Heim Blogg Side 353

Deler ut målpris

0

LNK skal dele ut pris for god språkbruk, og utdelinga skjer under Landstinget i mai. Send inn forslag til gode kandidatar.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjev annakvart år ein pris for god språkbruk til ei offentleg verksemd, ei bedrift eller ein einskildperson som har fremja nynorsk språk og kultur.

Prisen skal delast ut i samband med landstinget i Loen 27. – 29. mai 2009.

Tidlegare har Ullensvang herad, Fylkesmannen i Rogaland, Vågå reiselivslag, Sogn og Fjordane Idrettskrins, Fjell kommune, Sunnhordland Interkommunale Miljøverk, Arne Brimi, Lotteritilsynet, Odd Nordstoga og Per Gynt-stemnet fått prisen.

Dersom du veit om nokon som fortener prisen, send forslaget ditt med grunngjeving til:

LNK, Postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 OSLO, eller: post@lnk.no

Frist for innsending: 20. april 2009

Aust- og Vest-Agder kan bli eitt

0

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lover hjelp til samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder til eitt agderfylke.

Kleppa møtte måndag fylkesordførarane i Aust- og Vest-Agder. Ho lovde då at departementet i alle fall ikkje skal gjere noko for å forsinke ein slik prosess, men ho kunne ikkje seie noko om kva økonomisk støtte fylka kan vente seg.

På møtet med statsråden fekk dei to fylkesordførarane beskjed om at eit samla agderfylke vil få ein felles fylkesmann. Ut over det skal det undersøkast om kor vidt agderfylket vil få færre stortingsrepresentantar enn dei to fylka har i dag.

Dei respektive fylkestinga skal ta stilling til om dei skal gå for ei fylkessamanslåing i løpet av våren. Fylkesordførar Thore Westermoen i Vest-Agder seier til Fv.no at han håper ei samanslåing kan bli ein realitet innan kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Lærarane meiner Pisa-undersøkingane øydelegg

0

Dei internasjonale Pisa-undersøkingane øydelegg den norske skulen, meiner eit fleirtal av lærarane i Noreg.

Åtte av ti lærarar meiner Pisa-undersøkinga gjer skulekvardagen verre, og over halvparten av lærarane er i tvil om det er læreplanen eller Pisa som skal styre skulen. Det viser ei undersøking som Utdanningsforbundet står bak.

Men Astrid Roe, som har ansvaret for Pisa-undersøkinga i Noreg, meiner undersøkinga til Utdanningsforbundet ikkje gir eit rett bilete av situasjonen.

– Mange av spørsmåla er upresise eller leiande. Eg har forslag til andre formuleringar som ville ha gitt betre kunnskap på mange av dei, seier ho til Dagsavisen.

Roe er ikkje einig i at Pisa-undersøkinga hevar seg over læreplanen og set premissar for skoleutviklinga.

– Ho måler elevkompetansen i lesing, matematikk og naturfag, og ho seier ein del om elevkompetansen der. At media kallar skulen elendig, er ikkje Pisas feil, seier Roe.

Pisa er eit internasjonalt prosjekt i regi av OECD som måler skolekompetansen til femtenåringane i lesing, matematikk og naturfag. Pisa-undersøkingane blir gjennomførte kvart tredje år og viser at norske elevar ligg under OECD-gjennomsnittet på desse tre fagområda. Den neste Pisa-undersøkinga skal gjennomførast i mai i år. (©NPK)

Nynorsksiger på Sjukehuset Innlandet

0

Lege Ottar Rekkedal ved Sjukehuset Innlandet får det som han vil: Helseføretaket må leggje til rette for at han skal kunne nytte nynorsk i jobben sin.

Seksjonsoverlege Rekkedal har i fleire år diktert notata sine på nynorsk og fått dei att reinskrive på bokmål. Dette opplevde legen som ein form for språkleg rasisme, og i oktober i fjor sende han ei brev til Helse Sør-Aust RFH kor han uttrykte frustrasjon over saka. Brevet gekk med kopi til Kyrkje- og kulturdepartementet.

No har både sjukehuset og departementet gitt Rekkedal si fulle støtte, skriv Gudbrandsdølen Dagningen si nettutgåve. Departementet seier i sitt brev til Helse Sør-Aust RHF at dei tilsette har rett til å diktere på den målforma dei sjølve ønskjer og at den som skriv ut notata må følgje denne målforma. Dei seier vidare at talegjenkjenningssystemet som sjukehuset skal innføre må kunne takle både nynorsk og bokmål.

Sjå også: Utsett for språkrasisme

Rammsund vil diskutere nynorsk

0

No vil også rockebandet Rammsund bidra til debatten om målbruk i media.

Somme riksdekkande aviser vil ikkje la journalistane sine skrive nynorsk, og debatten kring dette har gått høgt i heile vinter.

Dette er vrøvl, nynorsken florerer til tusen, og redaktørane treng kun eit vennskapeleg dytt med albogen i ryggjen. Det seier Rammsund i ein kommentar på Dagbladet.no. No inviterer dei til målsaksdugnad og reaksjonær drøfting, og det skjer i Drammen i april.

OM RAMMSUND:

* Rockebandet Rammsund speler songar av det tyske bandet Rammstein omsett til nynorsk.
* Bandet har ein uttalt nynorskprofil og skal for første gong gi ut sin eigen målpris hausten 2009.

Kjelder: Dagbladet.no og Rammsund.com

Allkunne på nett

0

No kjem det nynorske leksikonet, Allkunne, på nett.

Allkunne spelar på Norsk Allkunnebok til Fonna Forlag og skal altså bli eit omfattande digitalt oppslagsverk. Allkunne AS er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum , som i mange år har samarbeidd for å utvikla det nye tilbodet.

– Alle oppslaga skal vera skrivne berre for «Allkunne». Vi startar med å dekkja det nynorske feltet. Deretter går vi vidare med heile kulturfeltet, men målet er eit allment nettleksikon som dekkjer det allment norske i brei tyding, seier Eirik Helleve som er ansvarleg for prosjektet til Dag og Tid.

Han etterlyser også fleire som vil bidra.

– No har vi 30–40 skribentar, men vi treng langt fleire. Lengda på artiklane skal vera på anten 1000 teikn eller 4000 teikn.

Les meir hjå Dag og Tid.

Vil ha meir nynorsk i barnehagen

0

Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøker.

– Det er ikkje alltid samsvar mellom språkpolitikken i barnehage og skulen i same kommune påpeikar skulemålskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag og leiar i Suldal Mållag Wenche Haugen Havrevoll til Stavanger Aftenblad.

Dei viser til at medan det før var skulespråket som la premissane for barns språkutvikling er det no mellom anna språkbruken på fritida som får stadig større påverknad. Mållaget vil difor at barna i nynorsk-kommunar skal møte nynorsk alt i barnehagen.

– Di fleire som kan nynorsk, di mindre vil skepsisen bli mot målforma, hevdar Arnøy, og viser til at eit samrøystes Storting har gjort vedtak om at alle i Norge skal ha moglegheiter til å bli tospråklege.

– Den beste måten å bli to-språkleg, er å ha nynorsken i botn, for bokmålet får me inn gratis. Dei som veks opp med nesten berre bokmål, blir i bestefall halvannan-språklege, seier Ingar Arnøy til Stavanger Aftenblad.

Vurderer omdømmeskule

0

15 kommunar og éin region deltok i fjor på ein statleg omdømmeskule. Kommunal og regionaldepartementet vurderer å vidareføre opplegget i 2009.

Omdømmeskulen skulle vere ein reiskap for kommunar som ønsker å arbeide med profilering, omdømeprosessar og stadutvikling. Interessa for å delta i fjor var stor, og seniorrådgjevar i regionalpolitisk avdeling, Judith Kortgård, seier tilbakemeldingane frå deltakarkommunane var gjennomgåande positive. Kravet til deltakarkommunane var at dei i løpet av dei tre samlingane som skulen la opp til måtte setje i gong eller vidareutvikle eige prosessar for omdømmebygging.

Medan det i fjor berre var særskilde kommunar som var inviterte til å delta, ser departementet for seg at ein neste gong vil gå ut med ein open invitasjon. KRD kan enno ikkje seie sikkert at det blir omdømmeskule i år, eller kva tid det kjem.

Omdømmeskulen er ein del av departementets satsing på omdømmearbeid i kommunar og regionar, Ry.

Omdømebygging er tema på Landstinget 2009.

Song for barnet i magen

0

I Gjemnes blir det laga songbok for det ufødde barnet, med songar på nynorsk og dialekt.

– Eit barn har levd med stemma til mor og hjarteslaga til mor lenge før det blir fødd. Når det kjem til verda, vil mors stemme vere kjend. Gjennom song før og etter fødselen kan mor og barn byggje viktige relasjonar, forklarar ein av initiativtakarane til den nye songboka, jordmor Marianne Klokset Aspås i Gjemnes kommune.

Jordmora har jobba med foreldre og barn i ei årrekkje og seier ho lenge har leita etter eit verktøy for blivande foreldrer som vil kommunisere med barnet sitt. No meiner ho å ha funne verktøyet, ei lita songbok som skal innehalde kjende songar på nynorsk og dialekt.

– Ved å synge for barnet trur vi at mor og far er med på å skape godt humør og harmoni, som igjen kan føre til produksjon av endorfinar, såkalla velvære-hormonar, fortel Klokset Aspås. – Barn elskar stemmer og foreldra må berre synge med den stemma dei har.

Gjemnes mållag er med og lagar songboka. Leiar i mållaget, Ingvild Ruland, fortel til LNK.no at det har vore viktig for dei at songane er vanlege barnesongar som folk kjenner frå før, som Kom skal vi klippe sauen og Byssan, byssan barnet. Like viktig er det at songane finst på nynorsk, ei målform som foreldra i området bør kjenne seg fortrulege med.

Den nye sangboka vil få eit lite og hendig format med songar foreldra kjenner frå før. Boka skal delast ut gratis til foreldra, anten  i samband med barselkontroll eller første kontroll etter fødsel.

Utvalet av dikt, songar, rim og regler er allereie gjort, no blir det jobba med illustrasjon og finansiering.

Fornøgd med opplagstala for lokalavisene

0

Fornøgd med opplagstala for lokalavisene

Av Nynorsk Pressekontor (NPK) 17.feb.2009

Lokalavisene tilknytt Landslaget for Lokalaviser (LLA) fekk ein nedgang i opplaget på 0,3 prosent frå 2007 til 2008, etter 16 år med framgang.

Avisene med under 6.000 i opplag har gått fram med 0,7 prosent, medan dei litt større lokalavisene har ein liten tilbakegang.

– Lokalavisene ser ut til å vera mindre påverka av endra lesevanar og turbulente tider. Avisene våre er og blir ein naturleg del av kvardagen til folk, seier Tomas Bruvik, styreleiar i LLA.

Årets opplagsvinnar er Stangeavisa for andre året på rad. Avisa kjem ut ei gong i veka med eit gjennomsnittleg opplag på 2.516 eksemplar. Den fem år gamle avisa auka med heile 509 eksemplar i fjor, ein opplagsvekst på over 25 prosent. Stangeavisa dekkjer Stange kommune i Hedmark og har fire medarbeidarar.

Andre aviser med stor framgang i fjor er Våganavisa som kjem ut i Vågan kommune i Lofoten. Opplaget enda på 2.067 aviser – fram 324 frå året før. Steinkjer-Avisa hadde eit opplag på 4.229, ein framgang på 312 aviser. Fanaposten auka med 280 aviser i fjor og enda på 4.683. På femteplass blant dei som auka mest er Sandnesposten som gjekk fram med 251 eksemplar til eit opplag på 4.222. (©NPK)

Utfordringa er å auke folketalet

0

Ein rapport frå Telemarksforskning viser at kommunane i rv. 13 – regionen har god næringsutvikling, men klarer i liten grad å trekke til seg nye innbyggarar.

Rapporten frå Telemarksforskning er bestilt av I/S Fjordvegen og har som mål å kartlegge dei viktige utviklingstrekka for kommunane langs rv. 13 frå Sandnes til Førde. Kartlegginga konkluderer med at dei fleste kommunane langs strekninga ikkje trekkjer til seg busetjing, trass i at det er god næringsutvikling og god vekst i arbeidsplassane.

Rapporten viser også til at betre kommunikasjonar til sentre med overskot på arbeidsplassar er den mest effektive måten å auke folketalet. Dermed kan ein bu i området og pendle ut av kommunen.

Folketal og arbeidsplassar
Trass i dette er den totale befolkninga i rv. 13 – regionen veksande, og har no passert 130.000 personar. Men det er kommunane Førde, Sandnes, Forsand og Strand som har betydeleg vekst i folketalet. Kommunane imellom slit derimot mykje meir.

Ifølgje kartlegginga er situasjonen aller verst i Eidfjord, med ein nedgang på 1,2 prosent årleg etter 2000. Ulvik hadde den største nedgangen i 2007 med 2,6 prosent.

Når det gjeld arbeidsplassutviklinga i kommunane kjenner ein igjen mykje av mønsteret som også ligg til grunn for utviklinga i folketalet. Kommunane lengst i sør, Sandnes og Strand, har hatt ein gjennomsnittleg vekst på 3,3 prosent dei siste sju åra. Førde i nord har også hatt ein sterk vekst, med 2,4 prosent gjennomsnittleg auke. Kommunane Balestrand, Granvin, Ulvik og Odda har derimot hatt sterk nedgang.

Når det gjeld nyetableringar i næringslivet er også biletet det same, med nokre få unntak. Eidfjord og Odda har høg etableringsfrekvens.

Ungdommen flyttar
Også her ser ein tendensen med at dei unge flyttar innover til byane. Blant kommunane i rv. 13 – regionen er det Førde og Sandnes som er attraktive for dei unge vaksne. Voss, Odda og Strand er over middels attraktive for ungdommen.

Noko annleis er det for barnefamiliane. Her er kommunar som Gaular, Granvin og Eidfjord mest populære. Tett fylgt av kommunar som Ulvik, Sauda, Strand og Forsand. Hjelmeland, Balestrand, Vik, Ullensvang og Odda er derimot lite attraktive for barnefamiliar.

Samla sett er det kommunar som både har betre næringsutvikling enn gjennomsnittet, og samstundes er attraktive for tilflyttarar som kjem best ut. Her finn ein Sandnes, Forsand, Strand og Voss. I andre enden totalt sett er Ullensvang, Vik, Balestrand og Ulvik.

Bryt gjerne lova igjen

0

Universitetet i Bergen får refs for å skrive for mykje nynorsk. Elin Folgerø Styve og Hilde Kvalvaag legg ikkje skjul på at dei er stolte over å bryte Mållova på denne måten.

I Universitetet si eigenrapportering til Språkrådet kjem det fram at utdanningsstaden let nynorsk få større plass enn det Mållova tillet. I følgje tal frå Bergens Tidende brukar Universitetet heile 88 prosent nynorsk i kortare tekstmateriell og 82 prosent i lengre. Skal dei rette seg etter mållova, må dei halde seg til maksium 75 prosent nynorsk språk i brosjyrar  og anna formidlingsmateriell.

Verre viss det var omvendt
Styve og Kvalvaag, som begge jobbar ved Universitetet si formidlingsavdeling, ser ikkje ut til å ta resultatet tungt.  Hadde det vore omvendt ville eg synst det var verre, seier Styve. Ho legg til at dei sjølvsagt vil ta eit eventuelt krav frå universitetsleiinga om å stramme inn på nynorskbruken, på alvor. Hilde Kvalvaag, som er forfattar ved sida av jobben på Universitetet, er friskare i kommentaren:

-Vi har ikkje noko imot å gjere dette igjen, meiner ho, og siktar til det nyleg oppdaga lovbrotet.

Krav at nye kan nynorsk
Styve framhevar at ho berre kan uttale seg på vegne av det redaksjonelle stoffet ved Universitetet. I eigenrapporteringa til Språkrådet blir det lagt stor vekt på brosjyremateriell, som hovudsakleg blir laga ved ei anna avdeling. I   redaksjonsavdelinga, som mellom anna står for forskingstidskriftet Hubro og nettavisa På Høyden, seier Styve at det har blitt ein naturleg tradisjon å skrive mykje nynorsk. Ved tilsetjing av nye arbeidstakarar er det eit krav at dei kan  nynorsk.

– Vi passar på at Hubro annankvar gong får forside på nynorsk og bokmål. Elles kan vi ikkje vere firkanta når vi jobbar redaksjonelt, påpeikar Styve, som er redaktør for Hubro.

Det var eit medvite val for mange år sidan at vi ville overoppfylle kravet om nynorsk, held ho fram.

Naturleg for  universitetet
Styve meiner vidare at det fell seg naturleg med mykje nynorsk på eit vestlandsuniversitet, sjølv om det ligg i urbane strok. Ho visste at dei ville skore høgt som nynorskbrukarar på Språkrådet sitt eigenrapporteringsskjema. At tala blei så høge, kom likevel overraskande.

-Får de kommentarar på at de skriv så mykje nynorsk?

– Eg har ikkje fått nokon reaksjonar. Det må i tilfelle vere maks ein i året. Det å lese og skrive nynorsk er naturleg både for oss og lesarane våre, meiner redaktøren.

Einaste minuset ho ser ved den omfattande nynorskbruken, er at folk som bruker bokmålsord ved søk på universitetet sine nettsider, kan vere uheldige og miste enkelte treff.