Heim Innspel Kommentar: Lukta av nynorsk

Kommentar: Lukta av nynorsk

Nynorsk luktar ulikt i ulike medium.

Behovet for å halde seg for nasen ser i alle fall ut til å vere avhengig av kanalen. Slik har det vore lenge. For mange er t.d. skriftleg nynorsk verre å akseptere enn munnleg. Mange riksaviser held som kjent hardnakka på den diskriminerande praksisen med nynorskforbod for journalistane sine, medan NRK, TV2, P4 og andre riksdekkande etermedium utan problem har brukt nynorsktalande medarbeidarar i mange tiår.

Forklaringa på denne skilnaden har ikkje noko med forståing å gjere, men med fordommar. Den som forstår kva nyhendeankera Arill Riise og Ingvild Bryn seier, vil også forstå manuskripta deira. For nokre kan det kanskje vere uvant å byrje å lese nynorsk tekst, men for dei aller fleste med norsk som morsmål og normal lesekunne bør det vere rimeleg lett å forsere det hinderet – viss dei vil.

Dette har til og med Aftenposten oppdaga. Dette var lenge ein riksmålsbastion som hardnakka jåla seg med slikt som «sprog» og «sne» og «efter». Å halde på språklege særdrag er som kjent dyrt (det veit elles nynorskfolk mykje om), og i takt med aukande digitalisering og minkande ressursar til intern særkorrektur har dei innretta seg meir og meir etter NTB-normalar og anna standardbokmål. Men framleis er det sjølvsagt berre bokmål å lese i det redaksjonelle stoffet.
Eller?

Tilbake til poenget om ulik lukt i ulike medium: I aftenposten.no er nynorskforbodet uthola. På skjermen er det stadig nynorske artiklar å sjå. Ikkje berre i kronikkar og kommentarar frå eksterne skribentar, men også heilt standard redaksjonelle saker, utstyrt med nynorsk tittel, bilettekst og det heile. Til dømes denne kultursaka frå desember 2012. Eg har også sett nyhendesaker på nynorsk i aftenposten.no om skiskyttarar og fotballspelarar.

Forklaringa er sjølvsagt avtalar om stoffutveksling med andre aviser. Nokre av desse (Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten) har nynorskskrivande journalistar, og Aftenposten har valt å ikkje spandere tid og ressursar på å omsetje deira saker til bokmål. Desken lar det stå til, og satsar på at lesarane av nettavisa deira toler det. Det gjer dei nok.

Konklusjonen må bli slik: Skriftleg nynorsk luktar meir enn munnleg, men skrift på skjerm luktar mindre enn skrift på papir. Utviklinga går som kjent frå papir til skjerm både i avishusa og mange andre stader, så her er det vi nynorskingar som er på lag med framtida.

 

 

Førre artikkelHar filial i Oslo
Neste artikkelVil ha karakter i sidemål

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...