PÅ KOMMUNEVIS: Flytt til Hardanger har vore eit 3-årig prosjekt i dei 7 Hardangerkommunane, Kvam, Odda, Jondal, Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang, i perioden 2007– 2010. Finansieringskjeldene i prosjektet er Hordaland fylkeskommune og dei sju Hardanger-kommunane. Målet med prosjektet Flytt til Hardanger var å snu den negative utviklinga i folketalet som har truga regionen i det siste – ei kjempeutfordring.
Prosjektet har vore samansett av 9 prosjektgrupper; prosjekt, kommune, Placement, database, marknadsføring, Hardangerlokk, næringsliv, grunnskule og fylkesgruppa. Placement er ei gruppe som har arbeidd med å få folk frå Nederland til å flytta til Hardanger.
Me har vore på messe i Nederland 3 gonger, noko som har gitt god utteljing – mange nederlandske familiar har flytta hit, og fleire av dei har skapt sin eigen arbeidsplass.
Hardangerlokk er ei anna gruppe, som hadde sitt utspring i Kvammalokk. Denne prosjektgruppa har trekt til seg unge kunstnarar som vil busetje seg i regionen, gjennom lokkestipend på 50 000 kroner. I tillegg har Hardanger-kommunane kjøpt kunstnarhusvære i Berlin – eit sers populært tilbod!
Prosjektet Flytt til Hardanger har skapt eit godt samarbeid på tvers av kommunane i Hardanger. Fokuset er flytta over frå kvar einskild kommune til heile regionen. Me ser at regionstanken er viktig for å oppnå resultat. Samarbeid innan ulike fagfelt gir styrke til å rekruttere folk med fagkompetanse.
Gjennom prosjektet har me fått opnare dialog og samarbeid mellom kommuneadministrasjonane og stort engasjement og positivitet blant dei som har vore med. Me har også fått ei bevisstgjering om å tenkja samhald og ikkje konkurrera heile tida, men gjera kvarandre gode.
Slagordet har vore ”Ja, det ordnar me!” Kven var fyrst – Hardanger eller Barack Obama? Slagordet har vore eit motto for alt arbeid som har vore gjort i prosjektet. Det har vore positive haldningar hjå alle som har vore involverte i prosjektet, ikkje minst hjå dei som arbeider på servicekontora i kommunane – alt vert ordna.
Prosjektet har hatt kontakt med utflytta ungdom frå regionen og har invitert dei til felles samlingar der næringslivet og kommunane har vore representerte. Kva skal til for å få ungdomen heim att? Ein stad å bu er fyrste val, så kjem fritidstilbod, møteplassar, skule, barnehage og arbeid. Med dei nye samferdsleprosjekta som er i emning i Hardanger, vil regionen få ein mykje større felles bu- og arbeidsmarknad.
Prosjektet har gitt resultat, trenden i folketalsutviklinga har allereie snudd. Alle Hardangerkommunane hadde vekst i folketalet i 2009, Ullensvang hadde +31. Ny optimisme i Hardanger – fleire unge – ny kompetanse – større aktivitet!
Elvane møtest av Olav H. Hauge
Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
Snåvar ikkje so lett i steinane;
Turskodd skal ingen vassa oss no!
Velkomen til fruktbare Hardanger – her er plass til mange fleire!
Solfrid Borge (Sp) er ordførar i Ullensvang herad