Heim Innspel Kommunereforma og språk

Kommunereforma og språk

LESARBREV: Kva veit og kan rådmenn og politikarar i Romsdal?

Har du høyrt Regionrådet for Romsdal (ROR) uttale seg om språk, om teneste-og administrasjonsspråk i kommunane som sak i kommunereformdebatten? Neppe, endå språket er det viktigaste verktøyet rådmenn og folkevalde har. Og kanskje det som er sterkast knytt til eigen identitet. Språk og kultur – ja, det heng i hop.

For 80–100 år sidan vedtok folkevalde å skifte ut det gamle «bogsproget» med folkemålet. Romsdalingane innførte nynorsk i skule og kommunal styring. Det var å rette ryggen og oppgradere sitt eige heimemål. Det gav styrke og sjølvtillit i organisatorisk og politisk arbeid – og ein rik og mangfaldig litteratur vaks fram.

Men korleis har kommunane, parti og politikarar forvalta denne skriftkulturen? Ikkje alle stader like bra, dessverre og i seinare år truleg ein del skralare enn før.  Her er eit forbetringspotensial. To punkt: 1. Språket må fram som tema og ikkje usynleggjerast. 2. Kommunane og ROR har eit ansvar dei må bli seg bevisste. Og det er primært ordførarar og rådmenn som må ta grep.

Vil ev. kommunesamanslåingar få konsekvensar for språket til kommunane? Ja, det vil det etter alle solmerke kunne få. La meg ta nokre døme: Skulle t.d. Aukra (nyn.) og Midsund (nøytr.) gå saman, må teneste-og administrasjonsmålet  bli nynorsk. Noko anna ville vere rart og svært uheldig. (I Midsund er det no fleirtal for å gjeninnføre nynorsk!)

Går Vestnes (nyn.) og Rauma (nøytr.) saman burde au sterke argument tale for nynorsk sjølv om her kan bli eit friskt ordskifte. Gløym ikkje at Rauma har nynorsk i dei fleste skulekrinsane. Og med nytt kommunesenter i Måndalen…?!?

Kva så med Fræna og Eide – som mange meiner er sannsynlege samanslåingskandidatar? I Fræna har nynorsk rådd grunnen inntil nyleg, då høgrekameratane med litt «hjelp», gjorde kommunen språknøytral. Nordmørskommunen Eide er ein «raritet» i fylkessamanheng – som einaste bokmålskommunen. Bykommunane er nøytrale. Det er noko med å vere meir katolsk enn paven! Historia bak kan nok lokalhistorikar Jonny Lyngstad og språkvitar Ingvar M. Øien betre enn meg. Det kan ikkje bli anna enn nøytralt om ikkje H, Frp og Krf-utbrytarar i Fræna røystar for bokmål(!) Skulle ha teke seg ut, vil somme seie. Eller: Ta va fole!

Kva så med Romsdalshalvøya – kva det no måtte ende med – «Molde med moms» – som varaordføraren i Fræna har snakka om? Går Midsund, Aukra, Fræna og Eide i lag med Molde i ein storkommune, vil avgjort nynorsken kome under sterkt press. Skulle Nesset og Gjemnes kome til, vil nok ”nøytraliteten” lyse endå sterkare (les: bokmålet). Einast Sandøy seglar seg  sin eigen sjø om enn eit par øyar fattigare…

I det meste av si verketid har ROR hatt på lag like mange nynorskkommunar som nøytrale. Men har nynorsk hatt noko rom i organisasjonen? Eg er ikkje kjent med det. Det fortel mykje om språk og makt, om Molde og omlandet.

Kanskje på tide å sjå det heile med nye auge. Språk må ikkje forbli ei ikkje-sak i kommunal og regional samanheng. Kanskje har somme skjønt at språket au kan nyttast som argument den eine eller andre vegen. Men viktigare: Vonleg ser fleire at språkbruksplanar kan trygge lik bruk av både bokmål og nynorsk i språkdelte og nøytrale kommunar. T.d. i kommunar som Fræna, Nesset og Rauma der 45-50% av elevane har nynorsk som opplæringsmål i skulen. Det ville ha vore eit framsteg. Det kan politikarane gjere noko med.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...