Heim Innspel Kommentar: Meir kunnskap om fleirspråklegheit

Kommentar: Meir kunnskap om fleirspråklegheit

«Sunn fornuft» er ikkje alltid så sunn. Opp gjennom det meste av 1900-talet var det eit rådande syn, også mellom språkekspertar, at det var uheldig, og kunne vere skadeleg, om eit barn måtte vekse opp med meir enn eitt språk.

«Sunn fornuft» tilsa at slik måtte det vere. Frå 1960-åra av klarte kanadiske og andre forskarar å finne metodar til å gå desse oppfatningane etter i saumane og fann at fleirspråkleg oppvekst tvert imot kunne vere ein fordel for utviklinga til eit barn. Nettstaden Flere språk til flere ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet ( site.uit.no/flerespraaktilflere ), som gjev råd og informasjon til fleirspråklege familiar basert på kunnskap frå forskingsfronten, oppsummerer desse forskingsresultata slik:

Barn som hører forskjellige språk i sine daglige omgivelser har gjerne større forståelse for forskjellige kulturer og andre menneskers synspunkter. De er ofte også bedre enn enspråklige til å gjøre flere ting samtidig (’multitasking’), til å fokusere oppmerksomheten på noe, de lærer ofte å lese tidligere og de er ofte flinkere til å lære nye språk.

Kvifor har det gått så lang tid utan at desse positive resultata har blitt heilt sjølvsagd kunnskap i ålmenta? Éin av fleire grunnar kan vere ei uheldig førestilling om at det å lære seg språk på ein måte er som å fylle ein behaldar. Hjernen til barnet blir sett på som behaldaren, og språktileigninga som fylling av behaldaren. Dersom hjernekapasiteten til mennesket hadde vore så liten at vi stod i fare for å fylle han for mykje viss vi lærte for mykje språk, måtte vi jo vurdere nøye kva språkkunnskapar vi ville fylle han med. Det var då òg vanleg før å tenkje at for mykje av det eine språket ville kunne vere til hinder for framvoksteren av det andre. I Noreg og mange andre vestlege land vaks dei fleste barna opp i einspråklege familiar, og saman med behaldarførestillinga gjorde dette at einspråkleg oppvekst vart sett på som det mest normale og «sunne». Men forsking har altså vist at dette rett og slett ikkje stemmer.

Likevel treng vi framleis meir kunnskap om både dei psykiske, dei sosiale og dei samfunnspolitiske sidene ved fleirspråklegheit, og om samanhengane mellom desse sidene. Med finansiering frå Noregs forskingsråd har Universitetet i Oslo i år etablert eit nytt senter for framifrå forsking, Senter for fleirspråklegheit. I nært samarbeid med mange av dei fremste forskingsmiljøa i verda skal forskarane ved dette senteret «bidra med kunnskap om muligheter og utfordringer ved flerspråklighet slik at samfunnet effektivt kan forvalte språklig mangfold og at individer kan få utvidet sitt kommunikative handlingsrom» (slik det står på nettsidene til senteret). Vi ser fram til å ta del i denne kunnskapen, og eg oppfordrar alle som blir kontakta av desse forskarane, til å ta vel imot dei.

Den siste tida har det vore stor interesse knytt til moglege fordelar ved den særeigne språksituasjonen i Noreg. Er det slik at han, med to nærståande skriftspråk og eit mangfald av dialektar med høg status, inneber fordelar av same typen som dei som blir omtalte i den internasjonale forskingslitteraturen? Fleire forskingsmiljø i Noreg ser no nærmare på aspekt av desse innfløkte spørsmåla. Ein rapport frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim i fjor ser ut til å styrkje hypotesen om at tospråklegheit der dei involverte språka er bokmål og nynorsk, har nokre av dei same fordelane knytte til seg som anna tospråklegheit.

Språkåret 2013 er over halvveges. Året er ei påminning om at språkleg variasjon og mangfald finst og er verd å gle seg over. Det er ei glede å konstatere i Språkåret at Senter for fleirspråklegheit og andre forskingsinitiativ skal hjelpe oss i åra frametter med å forstå endå betre korleis og kvifor fleirspråklegheit er bra for oss, og samstundes kva for utfordringar fleirspråklegheit fører med seg. Inntil vidare: Nyt fleirspråklegheita!

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...