Heim Innspel Høviske ord: Teori, kompromiss og praksis

Høviske ord: Teori, kompromiss og praksis

Valet er over. I skrivande stund veit me at Erna Solberg vert statsminister, men ikkje stort meir.

 

For no er forhandlingane i gang, no godblunkar liberalistar av ulike slag til verdikonservative erkefiendar gjennom mange år, der dei hastar av garde til neste posisjoneringsmøte. 

 

Høfleg held dei møteromsdører – og andre dører – opne for kvarandre. I møteromma skal dei avgjera kva dei er samde om, og kva som skil dei. Ved sidan av kaffikoppane ligg partiprogramma oppslegne på dei ovale møteromsborda, småfuktige av gul og blå markeringstusj.

Partiprogramma er viktige. Der står det skrive kva partia står for, kva dei har vedteke av politiske saker, og kva dei lovar veljarane sine. Når fleire parti som går til val med ulike meiningar, skal finna saman, må dei forhandla. Då handlar det om styrke, stil og personkjemi. Alle må gi og ta. Lojalitet til veljarar og partiprogram må i éi sak vegast opp mot kva ein kan oppnå av posisjonar og politisk vinst i ei anna sak. Ideologi må vika for fleksibilitet og pragmatisme, kanskje til og med opportunisme, av og til.

Det vert spennande å sjå. Me kjenner jo teorien, veit kva som står i partiprogramma. Me skjønar at det er nødvendig med kompromiss, og me er spente på kva som kjem ut i den andre enden som praktisk politikk.
På det språkpolitiske området har dei ulike regjeringskandidatane ulik historie.

Venstre og KrF har solide røter i dei norske motkulturane, der nynorskrørsla har vore ei viktig drivkraft. Etter kvart som tidene har endra seg og trua på marknaden som politisk ideologi har snike seg inn i dei fleste partia, har nok desse tradisjonane vorte svakare. Men dei har framleis mange gode språkmål i programma sine, både på punkt som gjeld dei norske språka nynorsk, bokmål og samisk, men òg når det gjeld språklege rettar for innvandrarar.

Høgre har òg gode tradisjonar: «Høgre vil verna det norske målet mot all tvang. Bokmål og nynorsk må få veksa fritt og naturleg. Foreldri må få ha sin fulle rett til å velja mål og målform i skulebøkene til borni» vedtok Høgre i 1953. Den formuleringa gjekk att i mange Høgre-program utover i 50- og 60-åra (På parti med språket – Grepstad 2013).

Men det var då. Slik er det ikkje lenger. Høgre og Fremskrittspartiet ønskjer no å leggja om sidemålsopplæringa i skulen ved å gjera sidemål valfritt. I valkampen har ingen av partia freista å skjula at sidemål i denne samanhengen tyder nynorsk. Dei to partia ønskjer altså at elevane skal kunna velja vekk bokmål i LNK-kommunane.

Like kontroversielt er Høgre sitt framlegg til endring av mållova: Partiet vil ikkje lenger at innbyggjarane i landet skal bestemma kva språk dei tilsette skal venda seg til dei same innbyggjarane på, men at kvar einskild byråkrat skal stå over staten og sjølv avgjera eit slikt spørsmål.

Stortinget la grunnlaget for ein svært ambisiøs språkpolitikk med stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008. Rett nok er ikkje på langt nær alle dei konkrete måla i meldinga følgde opp, men lat oss håpa at den nye regjeringa, korleis ho no kjem til å sjå ut, fører arbeidet vidare.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...