352

Gullsekk til Rogaland og Trøndelag

0

Gosen skole i Stavanger og Trøndelag Teater fekk i dag Gullsekken – den kulturelle skulesekken sin eigen pris.

Gosen skole i Stavanger fekk prisen for arbeidet med den årvisse elevrevyen Gosenrevyen, medan Trøndelag Teater  fekk prisen for beste produksjon for oppsettinga “Kulde”.

Prisen vart delt ut på Hamar i ettermiddag, og båe vinnarane fekk 100 000 kroner kvar til vidare arbeid med kultur.

Vraka av redaktørforeininga

0

Tor Fuglevik fekk ikkje vervet som 2.vara i Oslo Redaktørforening på grunn av utspela han har hatt om pressestøtte.

Fuglvik har tidlegare uttalt at aviser som får statleg støtte, bør tvingast til å bruka noko nynorsk i spaltene sine.

Tor Fuglvik var ikkje til stades på årsmøtet, men seier til at han gjerne skulle vore vitne til dramatikken på møtet. 

– Etter det eg har fått referert i ettertid prioriterte eg tydelegvis feil i år, seier han til NA24 Propaganda, og legg til at han ikkje tek tapet svært tungt.

Les meir her.

322 milliardar til samferdsle

0

Regjeringa vil bruke 321,9 milliardar kroner til samferdsletiltak fram til 2019. I tillegg kjem 60 milliardar i bompengar, skriv Kommunal Rapport.

Regeringa la fram Nasjonal Transportplan i dag, fredag.

– Dei neste ti åra skal me bruke i alt 321,9 milliardar kroner over statsbudsjettet til utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet og til tiltak i havner. Det er 100 milliardar kroner eller 45 prosent meir enn i førre Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) til Kommunal Rapport.

Blant anna satsar regjeringa no på dobbeltspor på jernbanen frå Oslo til Lillehammer, Skien og Halden, samt opprustning av E6 fra nord til sør, E16 frå aust til vest og kyststamvegen frå Stavanger til Trondheim. 10 milliardar kroner er sett av til rassikring i perioden.

Fell utanfor

0

Norsktalande barn fell utanfor i samiske barnehager fordi dei ikkje forstår språket godt nok, skriv NRK.

Dette meiner forsker Marianne Storjord som har skrive doktorgrad i pedagogikk ved Universitetet i Tromsø .

Ho har basert feltarbeidet sitt på to barnehagar, ein i Indre-Finnmark, og ein i ein kystkommune.

– Spesielt i Indre-Finnmark, der dei andre barna bruker mykje samisk, vil ikkje dei norsktalande barna kunne gå inn i leikeprosesser. Dei vil ikke forstå kva som skjer, seier Storjord til NRK og legg til:

– Dei trekk seg ut, dei får jo ikkje med seg dei sosiale samhandlingane. Dermed vil dei ikkje trivast i barnehagen. Viss ditt eige språk ikkje er godt nok, så vil du ikkje få eit særleg positivt forhold til din eigen identitet. Det kan jo vere skadeleg på lang sikt

Tre nynorskbøker nominert til pris

0

Fire av i alt 23 nominerte til Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2008 har laga nynorskbøker.

Dei fire er:

Bjørn Sortland, Alle har eit sultent hjerte, er nominert til litteraturprisen.
Stein Erik Lunde (forfattar) og Øyvind Torseter (illustratør), Eg kan ikkje sove no, båe to er nominerte til bildebokprisen
Kari Stai, Jakob og Neikob, er nominert til debutantprisen

Prisen blir delt ut kvart år til fjorårets beste barne- og ungdomsbøker. Utdelinga skjer den 20. mars på Nasjonalbibliotekets store auditorium i Oslo, og det er kulturminister Trond Giske som står for utdelinga.

Heile lista over nominerte finn du her.

35 millionar til offentlege friluftslivsområde

0

Stortinget har løyvd 35 millionar kroner ekstra til tilrettelegging av statlege friluftslivsområde som del av regjeringas tiltakspakke for auka sysselsetjing.

Det totale beløpet til denne type tiltak er dermed 57 millionar kroner.

Aktuelle tiltak i friluftslivsområda vil vera å byggja toalett og bryggjer, opparbeide tur-, gang-, og sykkelstigar gjennom områda, laga parkeringsplassar i tilknyting til områda, gjera områda tilgjengelege for funksjonshemma og setja opp informasjonstavler.

På landsbasis er omkring 2.000 område sikra gjennom statleg eigarskap, og det er utarbeidd ei rekkje forvaltningsplanar med sikte på at viktige friluftsområde kan bli betre opparbeidde og meir tilgjengelege for folk flest.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har fordelt tiltaksmidlane mellom fylka på grunnlag av innmelde behov. Dei innmelde behova kom opp i 150 millionar kroner. Størst tildeling går til Vestfold, Vest-Agder, Hordaland og Møre og Romsdal.

I tillegg har DN tildelt pengar til skjøtsel og tilrettelegging av tidlegare forsvarseigedommar.

Også Friluftsrådenes Landsforbund og dei interkommunale friluftsråda er styrkte med to millionar kroner, som del av tiltakspakka. Dette for hurtig å kunne gjennomføre tilretteleggingstiltaka.

Målet med tiltakspakka er at pengane skal auke sysselsetjinga og dempe verknaden av den internasjonale finansuroa på norsk økonomi. Ho skal i hovudsak gå til aktivitetar som kan bli gjennomførte våren og sommaren 2009. (©NPK)

Både meire og mindre mjølk

0

Det vil ikkje lenger stå “mjølk” på søtmjølkkartongane frå Tine, slik det har gjort i ein del område i landet.

Søtmjølkkartongane vil no få einsarta emballasje kor ein brukar ordet “melk”, fortel kommunikasjonssjef Olav Håland i Tine. Kartongen har tre dekorsider og ei informasjonsside, og på informasjonssida vil teksten vere tidvis på bokmål og tidvis på nynorsk.

Surmjølka vil derimot få nynorsk tekst og heite “mjølk” i heile landet.

– Medan nynorsk tekst berre har vore på kartongar somme plassar i landet, vil no alle kartongar vere like uansett kor i landet du bur, seier Håland.

Leiar Hege Myklebust i Noregs Mållag seier den nye ordninga ikkje er god nok. Mållaget meiner det er synd at ein no ikkje lenger skal få kjøpt “TineMjølk” på same måte.

– Det er overraskande at Tine med sine tradisjonar og med sin særeigne eigarstruktur ikkje tek meir omsyn til at me har to offisielle målformer her i landet, seier Myklebust.

(Framsidebilde: Stockxhng) ‘

60 prosent brukar nynorsk i Strand

0

Medan mange andre kommunar i landet melder om nedgang i talet på elevar som vel nynorsk ved skulestart, er Strand i Ryfylke ein kommune mot straumen med sin nynorskdel på nesten 60 prosent.

Ifølgje avisa Strandbuen har til dømes halvparten av førsteklassingane som byrjar hausten 2009 ved Resahaugen skule vald nynorsk som si målform.

Atlas over truga språk

0

Unesco har laga digitalt atlas som syner kor i verda ein finn språk som er utryddingstruga.

Det interaktive atlaset er ei oppdatert og digitalisert utgåve av papiratlaset som UNESCO har hatt sidan 1996. I Noreg og området kring Noreg finn ein seks språk som er i fare: Fem samiske språk og jiddisk.

Klikk her for å komme til det digitale atlaset.

Få kvinner leier kommunale utval

0

Nesten åtte av ti leiarar av kommunale utval er menn, viser ny rapport. – Ikkje bra nok. Fleire kvinner må få prøve seg, seier kommunal- og regionalminister Kleppa.

Ein gjennomgang viser at kvinner berre har 23 prosent av dei viktige leiarverva i styre, råd og utval i dei 22 kommunane som er med i prosjektet «Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken» i regi av Kommunal- og regionaldepartementet. Det er grunn til å tru at fordelinga er nokolunde lik på landsbasis. Det er Rokkansenteret som evaluerer prosjektet.

– Vi er langt unna målet om full likestilling. Nokre av kommunane i denne undersøkinga har ikkje ein einaste kvinneleg leiar i dei viktigaste utvala, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Dei fleste kommunane i undersøkinga har oppfylt regelen om kjønnsbalanse i kommunale styre, råd og utval. Dei fleste har altså ein kvinnedel på minst 40 prosent. I ein norsk gjennomsnittskommune vert i snitt 33 ulike verv fordelte etter eit kommunestyreval, og dei fleste leiarverva går altså til menn.

– Regelen om 40 prosent kvinner i kommunale styre betyr at det er mange dyktige kvinner å velje mellom til desse verva. Som kommunalminister kan ikkje eg vedta likestilling i kommunane. Derfor utfordrar eg dei politiske partia til å vere medvitne og ta kloke, framtidsretta val når dei vel leiarane sine på alle nivå, seier Kleppa. (©NPK)

Mjølk eller melk på kartongen

0

Skal det framleis stå “mjølk” på mjølkekartongen på Vestlandet? Det skal Tine og Noregs mållag diskutere på måndag.

Bakgrunnen for diksusjonen er at Tine ønskjer å gå over til eit meir heilskapleg uttrykk på produkta sine, og som eit resultat av det kan ein del av mjølkekartongane kome til å få berre bokmålstekst. Det synest ikkje Noregs Mållag noko om.

– Vi ønskjer at nynorsk skal vere synleg på alle område, og at folk skal kunne møte nynorks kor som helst og når som helst. Daglegvarer, som mjølk, er viktige fordi dei er så synlege, seier leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust. Ho meiner dette er eitt av verkemidla som må til for at ein skal oppnå relle likestilling mellom dei to målformene.

– Sjølv om vi har lovfesta likestilling mellom bokmål og nynorsk, så er ikkje likestillinga reell så lenge nynorsken er så lite synleg.

Myklebust håper no at Tine vil halde fram med “mjølk” på kartongane, og ser helst at dei utvidar området for “mjølk” til å gjelde heile landet, og ikkje berre sommme område på Vestlandet som i dag.

Større utfordringar

0

Kan Språkrådet nå tenkje på noko anna enn å presse meir nynorsk inn i VG, Aftenposten og Dagbladet, spør redaktør i Aftenposten, Per Anders Madsen.

Madsen meiner i ein kommentar i Aftenposten at Språkrådet no bør slutte å ri på ein nynorsk kjepphest. Og legge bort kravet om nynorsk i riksdekkande aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten.

“I Redaksjon En påpekte Lomheim det selvfølgelige. Språket i en avis som Aftenposten står ikke stille, det har gjennomgått en markant utvikling gjennom en årrekke. Og – kanskje – vil mer bruk av nynorsk, også på nyhetssidene, kunne ligge i forlengelsen av denne utviklingen. En slik mulighet rokker ikke ved det som var statsrådens prinsipielle begrunnelse for sin kontante avvisning av Språkrådets krav. Valg av avisens språkform er sjefredaktørens ansvar. Giske er tilhenger av mer nynorsk i avisene, men valget av språkform er ikke noe Staten skal legge seg borti, direkte eller indirekte”, skriv han.

Les kommentaren her.