Grenselaust festspelprogram i Språkåret 2013
Tre unge, talentfulle festspelforfattarar har selskap av mellom andre Vamp og Are Kalvø i eit festspelprogram som strekkjer seg både over landegrenser og norske språkgrenser i jubileumsåret for Ivar Aasen.
NM i Facebook
Meir enn halvparten av norske kommunar har no ei offisiell side på Facebook, og Sarpsborg og Utsira er mellom dei beste til å bruke dei.
Nynorsk Wikipedia runder 100 000
Nynorsk Wikipedia har publisert sin artikkel nummer 100 000. Med det har leksikonet runda ein viktig milestein.
Bruer og tunnelar hindrar ikkje fråflytting
Etter 14 av 19 bru- og tunnelutbyggingar i dei fem nordlegaste fylka fall folkefallet etter at fastlandssambandet kom på plass.
NRK vil ha eigen språksjef
NRK lyser no etter eigen språksjef som skal vere med og halde NRK oppe som normdannar for det norske språket.
Kommentar: Språk som del av den kulturelle grunnmuren
Eg driv for tida og les Enger-utvalet si utgreiing NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014. Eg kjenner at eg vert glad når eg ser kor grundig arbeid utvalet har gjort.
Usikker framtid for Norsk Ordbok
Dei siste to binda i 12-bindserien Norsk Ordbok skal vere ferdige i 2014. Kva som skjer med ordboka etter det er det ingen som veit.
Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK
Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007.
Pressemelding: Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK
Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007. Ho har også vore leiar i Diktarvegen.
Sitjande styreleiar Astrid Myran Aarvik ynskjer ikkje å ta attval som leiar, men blir sitjande i styret til LNK. Laura Seltveit frå Sauda tek ikkje attval, og valnemda har innstilt Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune, som ny fast styremedlem.
Nye varamedlemmer er Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune og Kari Vaage Gjuvsland, varaordførar i Suldal kommune.
Årsmøtet til LNK blir gjennomført under Landstinget på Voss 23 – 25 april. Les programmet til landstinget her: https://lnk.no/images/stories/landstinget2013/LNK_Landsting_2013_program_og_invitasjon.pdf
For meir informasjon
ta kontakt med dagleg leiar i LNK
Vidar Høviskeland
90 50 66 17